Bergaplass gnr. 74 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bergaplass gnr. 74 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Opphavleg var Thonberget, Tonslåtta, Bergaplass eller Gunnbjørhus husmannsplass under søre Thon. Etterkvart vart namnet Bergaplass. Frå 1776 har bonden i Bergaplass vore sjølveigar.
    Bergaplass grensar mot nordre Ødelien i aust og mot Bergton i vest.
    Namnet Gunnbjørhus kjem av Gunnbjørg, ei enkje som hadde plassen i 1760-åra.
    Areal 1865: dyrka jord 7 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 8 mål. Avling 5 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 28 mål, anna areal 10 mål; produktiv skog 20 mål, anna utmark 120 da. Buskap: 33 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1982, kårhus, stolphus og loft frå omkr. 1860, loftet flytta 1959, låve og stall 1953, eldhus bygt om til hytte 1968, reidskapshus 1985, hytte 1979.
    Garden var i drift med mjølkekyr og støling på Jødnbustølen fram til 1969. Sidan var det sauehald.
    Stølar: Jødnbustølen (opphavleg kome frå Espegard.) Heimstøl: Smalskardstølen (på vestsida, utan stølshus).
{3921} År: 1776
Mari Embriksdtr. Slåtten Bergaplass 1756.-
Foreldre: Embrik Larsson ... Toplassen og Gunnbjørg Tolleivsdtr. ... .
Gm Sevat Olson Thon Gunnbjørgplassen 16.11. 1749-
Foreldre: Ola Sevatson Thon og Margit Knutsdtr. Kyrkjedeld.
*Barn
1. Kari Sevatsdtr. Toplass Sundrelien 1774-1874
Barn: Kari 1797- sjå barnebarn.
    G 1804 m Knut Olson Sundre Toplass Sundrelien.
2. Ola Sevatson Thon 01.09. 1776-
3. Ola Sevatson Thon Bergaplass 1777-1862
G 1808 m Margit Syversdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.
4. Embrik Sevatson Thon Bergaplass 07.03. 1779-1808
Embrik var soldat i krigen 1807-14. Han døydde på sjukehus i Halden i 1808.
5. Lars Sevatson Thon Baggegard 21.10. 1781-1850
G 1811 m Margit Herbrandsdtr. Baggegard. Var han målar og busett på Holto? Han kan vera ein litt ukjent rosemålar som måla eit skatoll og eit framskåp i myljo Thon. (1154)
    Sjå Baggegarden, gnr. 44/11.
6. Ørjans Sevatson Thon Bergaplass 26.12. 1784-1862
G 1815 m Turid Embriksdtr. Espegard. Sjå KjellargardGjøta.
7. Margit Sevatsdtr. Tonberget 24.03. 1788-1801f
8. Sevat Sevatson Toplass Underberget 1793-1874
G 1818 m Turid Levorsdtr. Espegard. Til Vangen før 1828.
*Barnebarn
1. Kari Olsdtr. Toplass 09.07. 1797-
Foreldre: Ola Olson Hovdegard (kan og ha vore fadder)? med Kari Sevatsdtr. To-plass.
    Kari reiste som budeie til Drammen i 1819.
Sevat og Mari gifte seg i 1776. Sevat var egentleg odelsguten i søre Thon. Han gifte seg med husmannsjenta Mari, og gav frå seg odelen til systera si. Ein kjenner ikkje grunnen til at han gav frå seg garden. Truleg var helsa ikkje god nok. (Sjå segna nedanfor.)
    I skøytet som mora gav til systermannen på garden søre Thon i 1776, er det gjort unntak vedrørande plassen Gunnbjørhus. Sevat skulle overta husmannsplassen Gunnbjørhus eller Tosletten til 'eiendommelig bruk og nyttiggjørelse'. Sevat skulle ikkje betale noko til kongelege skattar og avgifter vedrørande søre Thon. Med plassen fylgde to stølar, ein på "vestre" og ein på "austre" kant av garden, samt skogs-rett til ved, gjerding og husbygging. Sevat Embrikson Thon skulle ha forkjøpsrett om Sevat eller etterkomerane skulle vilja selja. (1203) s 307b
    Sevat vart kalla S.O. Thon-slåtta i 1781. Han lånte 120 rd i 1790.
    Sevat skal ha vorte halt eller sjuk. Lars B. Sehl skreiv ned ei segn om ein Herbrand frå Gunhildgard som fekk jordstykket Baggegarden for noko brorsarv. Men då han tok til å tufte, kom det fram ein skapning or haugen og sa at: "Byggji du her her, so bi det sjukdom bestandigt". Men Herbrand brydde seg ikkje om åtvaringa. Dette skjedde kring 1700.
