Thon, nordre udelt gnr. 75 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Thon, nordre udelt gnr. 75 bnr. 0a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Thon-gardane har vore delte i nordre og søre garden i heile den tida me har skriftlege kjelder. Opphavleg har nok dette vore ein gard. Sjå innleiinga til gnr. 74/1. Både nordre og søre Thon hadde dei opphavlege tuna på gamalt vis midt oppe i bakkane ovanfor noverande tun.
    Krongodset skriv seg nok frå den tida det var ein gard. Nordre Thon skatta av 2 kalvskinn krongods med 1 rd årleg eller eit kalvskinn. Bonden og/eller eventuelle andre bønder var leiglendingar under kongen. Til tider gjekk dette parallelt med bondegodset i garden, som var 7 laupsbol. Grunna ei brukar-rekkje og ei eigar-rekkje har det såleis vore noko uoversiktleg på garden fyrste tida. Nordre Thon vart skattlagd som øygard og er nemnt i jordebøkene frå 1577 og framover. Fyrst på 1600-talet var garden underbruk under Helling og sidan Dengerud i Øvre-Ål.
    Landskatten 1612 nemner ein 'Pål nordre Thon'. Det er uvisst kven dette var.
    I 1840 selde Ola Person halve garden til Asle Olson Havarsgard og halve garden til Ola Torsteinson Håheim (gm Torand Persdtr. Thon).
    I det gamle tunet var det stugu; ei gamal stugu; eit loft (med 4 rom); fjøs; bastugu; smiu; eldhus; lu eller låve innved fjøset, treskelåve, stolphus, hestestall, sauestall, båthus. Dertil stod desse husa 'i Teigen': ei stugu og ein sauestall med trev over; - dei øvrige husa i Teigen tilfall Asle utan at dei vart særskilt nemnde. Husa var delvis felles-eige, og delvis eine-eige.
    For skog og utmark sette dei slik deleline: frå steingjerdet Skomakargjerda i vest til delestein på Slettanhovda, derfrå til stein i Nystølshaugen og derfrå i rett line til ein stein ved 'den almindelige bygdeveg'. (NB. Her er brukt 'bygde-retningar'.) Likeeins vart utmarka på andre sida av Vatsfjorden delt med ei line frå fjorden og opp til stølen Hjallen; derfrå til ein nedsatt stein nørdst i Levorsnatten, vidare til Liastølsnatten, og derfrå i rett line til 'fjellet'. Fiskevatna skulle brukast i fellesskap.
    Dei 8 stølane vart delte slik: Nystølen, Fekjastølen, Storegjerdet søre Slåttestølen og To-slettane fekk Ola Torsteinson saman med halve Hellane. Stølane Hjallen og nordre Slåttestølen og halve Hellane fekk Asle. Langstølen Hellane låg tidlegare under Håkonsgard. Opphavleg langstøl for nordre Thon har truleg vore på To-åsen.
    Asle Havarsgard selde sin gardepart til Nils Syverson Pletten, og sidan har den garden vore kalla Plette-Ton.
    Frådelte bruk: sjå vidare under bnr. 1 Plette-Ton og bnr. 2 nordre Thon. Frådelte plassar: Kolbjørnsplassen, Guttorms-træet.

{3942} År: 1758

Torand Olsdtr. Thon 1728-
Foreldre: Ola Levorson Thon og Ågot Olbjørnsdtr. Dokk.
Gm Ola Person Arnegard Thon 1731.-1768s
Foreldre: Per Embrikson Arnegard og Berte Ivarsdtr. Skarsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Thon KvernHaugen 13.01. 1760-1800f
Barn: Sissel 1797- sjå barnebarn. G 1799 m Ola Embrikson HagaPlassen KvernHaugen, gnr. 22/54.
    I 1789 vart Birgit kravd for 'ungdoms- eller offer-tråe' av presten.
2. Per Olson Thon 17.03. 1762-1839
G 1798 m Guri Olsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
3. Ambjørg Olsdtr. Thon Havarsgard 09.02. 1766-1820s
Gm Ola Ivarson Thon. Til Grøvo i Hol, sjå Hol IV s 206.
*Barnebarn
1. Sissel Olsdtr. Thon 26.12. 1797-
Foreldre: Ola Syverson Håheim (ungkar) og Birgit Olsdtr. Thon.
    Birgit var død før 1802, - Ola nekta for farskapet.

Ola og Torand fekk tre barn, og dessutan to dødfødde.
    Ola Person lånte 160 rd mot pant i 5 lb. gods som han hadde innfridd i nordre Thon. Ola held gardsyn i Thon i 1758. Husa var: ei ny stugu (halve til enkja Ågot Olbjørnsdtr.) og ei gamal stugu 6 rd; låve; ei smie; stall med trev; gamalt fjøs; hestestall; badstugu; stølar: vestafor ei lu. Ola stevna Jørand Kaslegard og sonen hennar, Tolleiv Dusegard. Jørand hadde brukt ein del i garden. Desse husa var no i dårleg stand. Panten hennar (99 rd) vart redusert med 19 rd grunna 'åbot skade' (verditap). Ola tok på seg kostnaden med gardsynet og betalteTolleiv Dusegard 4 rd som oppgjer for at han hadde sådd til 1/4 av garden om våren.
    På skiftet etter Ola i 1768 var buet på 104 rd. Ungane var mellom 3 og 9 år, og enkja bad om fritak for renter på jordegodset.
   

