Feten gnr. 72 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Feten gnr. 72 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Feten var opphavleg husmannsplass under Håheim. Frå 1830 har bonden vore sjølveigar.
    Namnet kjem av 'fet' som tyder grasslette. Det heiter 'på Fete' i dativ.
    Eigedomen grensar ned mot Votna i sør, Håheim i aust, Ødelien i vest og til Lislelien i nord.
    Areal 1865: dyrka jord 4 1/2 mål, naturleg eng 44 mål, utslått 9 mål. Avling: 3 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 91 mål, anna areal 4 mål, produktiv skog 65 mål, anna utmark 261 mål. Leigd jord og beite 20 mål. Buskap: 70 geiter, 64 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt kring 1850, påbygt 1937, loft 1880, flytta 1986, driftsbygning 1960, påbygd 1972, lu, garasje 1981, reidskapshus 1948.
    Stølar: heimstøl på Knutsstølen i Nysetlie. Langstøl på Lauvdalen. Opphavleg langstøl skal ha vore Fjellstølen, men Feten har også støla i Gravabotten ei tid.
    Under garden ligg også Medgardsøynadn (gnr. 69/8) tilkjøpt i 1895; Slåtteøyne (gnr. 69/22); jordvegen på Medgardshaugen og 1/3 av Slettan Fellesstøl for geit.
   

{3832} År: 1750c

Per Ivarson ... Feten 1711-1756
Foreldre: Ivar ... Gm ... ... ... . (Margit ?)
*Barn
1. Rønnaug Persdtr. ... Feten 12.06. 1746-
I 1762 var Rønnaug inderst på øvre Håheim. Rønnaug Persdtr. Feten var fadder 2. juli 1769.
2. Ivar Person ... Feten 06.10. 1748-
Ivar Person var inderst/husmann på nedre Håheim i 1762.
3. Ivar Person Feten 10.05. 1754-1757

Per Notbindar vart han kalla. Per Ivarson budde truleg på Feten frå 1750 og utover.
    Av fadrane til barnedåpane i 1746-8 kan det sjå ut som at han budde i hovudsoknet. Opphavet til Per er ukjent. I kyrkjeboka står det berre 'Peder Notbinder' og Per Ivarson. Av fadrar som skil seg ut er Sundbrei-folk nemnt både 1746 og 1748, dessutan er Ola Langegard nemnt. I 1748 var 'Margit, Peder Nordmanns kone' fadder for sonen til Ola Embrikson Sundrelien. Kanskje dette er kona til Per? I såfall var han frå Vestlandet.
    I 1753 vart Per Ivarson stevna av lensmannen for 8 skilling i vinverd. Per Ivarson Feten døydde av tæring i 1756.

{3833} År: 1763

Ola Olson .... Løkensgard Feten 1730.-
Foreldre: Ola ...
Gm Eli Syversdtr. Lappegard Feten 1715-____
Foreldre: Syver Olson Løkensgard Lappegard og Dordei Guttormsdtr. Lappegard.
Gm Mari Aslesdtr. Langegard Feten 1733-1810
Foreldre: Asle ... Langegard og ... ... ... .
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Olson Feten 1777-1840
G 1807 m Ragne Syversdtr. Kyrkjedeld.

Ola Olson 'Løkensgard' og Eli Syversdtr. vitna i 1762. Same året var dei husmenn hjå Ola Sevatson Håheim, dvs. øvre Håheim. Sidan ser me ikkje meir til Eli. 'Løkensgard' kan like gjerne vera ein bustad som fødestad for Ola.
    Ola vart attgift med Mari Aslesdtr.
    På denne tida var det ein 'omløper' som vart kalla 'Ole Feten' eller Ola Busegut. I 1767 vart han bøtelagt for sitt 3. legemål med Kari Eivindsdotter samt 2. gong for å ha 'fremturet i et omstripperie og forargerlig Levned'. Bota skulle Ola betale ved arbeid i tukthuset i 'så lang tiid som de høye herrer directeurer anser forgodt.' 'Ola Olson Feten' hadde dottera Sigrid i 1768 med Sissel Olsdtr. Løken. (1289) s 9
    Dette kan vera ein og same Ola Olson Feten. Men faktene til Buseguten minnar meir om ein ungdom enn ein enkjemann, truleg var dei to med dette namnet. NB. Ei ukjent Kari Torsdtr. var gift med 'Ola Olson Feten' og hadde sonen Knut i 1779.
    I 1775 bygsla Ola og Mari plassen Feten på livstid for 4 rd og 1 skilling i årleg leige. Med plassen fylgde eit slåttelende nordafor elva, Øydestølen. Plassen skulle falle attende til Håheim utan vederlag etter deira tid.
    I 1794 bygsla Ola Olson Feten jordstykke kalla 'Nysethaugen' hjå Ola Syverson Håheim på livstid. Det fylgde med brennefang, gjerdesfang og fehamn. Innafor gjerdene var eit slåttelende. Leige 2 ort aukande til 3 ort årleg. Etter Ola og kona si tid skulle Nysethaugen falle attende til garden utan noko vederlag.
    Ei ukjent 'Sigrid Feten' står oppført mellom 'nye legdefolk' i 1787.
    I 1801 var Mari husmor og enkje etter fyrste ekteskap, og brukar av plassen Feten.

