Ellingsgard gnr. 78 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Ellingsgard gnr. 78 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Ellingsgard ligg mellom Langegard i aust og Lofthus i nord. Saman med Langegard var dette truleg den opphavlege Vats-garden. Med eit gardsnamn i ubunden form og med eit personnamn, så er nok Ellingsgard den garden som 'Elling' fekk då mellomaldergarden ('Vats'?) vart delt opp i gardsbruk. Det kan ha skjedd på 1200-talet. Jfr. Innleiinga til Noss-gardane.
    Etter øydetida vart gardane i sidegrendene gradvis tekne i bruk att som slottelende eller underbruk under sentrale gardar. Ellingsgard-bonden skreiv seg 'Håkon Vass' eller 'Håkon Ellingsgard' utover i 1640-åra. Før den tid var det far hans, Johannes Hove, og Bjørn Krosshaug som hadde brukt 'Ellingsgard slottelende', dvs. som underbruk under sine gardar.
    Langegard vart frådelt Ellingsgard ein gong sist på 1600-talet, men tilhøvet mellom hovudbruk og underbruk har variert utover i siste halvdel av 1600-talet. Kanskje har det vore skattemessige omsyn som førte til at stundom var Langegard brukt under Ellingsgard, og stundom omvendt.
    Ellingsgard vart skattlagt som øygard. Opphavleg har garden truleg vore halvgard med landskyld på 9 laupsbol. Etter at Langegard vart skattlagt som øygard med 3 laupsbol, har landskylda for Ellingsgard vore 6 laupsbol.
    Oldfunn: ein del av ei skjeggøks vart funnen i Utråsteigen.
    Frådelte bruk og plassar: Langegard, Breivik bnr. 6, nedre Ellingsgard bnr. 10, plassen Ellingsgardsjordet.
    Areal 1865: dyrka jord 27 mål, naturleg eng 120 mål, utslått 18 mål. Avling 17 tunner bygg og 16 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, skog 14 mål, anna utmark 875 mål. 40 geiter, 20 vinterfôra sauer.
    Våningshus og driftsbygning bygde kring 1860, kårhus 1900, påbygt 1973, ny driftsbygning 1984.
    Stølar. Heimstølar: Høyudn, Håkonstølen, Vesleskardet, Sirestølen og Fossestølen (båe frådelte til Langegard).
    Langstølar: kring 1644 støla Håkon Johanneson på Hellane ved Reine. Frå 1718 om lag støla Ellingsgard på Eitrestølen. Den stølen vart selt i 1823, og då støla Ellingsgard i Iungsdalen nokre år. Kring 1850 fekk Ellingsgard halve Jonstølen i brukeleg pant. Sidan vart andre halvparten av Jonstølen tilkjøpt, og heile stølen selt til Langegard. I 1905 vart langstølen i Gravabotn tilkjøpt.
    Nokre stadnamn: Goffaeikra, Klone (eikre), Kjellaren (skålforma åker), Nymobrotet, Skulehuseikra, Vatningi (oppkome). Sjå dessutan Håkon-namna under år 1640.
{4033} År: 1775
Ivar Olson Ellingsgard Dokk 1725-1812
Gm enkja Torand Knutsdtr Espegard søre Dokk.
Foreldre: Ola ... ...
Ivar Olson kjøpte Ellingsgard for 920 rd hjå Håkon Embrikson i 1775.
    På skiftet etter Torand i 1784 var det 413 rd å dele på enkjemann og 8 barn frå 2 kull. Garden vart lagt ut til kreditoren Knut Skrindo.
    Ivar lånte 295 rd i 1780 mot pant i 'eiende og påboende Ellingsgaard'.
    I 1812 var det auksjon hjå kårmannen Ivar på Ellingsgard. Eiga vart 175 rd netto som tilfall dei fire barna Ola, Turid, Guri og Gunhild. Sjå meir om familien i søre Dokk, gnr. 67/1.
{4034} År: 1791
Ola Ivarson Dokk Ellingsgard 13.12. 1755-1839
Foreldre: Ivar Olson Ellingsgard søre Dokk og Torand Knutsdtr. Espegard Dokk.
G 1793 m Kari Syversdtr. Ødelien.
Ola og Kari gifte seg i 1793. Om barna, sjå søre Kvinnegarden.
    Ola fekk 1791 skøyte hjå faren på Ellingsgard for 995 rd og slikt kår: framfødd 2 kyr og 6 sauer, 3 tunner godt og forsvarleg treska korn, 1/2 måls åker til eige bruk, varmt hus og hest etter behov. Av kjøpesummen skulle 500 rd stå rentefritt i garden så lenge faren levde. Om ikkje kåret vart svara til punkt og prikke, ville faren overta garden. (1221) s192
    Ola pantsette garden 1793 til Embrik Langegard for 499 rd.
