Kjellargard, nordre gnr. 77 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kjellargard, nordre gnr. 77 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kjellargard grensar mot Dokken i aust og mot Langegard i vest. Frå gamalt var garden skattlagd som øygard, og den hadde 3 laupsbol i landskyld.
    Fyrst på 1600-talet brukte Bjørn Noss garden, han betalte årleg skatt 1 kalvskinn. Kring 1640 var det Ivar Dengerud som hadde bygsla, dvs. han hadde folk til å bruke garden for seg. Ivar sat med jordegods i båe Thon-gardane også.
    Gardsnamnet er skrive 'Kieldergaard' og 'Killjgaard' i dei eldste kjeldene. Namnet kan koma av at noko av jordet ligg som ein kjellar i lendet. Eller at her vart bygd ein kjellar såpass tidleg at garden fekk namnet av det. De fyrste tolkinga er vel den beste.
    Stadnamn nemde 1848: Træesåkeren, Nylendet, Guttormsåkeren, Storeåkeren, Gunnarlendet, øvre og nedre Plassåkeren.
    Andre stadnamn: Gamlesmiu (eit nedrasa steinhus), Nedrestølen (tufter og steingardar i heimehamna), Bjødnadalan.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 24 mål. Avling 8 tunner bygg 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 15 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 540 mål. Buskap: 51 geiter, 20 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1931, påbygt 1977, gamal stugu 1828, loft 1885, driftsbygning 1963-64.
    Del i Eitrestølane sameige.
    Stølar. Heimstølar: Holu, Torsteinstølen (til bnr. 3) Veslestølen, Øvrestølen og Nedrestølen. (Alle på åsen ovanfor garden.) Langstølen er på Eitrestølen. (Tilkjøpt frå Ellingsgard kring 1860.) Frå 1792 støla Kjellargard i Gyrinosen. Og ei tid leigde dei Fødalen.
   

{3990} År: 1765

Asle Halvorson Gurigard Kjellargard 1733-1776s
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
Gm Birgit Eivindsdtr. Oleivsgard Kjellargard 1739-
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Guri Aslesdtr. Hallsteinsgard Trøen 30.11. 1760-
Gm Syver Gjermundson Eirset - Trøen. Død før 1801. (Hol V s 36)
2. Halvor Asleson Hallsteinsgard 29.05. 1763-
3. Eivind Asleson Kjellargard 29.09. 1765-
4. Gunhild Aslesdtr. Kjellargard Øvrestølen 04.09. 1768-
Gm Andres Gjermundson Ådølshaugen Øvrestølen 1763-1828. Barn: Asle 1804- bygselmann i Sagi (ved Håkonset) g 1836 m Gunhild Steingrimsdtr. Steingrimsplassen (Bry), g 1860 m Gunhild Pålsdtr. Slåtta (2 barn); Gjermund 1808- ; Halvor 1811- .
    Gunhild og Asle var på Øvrestølen under Villand. (Hol IV s 296) Gunhild var død før 1820.
5. Helge Asleson Kjellargard 29.09. 1771-

Då Asle vart konfirmert i 1756 skreiv presten at han hadde begått legemål.
    Asle stevna Eivind Medhus i 1758. På heimvegen frå kjøpstaden, hadde Eivind på 'en ranaktig måde taget hest og læs' frå Asle. Ein hestehandel med Ola Tvilde frå Voss fekk etterspel på tinget 1759.
    Han fekk skøyte 1761 på Hallsteinsgard i Hol for 440 rd. I I 1773 tenestgjorde Asle ved Øvre Hallingdalske Skiløperkompani.
    Asle Halvorson Gurigard selde 1760 sin arverett i nedre Gurigard. Dvs. Han selde det han rekna med å arve når gommo Helge Arnesdtr. Gurigard gjekk bort. (1190) s 327b
    I 1765 makeskifte Vigger Eivindson halve Oleivsgard mot Kjellargard 'norda bekken' med Asle Halvorson. Vigger held att Kjellargard 'sunna bekken'.
    Om Asle Kjellargard vart det vitna i 1767: 'Han er genegen til drukkenskap og viidere slette Forhold, samt salg av effekter fra garden på en uanstendig måde ... '. Som Husfader ikke beobagter av sitt Huus,1 a 2 miile derfra er boende. '(1288) s 72
    Truleg budde han i Hallsteingard no og hadde brukar på Kjellargard. Asle fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    På skiftet etter Asle i 1776 vart garden Kjellargard lagt ut for gjeld til Ola Embrikson Oleivsgard.
    Birgit vart attgift med Knut Embrikson. Sjå neste hushald.