{3834} År: 1807

Knut Olson Feten 1777-1840
Foreldre: Ola Olson Løkensgard Feten og Mari Aslesdtr. Langegard.
Gm Ragnhild Syversdtr. Kyrkjedelen Feten 10.09. 1775-1845
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedelen og Kari Botolvsdtr. Espegard.
*Barn
1. Ola Knutson Feten Løkensgard 12.04. 1808-1884
G 1836 m Gunvor Sevatsdtr. Jallo. Sjå Løkensgardslåtta, gnr. 58/8. Rosemålaren.
2. Syver Knutson Feten Sataslåtten 27.06. 1809-1886
G 1843 m Margit Larsdtr. Trintrud. Sjå Sataslåtten, gnr. 32/18. Til Am. i 1881.
3. Embrik Knutson Feten Gjeldokk 18.12. 1810-1867
G 1844 m Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk, gnr. 105/1.
4. Knut Knutson Feten 28.04. 1816-1895
Knut vart kalla "Feta-Knut" eller "Heime-Knut". Han var sjuk som liten og vart hjerneskadd.
    Men Knut var intelligent nok. Som konfirmant stod han 'ved Samson', dvs. øvst på gute-sida i Ål stavkyrkje. Han var kjensk ved ein stor, tjukk underlepe og ein fille-hatt. Knut gjekk på bygda som legdslem, hadde ingen heim.
    Knut drog på ein kjelke, eller han bar med seg eiga si i skreppa på ryggen. Det vart fortalt at han kunne stå og sova etter vegen.
    Ein gong folk sa til han at han burde få seg ei kjerre. Då svara Knut: "Eg gje fanken i om dæ går lett e', når berre e kjem fort fram!" Det var sume skalkar som dreiv gjøn med Knut, m.a. narra han med "brev frå Kongen" osv.
    Knut vandra ikring både i Oslo, i Hardanger og på Voss, og han rekna seg meir som gjest enn tiggar der han kom. Billett løyste han aldri, han var godt kjent av dei fleste og fekk jamnast reise fritt. Mange ottast han skulle omkoma på turane over fjellet.
    Presten Monrad var ikkje av venene til Feta-Knut. Han skydda kyrkja då Monrad messa. Under ei messe som ein pastor Olson heldt, stelte Knut seg til ved altarringen og sovna. "Det var prest det! Det var preke det!" sa Knut etterpå. (1405), (1644)
    På sine gamle dagar svulma Knut opp av vattersott. Han døydde vist nok på same garden som han var født. NB. Forfattaren Ole Lie Singdalsen som vaks opp på Nes skreiv m.a. om Feta-Knut i folkelivs-skildringane sine.

Knut og Ragnhild gifte seg i 1807. Knut døydde på ein plass under Trintrud i 1840.
    Den siste tida var Ragnhild inderst-enkje på Smedslåtta.

{3835} År: 1810


I 1810 fekk Syver Johanneson Tullegard Mørk skøyte på Feten og 3 laupsbol av Håheim hjå Torstein Olson. Det er uvisst om han har budd på garden.

{3836} År: 1830

Torstein Torsteinson Håheim Snogsrud 25.03. 1798-
Foreldre: Torstein Olson Håheim øvre og Mette Johannesdtr. Mørk (Hol).
Gm Sigrid Olsdtr. Skrattegard Feten 01.03. 1805-
Foreldre: Ola Olson Hove Skrattegard og Lukris Ivarsdtr. Gjeldokk .

Torstein og Sigrid gifte seg i 1831. På skiftet etter faren i 1830 fekk Torstein kjøpe Feten for 400 spd. Torstein var 'selveierhusmann og bruker av Hajem' i 1831.
    Torstein og Sigrid reiste til Benterud i Nes i 1849. Dei reiste til Amerika i 1852. Sett i St. Ansgar i 1862. Siste helsing frå dei er datert 1872. (1712)

{3837} År: 1843

Tor Olson Ulshagen Gurigard Feten 06.03. 1785-1865
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
Gm Turid Olsdtr. Håkonsgard Feten 1785-1870
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 1. g Liv Ivarsdtr. Espegard.
*Barn
1. Knut Torson Feten 14.05. 1814-1888
G 1862 m Dordei Syversdtr. Torpehagen. Sjå neste hushald.
2. Ola Torson Feten 14.11. 1815-
Ola budde truleg i Østerdalen i 1865: Ola Torson frå Ål var ugift gardbrukar og sjølveigar i Uthuslien i Elverum. Husholderske var den 36-årige ugifte Martine Andersdtr. frå Løten. I Uthuslien hadde dei 1 hest og 6 kyr.
3. Ola Torson Feten Feten 16.01. 1818-1841
Ola var soldat og døydde ugift 23 år gamal.
4. Margit Torsdtr. Feten 18.11. 1820-
Gm Per Pettersen på Myreløkka i Aker. Barn: Theodor Albert 1860- boktrykkarlærling.
    I 1865 og 1870 budde dei på Myreløkka i Aker. I 1875 var Margit 'Spisevertinde på Grønland Torv 5 i Kr.ania'.
5. Liv Torsdtr. Feten Anfinngarden 01.12. 1823-1876
G 1859 m Knut Knutson Haug Anfinngarden. Liv og to søner vart tekne i skriu den 14. juni 1876. Sjå Anfinngarden gnr. 106/11.
6. Guri Torsdtr. Feten Stave 05.03. 1827-1900
G 1861 m Embrik Olson Bjella Stave, gnr. 114/1.

