Langegard gnr. 78 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Langegard gnr. 78 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Langegard er ein del av gamle Ellingsgard. Sjå innleiinga til bnr. 2.
    I jordeboka for 1624 er nemnt 'Øde Langegard'. Men same året vart nemnt ein 'Olaf Langegard'. I 1647 var Langegard kalla 'plads'. I 1657 krøtertellinga står det at Ellingsgard og Lofthus vart brukt under Langegard. Men i 1693 var skattytaren Asle Langegard 'angitt under Ellingsgard'.
    Langegard var skattlagd som øygard, og hadde ei landskyld på 3 laupsbol.
    Frådelte underbruk: nedre Langegard bnr. 14.
    Nokre stadnamn: Fiskehuset (tuft etter fiskeklekkeri. Kven dreiv med dette ?), Smiuhaugen, Træet.
    Areal 1865: dyrka jord 18 1/2 mål, naturleg eng 88 mål, utslått 75 mål. Avling 12 tunner bygg 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 54 mål, anna areal 80 mål, anna utmark 590 mål. Buskap 35 vinterfôra sauer, 2 hestar.
    Våningshus bygt 1955, gamal stugu, kårhus 1981, driftsbygning 1953, gamalt loft, badstugu.
    Stølar. Heimstølar: Fossestølen (fråselt), Sirestølen (fråselt) og Grønlistølen. Heimstølen Langegardgjerda i Vatslia vart lagd til nedre Langegard. Heimstølar ova garden: Øvrestølen (selt til nedre Langegard og nedlagt) og Nedrestølen. Langstøl: Eitrestølen (tilkjøpt 1771). Opphavleg langstøl skal ha vore Sire-stølen.

{4019} År: 1758

Embrik Håkonson Arnegard Langegard 1728.-1776
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
Gm Gunhild Embriksdtr. Kolbjørnstølen Langegard 1732.-
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Embrik Embrikson Langegard 04.03. 1764-1840
G 1793 m Guri Knutsdtr. Myking. Gm Liv Eiriksdtr. Trintrud. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Embriksdtr. Langegard Breie 13.09. 1767-1803
Gm Aslak Syverson Breie. NB. Gunhild var arving etter ei Guri Olsdtr. Thon som budde på Langegard. G.O. skulle gifte seg med Ola Olson Øygard, men døydde. Det var krangel om eiga i 1791. (1673)47

I 1758 kjøpte Embrik Håkonson Langegard hjå far sin for 299 rd.
    Embrik kjøpte stølen Feten i 1765 hjå Vigger E. Leveld for 12 rd. Same år kjøpte han fjellmarka StoreFlæe hjå fem Hemsedalsbønder for 35 rd.
    Ein gong handla Embrik humle og lerret frå ein mann i Kinsarvik. Og han betalte med ein falsk banko-setel frå Bankokarane. Då vart Embrik stevna for retten.
    I 1766 kjøpte Embrik odelsjorda Kjøstellia i Hemsedal hjå Henrik Embrikson for 800 rd. Embrik kjøpte Eitrestølen i 1771 for 22 rd hjå Eivind E. Medhus. Grunnen til dette kjøpet skal vera at det drukna eit barn i elva ved Flævatnet ein vår. Embrik ville ikkje til Flæe meir. NB. I kyrkjebøkene kan ein ikkje finne dette barnet.
    Ei rettssak med Hans Trøym i Hemsedal fekk slik utgang i 1774: Hans skulle betale 26 rd og 2 tylvter ryper etter bygde- og markedspris. (1374) s 9
    På skiftet etter Embrik i 1778 var det 1000 rd å dele på Gunhild og to barn. Eiga var Langegard 600 rd, Kjøstelslien 400 rd. Gunhild sat med garden i 18 år.
    Gunhild selde 1794 garden til sonen Embrik for 599 rd og slikt kår: 2 kyr og 1 kyrlag sauer framfødd, 2 tunner bygg, 1 tunne malt, 2 settung rug, 8 pund salt og .. humle, 1 skjeppe erter, 1/2 mark engelsk tobakk. I tillegg varmt hus på garden, ho skulle sjølv velja hus (!). (1221) s 533
   

