Ødelien gnr. 73 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ødelien gnr. 73 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ødelien kom ut or øydetida som slottelende under Reiersgard i Votndalen. Truleg har Ødelien vore eige bruk i høgmellomalderen. (K.O. Solhjell 1987)
    Namnet kan tyde på at garden har lege øyde etter Svartedauen. I daglegtale heiter garden 'Øylie' medan slektsnamnet er Ødelien. Det heiter 'i Øylie'.
    Opphavleg landskyld var 3 laupsbol. Etter delinga i 1842 vart det 1 1/2 lb. på kvar gard.
    Ødelien betalte kvernskatt i 1770. Det var også sag nedanfor fossen i Votna. Sjå år 1877 på bnr. 2.
    Areal 1865: dyrka jord 12 1/2 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 16 mål. Avling 11 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 24 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 350 mål, anna utmark 100 mål. Beitene vert leigde bort.
    Våningshus bygt 1950, loft 1880, flytta 1952, driftsbygning 1924, ombygd 1959, reidskapshus 1987.
    Stølar: heimstølar Storestølen og Veslestølen, langstøl i Gyrinosen.

{3869} År: 1767

Syver Gunnarson Ødelien 1734-1804s
Foreldre: Gunnar Syverson Ødelien og Gunhild Syversdtr ......
Gm Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien 1736-
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Gunnar Syverson Ødelien Lappegard 31.05. 1762-
G 1789 m Liv Torkjellsdtr. Lappegard. Det vart fortalt ei soge i slekta: Gunnar kunne velja mellom Slåtta eller ei tunne rug for retten til garden. Kona hans skulle ha sagt: "Ta rugtunna, gut!" (Notat M. Ødelien) NB. Same soga ser ut til å koma att under år 1888.
    Gunnar og Liv kom til nordre Lappegard (LappeBakken), gnr. 90/3.
2. Gunhild Syversdtr. Ødelien Veslehaugen 06.01. 1764-1839
Gm Nils Knutson Veslehaugen, gnr. 60/1.
3. Botolv Syverson Ødelien 29.06. 1766-1855
G 1795 m Ambjørg Olsdtr. Haug. G 1816 m Gunhild Eiriksdtr. Brattegard. Sjå neste hushald.
4. Kari Syversdtr. Ødelien Kvinnegard 25.03. 1768-1842
Gm Ola Ivarson Ellingsgard Kvinnegard, gnr. 96/5.
5. Ragnhild Syversdtr. Ødelien Kolbjørnstølen 1770-
Gm Embrik Ivarson Espegard Kolbjørnstølen.
6. Margit Syversdtr. Ødelien Bergaplass 1775-1869
G 1808 m Ola Sevatson Gunnbjørhus Bergaplass.
7. Ola Syverson Ødelien Gudbrandsgard 05.10. 1777-1845
G 1805 m Guri Olsdtr. Gudbrandsgard, gnr. 68/1.

Syver overtok garden på skiftet etter faren i 1767. Dei selde garden til sonen Botolv i 1793 for 800 rd (+ 99 rd til eldste sonen Gunnar) og vanleg kår.
    På skiftet etter Syver 1804 var netto eiga 483 rd. Broren Botolv Syverson tok over Ødelien i 1791.

{3870} År: 1791

Botolv Syverson Ødelien 29.06. 1766-1855
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard.
Gm Ambjørg Olsdtr. Haug Ødelien 11.08. 1773-1815s
Foreldre: Ola Larson Kvinnegard søre Haug og Mari Knutsdtr. Jørgensgard Noss.
Gm Gunhild Eiriksdtr. Brattegard Ødelien 1795-1885
Foreldre: Eirik Olson Løkensgard Brattegard og Birgit Sevatsdtr. Settungsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Syver Botolvson Ødelien 1797-1801
2. Syver Botolvson Ødelien 21.11. 1802-1888
G 1840 m Guri Persdtr. Lappegard. Sjå Ødelien, bnr. 2.
3. Borghild Botolvsdtr. Ødelien Håkonsgard 06.10. 1805-1889.
G 1832 m Ola Arneson Håheim Håkonsgard, gnr. 62/1.
4. Mari Botolvsdtr. Ødelien Kyrkjebøen 23.05. 1808-1879
G 1834 m Odd Olson Kyrkjebøen, Hemsedal. Barn: Ola 1835- gm Ingebjørg Olsdtr. Bjørnebergstølen; Botolv 1838-1924 til Vise i Valdres; Anne 1841-1918 gm Jigger Trøym.
    G 1844 m Ola Jiggerson Kyrkjebøen. Barn: Odd 1845-1914 på Kyrkjebøen; Barbro 1848- gm Syver Grøto til Trøyflat i Valdres; Jigger 1850- .
5. Gunhild Botolvsdtr. Ødelien Espegard 21.11. 1810-1883
G 1845 m em Lars Sevatson Espegard, gnr. 70/6.
6. Margit Botolvsdtr. Ødelien Haug 12.02. 1814-1888
G 1843 m Ola Knutson nordre Haug, gnr. 59/3.
*Barn i andre ekteskap
1. Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien 26.11. 1817-____
2. Eirik Botolvson Ødelien 26.11. 1817-1895
G 1847 m Mari Olsdtr. ØvreLå. Sjå neste hushald.
3. Ola Botolvson Ødelien 01.02. 1821-1864
Ugift. Til Am. (1142)
4. Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien Gullhagen 15.09. 1824-1894
G 1854 m Knut Larson Trintrudrudningen Gullhagen, gnr. 36/1.
5. Eivind Botolvson Ødelien Bottelson 08.01. 1831-1918
Gm Margit Torsteinsdtr. Tveitehaugen 1844-1917. Barn: Gunhild 1871-1979 gm Anton Ierno; Oline 1873-1959 gm Frank Week; Marie 1875-1919; Bernhard 1878-1940; Lester døydde som liten; Mathilda 1881- ; Anna Bertina 1883-1968 gm Henry Hanson, den einaste med etterslekt. (1065)
    Eivind reiste til Amerika i 1864. Var i Red Wing MN i 1885. Der vart han gift med Margit Torsteinsdtr Tveito som reiste i 1870. Dei skreiv seg 'Bottelson' der borte. (803), (1065)
   

