Pletteton gnr. 75 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Pletteton gnr. 75 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Pletteton vart frådelt opphavlege nordre Thon i 1840 og fekk etterkvart bnr. 1. Dette var truleg hovudbølet i nordre Thon.
    Ved delinga i 1840 utgjorde bnr. 1 og 2 kvar sin halvpart av den opphavlege nordre Thon. Til denne eigedomen høyrde nokre av husa på 'Teigen' og alle husa på plassen Torbjørnhuset. Og dessutan stølane Hjallen og nordre Slåttestølen og halvparten i langstølen i Hellane.
    I 1865 vart det fråselt Teigen bnr. 6 til bnr. 2. I seinare tid må det ha skjedd eit makeskifte med halve Hellane mot Nystølen. (Ein vårstøl som ligg rett ovanfor PletteTon.)
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål; naturleg eng 32 mål; utslått 40 mål. Avling 12 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Fleischer samla uthus og låve under eit tak 1917-1920. Sjølv bygde han ei hytte nedanfor uthusa kring 1917. Den vart selt til Vibe i 1927. Ei større stugu vart oppsett på tomta der forpaktar stugu stod. Den stugu vart ombygd og påbygd til hytte i 1929.
    Forpaktaren Knut Settungsgard og systera Anne budde i ei liten raud stugu med to rom.
    PletteTon har vore brukt under myljo Thon sidan 1924. Husa vert no brukte som fritidseigedom og garden vert nytta til sauebeite. Ein heimstøl kalla Slåttene (bnr. 11, frådelt bnr. i 1882) ligg tvers over Vatsfjorden.

{3947} År: 1840


Asle Olson Havarsgard kjøpte halve nordre Thon i 1840. Garden og husa vart delte. Asle selde vidare i 1843 til Nils Syverson Pletten.

{3948} År: 1843

Nils Syverson Pletten Thon 27.11. 1807-1890
Foreldre: Syver Herbrandson Pletten og Ingeborg Nilsdtr. Vangen.
Var gm Margit Torsteinsdtr. Trintrud Thon 14.04. 1793-
Foreldre: Torstein Larsson Svarteberg m/ Olaug Olsdtr. Espegard
Sbm Borghild Syversdtr. Lappegard Thon 27.12. 1819-1893
Foreldre: Syver Gunnarson Tistilsgard Lappegard og Guri Olsdtr. Lislelien.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Nilsdtr. LappeBakken Thon 16.02. 1850-1918
G 1873 m Levor Olson ØvreLå Thon. Sjå neste hushald.
*Barn elles
1. Turid Knutsdtr. LappeBakken Thon 21.07. 1853-1936
Barn Nils 1877-1950 og Hermund 1885- . Sjå barnebarn.
    G 1894 m Torstein Olson Håheim nordre Thon.
    Foreldre: Knut Olson Kyrkjebøen m/Borghild Syversdtr. Lappegards-eie.
    Mora kom som tenestjente til Thon hjå Nils Syverson Pletten Thon. Difor vart Turid ofte skriven 'Nilsdtr.', men då mora døydde stod det 'Knutsdtr'. Og som døypt i 1853.
*Barnebarn
1. Nils Knutson Thon Gurigard 19.05. 1877-1950
G 1910 m Liv Olsdtr. Håheim. Sjå Gurigard gnr. 63/3 og Skrindo gnr. 47/6.
    Foreldre: Knut Olson Løkensgardslåtta (ungkar) og Turid Knutsdtr. Lappegard Thon.
2. Hermund Person Thon 05.07. 1885-
Hermund var tenestgut hjå Kihle på Norderhov i 1900. Dit kom også mora som enkje.
    Foreldre: Per Hermundson Stakegard Lappegard m/Turid 'Nilsdtr.' Thon.

