Preinsrud gnr. 74 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Preinsrud gnr. 74 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen Preinsrud var tidlegare kalla "Unde bergo". Forklaringa på namnet skal vera verbet 'å preinast' dvs. småkrangling eller eggling for moro.
    Ein kjenner ikkje meir enn ein plass Preinsrud, men det heiter nordre Preinsrud i halla nord-ovanfor tunet i Bergton. Her er nokre tufter, derav ei stugutuft med kjellar. Men det ser meir primitivt ut enn i søre Preinsrud. Det kan tyde på at plassen ein gong har vorte flytta. (Ola Ellingsgard 1991)
    Søre Preinsrud ligg i ei kvelv innanfor haugen i Bergton. Her viser enno greie tufter.
    Ein gong bad ... (oldefar til Einar Thoen???) til seg grannane ei helg for å avgjera kva plassen skulle heite. Då kalaset gjekk mot slutten, gjorde festlyden slikt vedtak: "Nå er tønnen tom og tappen tørr. Og Preinsrud skal det hete, - som det har gjort førr!"
    Guttorm Toeie (sjå Teigetræet) fortalde at i Preinsrud budde folk som var omframt flinke med i mange slags handarbeid. (Dølaminne 1923)
{3903} År: 1821
Ivar Embrikson Espegard Preinsrud 1796-1862
Foreldre: Embrik Ivarson Espegard og Ragnhild Syversdtr. Ødelien.
Gm Gro Oleivsdtr. Bergsgard Preinsrud 20.05. 1793-1881
Foreldre: Oleiv Olson Bergsgard og Anne Torgeirsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Ragne Ivarsdtr. Preinsrud 29.07. 1820-1903
G 1866 m enkjemann Vigger Viggerson Medgard Vesleberg Preinsrud. Sjå neste hushald.
2. Embrik Ivarson Preinsrud 20.10. 1823-1862
G 1845 m Ågot Eiriksdtr. Espegard. Embrik kjøpte Underberget i 1862. Gnr. 70/7.
3. Anne Ivarsdtr. Preinsrud Asgrimplass 01.04. 1826-1913
G 1858 m Torstein Olson Asgrimsplass 1818-1897.
4. Oleiv Ivarson Preinsrud 22.01. 1832-
G 1858 m Ragnhild Larsdtr. nedre Arnegard 1831-.... . Barn: gut 1859-; Borghild 1860- ; Magdalena .... gm prest /skulemann/redaktør S.A. Scarvie. Til Am. i 1861: Iowa. (943) , (1047)
5. Ambjørg Ivarsdtr. Preinsrud 18.01. 1836-1864
Gm ... ... ... . Til Am. Død i Am. av nervefeber same hausten dei kom over. Mannen overlevde. (1032) s 2
6. Borghild Ivarsdtr. Preinsrud Geldager 18.01. 1836-1917
G 1857 m Ola Knutson Gjeldokk Asgrimsplass. Barn: Ivar 1858-1932 busett Vinger, MN, gm Nella Arnesen, Oslo; Birgit 1860-1911.;
    Barn i USA: Bernt 1862-1934 g 1894 m Nilla Nilsen; Juliane 1864-1942 g 1885 m Embrik E. Moen; Knut 1867-1939 gm Mari E. ToresgardMoen (6 barn); Andrew 1869-1877; Olom 1871-1864 g 1898 m Tilda B. Knutsen; Embrik 1874-1926 g 1894 m Ragna E. Haave; Anne 1877-1878; Andrew 1878-1945 ug. ; Teodor 1889-1973 trelasthandlar, g 1903 m Julia Halvorson (7 barn). (1277)
    Borghild og Ola reiste til Am. i 1860. Dei kalla seg 'Geldager'.
Ivar og Gro gifte seg i 1819. Gro vitna om eit slagsmål i 1838.
    Ivar bygsla Preinsrud i 1821 og stod i Husmannsmanntalet frå 1839.
{3904} År: 1845
Embrik Ivarson Preinsrud 20.10. 1823-1862
Foreldre: Ivar Embrikson Ødelien Preinsrud og Gro Oleivsdtr. Lislelien.
Gm Ågot Eiriksdtr. Espegard Preinsrud 15.03. 1815-1891
Foreldre: Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget og Torand Levorsdtr. Espegard.
*Barn
1. Gro Embriksdtr. Preinsrud Opheimsjorde 28.01. 1846-1917
G 1874 m Ola Nilsson Opheimsjorde, gnr. 22/58.
