Thon, søre gnr. 74 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Thon, søre gnr. 74 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Thon bnr. 2 vart frådelt opphavlege søre Thon (no myljo Thon) i 1826. Denne garden skulle ha del i kverna i Votna så lenge kvernsteinane vara. Fossen elles høyrde til bnr. 1.
    Denne garden ligg mellom Bergton og myljo Thon.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 48 mål. Avling 15 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 37 mål, anna areal 10 mål, del i Djup stølssameige, produktiv skog 315 mål, anna utmark 300 mål. 44 geiter, 20 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1979, kårhus 1913, påbygt og restaurert 1981 og 2004, gamalt loft, kårstugu Haldisstugu påbygd og restaurert i 1993; driftsbygning 1964, påbygd 1986, gardsverkstad 1984, reidskapshus ca 1991.
    Frådelte bruk: Bergton bnr. 8.
    Stølar: heimstølar Liastølen (vest i lien) og Fivilstølen (ovanfor garden). Ein tidlegare heimstøl Nystølen (vest i lien) vart lagt til Bergton. Langstøl i Djup.

{3912} År: 1839

Knut Olson Lofthus Thon 16.05. 1814-1867
Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard Lofthus og Helge Knutsdtr. Gurigard.
Gm Gunhild Olsdtr. Berg Ellingsgard 02.03. 1810-1858
Foreldre: Ola Halvorson Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.

Knut og Gunhild gifte seg i 1837. G 1859 m Haldis Olsdtr. Tistilsgard.
    I 1839 vart opphavlege søre Thon selt på auksjon på nytt til Knut Olson Lofthus og Sevat Embrikson Thon for 936 spd. Dei delte garden, og Knut bygde opp den nye garden 'søre Thon'. Sjå også år 1835 under bnr. 1.
    Knut kjøpte Ellingsgard i 1849 og dessutan hadde han Brattegard ei tid. Sjå meir om Knut og familien i Ellingsgard.

{3913} År: 1849

Lars Olson Randen Thon 04.09. 1815-1880
Foreldre: Ola Olson Skarsgard Randen og Kari Tolleivsdtr. Breieeikro.
Gm Haldis Olsdtr. Berg Thon 14.12. 1825-1920
Foreldre: Ola Håkonson Berg og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn
1. Kari Larsdtr. Thon Trintrud 09.07. 1848-1901
G 1873 m Tor Knutson Trintrud 1844-1917. Barn: Kari 1874-1952 g 1920 m Ola Person Turhus; Haldis 1875-1906 busett i Kr.ania , g 1902 m Ivar Bjørnson Gjerden (2 søner); Margit 1878-1928 busett i Oslo, g 1907 m em Ola Olson Lybekk (2 søner); Knut 1881-1938 bonde på Jegleim, g 1908 m Guri Knutsdtr. Brekko (5 barn); Lars 1884-1960 lærar, busett på Vestby, g 1915 m Barbro Halvorsdtr. Slåttestølen (5 barn); Sissel 1886-1890; Ola 1889-1965 ug., til Am.: Petersburg, ND.
    Kari og Tor var fyrst inderstar i Thon. sidan kjøpte garden Jegleim i Gol i 1890 for 1626 kr. Selde til sonen Knut i 1910.
2. Torand Larsdtr. Thon Espegard 11.08. 1850-1932
G 1877 m Lars Olson Espegard, gnr. 70/5.
3. Ola Larsson Thon 06.03. 1853-1853
4. Ola Larsson Thon 22.11. 1854-1915
G 1879 m Gunhild Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
5. Ola Larsson Thon 06.07. 1857-1878?
Her sprikar kjeldene:
    a) Ola Larsson Thon Trintrud-eie: G 1891 Bergen m Marta Torsdtr. Eide frå Eivindvik. Barn: Leif 1892- .
    Han var landhandlar, og ved vigslinga vart det opplyst at dei skulle reise til Amerika. Gardmannson i 1891.
    b) Ola Larsson Thon: foreldre Lars Olson og Haldis, ungkar død 20 1/2 år gamal i 1878.
    NB. I folketeljingane 1865 og 1875 hadde Lars Olson og Haldis to søner ved namn Ola.
6. Sissel Larsdtr. Thon Lofthus 22.09. 1860-1924
G 1884 m Knut Knutson Logsengard Lofthus.
7. Gunhild Larsdtr. Thon 11.07. 1863-1950
G 1899 m Sevat Viggerson Preinsrud 1859-1938. Barn: Birgit død ung; William 1900-1921; Haldis 1903-1986 ug.; Bertha 1905-1978 gm farmar Chr. Hauge, Michigan i ND (3 barn).
    Gunhild utvandra til Mankato i Am. i 1880. Sevat var snikker og farmar i Logan, Montana. Dei flytta til Gary i MN då det ikkje var norsk skule i Logan området. (1247) Dei miste eit barn i ein storm. (1430)
8. Ragnhild Larsdtr. Thon Espegard 31.07. 1867-1902
G 1891 m enkjemann Embrik Torson Veslegard Espegard, gnr. 70/6.
9. Birgit Larsdtr. Thon Dokken 27.12. 1871-1958
G 1895 m Olbjørn Olson Dokken, sjå Tuftedokken gnr. 76/1.

Lars og Haldis gifte seg i 1847. Lars makeskifta Brattegard med Knut Olson Lofthus Thon i 1849 og fekk att søre Thon.
    Lars var smed. Han smidde navrar og tynningsljåar m.m.

{3914} År: 1879

Ola Larsson Thon 22.11. 1854-1915
Foreldre: Lars Olson Randen Thon og Haldis Olsdtr. Berg.
Gm Gunhild Olsdtr. Håheim Thon 14.10. 1854-1934
Foreldre: Ola Torson Lislelien Håheim og Ragnhild Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Ragnhild Olsdtr. Thon Langegard 09.03. 1880-1958
G 1910 m Eirik Larsson Torsgard Langegard, gnr. 78/1.
2. Lars Olson Thon 02.02. 1882-1965
G 1914 Bragernes m Margit Knutsdtr. Rangdiplass. Sjå neste hushald.
3. Haldis Olsdtr. Thon 21.09. 1884-1969
Ugift. Ho budde i Haldisstugu.
4. Ola Olson Thon BergTon 26.07. 1886-1973
G 1920 m Guri Embriksdtr. Settungsgard. Sjå Bergton, bnr. 8.
5. Ola Olson Thon 24.11. 1887-1964
Ola var ugift. Han reiste til Am. i 1911 og dreiv som farmar ved Palermo, ND.
    Ola var heim att ein tur kring 1960. Han reiste attende til Amerika og døydde i 1964.
6. Tolleiv Olson Thon 24.11. 1887-1927
Ugift. Til Am. kring 1907. Han dreiv farming.
7. Kari Olsdtr. Thon Bergaplass 22.10. 1891-1982
G 1913 m Knut Nilsson Bergaplass. Sjå Ellingsgardhaugen,gnr. 78/6.
8. Tolleiv Olson Thoen 11.07. 1898-1891
G 1944 m Anne Ødelien 1907-1946. G 1949 m Anne Olbjørnsdtr. Dokken.

Ola og Gunhild gifte seg i 1879. Ola var ordhitten og slagferdig.
    Ola var bonde, smed og snikkar, han hadde godt handlag, laga seg mellom anna ei treskemaskin. Ei tid var han rotemann, hadde vedlikehaldet på ein vegstubb. Då laga han ei vegskrape, men lensmannen som hadde oppsynet på vegane den tid, han hadde ikkje vet på vegskrapa. Han tok Ola ei skrape i staden! (Skreiv Lars Opsata.)