Fivilstølen gnr. 74 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Fivilstølen gnr. 74 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Her budde folk som var omframt flinke med i mange slags handarbeid.
    G. Toeie i Dølaminne 1923. (Likeeins i Preinsrud.

{3907} År: 1790c

Asle Embrikson Dokken Thon 27.02. 1757-1836
Foreldre: Embrik Syverson Dokken og Barbro Aslesdtr. Havarsgard.
Gm Birgit Embriksdtr. Arnegard 28.04. 1754-
Foreldre: Embrik Person Arnegard (Vats) og Anne Syversdtr.

Asle og Birgit gifte seg i 1800. Det var begges fyrste ekteskap. Truleg var dei barnlause.
    I folketeljinga 1801 var Asle dagarbeidar og husmann utan jord på ein plass under søre Thon. Mora hans Barbro Aslesdtr. budde også hjå dei.
    Birgit ser ein lite til seinare. Ho kan vera død som legslem 'B.E. Pladsen i 1819, 76 år gamal'. Asle døydde 1836 på legd i Vats. (Anmeldar: Syver Skarsgard.) Asle hadde myndige arvingar, det er alt som står i dødsmeldinga.

{3908} År: 1812

Ola Sevatson Thon Fivilstølen 10.01. 1790-1851
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplass Thon og Birgit Olsdtr. søre Thon.
Gm Anne Olsdtr. Helling Fivilstølen 1789-1860
Foreldre: Ola Olson Skottebøl Helling og Sissel Larsdtr. Rime.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Thon Fivilstølen Smedplassen 05.07. 1812-1843
Barn m soldat Embrik Olson Kjellargard: Sjå barnebarn: Sevat Embrikson.
    G 1841 m Jon Tomasson ..... Smedplassen. Barn: Ola 1841- , Anne 1843- . (g Ellingsgards-eie).
2. Sevat Olson Helling Fivilstølen 14.06. 1814-1838
Ug. Sevat var krøpling. Dei fann han død i skogen.
3. Birgit Olsdtr. Turkarstad Fivilstølen 06.05. 1817-1883
Ugift. Den siste tida budde Birgit hjå systera Anne i Brattegardslåtta.
4. Anne Olsdtr. Fivilstølen Kjellargard 02.01. 1821-1900
G 1848 m Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen Dokken. Sjå år 1844.
*Barnebarn
1. Sevat Embrikson Fivilstølen Thon 28.04. 1838-
G 1866 m Guri Olsdtr. Håheim. Sjå inderstar 'Thon'.
    Foreldre: Embrik Olson Kjellargard med Sissel Olsdtr. Fivilstølen.

Ola og Anne gifte seg 1813. Ola var ute i krigen 1807-14.
    NB. Han er ikkje den same som 'Ola Sevatson Toplass', båe to vitna som vitne 12. og 13. i 1838.
    Ola og Anne var inderstar på Helling, Turkarstad og frå omlag 1820 i Thon, mest truleg på Fivilstølen. I 1846 fekk 'Ola Sevatson Fivilstølen' korn frå fattigkassa.

{3909} År: 1833

Ola Olson Kjellargard Tuftedokken 01.03. 1807-1839
Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
Gm Rangdi Bjørnsdtr. Sataroen Thon 1798-1862
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard og Margit Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Tuftedokken Hove 18.06. 1833-1834
2. Sevat Olson Kjellargard Tuftedokken 20.12. 1834-1898
G 1870 m Birgit Syversdtr. Sørbøenston. Gravar. Sjå Tveitehagen, gnr. 55/12.
3. Margit Olsdtr. Thon Hove 15.10. 1836-
Ho var truleg gm Anders Kristensen på Viksenga i Hole 1843-. Ingen barn, men fleire fosterbarn. 1900: busett på Sålerud og Engen i Hole. (1232)
4. Ola Olson Hove 29.12. 1839-
Busett i Grant Co, MN i 1876.