    Etter den tid vart Herbrand og kjerringa halte, og svigersonen Lars og far hans, 'Sevat frå Bergaplass gift innpå med ei Margit, mange vorto sjuke'. (LBS s 388)
{3922} År: 1805
Ola Sevatson Thon Bergaplass 1777-1862
Foreldre: Sevat Olson Thon Gunnbjørhus og Mari Embriksdtr. Slåtten/Gunnbjørhus.
Gm Margit Syversdtr. Ødelien Bergaplass 1775-1869
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien.
*Barn
1. Sevat Olson Bergaplass 18.09. 1809-1810
2. Sevat Olson Bergaplass Kjellargardshaugen 07.05. 1811-1896
Var Sevat handelskar og busett i Tveitehagen? I såfall har han barnet Gunhild 1861-1884 med Gro Olsdtr. Glomsletten. Sjå Glomsletten, gnr. 54/6. Sevat døydde som inderst i Kjellargardshaugen.
3. Syver Olson Bergaplass __.__. 1813.-1855
G 1842 m Birgit Holgesdtr. Helgelien. Sjå neste hushald.
4. Mari Olsdtr. Bergaplass Ellingsgard 10.12. 1816-
G 1854 m Ola Olson Kaslegard Ellingsgard (inderst). Barn: Ola 1859- .
    Inderst på Ellingsgard i 1859. Enkje i Bandon, Ratville Co MN i 1896.
5. Ingebjørg Olsdtr. Bergaplass Dølahaugen ...... 1819-1902
Barn: Anne 1842-1928, sjå barnebarn. Gm Syver Botolvson Botolvhuset Haugen, gnr. 22/74.
6. Borghild Olsdtr. Bergaplass Kjellargardhaugen 24.02. 1822-
? Barn: Embrik 1844- med Torkjell Olson Kjellargard.; Karl Gabriel 1863- med Gulbrand Larsson ... Brumundhaug-eie.
    I 1896 var Borghild myndig og tenar på garden Lo på Haugsbygd, Ringerike.
*Barnebarn
1. Anne Larsdtr. Reiersgard Dølahaugen 24.12. 1842-1928
G 1872 m Eirik Eirikson Dølahaugen.
    Foreldre: Lars Nilsson Kolbjørnsgard m/Ingeborg Olsdtr. Bergaplass Reiersgard.
Ola kjøpte Bergaplassen hjå mora i 1805. Ola og Margit gifte seg i 1808.
    Ola døydde som legdslem O.S. Thoplass/Bergplass.
{3923} År: 1845
Syver Olson Bergaplass __.__. 1813.-1855
Foreldre: Ola Sevatson Thon Bergaplass og Margit Syversdtr. Ødelien.
Gm Birgit Holgesdtr. Helgelien Bergaplass 15.06. 1821-
Foreldre: Helge Olson Helgelien og 1.g. Birgit Olsdtr. Ellingsgard.
*Barn
1. Ola Syverson Bergaplass 10.11. 1841-1928
G 1873 m Sissel Olsdtr. Løken. Barn: Syver 1874-1961; Birgit 1877-1954 gm Knut E. Dekko (4 barn); Oscar 1880-1968; Selmer 1883-1971; Gurine 1885-1969; Ola 1889-1918. (1242)
    Til Am. i 1872 : farma ved Gary, MN. Berre Birgit vart gift.
2. Helge Syverson Bergaplass 23.10. 1844-1926
G 1867 m Turid Ørjansdtr. Jøto 1833-1920. Barn: Syver 1867-1889; Birgit 1869- gm John Engdahl, gm Carl Mattson; John 1871-1889; Thea 1873-1940 gm Christian Olson (minst 8 barn); Margit 1874-1889; Maria 1876-1889; Borghild / Borgeta 1879-1972 g 1898 m Sven Rødningen ( .. barn). (1749)
    Til Am. i 1866: Farmar i New Sweden, Nicollet, MN. (J. Marler)
3. Margit Syversdtr. Bergaplass 09.12. 1847-
Barn: Ola 1867- sjå barnebarn.
    G 1869 m Ola Kristian Olson Krongerud frå Rakkestad Bergaplass. Barn: Syver 1869- sjå barnebarn.
    Margit og Ola budde i Bergaplassen i 1869. Dei reiste til Am. i 1869 med barna Ola og Syver.
4. Sevat Syverson Bergaplass 06.03. 1851-1896f
Til Am. 1870: ... . Død før 1896.