    I 1795 selde Ola Ivarson heimstølen Holu med brennefang, gjerdefang og fegang til Sevat Olson Kjellargard for 42 rd. I 1798 makeskifta Ola Ivarson garden med Ola Olson på søre Kvinnegard (gnr. 96/5) og fekk 700 rd i mellomlag.
{4035} År: 1798
Ola Olson Arnegard Kvinnegard 1728-1814
Foreldre: Ola Jørgenson Hove Arnegard og Gro Olsdtr. Ulshagen/Strand.
G 1762 m Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
Ola Olson Kvinnegard makeskifta til seg Ellingsgard i 1798 mot Kvinnegard og 700 rd. Sjå meir om han på søre Kvinnegarden, gnr. 96/5.
    Sonen Torgeir overtok Ellingsgard i 1802.
{4036} År: 1802
Torgeir Olson Kvinnegard Ellingsgard 26.12. 1764-1814
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
Gm Guro Sveinsdtr. Nestegard Sundbrei 1790.-1814
Foreldre: Svein Sveinson nordre Sletto Nestegard og Guri Olsdtr. Havardsgard Nestegard, Hol.
*Barn
1. Ola Torgeirson Ellingsgard Sundrehagen 04.04. 1811-1890c
Barn med Margit Levorsdtr. Moteigen i Hol: Barn: Torgeir 1837- og Guro 1841- .
    G 1841 m Maria Knutsdtr. Ulshagen/Sundrebråten f. 1812. Barn: Torgeir 1838- ; Svein 1842- ; Kristian 1844- ; Guro 1846- ; Per 1848- . Sjå under Maria.
    Ola var inderst i Sundrehagen 1837 og på Holto i 1838.
    Ola og Maria sleit med samlivet. Ola reiste frå Maria kring 1845 og kom til Osa i Ulvik og vart verande der. Ola vedkjende seg seg tre av ungane. Han meinte at Svein Skrattegarden var far til dei to yngste. Presten i Ulvik spurde kvifor han hadde reist frå kona, - var ikkje ho eit godt menneske? "Det må vera for andre det, då," svara Ola.
    Ola bygsla plassen Brakøyne under Osa i Ulvik. Ei gamal røykstove (med ljore og jordgolv) fekk han sett opp der. Jordvegen var ein potetåker som heitte Kvednagardsåkeren. Ola vart dermed kalla "Kvednagarden". Han onna gras og lauv og la under hellerar oppe i fjellet. Der hadde ingen onna før. Så braut han åkrar for bøndene, og fekk bruke åkrane dei fyrste åra for arbeidet.
    Mange sumrar gjætte han sau på Hallingskeid for Osa-bøndene. Ola treivst godt i fjellet. Brua i Dyraholo på Hallingskeid har Ola mura. Då hadde han med seg tre geiter så han hadde mat. Nokon storveidar var han ikkje, han brukte gå med uladd våpen og det var ikkje jamt dyra venta til han fekk lagt i skot.
    Ola dreiv handel med røykt sild som han drog på slede over fjellet. Ein gong vart han liggande verfast 14 dagar under Finse-nuten. Då været letna, drog han til Hol og kvitta seg med silda før han kom seg heim att til Osa. Då var han heilt utkøyrd. Og han hadde mista lysta på sild på levetid.
    På sine gamle dagar skulle Ola få bu i Kr.ania hjå sonen Kristian. Men Ola kom snart attende til Brakøyne. "Det va so høge hus i byen at eg fekk inkji dra veret! Og inkji kan ein snu seg utta at ein renne burti folk!"
    Ein morgon kring 1890 sette Ola seg til med grautgryta si. Slik vart han funnen død. Osa-grenda kosta gravferda hans. (1325)
2. Svein Torgeirson Ellingsgard Thompson 14.06. 1813-1854
Gm Ragnild/Caroline ... 1813-1897. Barn: Walker 1844-1902 Gilman, Pierce County, gm Margrit ... (minst 3 barn); Brown 1846- .... ; William 1848-1917; Sam 1849c- ; John 1852-1928; Sven 1854-1854; Julia A. 1855c- . (J. Marler)
    Caroline og ungane budde i Winnebago Co, Wisconsin i 1880. Svein og Ragnild er gravlagt i Grace Lutheran Cemetery i Winchester, Wisconsin. Dei skreiv seg 'Thompson'.
