Thon, myljo gnr. 74 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Thon, myljo gnr. 74 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Thon-valdet var frå gamalt skilt frå dei andre gardane i Vats. Men bedarlaget gjekk frå søre Thon til og med Ellingsgard.
    Alt ved utgangen av øydetida var garden delt i nordre og søre garden. Opphavleg har nok Thon vore ein gard med grenser mot Ødelien i Leveld i aust og Kjellargard i vest. (Dokken eller Tuftedokken var ein plass under nordre Thon frå gamalt.) Ved nyare matrikkulering har Thon-gardane fått gnr. 74, 75 og 76.
    Søre Thon var nok underbruk til Gjeldokk i Øvre-Ål fyrst på 1600-talet.
    Frå gamalt hadde kongen 3 kalvskinn gods i søre garden (og 2 kalvskinn i nordre Thon). Bonden eller andre brukarar måtte betale leige av krongodset. (Fyrste-bygsel, årleg avgift og 3-års holding). Krongodset vart innløyst i 1731.
    Søre Thon vart skattlagd som øygard og hadde opphavleg ei landskyld på 6 laupsbol.
    Namnet Thon kjem av 'to' i tydinga grasslette. Namnet står altså i bunden form. Det har vore skrive Thon, Thoen eller Ton. Det heiter 'i Thon'.
    Tuftene i det gamle tunet ligg enno oppe i bakken ovanfor noverande tun, like nedanfor den gamle grendevegen. Tunet vart flytta ned til noverande stad kring 1910. Då vart to gamle stuguhus selde, den eine står på Holo i Votndalen og den andre står som hytte på Golsfjellet.
    Fram til delinga av garden i 1826 vart denne garden kalla søre Thon. Etter den tid er bnr. 1 kalla myljo Thon, og bnr. 2 søre Thon.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 56 mål. Avling 15 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 30 mål, det meste vert leigd bort, produktiv skog 400 mål, anna utmark 1000 mål. Del i Djup stølssameige.
    Våningshus bygt 1911, kårhus 1973, driftsbygning 1939. Det gamle loftet frå Holterudningen gnr. 94/2 vart oppsett i 1998.
    Nokre stadnamn: Nordmannskveni (truleg nytta til driftefe frå Vestlandet); Træesåkeren; Preststigen; Kyrkjevegen; Kyrkjemyre (her gjekk kyrkjevegen frå Vats til Sundre i gamal tid.); Karvemyre, Kolbotnen (like aust for låven); Stakkestøet; Grumma, Fattigmannsteigen (åker).
    Frådelte bruk og plassar: Bergaplassen bnr. 6, søre Thon bnr. 2, Bergton bnr. 8, Preinsrud, Hesjabakken og Fivilstølen.
    Stølar: heimstøl Veslestølen rett ovanfor garden, søre Slettan (på To-Slettan innpå åsen), Bergastølen (på vestsida). Ingen av heimstølane har hus lengre. Garden hadde opphavleg langstøl i Gyrinosen. Den vart makeskifta i 1820-åra til Hove. Sidan har søre Thon støla i Djup.
   

{3896} År: 1776

Birgit Olsdtr. Berg Thon 19.06. 1747-1834
Foreldre: Ola Sevatson Thon Berg og Margit Knutsdtr. Kyrkjedeld.
Gm Sevat Embrikson Viskeplassen Thon 1736-1811
Foreldre: Embrik Torson Helling og Anne Jonsdtr. Viskeplassen.
*Barn
1. Birgit Sevatsdtr. Thon Oleivsgard 18.09. 1768-1857
Gm Eivind Viggerson Oleivsgard, gnr. 66/1.
2. Anne Sevatsdtr. Thon Hove 26.12. 1772-1872
G 1792 m Anders Olson Torsgard Hove.
3. Margit Sevatsdtr. Thon Sataroen 10.09. 1775-1835
Gm Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard Sataroen, gnr 32/13.
4. Ågot Sevatsdtr. Thon 08.06. 1778-1785
5. Sigrid Sevatsdtr. Thon Kjellargard 15.10. 1780-1876
G 1802 m Ola Sevatson Kjellargard.
6. Embrik Sevatson Thon 16.03. 1783-1843
G 1805 m Sigrid Knutsdtr. Gurigard. G 1818 m Guro Larsdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
7. Ågot Sevatsdtr. Thon 26.06. 1785-1801f
8. Sevat Sevatson Thon Noss Håheim 04.02. 1787-1827
G 1811 m enkje Birgit Knutsdtr. Leksvol Torkjellsgard Noss. G 1824 m Ågot Persdtr. Håheim, gnr. 71/1.
9. Ola Sevatson Thon Fivilstølen 10.01. 1790-1851
G 1813 m Anne Olsdtr. Helling. Inderst. Sjå Fivilstølen.

