Lofthus gnr. 79 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lofthus gnr. 79 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lofthus grensar til Ellingsgard i aust og til Kaslegard i vest. Namnet kjem truleg av 'loft', dvs. eit tvihøgda stabbur. Gardar med namn av denne typen vert rekna for å vera frådelt ein eldre gard.
    Fyrst på 1600-talet var Lofthus i eiga til Asle Gjermundson Stave.
    Lofthus vart skattlagd som øygard, og hadde 6 laupsbol i landskyld. I 1664 var det same eigaren på Lofthus, Ellingsgard og Langegard.
    Frådelt bruk: Fagerlund bnr. 5.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 44 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 30 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 350 mål. Leigd jord 45 mål. Buskap 8 mjølkekyr, 7 ungdyr. Våningshus bygt 1973, driftsbygning 1989-93, gamalt loft.
    Stølar. Heimstølar: Bergastølen, Veslestølen, Sirestølen og Fossestølen. Lofthusstølen oppe i bakkane. Langstøl på Flæe. Opphavleg langstøl var på Reine fram til 1765.
    Nokre stadnamn: Briskeballen, Lofthuskleive' (bratt stig), Løyndberget (etter segna var her gøymestad for buskapskjelane den tid gardane i Vats vart nytta som stølar etter Svartedauden), nordre og søre Træet, Smiuåkeren, Uppi banko, Eplerøyse (dvs. potet-).
   

{4069} År: 1759

Syver Olson Lofthus Skrattegard 1722-1798
Foreldre: Ola Olson Lofthus og Guri Torsteinsdtr.Gjivsjord. (Hol). Gm enkja Margit Aslaksdtr. Hove.

Syver vart kalla 'Rike-Sjugurd'. Han dreiv fehandel og pengeutlån, og sat med mykje pengar, kontant eller som obligasjonar. Sjå meir om han på nordre Breie.
    I 1759 kjøpte Syver ein del i farsgarden Lofthus hjå broren Ola for 86 rd. Stølane Bergastølen, Sirestølen og Fossestølen fylgde med. Likeeins eit loft på garden.
    Ved manntalet i 1762 budde der ingen på Lofthus.
    Ved makeskifte med Svein Knutson Breie i 1765 gav han 6 laupsbol i Lofthus og 540 rd og fekk att 12 laupsbol i nordre Breie. Syver held attende stølen Reine og ein skogteig ved Mjåvasstølen. (1194) s 15

{4070} År: 1765

Svein Knutson Breie Lofthus 1712c-
Gm Torand Tolleivsdtr. Tolleivsgarden Noss. Foreldre: Knut Knutson nordre Breie og Birgit Aslesdtr. Juvsjord.

I 1765 makeskifte Svein Knutson Breie 12 laupsbol i Breie og fekk att 6 laupsbol i Lofthus og 540 rd. Sjå meir om Svein på nordre Breie.
    Svein pantsette Lofthus 1768 til Ola Asleson Havarsgard. Og Ola selde til sonen sin i 1782.

{4071} År: 1782

Asle Olson Havardsgard Lofthus 19.02. 1758-
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Tullegard.
Gm Kari Olsdtr. Berg Lofthus 17.01. 1762-1797
Foreldre: Ola Håkonson nordre Berg og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Guri Halvorsdtr. Berg Lofthus 1772-
Foreldre: Halvor Torsteinson Svarteberg Berg og Birgit Olsdtr. søre Berg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sissel Aslesdtr. Lofthus 26.12. 1780-
Barn med Anders Ellingsgard: Ola 1799- . Sjå barnebarn.
    Barn m/Tor Mikkelson .... frå Ål: Berte 1805- . Fadderar i 1805 : Syskena Birgit (gm Ole Gundersen , Westmannrød i Borre, son: Embrik 1811), Ola .
    I 1801 budde Sissel og sonen Ola på Moen under nordre Berg. ('Sisselmoen'.) Sissel kom til Tufte-eie i Borre i Vestfold.
2. Birgit Aslesdtr. Lofthus 1782-1797
Birgit drukna i Vassfjorden då ho skulle redde mor si. Båe drukna. Sjå Ål IV s 60.
3. Ola Asleson Lofthus 1784-
Truleg registrert som innflyttar til Våle i Vestfold i mars 1815.
4. Asle Asleson Lofthus 1789-
5. Ola Asleson Lofthus 1789-1797f
6. Guri Aslesdtr. Lofthus Rese 1792-
Gm Eivind Bjørnson Hovda Rese, Hemsedal. (Flaten s 326, Ål IV s 30-31.)
7. Turid Aslesdtr. Lofthus Brattåker 1794-1889
G 1819 m Gjert Eirikson Steine (Aurland) til Brattåkerbøkko i Hovet. Barn: Kari 1821-1860 gm Ola Torsteinson Mørk (Hol); Margit 1824- til Am. ug.; Jørand 1828- til Am. ; Sissel 1832- til Am. gm Ola Knutson Kaupang (Hol); Eirik 1836-1839.
    Dottera Jørand reiste til Am. i 1852. Og i 1861 fylgde Turid og Gjert etter saman med Margit og Sissel.
8. Ola Asleson Lofthus 1798-1799
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Aslesdtr. Lofthus Villand 14.09. 1800-1901
G 1833 m Tolleiv Larsson Rime søre Villand 1789-1857. Barn: Guri 1834- ugift; Elling 1837-1906 ug bonde på søre Villand; Åse 1840-1885 g 1869 m Henrik Knutson Gjivsjord (3 barn).
    Kari var ei svært vakker jente. Ho var ættbyrg og umåteleg kravfull, t.d. med omsyn til reinsemd. Det vart sagt at sonen Elling aldri kom til å gifte seg, der var ingen jente som våga å koma på garden. (Hol IV s 270)
2. Halvor Asleson Lofthus 14.07. 1805-1880
Gm Kari Larsdtr. ..., Modum f. 1812. Halvor var lottebrukar på søndre Rydningen under Åsgården i Borre i 1865. Død 1880.
*Barnebarn
1. Ola Anderson Berg 14.04. 1799-
Foreldre: Anders Olson Ellingsgard (ungkar) og Sissel Aslesdtr. Lofthus.