5. Birgit Syversdtr. Bergaplass 05.03. 1854-1880
Gm Embrik Knutson Dekko 1843-1927. Barn: Caroline 1872- gm Andrew Gjerde (2 barn); Bertine 1874-1958 g 1902 m Emil Peterson (1dotter); Maria 1876-1893; Christine 1877-1952; Knut 1879-1966 g 1904 m Birgit Olsdtr. Bergaplass (3 barn); Syver "Severt" 1880-1905 gm Ida Eidum (1son).
    Birgit reiste til Am. 1870: Gary, MN.
6. Mari Syversdtr. Bergaplass 05.03. 1854-
Til Am. i ... .
*Barnebarn
1. Ola Olson Bergaplass 02.04. 1867-
Foreldre: Ola Olson Hauger, Os anneks i Rakkestad med Margit Syversdtr. Bergaplass.
2. Syver Olson Bergaplass 23.10. 1869-
Til Am. i 1869: ....
    Foreldre: Ola Kristian Olson Krongerud frå Rakkestad Bergaplass og Margit Syversdtr. Bergaplass.
Syver og Birgit gifte seg i 1842. Birgit reiste til Amerika som enkje i 1870 saman med barna Birgit, Margit og Sevat.
{3924} År: 1864
Ola Toreson Huus Huss 17.08. 1836-1907
Foreldre: Tore Eilevson Huus og Sissel Syversdtr. Skarsgard.
Gm Anne Levorsdtr. Veslegard Bergaplass 05.03. 1836-1913
Foreldre: Levor Solveson Medgarden ('inderst skoleholder') med Borghild Mikkelsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Veslegard Ulsaker 30.09. 1859-1949
G 1885 m Ole K. Ulsaker, truleg Ola Knutson søre nedre Ulsåk i Hemsedal 1851-1918. Han var landhandlar og lærar i ND. (Hems. s 172) Dei budde i Wahpeton, ND. (J. Marler)
    Barn: Oscar M. Ulsaker 1888-1967; Althea Ulsaker 1889-___; Carl Ulsaker 1892-1964; Walter O. Ulsaker 1900-1930; Lawrence T. Ulsaker 1905-1989.
2. Tore Olson Huus __.__. 1862-1932
Gm Kristi Knutsdtr. Bjella 1865-1930. Barn: Alma 1897-1923 gm Gustav Hektner (2 barn); Ruby .... g 1943 m Clifford Strandberg; Celina 1901-1976 lærar, gm em Nels Skovholt (3 barn); Oliver 1904-1944 lærar/basketballspelar, kaptein i RAF, omkom i kamp; Joseph død ung. Fosterdatter Esther .... misjonær, gm Ralph Fuglestad, gm Lars Stalsbroten. (1045), (J. Marler)
    Tore og Kristi fekk utflyttingsattest 1866. Dei budde i Wahpeton, ND.
3. Borghild Olsdtr. Huus Sire Bridston 10.03. 1863-1924
Gm Hermann Håkonson Sire Byggjargarden 1850-1888. Barn: Henry 1885-1964 gm Inga Augusta Ness (3 barn); Hermina 1889-1975 doktor, gm dr. Hugo Hartig (4 barn). (1661)
    G 1890 m Samuel Bridston 1867- . Barn: Olga 1892-1975 gm Harvey Leach; Lydia 1893-1968 helsesyster, gm Arthur Wobschall; Joseph 1896-1965 forsikringsagent/senator, gm Anna Pederson (minst 1 barn); Deborah 1898-1952 lærar, gm Edward Thompson (1son); Rachel 1900-___ lærar, gm Adolph Thompson (1 barn); Ruth 1903-1990 lærar i Montana, gm 1923 Clarence Walstad (3 barn); Helen 1904-1968 musikklærar, gm Joseph Freer (3 barn); Evelyn 1907-1961 stenograf, gm Leon Oystese, (2 barn). (J. Marler)
    Borghild fekk utflyttingsattest 1866. Hermann og Borghild var pionerfarmarar i Richland Co ND. Samuel og Borghild farma nær Wahpeton ND til 1911. Sidan kom dei til Dutton og til Valier i Montana.
4. Kari Olsdtr. Huus 19.02. 1865-1866?
Kari fekk utflyttingsattest 1866. Ho døydde på Amerika-båten og vart gravlagt i havet.