Sevat Granhagen og Birgit Olsdtr. Ton vart ilagt legemålsbot i 1769. Dei gifte seg etter å ha fått to barn. (1289) s 61
    Sevat kom frå Viskeplassen i Granhagen og vart kalla Visken. Sevat dreiv fehandel. Det fortelst at han vart kjent med Birgit då fedrifta kvilde ved stølen Toslettane. Sevat og Birgit gifte seg i 1775.
    Sevat hadde vore soldat. Han var utkommandert til Holstein. Det vart fortalt at han kom med dei fyrste potetene til Ål etter å ha vore i Danmark. Før den tid var det berre neper og kålrot. (1802) s 457
    Margit Knutsdtr., enkja etter Ola Sevatson Thon selde 1776 garden til svigerson Sevat Embrikson Thon for 992 rdr. Eldste bror til Birgit, Sevat, fekk for odelsretten plassen Gunnbjørhus eller Tosletten (no Bergaplass). (1203) s 307b
    Visken, som han vart kalla, var ein sterk mann. Det var minst tre tunge 'lyfte-steinar' ('Viske-lyft') som han hadde letta på. Den eine ligg ved flaggstonga i Thon, den andre på museet. Ein tredje skal ha gått i vegfyllinga.
    Lars Opsata har med ei soge oppskriven hjå Ludvig Daae om korleis Sevat fekk pengar til å kjøpe garden. Det vert skildra korleis Visken fekk veksla inn falske, men våte pengar frå 'Bankokarane' ved å hoppe ut i ei råk i Drammens-fjorden. (A. Mehlum har visst same soga i NU 1905/10.)
    Det er uvisst kor mykje hald det er i denne soga. Rettsreferatet frå saka mot Bankokarane (sjå Skarsgardshagen) er svært fyldigt. Over 60 vitne fortalde om korleis folk brukte dei falske pengane, det vart sladra om stort og smått. Då rimar det dårleg at ein mann som kjøpte seg gard på denne måten ikkje vart nemnt, i motsetning til folk som handla med småsummar.
    I Hallingen for 1918 står soga om då Visken møtte ei binne borti skogen. Binna jaga dei 2 ungane sine opp i eit tre og gjekk til åtak. Sevat verga seg med øks, men binna reiv øksa frå han. "Ta den du. Eg har eg ei til, eg", sa Sevat og fata ei annan øks han hadde sett frå seg. Binna laut lata livet. ... (1408)
    Sevat vart oppnemnt som lagrettemann i 1775. Sevat bygde stugu på garden.
    Om Birgit heitte det at ho var eit fredeleg menneske som aldri fornærma nokon.
   

{3897} År: 1801

Embrik Sevatson Thon 16.03. 1783-1843
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplassen Thon og Birgit Olsdtr. Thon.
Gm Sigrid Knutsdtr. Gurigard Thon 23.09. 1781-1814
Foreldre: Knut Torsteinson Svarteberg Gurigard og Sigrid Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Guro Larsdtr. Espegard Thon 25.09. 1796-1873
Foreldre: Lars Olson Trinterud Espegard og Birgit Knutsdtr. Larsgard (Hol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sevat Embrikson Thon 1806-1806
2. Sevat Embrikson Thon 22.08. 1807-1893
G 1830 m Mari Tolleivsdtr. Medgard. Sjå neste hushald.
3. Sigrid Embriksdtr. Thon 26.12. 1809-1826
Sigrid døydde 17 år gamal.
4. Knut Embrikson Thon Medgard 20.12. 1811-1903
G 1833 m Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgard, gnr. 69/1.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Embriksdtr. Thon Vesleberg 14.01. 1816-1862
G 1839 m Vigger Viggerson Medgard Vesleberg, gnr. 35/13.
2. Lars Embrikson Thon Kaslegard 16.12. 1818-1890.
G 1844 m Liv Embriksdtr. Langegard. G 1855 m Guro Olsdtr. Tistilsgard. Sjå Kaslegard, gnr. 80/2.
3. Knut Embrikson Thon Liabergstølen 13.01. 1824-1892
G 1846 m Lukris Olsdtr. Viken i Holet. Barn: Guro 1846-ung; Anne 1848- gm Ola Olson Søre Sletto (Hol); Birgit 1851- til Am. gm Halvor Person Haugen; Gunhild 1854- til Am. gm ... , Valdres; Embrik 1858-1937 til Liabergstølen gm Anne Sevatsdtr. Ruud (9 barn); Ranveig 1860- til Nordhagen (Hol) ug. ; Ola 1863- til Am. ug.
    Knut kom som smågut til skyldfolka sine i nordre Larsgard og vaks opp der. Knut og Lukris kom til Liabergstølen (Lerberg) i Hol. Sjå Hol V s 101.