    Svein vart oppfostra hjå morsystra Birgit gm ... Tufto i Ustedalen. Han var året omlag då foreldra gjekk bort.
    Svein var ein av dei fyrste som reiste til Amerika frå Ål. Han fekk pass i april 1839, fyrst til Kongsberg, og så ei veke etterpå til Amerika. Kjenneteikn: mørke auge og svart hår, langt andlet, liten av vekst. Han reiste med skipet Bunyan som gjekk frå Gøteborg til Boston. (999)
Torgeir og Guro gifte seg i 1810. Torgeir fekk skøyte på Ellingsgard hjå faren i 1802 for 1199 rd og dessutan kår til Ivar Olson Ellingsgard.
    Då Torgeir og Guro gjekk bort, vart garden selt på auksjon for 3666 riksbankdalar til Ola Olson Helling Ellingsgard.
{4037} År: 1814
Ola Olson Kvinnegard Ellingsgard 27.09. 1772-1839
Gm Ambjørg Larsdtr. Rime. Sjå myljo Helling, gnr. 106/3.
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
Ola Olson myljo Helling i Øvre Ål hadde Ellingsgard frå 1814-1835.
    I 1823 selde han ein del av Eitrestølen til Tolleiv Torjusson Helling for 5 spd. Men Ola var komen i stor gjeld. I 1828-1829 vart det teke tre utlegg hjå han for over 1200 spd.
    I 1835 kravde Ola Torgeirson Ulshagen panten sin og garden gjekk på auksjon.
{4038} År: 1835
Oleiv Embrikson Settungsgard Havarsgard 02.09. 1798-1883
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Håheim.
G 1836 m Sissel Embriksdtr. Langegard. Sjå Settungsgard og Havardsgard, gnr. 81/1.
Oleiv Embrikson Havarsgard og Asle Olson øvre Lå kjøpte Ellingsgard på tvangsauksjon i 1835 for 1210 spd.
    Oleiv og Asle delte garden i to like delar med skylddeling i 1841. Jordveg, stølar, skog og hus vart delte. Oleiv selde sin del, den søre, til Jens Jensson i 1846, men den handelen vart omgjort. Sjå neste hushald.
{4039} År: 1846
Jens Jensson Øygarden Sanderstugu 1815-
Foreldre: Jens Jonson Onstad (Aurland) Øygarden (Hol) og Birgit Larsdtr. Gudbrandsgard (Sudndalen).
Gm Kari Sandersdtr. Ovavoll Sanderstugu 26.12. 1818-1870
Foreldre: Sander Halvorson Ovavoll og 2.g. Kari Pålsdtr. Pålgard, Hovet. Sjå Sanderstugu, Hol IV s 527.
Jens kjøpte halve Ellingsgard hjå Oleiv Embrikson i 1846. eit kommisjonsforlik var den einaste heimel han hadde.
    Jens hadde sine eigne hus på garden. Dei vart sidan kalla Jenselåven og Jensestugu osv. Stugu hans vart seinare flytta til Skarsgardshagen som hytte.
    Jens vart kravd 1848 av Torstein Fretheim i Aurland for 350 rd. (1295)
    I 1849 sat Jens i gjeldsarrest på Sundre og det vart halde 'oppgivelses-skifte' over buet hans. Jens dreiv med tamrein saman med ein kompanjong. Lausøyret var taksert til 159 spd. inkludert 10 reinsdyr som var komne på villstrå etter at Jens kom i arrest. Det var uvisst om desse dyra kom til rettes att. Både gjeld og fordringar var mest utanbygds. Gjelda utgjorde 1640 spd. Og var 'for det meste i Drammen og omegn.'
    Kari kunne ikkje ta på seg å fø fram dyra, då det var berre 5 vekers fôr på låven i januar 1849.
{4040} År: 1849
Knut Olson Lofthus Thon Ellingsgard 16.05. 1814-1867
Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard Lofthus og Helge Knutsdtr. Gurigard.
Gm Gunhild Olsdtr. Berg Ellingsgard 02.03. 1810-1858
Foreldre: Ola Halvorson Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.
Gm Haldis Olsdtr. Tistilsgard Ellingsgard 24.06. 1839-1895
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Sebjørg Ellingsdtr. Skaro.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Helga Knutsdtr. Ellingsgard 02.07. 1837-____
Ikkje funnen utflytt eller død.
2. Ola Knutson Ellingsgard 26.07. 1839-1858
Død i Thon.
3. Helga Knutsdtr. Ellingsgard 12.03. 1843-
Ikkje funnen utflytt eller død.