Ola og Rangdi gifte seg i 1833. Ola var inderst på Kjellargard, i Tuftedokken, i Roen kring 1846 og sidan på Fivilstølen. Skiftet vart halde på Kjellargard. Eiga var 22 spd.
    Ola var uven med onkelen sin, Embrik Sevatson Thon. Ola var 'hengiven til Klammerie og Uenighed i beruset Tilstand.'
    I ei gravferd i søre Thon i juni 1839 gjekk det gale. Ola og onkelen hadde kjekla om ei korn-bøle som onkelen hadde teke. Og Embrik kalla han 'Dritibrok Kjellargard'.
    Dei byrja å slåst, og Ola vart drepen av onkelen sin. Vitnene sa at dei ofte hadde høyrt dei to 'tale ilt om hinanden.' Om kallenamnet sa dei: "Paa Spørgsmaal erklærede samtlige Vidner at de ikke kjender nogen Person ved Navn Dritibrog paa Kjeldergaard.."
    Då Rangdi vart enkje tok bestefaren Ola Sevatson hand om sonen Sevat, medan den eldste sonen Ola på 12 år kom på kassa. Rangdi fekk seg tildelt korn på kassa i 1838. Rangdi var inderst på Hove i 1839.

{3910} År: 1846

Anne Olsdtr. Fivilstølen Kjellargard 02.01. 1821-1900
Foreldre: Ola Sevatson Fivilstølen og Anne Olsdtr. Helling.
Gm Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen 29.03. 1819-1891.
Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard.
*Barn
1. Lars Olson Kjellargard 23.06. 1844-1922
G 1888 m Kristi Olbjørnsdtr. nedre Settungsgard. Barn: Anna 1888-1976 gm Carl Sorensen (6 barn); Olive 1890-1950 gm P.W. Danielson (3 barn);; Amanda 1892-1979 gm Harold B. Iverson (4 barn); Oscar 1894-1988 gm Verna Russel Johnston (ingen barn); Marie 1897-1984 gm Swen Danielson (5 barn); Louise 1903-1984 gm Ole Alfred Hanson (3 barn). (1021) (1739) (1756)
    Lars fekk utflyttingsattest: Minnesota i 1865.
2. Ola Olson Fivilstølen Kjellargard 25.03. 1847-1933
G 1877 m Liv Eiriksdtr. Langegard. Sjå søre Kjellargard, gnr. 77/3.
3. Hermund Olson Kjellargard 18.09. 1849-1918
G 1876 m Birgit Knutsdtr. Holgelien. Barn: Ole 1876- ug.; Alfred 1877- gm Bertha Frickson (4 barn); Bernhard/Bennie 1879-1955 gm Esther Rustad (9 barn); Iver 1881-1897; Oscar 1883-1952 pastor, g 1910 m Ingeborg M Foss (5 barn); Henry 1885-1958 gm Edna Haraldson (5 barn); Bert 1887-1969 gm Bertina Mundal (1 barn); Albert 1889-1968 gm Judith Holman (7 barn); Anna 1890-1938 gm Lars Kroksæter ( barn); Them 1893-1896; Elvina 1895-1970 gm Hans Jonathon Nelson (5 barn). (1739), (1755)
    I 1875 fekk Hermund utflyttingsattest. Han var pioner-farmar ved Fairfax, MN. Nemnt i Ulvestad Bind 2 s 844
4. Olbjørn Olson Kjellargard Dokken 15.12. 1859-1936
G 1895 m Birgit Larsdtr. Thon. Sjå Dokken, gnr. 76/1.

Ola og Anne gifte seg i 1848. Ola hadde sonen Tolleiv 1847-1940 med Dordei Tolleivsdtr Medhuseie, sjå Martehaugen.
    Ola og Anne var inderstar på Fivilstølen dei fyrste åra. Så kjøpte dei søre Kjellargard (77/3) i 1869 og Dokken (76/1) i 1872. Dei budde i søre Kjellargard i 1875.

{3911} År: 1870c


I FT 1875 budde Ola Olson f. 1842 og kona Sissel Andersdtr. f. 1835 på Fivilstølen saman med mor hennar, Anne Olsdtr. f. 1801.
    Ola livnærte seg som skyttar og dagarbeidar, Sissel dreiv med spinning og saum.
    Det er enno ukjent kven desse folka var. Dei er ikkje funne i folketeljingane 1865 og 1891. Eller så er det noko feilaktige opplysningar i folketeljinga 1875.