Tor og Turid gifte seg i 1814. Han var ute i krigen 1807-14. Dei budde på Øvre Gurigard kring 1820. Tor kjøpte Feten i 1843.
    Tor døydde i 'stor fattigdom' som kårmann på Feten i januar 1865. Turid reiste til Am. i .... .

{3838} År: 1853

Knut Torson Feten 14.05. 1814-1888
Foreldre: Tor Olson Gurigard Feten og Turid Olsdtr. Håkonsgard.
Gm Dordei Syversdtr. TorpeHagen Feten 14.07. 1826-1907
Foreldre: Syver Torkjellson TorpeHagen og Margit Håkonsdtr. Storlien.

Knut fekk auksjonsskøyte på Feten i 1853. Knut og Dordei gifte seg i 1862. Ingen barn.
    Knut og Dordei selde Feten i 1868 og flytta til Skaga i Gol. Dei var på Skaga fram til 1883 då dei selde garden mot å få kår. Men det vart mykje bråk med kåret. Maten vart sett på trappa, men Knut og Dordei tok ikkje maten inn før den var skjemt. (Gol VI s 422)

{3839} År: 1868

Levor Eirikson Espegard Feten 19.02. 1829-1898
Foreldre: Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget og Torand Levorsdtr. Espegard.
Gm Ågot Viggersdtr. Oleivsgard Feten 20.02. 1832-1894
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Torand Levorsdtr. Feten 01.06. 1865-1923
Ug. Sjukleg.
2. Ola Levorson Feten Snogsrud 06.10. 1867-1932
G 1902 m Anne Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå Snogsrud, gnr. 72/4
3. Vigger Levorson Feten 26.02. 1870-1940
G 1900 m Sigrid Sevatsdtr. Tveitehagen. Fyrste tida budde dei i Sevatstugu på Feten. Frå 1922 hadde dei Reiersgard i Votndalen, gnr. 39/1. Sjå der.
    Vigger og Sigrid vart skilde i 1930. Vigger flytta til Kr.ania og held fram som fehandlar. Sigrid flytta også nedover med barna.
4. Astrid Levorsdtr. Feten Tveito 08.06. 1872-1957
G 1899 m Svein Hansson Holto Oleivsgard nordre Tveito, gnr. 55/21.
5. Gunhild Levorsdtr. Feten _______ 26.06. 1875-____
Gm ... ... , Sverige. Barnlaus. Busett Svelvik .
6. Ågot Levorsdtr. Feten Strand 22.02. 1878-1947
G 1905 m Knut Olson Strand. Ingen barn. Dei dreiv landhandel på Rotneim i Gol. Sjå Gol V s 144.

Levor og Ågot gifte seg i 1864. Levor var skreddar. Som nygifte budde dei fire år i Breidokk, ein heimstøl vest i lia. Så kjøpte dei Feten i 1868 og flytta dit. (1462) s 69
    I 1881 bytta Levor garden Feten mot Snogsrud med Daniel Viggerson.

{3840} År: 1881


Daniel Viggerson Gurigard Snogsrud kjøpte Feten i 1881. Sjå Snogsrud gnr. 72/4. Dottera Guri og mannen Ola overtok Feten i 1895.

{3841} År: 1895

Guri Danielsdtr. Snogsrud Feten 12.08. 1875-1961
Foreldre: Daniel Viggerson Gurigard Snogsrud Feten og Mette Olsdtr. Håheim.
Gm Ola Olson Arnegard Feten 13.01. 1868-1902
Foreldre: Ola Sveinson Holto søre Arnegard og Guri Olsdtr. Arnegardseie i Votndalen.
*Barn
1. Ola Olson Feten 24.06. 1895-1950
G 1928 m Maria Nilsdtr. Myking frå Myking i Hordaland. Gm Åsta Søndrol. Sjå neste hushald.
2. Daniel Olson Feten 21.12. 1897-1996
G 1927 m Ågot Eiriksdtr. Espegard. G 1934 m Ågot Embriksdtr. Medgardshaugen. Sjå år 1922.
3. Guri Olsdtr. Feten Opheimsjordet 12.11. 1900-1994
G 1928 m Kolbjørn Syverson Opheimsjorde, gnr. 22/42.

Ola og Guri gifte seg i 1895. Dei hadde garden utan heimel frå 1895.
    Ola gjekk tidleg bort, og Guri fekk to barn med enkjemannen Svein Olson Arnegard: Olav 1913-1913; Ola 1915-1920. Guri selde garden til sonen Ola i 1915.