   
    Barn i USA: Eilev 1867-1930 gm Nanna Nelson; Syver 1869-1931 gm Emily Lernes; Caroline 1871-1896 gm Emil Peterson; Julianna 1872-1931 gm 1895 Carl J. Peterson (9 barn); Christine 1875-1946 gm Peter B. Peterson (minst 1 barn); Emil Oscar 1880-1949 urmakar/barber, gm 1914 Sigrid Ella Dæhli, (2 barn); Anna Sophie 1885-1939 gm pastor Hans Engebretson frå Søndeled. (1005) (1045) (J. Marler)
I 1864 kjøpte Ola Toreson Huus Bergaplassen.
    I 1865 var det eit bebudd hus i Bergaplass. Der budde Ola Toreson og Anne med 4 barn saman med far hans (Tore Olson). I stugu budde dessutan kårkona Birgit Holgesdtr. og hennar 3 barn. Men enno var det ein til: snikkar og ungkar Helge Syverson.
    Ola selde bruket att etter to år til ein Sevat Olson, som selde til Ola Bjørnson i 1869.
    Ola og Anne reiste til Am. med skuta Siberius frå Bergen i 1866. Eit barn døydde på overfarten. Dei farma fyrst i Nicollet Co, MN. På sine gamle dagar budde dei i Richland Co, ND. Namnet endra han til Huss.
{3925} År: 1869
Ola Bjørnson Tveito Bergaplass __.__. 1816-1908
G 1840 m Ågot Olsdtr. Trintrud Gurigard. G 1891 m Birgit Viggersdtr. Preinsrud.
Foreldre: Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito og Kari Olsdtr. Tveito.
Ola Bjørnson Tveito hadde Bergaplassen frå 1869 til 1883. Sjå meir han om familien på Arnegardsjorde gnr. 56/1 a.
    I 1875 budde Ola Bjørnson i Bergaplassen saman med familien til Tor Knutson Trintrud. Tor Knutson var gift 1873 med Kari Larsdtr. Thon. Dei kom sidan til Jegleim i Gol. Sjå Trintrud, gnr. 57/1.
    I 1891 skreiv han seg Ola Bjørnson Bergaplass, møllar og enkjemann.
{3926} År: 1883
Nils Knutson Torsteinsrud Bergaplass 10.02. 1850-1923
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Nilsdtr. Holto.
Gm Guri Nilsdtr. Helling Bergaplass 27.01. 1856-1901
Foreldre: Nils Olson Helling Kyrkjedelen og Birgit Aslesdtr. Kyrkjedelen.
*Barn
1. Knut Nilsson Bergaplass 12.07. 1883-1943
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Guri Nilsdtr. Bergaplass 14.05. 1885-1968
Ug. Ho var mykje nytta som "reiekjæring" i samvære kring i bygda. Og ho tok på seg baking. Fekk ein tak i ho Guri, då var laget i trygge hender. Ho vov mykje.
3. Nils Nilsson Bergaplass Veslehaugen 19.07. 1887-1952
Ug. Nils var skomakar. Han var kjend for å ha ein råkande replikk. Han gjekk ofte og song og prata med seg sjølv. ("Eg har ingen klokare å prate med")
    Ei tid dreiv han Bergaplassen for broren Knut. Sidan kom til Sevatstugu. Han klaga ikkje på husværet, men sa at kjøken og soverom var inne, og storstugu var utomveggs. Etter han vart Sevatstugu selt på auksjon, ho står no stølsbu på Lauvdalen. (1462)
4. Knut Nilsson Bergaplass 02.04. 1889-1966
G 1913 m Kari Olsdtr. Thon. Sjå Ellingsgardshaugen.
5. Ola Nilsson Bergaplass 10.03. 1891-1971
G 1919 m Ingebjørg Rusten (Steinbråten), Gol 1886-1938. Barn: Ingeborg Ottilie 1921- g 1941 m lastebileigar Ragnar Vigdal (1 barn), Gaupne i Sogn.
    Var gm Liv S. Gudbrandsgard. Ingen barn. (1597)111
    Ola var ........................... (???) og lekpredikant og budde på Gol.
6. Lars Nilsson Bergaplass 23.01. 1894-1963
G 1919 m Haldis Embriksdtr. Espegard. Sjå Underberget Espegard gnr. 70/7.
7. Tolleiv Nilsson Bergaplass 11.03. 1896-1920
Nils og Guri gifte seg i 1883. Nils kjøpte Bergaplassen i 1883 hjå Ola Bjørnson Arnegårdseie. Han var ein trottug arbeidskar, men miste kona si tidleg. Der var mange små ungar, men dei større hjelpte til så dei greidde seg gjennom.
    I 1898 vart den gamle bruksretten til skog frå 1776 utskifta med skog.
    I 1900 var Nils gardbrukar og sauehandlar. Nils selde garden i 1922 til sonen Knut d.e.