Thon, nordre gnr. 75 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Thon, nordre gnr. 75 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Etter delinga av gamle nordre Thon i 1840 vart husa flytta ned frå det opphavlege tunet og oppattbygde på noverande stad. Det fortelst at det vart hogd hustømmer oppe under berga, og tømmeret rulla dei ned i garden. Det gamle stolphuset vart selt til ein hytteeigar som bygde seg eit tun oppe i utmarka.
    I 1865 kjøpte Torstein eigedomen Teigen frå PletteTon bnr. 1. To-teigen (bnr. 6) er søre delen av jordet i nordre Thon.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 36 mål. Avling 12 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 37 mål og anna areal. 40 mål som vert leigd bort, produkttiv skog 330 mål, anna utmark 711 mål. Våningshus bygt 1953, restaurert 1985, driftsbygning 1870, ombygd i 1920-åra, 1950-åra og i 1988.
    Frådelte bruk og plassar: Guttorms-træet; Teigen (kårbruk); Kolbjørnsplassen.
    (NB. Ingen 'Kolbjørn' er kjend i Thon. Derimot bygsla ein 'Torbjørn' Anderson 'Plassen eller Bakken' hjå Torstein Torsteinson i 1787. Sjå meir om Torbjørn i Kluftejordet under Kjellargard. Plassen i nordre Thon heitte truleg 'Torbjørnplassen'. På Plassen står no ei hytte.)
    Stadnamn: Jøtudn (utslåtter rett ova garden,- her er tufter etter vårfjøs); Mårikollskardet; Jakobsdalen; Botolvsmyre; Grummeberget; Guttormtræet; Kringleodden; Skrivarberget (ved Hausestølen, her sat skrivaren ein gong det var grenseforretning).
    Stølar. Heimstølar: Veslestølen, øvre og nedre; Toslettadn; Hausestølen. Langstøl: Helladn (dativ 'i Hello'). I gamal tid var jerven nærsøken i Hello så dei måtte setja opp sauefjøs til sumarbruk.
    Heimstølen Nystølen vart tillagt nordre Thon i 1840. Truleg har Nystølen ha vorte makeskifta mot halve Helladn, for no ligg Nystølen til PletteTon og Helladn til nordre Thon.
    Fekjastølen, tidlegare heimstøl, i nyare tid berre slåttestøl, ligg aust-sør-aust for Fekjastølsmyre.

{3956} År: 1840


Ola Torsteinson øvre Håheim 1794-1871 kjøpte farsgarden til kona Torand i 1840 i namnet til sonen Ola Olson. Det vart Ola Torsteinson som brukte garden.
    Då sonen Ola overtok Håheim i 1854, fekk sonen Torstein skøyte på Thon.

{3957} År: 1853

Torstein Olson Håheim Thon 22.02. 1833-1898
Foreldre: Ola Torsteinson Håheim og Torand Persdtr. Thon.
Gm Liv Mikkelsdtr. Veslegard Thon 27.01. 1821-1893
Foreldre: Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard og Liv Torsdtr. Veslegard.
Gm Turid Knutsdtr. Lappegards-eie Thon 21.07. 1853-1936
Foreldre: Knut Olson Kyrkjebøen (ungkar) og Borghild Syversdtr. Lappegards-eie.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Torand Torsteinsdtr. Thon Ødelien 20.12. 1857-1925
G 1877 m Botolv Syverson Ødelien, gnr. 73/2
2. Ola Torsteinson Thon 11.09. 1863-1938
G 1883 m Gro Olsdtr. Hovdegard. Sjå neste hushald.
   

Torstein kjøpte garden hjå broren i 1854.
    Torstein og Liv gifte seg i 1856. Torstein vart attgift 1894 med Turid Knutsdtr. Thon.
    Torstein bygde nye hus på garden. Den tid stod det grov furuskog vest i lia. Ein goling dei kalla Graute-Håkon var med og saga hona av lafte-timmeret. Det var tungt arbeid, så han laut ha mykje graut. (1553)1904
    I 1865 kjøpte Torstein parsellen Teigen frå bnr. 1.
    NB. Mor til Turid var tenestjente i Thon hjå Nils Syverson Pletten Thon frå 1853. Turid vart ofte skrivi Nilsdtr., men då mora døydde stod det Knutsdtr. Og som døypt i 1853.
    Turid var budeie på Kihle på Norderhov i 1900 og enkje på Gurigard i 1916.

{3958} År: 1893

Ola Torsteinson Thon 11.09. 1863-1938
Foreldre: Torstein Olson Thon og Liv Mikkelsdtr. Veslegard.
Gm Gro Olsdtr. Hovdegard Thon 19.01. 1859-1942
Foreldre: Ola Embrikson Håkonsgard Hovdegard og Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Liv Olsdtr. Thon Langegard 12.05. 1883-____
G 1904 m Oleiv Larsson Havarsgard Langegard. Barn: Liv 1905- ; Lars 1906- , sjå barnebarn.
    Barn fødde utanfor Ål:
    Torstein 1911- gm Emma Lerskallen; Tora 1913- ug. ; Gudrun 1923- .
    Oleiv var flink snikker og smed. Mehlum skreiv om eit skatoll og ein kyrkje-slede som var omframt fint arbeid. Dei overtok nordre Thon, men reiste 1909 frå Hallingdal og kom til garden Sørli i Bingen, Skotselv. Sidan til garden Drolsum på Modum. (1242)
*Barnebarn
1. Liv Oleivsdtr. Thon Hansen 12.03. 1905-
Gm Olaf Hansen, Lørenskog. Ingen barn. Liv flytta til Skotselv i 1918.
    Foreldre: Oleiv Larsson Havarsgard Langegard og Liv Olsdtr. Thon.
2. Lars Oleivson Thon 29.08. 1906-1980
Gm ... ..., Tyskland. Barn: 4 . Busett i Canada. (1597)92
    Foreldre: Oleiv Larsson Havarsgard Langegard og Liv Olsdtr. Thon.

Ola og Gro gifte seg i 1883. Han kjøpte garden hjå faren for 5200 kr og kår i 1893.
    Foreldra hadde sett seg ut gifte for Ola utan å taka omsyn til kvar hugen hans låg. Så ein dag vart Ola pålagt å fylgje far sin til den påtenkte svigerfaren for å gjera avtaler om festarøl m.m. Då dei var komne nedunder Hovdegard, måtta Ola til skogs eit "nødvendigt ærend". Faren stod og venta og venta, men Ola kom ikkje att. Han hadde teke beinaste vegen opp til ho Gro. Dermed vart det ikkje noko av det giftarmålet.
    Ola var ihuga jeger og dreiv jakt på storvilt og småvilt. Vidare dreiv han fiske og fiskeutklekking. Han fekk ei påskyning frå Jeger- og fiskeforbundet for dette. (1142)
    Ola og Gro dyrka rips og stikkelsbær til husbruk. I 1902 la dei 15 liter vin på eigne bær.
    Ola selde garden til svigersonen i 1906, men den handelen gjorde dei om att i 1909.