Breivik gnr. 78 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Breivik gnr. 78 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Breivik ligg ned mot Vatsfjorden, nedst i jordet på Ellingsgard. I daglegtale vart bruket kalla Ellingsgardshaugen.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål. Leigd jord 50 mål. Buskap: 50 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1895, nytt våningshus bygt 1956, driftsbygning utvida og ombygd 1984.
{4048} År: 1893
I 1895 kjøpte Halvor Embrikson Arnegard på Kaslegard bruket Ellingsgardshaugen.
    Halvor døydde alt neste år, men kona hans, Anne Nilsdtr. f. Kyrkjedeld fekk flytta ei stugu til Ellingsgardshaugen og budde der saman med sonen Nils. Sjå Kaslegard, gnr. 80/1.