Embrik overtok nordre delen av søre Thon i 1801 for 499 rd. I 1811 kjøpte han også søre delen hjå bror sin, og hadde heile garden samla ei tid.
    Embrik var soldat ei tid. I unge år var han noko av ein slagsbror. I 1805 vart han ilagt legemålsbot (6 rdlr) saman med Jørand Olbjørnsdtr. Logsengard.
    Embrik og Sigrid gifte seg i 1805. Embrik vart attgift 1818 med Guro. Dette giftarmålet var nok utan samtykke frå foreldra hennar. Embrik fekk rekning frå svigerfaren på heile oppfostringa av Guro. ("Min datter Guro Larsdtr, 25 år eller 326 mndr eller 9131 dager a 4 måltid a 2 skilling = sum 760 rdlr 16 skilling").
    Embrik og Guro vart skilde i 1828. Grunnen var nok den at Embrik var saman med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk 1797-1885. Etterkvart fekk han fem barn med henne:
    Ågot 1828- ; Margit 1830- ; Bjørn Tønder 1832-1919; Gunhild 1835- ; Sevat Tønder 1838-1903. Sjå meir om desse ungane under nordre Medgard gnr. 69/4 år 1798.
    Guro og sonen Knut flytta attende til Larsgard i Hovet. Frå 1829 til i allefall 1838 var Gunhild i Thon. I 1841 budde ho på plassen To-eie. Etterkvart kom Gunhild attende til Dokk der ho hadde arbeidd. Ho døydde i Dokk i 1885. Dei tre geitene som Gunhild hadde gjekk med til begravelsen.
    I 1811 fekk Embrik ein dom for "lovstridig å ha deltatt i auktionsforvaltningen i Hallingdal." Ein bonde i Votndalen hadde halde auksjon hjå seg, og Embrik hadde teke på seg å rope opp.
    Ein annan gong held lensmannen tvangsauksjon i Thon, då gjekk Embrik bort og reiv pennen or handa hans. Som inkassator sat lensmannen på 600 spd som Embrik hadde tilgode frå ein annan auksjon, likevel gjekk lensmannen bort og dreiv ut pant hjå Embrik.
    Slik miste Embrik respekten for embetsfolk og autoritetar. Han deltok i Halvor Hoel-rørsla og bonde-opprøret i 1818. Undervegs til Kr.ania overnatta opprørarane i ein låve på Krokskogen, vart arresterte av soldatar og sende på Akershus festning til avhøyr. Embrik Thon var av dei som 'viste sig trodsig og uartig, og af hans uttrykk var det tydelig at han ikke ville reise tilbake'. Dom: 3 dagar i jarn og dessutan ei bot på 571 rd. Bota vart stadfesta av høgsterett i 1826. Men Embrik vitna 1838 at han vart friteken for straffa for 1818-uroa.
    Som far sin var også Embrik ein kjempekar. Men den lyftesteinen som faren hadde på Fivilstølen, den greidde han ikkje. Frå bryllupet hans vart det fortalt at Embrik sat og held Sigrid på ein strak høgre arm.
    I 1826 delte Embrik Sevatson Thon frå nordre delen garden til sonen Sevat Embrikson. Søre delen av garden var det meininga at sonen Knut skulle overta etter Embrik. I staden gjekk garden på auksjon etter ulykka med drapet i 1839. Sjå lenger nede.
    Ein gong ordla Embrik seg slik i fylla: "Eg skal skyte i hel både skrivaren, lensmannen og han Dritibrok på Kjellargard". Uvenskapen mellom han og systersonen i Kjellargard fekk fatale fylgjer.
    Det var i ei likferd i søre Thon 1839 at Embrik knivstakk systersonen Ola Olson Kjellargard så han døydde. I rettssaka etterpå vart Embrik sikta både for dette drapet og valdeleg framferd mot både mor og kone m.fl. Embrik vart fyrst dømt frå livet, men dommen vart omgjort til livsvarig fengsel og erstatningar. Omlag 140 vitne vart avhøyrt i denne saka, og mange hadde lite godt å seie om "den farlige Person". Men grannane hadde ikkje noko "lovstridigt" på han.
    Lensmann Richter vitna om ein humoristisk episode: Ein gong lensmannen var innom i Thon, då kom Embrik med eit talglys i handa og spurde om "tilladelse til at sette ild på hans Bakkebart". Richter ville ikkje gje noko slikt løyve. Embrik bad om forsvarar då protokollføraren på tinget kalla han for 'en ulv'. (896),(1348) s 23
    Embrik vart sendt til Kr.ania Tukthus på livsvarig slaveri. Der sat han visstnok og drog slipesteinen. Embrik døydde på Akershus festning i 1843, 60 år gamal.
    I 1838 (skrivefeil?) vart garden selt til Den Norske Statskasse for 495 spd. I 1839 vart garden selt på auksjon på nytt til sonen Sevat Embrikson og Knut Olson Lofthus for 936 spd. Dei delte slik at Knut Olson Lofthus overtok den søre delen av garden. Sjå bnr. 2.