2. Ivar Embrikson Preinsrud UnderBerget 22.06. 1850-1931
G 1876 m Anne Olsdtr. Espegard. Sjå UnderBerget gnr. 70/7.
3. Torand Embriksdtr. Preinsrud Lappegard 25.06. 1854-1902
G 1898 m Torstein Eirikson Lappegard, gnr. 65/4.
4. Eirik Embrikson Preinsrud Espegard 04.02. 1858-1942
G 1894 m Jørand Embriksdtr. Dusegard, sjå Espegard gnr. 70/9.
*Barn elles
1. Guri Olsdtr. Espegard Preinsrud Holeplass 25.09. 1839-1921
G 1866 m husmann Torjus Olson Holeplass Løkensgardteigen, gnr. 58/6.
    Foreldre: soldat Ola Person nordre Thon med Ågot Eiriksdtr. Espegard. Til Am. i 1885. (1032)
    Preinsrud-Guri var svær til å brenne brennevin. Ein dag kom brennevinskontrolløren til Preinsrud. Kjelen stod på omnen idet han kom. Men Guri var ikkje rådlaus. Ho fata nokre filler og stappa inn under kjelen. Dei tok fyr, og tjukk røyk fyllte stugu hennar Guri. Då stugu omsider var utlufta og kontrolløren kunne koma inn att, då hadde Guri gøymt bort kjelen sin.
*Barnebarn
1. Embrik Knutson Espegard Haugen 10.06. 1870-1964
G 1898 m Margit Aslesdtr. Tangeviken. Sjå Medgardshaugen, gnr. 69/3.
    Foreldre: Knut Knutson ArnegardsTeigen (ungkar) og Gro Embriksdtr. Preinsrud (Espegard).
Embrik og Ågot gifte seg i 1845. Dei kjøpte Underberget i Leveld i 1862. Sjå gnr. 70/7.
{3905} År: 1866c
Ragne Ivarsdtr. Preinsrud 29.07. 1820-1903
Foreldre: Ivar Embrikson Ødelien Preinsrud og Gro Oleivsdtr. Bergsgard.
Gm Vigger Viggerson Medgard 04.01. 1816-1910
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard (ungkar) og Kari Johannesdtr. Medgarden.
Ragne gifte seg 1866 med Vigger som var enkjemann etter Birgit Embriksdtr. Thon. Om den familien, sjå Vesleberg, gnr. 35/13.
    I 1865 budde Ragne i Preinsrud saman med mor si, Gro Oleivsdtr., ugift inderst Ola Person, inderst Guri Persdtr. (Turkarstad, sjå Løkjordet, gnr. 58/4a) og sonen hennar Knut Olson. Det var eit bebudd hus på plassen.
    I 1875 var Vigger husmann med jord, budde i Preinsrud med sønene Lars og Sevat, kona Ragne, og dessutan mor til Ragne, Gro Oleivsdtr. 1891 var Vigger husmann utan jord, likeeins i 1900.
{3906} År: 1891
Birgit Viggersdtr. Vesleberg Preinsrud 14.08. 1856-1932
Foreldre: Vigger Viggerson Medgard Vesleberg og Birgit Embriksdtr. Thon..
Gm Ola Bjørnson Tveito Preinsrud 24.08. 1816-1908
Foreldre: Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito og Kari Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Ola Olson Preinsrud 24.01. 1895-1968
G 1923 m Anne Olsdtr. Kortgard.
    Ola dreiv ymse gardsarbeid og snurufangst. I 1920-åra kjøpte Ola seg bil og hus på Sundre. Han vart sjåfør og seinare postmann. Han fekk Kongens fortenstmedalje i 1965 etter 30 år som landpostbod. Sjå eige hushald.
Ola Bjørnson Tveito og fyrste kona var i Arnegards-jorde, gnr. 56/1a. Ola Bjørnson hadde også Bergaplass frå 1869. Han var myllar og enkjemann i 1891.
    Ola vart attgift 1891 med den 40 år yngre Birgit Viggersdtr. Preinsrud. Birgit hadde frå før barna Embrik 1880-1954 og Birgit 1882-1964 med Anders Embrikson Arnegard. Meir om desse under Vesleberg gnr. 35/13.
    Birgit levde att aleine ei liten stugu ova vegen i Preinsrud. Der vart det vart kalla Birgit-træet. Ho hadde ei ku og var mykje borte på arbeid på gardane. (1469) s 47