Ellingsgardsjordet gnr. 78 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Ellingsgardsjordet gnr. 78 bnr. 2a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Ellingsgardsjordet er truleg den husmannsplassen som låg aust ved delet mot nedre Langegard. Tuftene syner, og staden vert kalla 'Tuftidn'. Her budde det folk i 1860-1870-åra.
{4046} År: 1855c
Ola Olson Kaslegard Ellingsgard 1820.-1884
Foreldre: Ola Olson ... og ...
Gm Mari Olsdtr. Bergaplass Ellingsgard 10.12. 1816-
Foreldre: Ola Sevatson Thon Bergaplass og Margit Syversdtr. Ødelien.
*Barn
1. Ola Olson Ellingsgard 26.03. 1859-
Ola var i Minnesota i 1884.
   
Ola og Mari gifte seg i 1854. Ola skreiv seg då 'Kaslegard' og son til 'Ola Olson'. Forloverane var Knut (Olson Lofthus) Ellingsgard og Torkjell (Olson) Kjellargard.
    Ola var inderst på Ellingsgard i 1859. Han døydde som plassebrukar 'Langegardshaugen' i 1884. Mari reiste til Amerika. Ho budde i Bandon Ratville Co. MN i 1896.
{4047} År: 1870c
Embrik Olson Hove Kjellargardjøta 01.10. 1840-
Foreldre: Ola Olson ..... og Ragne Ørjansdtr. Kjellargardjøta.
Gm Anne Jonsdtr. Smedplassen Ellingsgards-eie 02.07. 1843-
Foreldre: Jon Tomasson Helling Smedplassen og Sissel Olsdtr. Fivilstølen.
*Barn
1. Ola Embrikson Ørjansjøta 02.01. 1870-
Til Am. 1878:
2. Ragne Embriksdtr. Ellingsgards-eie Johansen 04.04. 1875-
Gm styrmann Gustav Johansen, Trondheim. Barn: dotter Eddy 1900- som skal vera født i Ål, men som ikkje funne i KB. Dei budde i Grimmergt. i Ålesund i 1900.
3. Sissel Embriksdtr. Ellingsgards-eie 07.03. 1877-
1878 Utflyttingsattest.
Embrik og Anne gifte seg i 1875. Dei var inderstar på Ellingsgard. Embrik var dagarbeidar.
    I 1878 fekk dei utflyttingsattest. Embrik og Anne kom til Minnesota. 1885 budde dei i New Sweden, Nicollet County, MN. Dei hadde fått sonen Severin f. 1879. (J. Marler)