{3943} År: 1768

Torand Olsdtr. Thon 1728-
Foreldre: Ola Levorson Thon og Ågot Olbjørnsdtr. Dokk.
Gm Torstein Torsteinson Sando Thon 1727-1814
Foreldre: Torstein Torson Sata Sando og Birgit Olsdtr. ... øvre Sando.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Torsteinson Thon 01.09. 1776-
Truleg død i 1790-åra.

Torand vart attgift med Torstein Torsteinson. Torand stevna Oleiv Settungsgard og Endre Loksengard for retten i 1770. Dei hadde drive bort krøtera hennar, og brukt stølsbua hennar til fjøs.
    I 1773 var Torstein miltær legdsmann. Dei lånte 200 rd i 1775 mot pant i 4 1/2 laupsbol. I 1787 fekk Torbjørn Anderson fornya bygsla av ein 'Plassen eller Bakken' hjå Torstein Torsteinson i 1787.
    I 1791skøytte dei nordre Thon til sonen hennar, Per, for 700 rd og kår. Inntil vidare held dei att bruken av 2 mål åker, ein liten ny-opprydda støl og to utmarks-slåtter. Kåret elles var 3 kyr framfødd, 3 tunner godt treska korn, hus og tilsyn, og bruk av hest kvar dei måtte ynskja.

{3944} År: 1791

Per Olson Thon 17.03. 1762-1839
Foreldre: Ola Person Arnegard Thon og Torand Olsdtr. Thon.
Gm Guri Olsdtr. Kvinnegard Thon 27.09. 1772-1828
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
*Barn
1. Ola Person Thon 14.10. 1798-1798
2. Torand Persdtr. Thon Håheim 22.09. 1799-1876
G 1824 m Ola Torsteinson Håheim, gnr. 72/1. Sjå også år 1844.
3. Ola Person Thon 19.04. 1802-
4. Guro Persdtr. Thon Kvinnegard 05.02. 1804-1877
G 1830 m Ivar Larsson Kvinnegard.
5. Torstein Person Thon 06.07. 1806-1826
6. Ågot Persdtr. Thon Kvinnegardjordet 15.01. 1809-1865
G 1837 m Hermund Torgeirson Stakegard Kvinnegardjordet.
7. Nils Person Thon 06.02. 1815-1905
I 1839 vart det halde tingsvitne om Nils: Han var drikkfeldig og uskikka til å styre medelen sin. Han kunne byte bort kleda sine for brennevin. Nils var umyndiggjort ved amts-resolusjon i 1840. (780)
    Overformynderiet kvitterte for farsarv og eigen formue, 337 kr i 1859. På skiftet etter faren erklærte Nils seg umyndig slik at offentleg skifte måttte haldast.
    Nils budde i Thon i 1869. Død som fattiglem i 1905.

Per overtok garden 1791 hjå stefaren Torstein Håheim. Per og Guri gifte seg i 1798.
    Per fekk 1799 skøyte på garden hjå mora og stefaren. Halve garden hadde han fått 1791, resten vart kjøpt 1799. Mora og stefaren var løyste ut og tillagt kår. (1259) s 372 b
    I 1802 kjøpte Per langstølen Hellane hjå Ola Knutsen Håkonsgard. Pris 45 rd. I 1824 kjøpte Per også Tuftedokken. Den garden vart selt på auksjon i 1832. Sjå Tuftedokken.
    Per drukna ein sundag i juni 1839 då han skulle ro eit lass med staur over Vatsfjorden. Båten var søkklasta.
    Då Per døydde var alle arvingane myndige, anten ved alder eller ekteskap. Men sonen Nils erklærte seg sjølv umyndig slik at offentleg skifte måte haldast.
    På skiftet etter Guri vart Thon taksert til 1000 spd og Dokken til 250 spd. Sonen Ola kjøpte garden for 1000 spd.

{3945} År: 1830

Ola Person Thon 28.03. 1813-1869
Foreldre: Per Olson Thon og Guri Olsdtr. Kvinnegard.

Ola Person var ugift. Men han fekk ei dotter Guri 1839-1921 med Ågot Eiriksdtr. Espegard. Om dottera, sjå Løkensgardsteigen år 1866.
    I 1840 delte Ola Person frå nordre delen av garden (bnr. 2) og selde til Asle Havarsgard. Resten av garden vart selt til Nils Syverson Pletten. Sidan har bnr. 1 vore kalla Plette-Ton.

{3946} År: 1839


Asle Olson Havarsgard kjøpte bnr. 2 hjå Ola Person Thon i 1839.
    Asle delte garden med Ola Torsteinson Håheim i 1840. Desse husa skulle dei felles: stugu, fjøset, badstugu, smia, eldhuset og ei lu ved fjøset. I låven skulle Asle ha den nordre delen og Ola den søre. Loftet hadde to rom i kvar høgd, Asle og Ola skulle ha to loftsrom kvar. Asle fekk stolphuset, stallen og ei gamal stugu, medan Ola skulle ha sauestallen og eit båthus.
    Asle selde garden vidare etter fem år.