Botolv og Ambjørg gifte seg i 1795. På skiftet etter Ambjørg i 1815 var det 1837 rd å dele. Botolv vart attgift 1816 med Gunhild.
    I 1791 kjøpte Botolv odelsretten til Ødelien hjå broren Gunnar for 99 rd. Så kjøpte han garden for 800 rd.
    Botolv var liten av vekst. Han hadde ein treffande replikk. I eit samvær på Håheim sat ein gong nokre karar ved peisen og rødde. Ein av dei hadde klumpfot, og brått vart det til at denne langa ut eit slag til Botolv så han svima av. Botolv hadde nok ymta frampå om at det var stole timrestokkar hjå han, og at det var så rare far i snøen. Då Botolv kom til seg sjølv att, var det tid for klartekst: "Dæ sigji e de, du kjem 'kje på Øyliåsen og stel timmer oftare!"
    Ei annan gong sat Botolv og drakk med ein ven. Denne karen bad så om å få betre brennevin. "Nei", sa Botolv, "Eg har berre eit slags brennevin, - og berre ei kjering med!" Det vart sagt at den siste replikken råkte venen godt.
    Botolv var med i bondetoget til Kr.ania i 1818. (Halvor Hoel- rørsla). Han kom i politiforhøyr og måtte gjera greie for kva ærend han var ute i. Då sa Botolv: "E æ handelskar lessom." (1142)
    I 1842 delte Botolv garden i to like delar, sonen Syver overtok bnr. 2 og i 1845 overtok sonen Eirik resten av bnr. 1.

{3871} År: 1845

Eirik Botolvson Ødelien 26.11. 1817-1895
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og 2. g Gunhild Eiriksdtr. Brattegard.
Gm Mari Olsdtr. Øvrelå Ødelien 28.01. 1826-1860.
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
Gm Gro Olsdtr. Arnegardshagen Ødelien 09.02. 1825-1909
Foreldre: Ola Tolleivson Arnegardshagen og Unn Olsdtr. Sanderhaugen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Botolv Eirikson Ødelien 17.11. 1847-1916
G 1880 m Anne Halvorsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
2. Margit Eiriksdtr. Ødelien Skjervheim 23.07. 1850-1932
G 1878 m Botolv Larsson Espegard. Sjå nordre Skjervheim, gnr. 35/12.
3. Ola Eirikson Ødelien Odelien 05.03. 1853-
G 1879 m Borghild Knutsdtr. søre Svarteberg 1856- . Barn: Carl Edwin 1879- ; Maria 1883- ; Lewis 1886- ; Gunhild 1890- . Ola var skreddar ved utreisa i 1879. Busett i Janesville i MN. Budde i Rosholt, SD i 1936.
4. Gunhild Eiriksdtr. Ødelien Bøygard 12.03. 1856-1925
G 1885 m Ola Arneson søre Bøygard, gnr. 38/1.
5. Eirik Eirikson Ødelien Odelien 12.03. 1856-
G 1878 m Gro Halvorsdtr. Lappegard 1856- . Barn: Marie (?)....- ; Halvor 1882-1959; Edwin 1889-1950; Olena 1897-1924.
    Eirik var skreddar. Eirik fekk utflyttingsattest i 1878, og tok land i Pennington Co, MN i 1889. Så var han i St. Cloud, MN i 1895. Han arbeidde ved Thief River Falls Lumber Co i 1910. (Trelast-firma.) (J. Marler)
*Barn i andre ekteskap
1. Mari Eiriksdtr. Ødelien Logsengard 07.05. 1863-1930
G 1886 m Knut Syverson Logsengard.