Nils og Margit gifte seg i 1828. Etterkvart reiste Margit sin veg.
    Nils dreiv fehandel. Han vart kravd for 17 rd av Ola T. Kvam i Aurland i 1848. (1295)
    Borghild kom til PletteTon som tenestjente. Etterkvart vart det openlyst samliv med Nils. Borghild sa 1851 at "slikt tåles her i bygden". Då vart fylgjande protokollert på tinget:
    "Angjeldende Niels Syversen Thoen fremstod og erkjendte at han i lengere Tid har haft Pigen Borgil Syversdatter i sit Huus og derved Samliv med hende og levet som egtefolk saaledes ogsaa søgt Seng sammen som saadanne, hvorimod han aldrig er bleven advaret af Presten eller nogen Anden."

{3949} År: 1873

Ingeborg Nilsdtr. LappeBakken Thon 16.02. 1850-1918
Foreldre: Nils Syverson Thon m/Borghild Syversdtr. Bakken (Lappegard i Vats) .
Gm Levor Olson ØvreLå Thon 17.03. 1839-1890
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
*Barn
1. Ola Levorson Thon 02.09. 1873-1953
Ugift. Ola arbeidde heime på garden i 1900. Til Bemidj i MN. i 1903. Seinare til Brit. Colombia. Sjå Hallingen 214 s 31.
2. Nils Levorson Thon 12.05. 1876-1959
G 1911 Kr.ania m Kristi Larsdtr. Haug 1884-1924. Barn: Inga 1912- til Canada, g 1931 m Milton Oberg; Leonard 1917- til Am., g 1968 m Dorothy Alice; Alfred 1919- snikkar (i Sandvika) g 1947 m Sigrunn Hansen (2 barn); Agnes 1921- gm Gudmund Holstad (sjå Haug, gnr. 59/1); Kristine 1924- g 1947 m Torleiv Kvåle, Ulvik (3 barn).
    Nils utvandra til Am. Han kom heim att og gifte seg, andre utreise er i 1912. Nils var farmar i Govan, Sask., Canada. NB. Den fyrste Hallingstemna vart halden på denne farmen. (Sjå Hallingen nr. 17 1916.)
    Kristi døydde i barnseng, og snart etter kom Nils og ungane heim att. Dei to minste fekk han sett bort, Kristine til morbror på Haug og Agnes til morbror Andres på Lien. Sjølv budde Nils og dei tre største ungane i ei lita stugu i Pletteton. Nils gjekk i tilfeldigt arbeid nokre år medan ungane gjekk på skulen. Då ungane var vaksne, reiste Nils attende til Am. saman med Inga, Leonard og Alfred. (1104)
3. Margit Levorsdtr. Thon 27.05. 1878-1891
4. Ola Levorson Thon 31.05. 1882-1969
G 1912 m Ambjørg Embriksdtr. nordre Hovdegard. Barn: Ingeborg 1913-1992 g 1934 m Oscar Olsen; Gunda 1915-1989 gm Conrad Sollid; Ella 1916-1969 ug.; Leonard 1918-1932; Edvard 1919- gm Marjorie Elsie Drew; Oliver 1921-1986 gm Lois Thorstina Sigfussen; Albert 1923- gm Beatrice Iona Hamilton; Norman Stanley 1925- gm Ruth Evelyn Hamilton; Myrtle 1927- gm Elmer Fick. (1147)
    Ola reiste til Am. 1900 eller 1903. Kom heim att i 1912 og gifte seg og reiste bort att. Til skilje frå broren med same namn skreiv han Ola "N" Thon. Sjå Hallingen hefte 224 s 30, 228 s 35
5. Eirik Levorson Thon 14.11. 1884-1965
Gm Berta Anderson. Budde i Alberta, 4 barn. Utflytt til Am. i 1903. Busett Edmonton, Alberta, Canada. Sjå Hallingen, hefte 214 s 31.

Levor og Ingeborg gifte seg i 1873. Levor selde frå Bruskogen, Bergateigen og Slåttene. Han gjekk bort i 1890.
    Ho vart kalla "Plette-Ingebjørg" og arbeidde som ein kar, vart det sagt. Ingeborg dreiv garden, og ho dreiv krøterhandel.
    I 1892 pantsette ho garden til O. H. Sato. Ingeborg selde garden og reiste til Am. med fire barn i 1903: Bemidji, MN. Sidan kom ho til Govan, Sasc. Canada. (1104)