{4020} År: 1794

Embrik Embrikson Langegard 04.03. 1764-1840
Foreldre: Embrik Håkonson Langegard og Gunhild Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Guri Knutsdtr. Myking? Langegard 1765c-1801f
Foreldre: Knut
Gm Liv Eiriksdtr. Trintrud Langegard 03.06. 1781-1866
Foreldre: Eirik Olson Trintrud og Sissel Knutsdtr.Torsteinsrud.
*Barn i andre ekteskap
1. Gunhild Embriksdtr. Langegard Havardsgard 24.02. 1805-1864
Gm Asle Olson Underberget Havardsgard 1807-1877. Sjå Havardsgard.
2. Guri Embriksdtr. Langegard Randen 11.08. 1807-1875
G 1842 m Tolleiv Olson Randen. G 1849 Botolv Olson Gudbrandsgard Randen.
3. Embrik Embrikson Langegard 28.02. 1810-1835
Sjå neste hushald.
4. Sissel Embriksdtr. Langegard Settungsgard 24.12. 1811-1898
Gm Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard.
5. Liv Embriksdtr. Langegard Kaslegard 16.11. 1816-1853
G 1844 m Lars Embrikson Thon Kaslegard. Dei var inderstar på Havardsgard.
6. Eirik Embrikson Langegard 03.06. 1823-1853
G 1846 m Gunhild Olsdtr. Sata. G 1851 m Ambjørg Olsdtr. Sata. Sjå år 1843.

Embrik og Guri gifte seg i 1793. Guri døydde barnlaus før 1800, og Embrik vart attgift med Liv.
    I 1794 fekk Embrik skøyte på garden hjå mora for 599 rd og kår.
    I 1798 selde Embrik stølen 'Eitrestølen som tilforn er kjøpt under garden Gurigard' til Halvor Torsteinson Berg for 28 rd.
   

{4021} År: 1830

Embrik Embrikson Langegard 28.02. 1810-1835
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr.Trintrud.

Embrik overtok garden i 1830. Han døydde ugift i 1835. Mora overtok garden, og selde til den yngre sonen Eirik Embrikson i 1843.

{4022} År: 1843

Eirik Embrikson Langegard 03.06. 1823-1853
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
Gm Gunhild Olsdtr. Sata Langegard 08.05. 1815-1849
Foreldre: Ola Bjørnson Sata og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Ambjørg Olsdtr. Sata Langegard 02.10. 1818-1887
Foreldre: Ola Bjørnson Sata og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Embrik Eirikson Langegard Espegard 21.02. 1847-1938
G 1875 m Kristi Knutsdtr. Ellingsgard. Sjå neste hushald.
2. Liv Eiriksdtr. Langegard Kjellargard 21.02. 1848-1924
Gm Ola Olson søre Kjellargard Brattegardslåtta, gnr.
*Barn i andre ekteskap
1. Gunhild Eiriksdtr. Langegard 16.08. 1852-1923
G 1878 m Ola Olson Kjellargard 1855-1933. Barn: Ole; Eric; Oscar; Alex; Albert; Ed; Lizzie. (1739)
    "Lappegard": Til Ulm, MN.

Eirik og Gunhild gifte seg i 1846. Eirik fekk skøyte på Langegard 1843.
    Gunhild døydde i barnseng, og Eirik gifte seg opp att 1851 med systera hennar, Ambjørg Olsdtr.
    På skiftet etter Eirik i 1853 var det desse dyra på garden: 2 hestar, 5 kyr, 3 kviger, 4 kalvar, 6 geiter, 3 killingar, 1 sau, 2 lam og 3 grisar. Ambjørg dreiv garden frå 1855 og fram til Embrik Eirikson overtok.
    Ambjørg vart attgift 1858 med Olbjørn Asleson Hovdegard. Sjå Bjørøyhaugen.