Eirik overtok nordre delen av Ødelien (dvs. noverande søre) i 1845. Eirik var gardbrukar og myllar.
    Eirik og Mari gifte seg i 1847. Eirik hadde eit barn med Birgit Torkjellsdtr. ... Dokk: Gunhild f. 1846 g 1870 m tenar Johan Edvard Christensen Nes-eie 1846- . Til Oustøen i Bærum. (1034)
    Eirik vart attgift 1862 med Gro. Sonen Botolv overtok garden kring 1888.

{3872} År: 1888

Botolv Eirikson Ødelien 17.11. 1847-1916
Foreldre: Eirik Botolvson Ødelien og Mari Olsdtr. Øvrelå.
Gm Anne Halvorsdtr. Lappegard Ødelien 06.01. 1858-1924
Foreldre: Halvor Knutson Espegard Lappegard og Birgit Jonsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Eirik Botolvson Ødelien 14.07. 1879-1937
Gm Sunnev O. Fløto frå Hol 1884-1961. Barn: Anna Alina 1904-1992 g 1922 m Hans Dyna frå Huglon (i Noreg?) (6 barn); Olaf Johannes 1906-1998 g 1933 m Rhoda Irene McFarlan (5 barn); Gina død liten; Bergit/Bertha 1908-1990 g 1929 m Arthur Henry Downs (ingen barn); Margaret ....- gm Charles Lauer (3 barn); Marie 1910-1993 g 1937 m William George Dubets (5 barn); Edwin 1913-1989 gm Rachael ...; Gunhild/Sophie 1915- g 1932 m Andrew Joseph Hufnagel (3 barn), g 1977 m Nick Schmitz (ingen barn); Selma/Sally ....-1998 gm Ralph Pruden, Vancouver (1 barn).
    I 1900 var Eirik 'Skrædder og Dagarbeider'. Til Am. i 1903: Thief River Falls, MN. Og i 1907 reiste familien til Canada og slo seg ned nær Southey, Sascatchewan. (J. Marler)
2. Halvor Botolvson Ødelien 05.11. 1880-1953
G 1907 m Birgit Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
3. Ola Botolvson Ødelien Bergahagen 14.07. 1882-___
G 1915 m Kristi Olsdtr. Skarsgard. Sjå Bergahagen, gnr. 39/2.
4. Knut Botolvson Ødelien Slåtta 15.03. 1884-1955
G 1913 m Gunhild Botolvsdtr. Skjervheim 1884-1922. G 1926 m Anne Olsdtr. Kvammen. Sjå Slåtta 32/16.
5. Mari Botolvsdtr. Ødelien Håheim 30.05. 1886-1961
G 1924 m Tor Olson (myljo) Håheim, gnr. 71/3.
6. Botolv Botolvson Ødelien Halvorsgard 22.08. 1887-1964
G 1919 m Gunhild Sevatsdtr. Tveito. Sjå Halvorsgard, gnr. 37/1.
7. Birgit Botolvsdtr. Ødelien 20.01. 1889-1889
8. Ola Botolvson Ødelien 03.06. 1890-1927
Død 1927 som 'arbeider'.
9. Birgit Botolvsdtr. Ødelien Langegard 23.02. 1892-1958
G 1930 m Ola Olson Skarsgard Langegard. Sjå nedre Langegard, gnr. 78/14.
10. Gunhild Botolvsdtr. Ødelien 23.01. 1894-1965
Ug. Gunhild var tenestjente hjå ein enkjemann på Skarsgard i 37 år. Ho stellte både inne og ute og vart tildelt Norges vel si medalje for lang og tru tenest i 1959.
11. Eivind Botolvson Ødelien 30.06. 1895-1966
G 1925 m Ambjørg Olsdtr. Hestebrekk. Sjå Oppsal, gnr. 32/70.
12. Johannes Botolvson Ødelien 20.06. 1899-1975
Ug. Johannes fekk Ny Jord's diplom i 1962 for nydyrkings-arbeid hjå andre.
    I omlag 25 sumrar var Johannes bomvaktar for vegen Tvist-Toviken. Han budde i ei liten hytte ved Tvist.

Botolv og Anne gifte seg i 1880. Mehlum skreiv at Botolv fekk velja medgifta som Anne skulle få: anten 1 tunne rug eller ei utslåtte ved Ødelien. Botolv var i tvil, men Anne rådde han til å ta rugtunna. 1901/22
    Botolv overtok garden utan heimel i 1888.