Kluftejordet gnr. 77 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kluftejordet gnr. 77 bnr. 1b
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen Kluftejordet under Kjellargard var busett kring år 1800. I dag syner det ikkje etter denne plassen. I 1865 var det ingen husmann her, kring 1875 skal her ha budd ein dei kalla 'Kvenen'. Han er ikkje å finne i folketeljinga 1875.
    Namnet Kluftejordet kjem av at Kjellargardgrove delte seg som i ei kluft her.
{4004} År: 1798
Torbjørn Anderson ... Kjellargard Kluftejordet 1735-
Foreldre: Anders ... ... og ...
Gm Randi Børgesdtr. Nosseplassen Kjellargard 07.06. 1761-
Foreldre: Børge Halvorson Bjella Nosseplassen og Margit Olsdtr. Prestgarden.
*Barn i andre ekteskap
1. Anders Torbjørnson Kjellargard 17.02. 1799-1878
Barn med Ingeborg Olsdtr. Urshovd (Hol) f 1799: Birgit 1825- . Barn med Birgit Øysteinsdtr. Grogard Torbjørn 1836- (Hol IV 424)
    Gm Birgit Sveinsdtr. Augunset. Barn: Torbjørn 1848-1910 til Moen (Hovet) gm Ragnhild Olsdtr. Ovavoll (5 barn). (Hol V s 198)
    Anders bygsla plassen Hagalisletto i Hovet i 1850. Der var beiterett til 3 kyr og dessutan småfe. Dei sådde 1/4 tunne bygg og sette poteter. Avgifta var 65 rd og 1 rd årleg.
2. Ola Torbjørnson Kjellargards-eie 06.02. 1803-1806
3. Ola Torbjørnson Kjellargards-eie 06.01. 1808-1872
G 1832 Hol m Margit Olsdtr. Sletto 1792-1842. Barn: Randi 1843- gm Kitil Torgeirson Sausgardshaugen (5 barn).
    G 1843 m Margit Herbrandsdtr. Krullehaugen 1799-1886.
    Ola bygsla plassen Heggedalen under Lisleslett i Hovet i 1836. I Eirsethagen frå 1857.
Torbjørn hadde vore gift med ei Ambjørg Knutsdtr. Dei fornya bygsla av "Haugen eller Plassen" med Torstein Torsteinson nordre Thon i 1787. Leiga var 1 rd årleg. Utført arbeid skulle takserast når dei flytta frå plassen.
    Nokon høveleg 'Ambjørg Knutsdtr.' er ikkje i manntalet frå 1762. Truleg er ho innflytt etter 1762. Torbjørn var i tenest hjå Ivar Bjørnson Skarsgard i 1762.
    Torbjørn vart attgift med Randi. Dei budde i Kluftejordet frå 1798.