4. Ola Knutson Ellingsgard 15.09. 1846-1938
=Oluf. G 1869 m Ågot Olsdtr. Løkensgard. Sjå neste hushald.
5. Helga Knutsdtr. Ellingsgard Pedersen 05.09. 1849-1920
G 1879 m Adolf Pedersen, Mancata, MN. Barn: ... død liten; Rudolf 1881- gm 'miss Olsen Krostu' (2 søner, båe vart prestar), prest i Fisher. (1408)
    Helga arbeidde fleire år hjå broren Ola. Med ein farsarv på nesten 2000 spd, ville Helga vore eit godt gifte på kva som helst til gard i Hallingdal. Men ho ville ut. I 1867 var ho nykomarjente hjå pastor Botolv Gjeldokk på Silverlake prestegard Worth Co, Iowa. Helga vart beskrivi som høg , vakker, heftig, godlynt og gløgg, ein person som hadde lett for å vinne vener.
    Adolf var prest og budde i Mason City, Iowa. Helga var prestekone i Fort Howard i 31 år. Som enkje og med sonen vel gift kring 1910 ville Helga heim att. Ho vart sjuk, og no vart det broren Ola på Ellingsgard som fekk stelle henne den siste tida. (1408)
6. Kristi Knutsdtr. Ellingsgard Langegard 08.10. 1851-1919
G 1875 m Embrik Eirikson Langegard, gnr. 78/1.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Knutson Ellingsgard 05.01. 1861-____
Ola var hjå mor si på Trintrud i 1875. Ikkje funnen død i Ål, truleg utvandra.
2. Gunhild Knutsdtr. Ellingsgard Bøygard 22.12. 1862-1899
G 1892 m Tolleiv Håkonson Bøygard, gnr. 38/2.
3. Lars Knutson Ellingsgard Skrindo 07.06. 1865-1950
G 1892 m enkje Borghild Oleivsdtr. Tveito søre Skrindo, gnr. 47/2.
4. Knut Knutson Ellingsgard 24.06. 1867-1874
Knut var i søre Thon ei tid før han kjøpte halve Ellingsgard hjå Asle Olson Lå i 1849. Så kjøpte han resten av garden hjå Oleiv Embrikson i 1853. Handlane var på 750 spd og 600 spd. Då hadde Knut fått samla garden att.
    Knut og Gunhild gifte seg i 1837. Knut vart attgift 1859 med Haldis Olsdtr.
    Knut hogg timmer i To-lien og fekk bygd opp att garden og stølane. Buet etter Knut i 1867 var på 1991 spd, ingen gjeld. Husdyr: 2 hestar, 14 kyr, 2 oksar, 28 sauer, 7 geiter. Sonen Ola overtok garden på skiftet etter Knut i 1868.
    Haldis vart attgift 1870 med Eirik Knutson søre Trintrud. Ho og ei dotter Anne vart ihelslegne av lynet på Fekjastølen sumaren 1895. Sjå Trintrud gnr. 57/1.
{4041} År: 1868
Ola Knutson Ellingsgard 15.09. 1846-1938
Foreldre: Knut Olson Lofthus Ellingsgard og Gunhild Olsdtr. Berg.
Gm Ågot Olsdtr. Løkensgard Ellingsgard 02.06. 1848-1897
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Knut Olson Ellingsgard 28.01. 1870-1963
G 1896 m Anne Larsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Ellingsgard 09.04. 1871-1956
Ug. Ola var lærar. Han la ned mykje arbeid for målsak og ungdomsarbeid. Ola gav ut eit skriv om hallingmålet.
    Ola var fyrst lærar i Storelvdal. Han var vikar for læraren Myrvang som var stortingsmann. Sidan vart Ola rektor ved Elverum lærarskule. (Ein privatskule som han var deleigar i.) Han flytta attende til Ål i 1927. Ei tid budde han saman med broren Knut i Ellingsgardjordet. Ola dreiv med lokalhistorie og snikring. I 1937 bygde han sitt eige hus ('Bekkevoll') nede ved vegen og flytta dit.
3. Ola Olson Ellingsgard 14.02. 1873-1873
4. Gunhild Olsdtr. Ellingsgard Trintrud 24.05. 1874-1948
G 1904 m Knut Eirikson Trintrud. Sjå Glomsletten, gnr. 57/2.
5. Gunhild Olsdtr. Ellingsgard 30.05. 1876-1892
Gunhild var vanfør og døydde tidleg.
6. Helga Olsdtr. Ellingsgard Randen 30.05. 1876-1964
G 1902 m Tolleiv Olson Randen, gnr. 92/5.