{3991} År: 1775

Birgit Eivindsdtr. Oleivsgard Kjellargard 1739-
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Bøygard.
Gm Knut Embrikson ... Kjellargard 1725c-
Foreldre: Embrik ... ...
*Barn i andre ekteskap
1. Embrik Knutson Kjellargard 1775-
2. Eivind Knutson Kjellargard 1778-

Barn i Sigdal: Embrik 1782- ; ...
    Birgit vart attgift med Knut Embrikson og fekk minst tre barn med han. Knut og Birgit selde garden til Embrik Olson Oleivsgard (halvbror til Birgit) for 359 rd i 1778 før dei reiste til Sigdal. Truleg var Knut frå Sigdal. Dei budde på Kongsberg i 1786. Skreiv seg Kirkedalen. (Oppl. Finn Hansen)

{3992} År: 1778


Embrik Olson Oleivsgard Kaslegard kjøpte Kjellargard i 1778 hjå Knut Embrikson Kjellargard og halvsystera Birgit i 1778 for 359 rd. Plassen Torsteinsdokken 'sunna groven' var ikkje med i handelen.
    Far hans, Ola Embrikson Oleivsgard, hadde teke Kjellargard for noko pant 1776.

{3993} År: 1780

Sevat Olson Håheim Kjellargard 20.08. 1747-1797s
Foreldre: Ola Sevatson øvre Håheim og Birgit Embriksdtr. Tveito.
Gm Margit Torkjellsdtr. Torkjellsgard? Kjellargard 1741-1830
Foreldre: Torkjell ... Torkjellsgard???
*Barn
1. Ola Sevatson Kjellargard 17.03. 1782-1848
G 1802 m Sigrid Sevatsdtr. søre Thon. Sjå neste hushald.
2. Birgit Sevatsdtr. Kjellargard Skjervheim 26.12. 1784-1869
G 1807 m Torstein Olson nordre Skjervheim, gnr. 35/12.
3. Torkjell Sevatson Kjellargard 26.12. 1787-

Sevat og Margit gifte seg i 1781. Sevat kjøpte garden 1780 hjå Embrik Olson for 375 rd. Same året kjøpte han også Kjellarbråten og Torsteindokken hjå Eivind Eivindson for 204 rd, langstølen Gunridnåsen = Gyrinosen i 1792, og heimstølen Hollen i 1795.
    På skiftet etter Sevat i 1797 var eiga 871 rd. Ingen gjeld.
   

{3994} År: 1810

Ola Sevatson Kjellargard 17.03. 1782-1848
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard og Margit Torkjellsdtr. Ellingsgard.
Gm Sigrid Sevatsdtr. Thon Kjellargard 15.10. 1780-1876
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplassen Thon og Birgit Olsdtr. Thon.
*Barn
1. Sevat Olson Kjellargard 18.07. 1802-
Sevat og Aslak Skrattegard pådrog seg tingsvitne-søksmål 1834. Saka gjekk for Drammen Politi-jurisdiksjon, men ein kjenner ikkje bakgrunnen for dette. Sevat var ikkje arving i 1876.
2. Sevat Olson Kjellargard 02.12. 1804-1892
Gm Sissel Olsdtr. Ellingsgard. Sjå neste hushald.
3. Ola Olson Kjellargard Tuftedokken 01.03. 1807-1839
G 1833 m Rangdi Bjørnsdtr. Sataroen. Inderst fleire stader. Sjå Fivilstølen år 1833.
4. Torkjell Olson Kjellargard 28.02. 1809-1890
Barn: Margit 1838- m Mari Ørjansdtr. Kjellargardseie; Embrik 1844- m Borghild Olsdtr. Bergaplass; Ola 1846- m Birgit Aslesdtr. Hovdegard.
    G 1850 m Birgit Olsdtr. Håkonsgardshagen. Sjå år 1810 og 'Kjellargard' under Inderstar.
    Torkjell vart hardt skadd med kniv av Torstein Olson Svarteberg i 1846. Ingen av karane var kjende for å bruke kniven, og dei var heller ikkje 'i noget uvenskabeligt Forhold til hinanden'.
5. Margit Olsdtr. Kjellargard Håkonsgardhagen 16.06. 1811-1894
Gm Sevat Olson HåkonsgardHagen. Sjå KjellargardJøta.Til Zumbrota Co. MN i 1870.
6. Birgit Olsdtr. Kjellargard Skrattegard 07.07. 1815-
G 1837 m Svein Olson Skrattegard, gnr. 107/9.
7. Anne Olsdtr. Kjellargard Opsata 08.03. 1818-1900
Gm Ola Tolleivson søre Opsata, gnr. 34/1.

Ola og Sigrid gifte seg i 1802. Han var utkommandert i krigen 1807-14.
    Ola dreiv fehandel ved sida av garden. Han leigde Fødalen til sumarhamn for handelsfeet. Ola var ein av dei fyrste som tok til med Telemarks-fe i Ål. Ola dreiv handel saman med Halvor Gudbrandson Halland i Rollag. Ola bygde stugu og fjøs på garden.
    På skiftet etter Ola var garden verdsett til 950 spd. Der var ingen gjeld. Garden vart delt i to delar i 1848 og merkesteinar nedsette. Sigrid hadde den nordre delen som enkjesete. Sidan ville ho at garden skulle delast mellom sønene Sevat og broren Torkjell, men Sevat ville ikkje dele.
    Då vart det til at Sigrid selde nordre delen av garden til sonen Torkjell i 1854 for 340 spd og kår. To år seinare selde Torkjell gardeparten vidare til Svein Olson Skrattegard for 232 spd og kår.