{4023} År: 1855

Embrik Eirikson Langegard Espegard 21.02. 1847-1938
Foreldre: Eirik Embrikson Langegard og 1.g Gunhild Olsdtr. Sata.
Gm Kristi Knutsdtr. Ellingsgard Langegard 08.10. 1851-1919
Foreldre: Knut Olson Lofthus Thon Ellingsgard og Gunhild Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Gunhild Embriksdtr. Langegard 30.05. 1876-1876
2. Eirik Embrikson Langegard 08.04. 1878-
Eirik var kvegrøktar på Raanaas i Eidsberg i 1900. Til Am. i 1903.
3. Knut Embrikson Langegard Espegard 09.01. 1880-____
Knut var farmar i Canada.
4. Olaf Embrikson Langegard 13.04. 1882-
Til Am. 1903:
5. Embrik Embrikson Langegard Langgard 27.09. 1894-1920
G 1919 m Inga Brandsgaard 1900-1920. Barn: Irwin 1920- forsikringsarbeid, g 1942 m Ida Christine Overbye (4 barn).
    Til Am. i 1903: farmar i Saskatchewan, Canada. Dei nytta Langgard som slektsnamn i Am.

Embrik og Kristi gifte seg i 1875. Embrik var 8 år då han fekk skøyte på garden då faren gjekk bort i 1855. Det vart mora og stefaren som brukte garden i fleire år framover.
    Embrik har truleg overteke gardsdrifta kring 1875. Han bygde om stugu. Embrik hadde gått på Sørensens ungdomsskule, og fylgde godt med i tida. Han tok del i politisk arbeid. Etterkvart kom Embrik i gjeld. I 1893 overdrog han 'bruks- og fruktretten' i garden til Ola H. Sato for eit år. (fruktdyrkaren)
    Utover i 1890-åra auka gjelda på garden. Og i 1896 vart det tvangsauksjon.
    Embrik reiste til Canada i 1903 med familien.

{4024} År: 1896

Lars Oleivson Settungsgard Langegard 20.08. 1852-1930
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard.
Gm Torand Eiriksdtr. Lappegard Langegard 14.03. 1853-1918
Foreldre: Eirik Torson Lappegard og Anne Gunnarsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Oleiv Larsson Langegard 17.03. 1879-1965
G 1904 m Liv Olsdtr. Thon. Barn: Liv 1905- gm Olaf Hansen; Lars 1906-1980; Torstein 1911- gm Emma Lerskallen; Tora 1913- ug. ; Gudrun 1923- .
    Oleiv var flink snikker og smed. Mehlum skreiv om eit skatoll og ein kyrkje-slede som var omframt fint arbeid.
    Dei hadde nordre Thon i 3 år, reiste 1909 til Skotselv, garden Sørli i Bingen. Sidan kom dei til garden Drolsum på Modum. (1242)
2. Eirik Larsson Langegard 27.02. 1881-1953
G 1910 m Ragnhild Olsdtr. Thon. Sjå neste hushald.
3. Sissel Larsdtr. Langegard Gjerden 17.09. 1883-1965
G 1913 m Knut Arneson Gjerden (frå Gol) - til Vestby på Skotselv. Barn: Lars ....- ; Knut ....- ; Arne ....- .
    Knut var handelskar/gardbrukar på Vestby, ho var tenestjente på Vestby i 1913. (1421)
4. Embrik Larsson Langegard 23.11. 1886-1887?
5. Anne Larsdtr. Langegard Skjervheim 06.07. 1888-1942
G 1920 m Nils Olson søre Skjervheim, gnr. 35/1.
6. Guri Larsdtr. Langegard 30.08. 1893-1978
Guri kjøpte ei liten stugu ovanfor Gullhagen hjå Ågot Trintrud. Guri hadde ei ku.

Lars og Torand gifte seg i 1878. Dei fekk 6 barn. Sjå søre Torsgarden og nedre Langegard.
    I 1896 kjøpte Lars Langegard på auksjon. I 1874 hadde han kjøpt fjellhamna Mjølgebotn hjå far sin. Truleg dreiv Lars med fehandel. Han delte frå nedre Langegard (bnr. 14) og bygde ein ny heim der. Sonen Eirik overtok Langegard.