7. Kristi Olsdtr. Ellingsgard Kaslegard 05.01. 1879-1954
G 1905 Bragernes m Lars Embrikson Dusegard Kaslegard, gnr. 80/1.
8. Sigrid Olsdtr. Ellingsgard Lappegard 10.10. 1880-1954
G 1912 m Ola Larsson Lappegard d.y. Sjå Lappegard gnr. 65/2.
9. Rangdi Olsdtr. Ellingsgard Moen 09.01. 1883-1946
G 1917 m Olav Nilsson Moen 1892-1963. Sjå Fagerlund, gnr. 79/5.
10. Lars Olson Ellingsgard 23.01. 1885-1942
G 1919 m Guri Nilsdtr. Moen. Sjå år 1917.
11. Embrik Olson Ellingsgard 13.05. 1887-1978
Ug. Embrik var ein stor jeger og fjellmann. Fleire fekk opplæring hjå han. Embrik og brørne laga til den fyrste skytebanen i Vats.
    Embrik dreiv snikkarverkstad ved Ål stasjon ei tid. Så flytta han attende til Vats i 1928, og dreiv møbel- og bygningsnikring. Han laga vevstolar og han tok seg av ymse vedlikehaldsarbeid på garden.
12. Olaf Olson Ellingsgard 31.01. 1892-1892
Ola og Ågot gifte seg i 1869. Han overtok garden på skiftet etter faren 22 år gamal. Systrene hans arbeidde heime hjå Ola i mange år, også etter at han vart gift. Ola var sjukleg i mange år, og doktoren påla han å vera på stølen om sumaren. Helga vart då den ansvarlege for gardsdrifta heime. Så kvekna Ola til att, og Helga reiste til Amerika.
    Ola Knutson var ein ivrig bonde. Han dyrka og grøfta jordvegen. Han tok i bruk telemarkskua, og var dommar på fesjå. Som tingar av bladet 'Almuevennen' held han seg orientert om nyare jordbruk m.m. Ola fekk jordbruksmedaljen i sylv for arbeidet sitt. Men han sat tungt i det økonomisk. Ola selde frå nokre skogremmar i dei tunge 1890-åra. I 1899 selde han garden til sonen Knut for 4800 kr.
    Ola var 'Føderaadsmand og skomager' i 1900. Ola tok del i mykje kommunalt arbeid.
{4042} År: 1899
Knut Olson Ellingsgard 28.01. 1870-1963
Foreldre: Ola Knutson Ellingsgard og Ågot Olsdtr. Løkensgard.
Gm Anne Larsdtr. Lappegard Ellingsgard 21.08. 1870-1906
Foreldre: Lars Asleson Kyrkjedeld Lappegard og Ragndi Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Ola Knutson Ellingsgard 07.05. 1897-1988
=Olav. G 1920 m Anna Aannestad, Sandsvær. Barn: Asta Kjellaug 1921- gm Finn Nystrøm; Oddveig 1922- gm Arne Rolv Olsen; Målfrid 1924- gm Erland Holmen; Knut 1926- gm Astrid Bjørnstad; Dagny 1927- ; Aase Sigrid 1933- var gm Asle Raaen, gm Finn Farstad. (1335)
    Olav var heradsagronom i Øvre Eiker i bortimot 50 år. Han var formann i Buskerud Bonde og småbrukarlag i mange år. Olav skreiv minneboka "Folk og Bygd". Olav fekk Kongens fortenestmedalje.
2. Lars Knutson Ellingsgard 31.01. 1900-1993
G 1933 m Anna Høgi, Luster. Sjå nedre Ellingsgard, bnr. 10.
3. Knut Knutson Ellingsgard Lappegard 30.11. 1902-1988
G 1934 m Turid Olsdtr. Medgard. Sjå søre Lappegard, gnr. 65/2.
4. Asle Knutson Ellingsgard 18.07. 1906-1906
Knut og Anne gifte seg i 1896. Knut overtok garden i 1899.
    Knut var bygdesmed. Han var ein av dei fyrste som slutta med kjolvelegging av åkeren (dvs. den gamle skikken med å la åkeren få eit kvile-år innemellom åra med avling.)
    I 1914 selde han garden til broren Lars og flytta til det frådelte bruket nedre Ellingsgard, sjå bnr. 10.
    Knut var ein god skribent. Han skreiv boka om 'Ungdomsrørsla i Hallingdal', og han skreiv dikt. Han skreiv m.a. leiaren i '17. mai' etter opninga av det Norske Teateret.