{3995} År: 1848

Sevat Olson Kjellargard 02.12. 1804-1892
Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
Gm Sissel Olsdtr. Helling Kjellargard 28.07. 1807-1882
Foreldre: Ola Olson myljo Helling (Ellingsgard) og Ambjørg Larsdtr. Rime Helling.
*Barn
1. Turid Sevatsdtr. Kjellargard Lilleslåtten 18.09. 1830-1908
G 1867 m Ola Knutson Rue-eie Vesleslåtta. Barn: Ingeborg 1867-1939 ymse arbeid/brukar i Vesleslåtta (2 barn).
    Ola var rokke-dreiar, skomakar og husmann på Vesleslåtta under Rue. (Siste husmannsplassen i Hol.) (Hol III s 308)
2. Ola Sevatson Kjellargard 23.02. 1834-1906
G 1869 m Kristi Eiriksdtr. Toresgard. Sjå år 1859.
3. Ambjørg Sevatsdtr. Kjellargard 09.05. 1838-1839
Barnekoppar.
4. Embrik Sevatson Kjellargard Hovdegard 17.06. 1840-1928
G 1876 m Guri Olsdtr. nordre Dusegard, sjå Hovdegard gnr. 86/2.
5. Ambjørg Sevatsdtr. Kjellargard Hovdegard 13.03. 1844-1898
G 1872 m Embrik Olson søre Hovdegard, gnr. 86/1.
6. Sigrid Sevatsdtr. Skjervheim Kjellargard 26.03. 1847-1933
Barne-pleierske. Budde på Sørum i Hole i 1882.
7. Birgit Sevatsdtr. Kjellargard Nielsen 21.11. 1850-
G 1897 Ål m enkjemann Hans Jakop Nielsen i Kr.ania. Han var arbeidsformann.

Sevat og Sissel gifte seg 1836. Sevat var inderst i Kjellargard fram til kring 1844, sidan lottebrukar i Skjervheim til han overtok Kjellargard i 1848. Sevat ville ikkje dele garden med broren Torkjell, men mora selde sin enkje-lut til Torkjell i 1854. Sjå førre hushald.
    I 1854 vart garden selt på auksjon til Sevat Bjørnson Opheim for 272 spd. Sevat Olson brukte garden for Sevat Bjørnson. I 1859 selde Sevat Bjørnson garden til sonen til Sevat Olson.

{3996} År: 1854

Torkjell Olson Kjellargard 28.02. 1809-1890
G 1850 m Birgit Olsdtr. Håkonsgardshagen. Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.

Torkjell Olson overtok nordre delen av garden hjå mor si i 1854. Sjå meir om Torstein under Inderstar. Han selde att to år seinare til Svein Olson Skrattegard.

{3997} År: 1859

Ola Sevatson Kjellargard 23.02. 1834-1906
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard med Sissel Olsdtr. Ellingsgard.
Gm Kristi Eiriksdtr. Toresgard Kjellargard 25.09. 1838-1905
Foreldre: Eirik Olson Tistilsgard Toresgard og Birgit Olsdtr. søre Berg.
*Barn
1. Sevat Olson Kjellargard 25.07. 1869-1963
G 1901 m Anne Olsdtr. Helling. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Kjellargard 28.01. 1872-1953
Ug. Birgit arbeidde med 'huslig gjerning' i 1900.
3. Eirik Olson Kjellargard Thon 15.11. 1874-1946
G 1907 m Sissel Embriksdtr. Havarsgard. Sjå nordre Thon, gnr. 75/2.
4. Sigrid Olsdtr. Kjellargard 05.12. 1876-1952
Ug. I 1900 arbeidde Sigrid med 'kreaturstel'.
5. Ola Olson Kjellargard 24.06. 1879-1889

Ola og Kristi gifte seg i 1869. Ola kjøpte garden 1859 hjå Sevat Bjørnson for 300 rd og slikt kår: 4 bismarpund smør, 3 bp. gamalost og 3 bp. sureprim årleg.
    Ola var ein flink bonde, og han var hjelpsam mot grannane. Han rekna seg aldri meir enn 40 øre dagen når han var borte på arbeid. Han bygde låve, stallar, loft og stolphus. Mykje av tømmeret hogde han som vindfall i Gullhagaskogen.
    Ola kjøpte også attende kårdelen i garden for 400 spd og kår hjå Svein Olson Skrattegard. Dermed vart han sitjande i stor gjeld. I 1863 delte han frå søre Kjellargard, bnr. 3.