{3898} År: 1835

Sevat Embrikson Thon 22.08. 1807-1893
Foreldre: Embrik Sevatson Thon og Sigrid Knutsdtr. Gurigard.
Gm Mari Tolleivsdtr. Løkensgard Thon 01.05. 1803-1885
Foreldre: Tolleiv Larsson Svarteberg Løkensgard Medgard og Margit Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Embrik Sevatson Thon 22.12. 1830-1898
G 1878 m Turid Henriksdtr. Berg. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Sevatson Thon 18.03. 1834-1904
Ugift. Til Am. 1867: St. Peter, MN. Sjå Hallingen nr. 30 s 662. Farmar i New Sweden, Nicollet, MN. Rett dødsår kan vera 1909. (Tom Cole)
3. Sigrid Sevatsdtr. Thon Bjella 17.10. 1837-1916
Gm Tolleiv Larsson Bjella 1833-1898, sjå Klokkarbråten gnr. 4/7.
4. Margit Sevatsdtr. Thon Berg 17.07. 1845-1913
G 1872 m Torstein Henrikson Berg. Sjå nordre Tveito, gnr. 55/21 og søre Berg, gnr. 87/1.

Sevat og Mari gifte seg i 1830. Sevat overtok halve garden i 1826 for 400 spd og kår (150 spd 5 årsverdi), dvs. nordre delen av opphavlege søre Thon etter delinga i 1826.
    Sevat måtte løyse garden på nytt på auksjon i 1839. Sevat og Knut Olson Lofthus lånte 455 spd og fekk tilslaget for 936 spd. Sidan delte dei garden slik at Sevat fekk den nordre delen. Dessutan vart det lånt pengar av to vestlendingar, m.a. ein Dagestad. Sjå førre hushald og bnr. 2.
    Sevat dreiv med driftehandel og hadde ein god økonomi. Når han greidde å betale garden to gonger så må han ha vore ein god handelskar. Av lynne skal han ha vore munter og lettvint og gjestfri. "Det va lån, det!", sa han når han fekk sterk kaffi utan fløyte i. (1408)
    Sevat braut opp mykje åker. Og han dyrka Veslestølstræet. Han bygde stugu på garden, bu på Tosletten, og han bygde ei stugu på Fivilstølen. Tanken var å bruke Fivilstølen som kårbruk, men det vart ikkje noko av.
    Jfr. Sevat er avbilda med bunad, stav og flosshatt. Det biletet vart brukt som prospektkort. (Bunaden hans er no på Bergen Museum.)

{3899} År: 1874

Embrik Sevatson Thon 22.12. 1830-1898
Foreldre: Sevat Embrikson Thon og Mari Tolleivsdtr. Medgard.
Gm Turid Henriksdtr. Berg Thon 26.12. 1851-1933
Foreldre: Henrik Olson Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Mari Embriksdtr. Thon Dokk 23.08. 1878-1976
G 1904 Bragernes m Sevat Embrikson Dokk. Barn: Emil 1907-1996 farmar; Millie 1909-1993 lærar, gm lærar Neville T. Mell (1 son).
    Mari og Sevat utvandra til Am. våren 1905: Ross, ND.
2. Sevat Embrikson Thon 13.06. 1880-1973
G 1913 Strømsø m Margit Embriksdtr. Dokk. Sjå neste hushald.
3. Turid Embriksdtr. Thon 06.01. 1883-1933
Ug. Turid arbeidde ei tid ved ein margarinfabrikk i Drammen og kjøpte seg hus der. Sidan arbeidde ho hjå Betsy Kjelsberg (kjend fabrikk-inspektør og kvinnesakskvinne). Kring 1921 selde Turid huset og kom heim att for å stelle mora og ei morsyster. (1154)

Embrik og Turid gifte seg i 1878. Embrik fekk skøyte på garden i 1874.
    Embrik la tidleg inn vatn i uthusa. Ein legdekall uttrykkte seg slik: "Her i Thon er eit velsigna sted, nok av vatn og vel med ved."
    Ein gong skulle Embrik prøve kreftene med ein kar han møtte etter vegen. Det enda med at karen havna i ein søledam så vassføyka stod. Men karen spratt opp att med ein gong og sa: "Det var det eg visste, du greidde 'kji å kaste meg over!"
    Turid og dottera Turid døydde med få dagars mellomrom og vart gravlagt same dagen.