Teigetræet gnr. 75 bnr. 1
Gardsregister ¤ Garden ¤ Bruksregister ¤ Forklaring
Teigetræet gnr. 75 bnr. 1b
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Teigetræet ligg nedst på jordet i nordre Thon, nordved vegen opp i gardane. Det var ein liten husmannsplass. Den vart bygsla i 1902, men her var også folk ein periode kring 1860. Guttorm Olson Bergsgard, som kom til Hesjabakken i 1861, hadde fyrst budd i Træet.
Teigetræet vart kalla Guttormstræet etter den siste som budde her. Plassen er truleg nedlagt som bustad kring 1950. Stugutufta syner godt.