Bergton gnr. 74 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bergton gnr. 74 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bergton vart frådelt søre Thon 1907 under namnet Tomyr 74/8. Eigedomen omfatta mellom anna tidlegare husmannsplassane Hesjabakken og Preinsrud nordre og søre.
    Nokre stadnamn: Birgittræet (sjå Preinsrud), Kringlehølen, Skorridn og Breieskorre: utslåtter, Slåidn (i elva var vasshjul for slipestein), Toreskardet.
    Areal 1995: dyrka jord 57 mål, anna areal 10 mål, barskog 300 mål, anna utmark 96 mål. Buskap: 11 ungdyr. 11 mjølkekyr fram til 1994. Våningshus bygt 1910, loft, driftsbygning 1921 og 1981.
    Stølar: heimstøl Nystølen i Vestlien, langstøl i Djup, del i Djup stølssameige.
    Garden har vore bortleigd frå 1994.