Asle og Kari gifte seg i 1780. Asle Havardsgard kjøpte 6 laupsbol brukeleg pant i Lofthus i 1780 for 556 rd. Han brukte panten i Lofthus før 1791. I 1791 fekk han auksjonskøyte på Lofthus for 1101 rd.
    Asle var ein sterk og vakker mann, men han drakk hardt og var strilynt. Når han kom drukken heim, venta han at bordet var rikeleg oppdekt. Og var det noko som vanta, så kunne sinnet fyke på han såpass at bordet velta. Han hadde også den uvanen at han gjerne reid hesten sin inn i huset hjå folk. (1553)1901
    Turinga til Asle gjekk hardt utover familien. Til slutt gjekk det heilt gale. På heimveg frå eit gravøl i grannelaget i juni 1797 brukte Asle kjeft på familien. Og han drog fram kniven. Brått sprang ho Kari på Vatsfjorden. Dottera Birgit (15 år) prøvde å berge henne, men båe to drukna før der kom folk til hjelp.
    Asle vart attgift 1800 med Guri Halvorsdtr. Berg og fekk ei dotter med henne.
    Økonomien bar ikkje for Asle og Guri. Kreditorane kravde auksjon og skifte i 1806. Grunna ei gjeld på vel 1500 rd var buet var 652 rd i underskot. Derav stod Overformynderiet for 427 rd og to forlik med Nils E. Perplassen og Ola E. Dokken for 160 rd. Etter auksjonen sa Guri: "E irra no mest på klukka e." Den hadde vorte selt den og.
    Asle og Guri flytta til Borre med tre barn. Dei fekk flytteattest frå Ål 1810.

{4072} År: 1802


Ola Larsson Noss kjøpte garden i 1802 og selde att i 1806.

{4073} År: 1806

Ola Viggerson Oleivsgard Lofthus 27.09. 1772-1842
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard.
Gm Helge Knutsdtr. Gurigard Lofthus 1778-1853
Foreldre: Knut Torsteinson Svarteberg Gurigard og Sigrid Larsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Ola Olson Lofthus 14.02. 1802-1879
Gm Kristi Syversdtr. Skarsgard. Sjå neste hushald.
2. Sigrid Olsdtr. Lofthus 02.11. 1806-1820
3. Kristi Olsdtr. Lofthus 20.10. 1808-1810
4. Vigger Olson Lofthus 10.01. 1811-
Ikkje funnen død. Ikkje i FT 1865.
5. Knut Olson Lofthus Thon 16.05. 1814-1867
G 1837 m Gunhild Olsdtr. Berg. G 1859 m Haldis Olsdtr. Tistilsgard. Sjå søre Thon og Ellingsgard.
6. Lars Olson Lofthus 29.09. 1817-1836
Ug. Død og begravd i Borgund anneks, Lærdal i 1836.

Ola og Helge Knutsdtr. gifte seg i 1805.
    Ola vart ilagt 24 rd i legemålsbot for 1802 og 1803. Truleg galdt dette sonen Ola f. 1802.
    I 1828 hadde Ola Viggerson 'beitt innpå' hjå grannane i Ellingsgard og Langegard.
    Då Ola døydde i 1842 hadde han 2 myndige arvingar.

{4074} År: 1827

Ola Olson Lofthus 14.02. 1802-1879
Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard Lofthus og Helge Knutsdtr. Gurigard.
Gm Kristi Syversdtr. Skarsgard Lofthus 26.03. 1803-1880
=Kirsti. Foreldre: Syver Olson Skarsgard og Guro Johannesdtr. Mørk-Tullegard.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Lofthus Foss 10.06. 1828-1909
G 1848 m Johannes Kitilson Foss, Hol 1819-1910. Barn: Kitil/'Charles' 1850-1922 farmar Grand Forks, gm Ingeborg ..., av Sigdal-slekt (8 barn); Anne 1853-1934 g 1878 m Julius H. Lee (7 barn); Ola 1855-1925 truleg ugift, til Am.; Christina ....- gm T. H. Lee, Oregon.
    Johannes og Sigrid emigrerte i 1860: Nicollet Co, MN. (1393)
    Dei var på god fot med indianarane i området, og det lønte seg. Under borgarkrigen gjorde indianarane opprør i Minnesota, noko som førte til New Ulm massakren i 1862. Johannes og Sigrid måtte gøyme familien tre dagar i ei myrsumpe. Då uroa la seg, fann Johannes og Sigrid at farmen deira var spara, det einaste som vanta var ein gris. (Frå 'Grand Fork County History' ved Jackie Marler.)
2. Helge Olsdtr. Lofthus 10.07. 1830-1852
3. Guro Olsdtr. Lofthus Leen 22.08. 1833-
G 1855 m Knut Eirikson Lien. Barn: Ole 1860- ; Sever 1864- , Ester 1868- ; Helena 1870- ; Emma 1875- .
    Sjå Inderstar. Til Am.: Sparta Township, Chippewa Co., MN. Dei skreiv seg 'Leen'. (J. Marler)
4. Ragnhild Olsdtr. Lofthus Strand 12.05. 1836-1908
Gm Nils Olson Strand 1838-1917. Barn: Olum.... ; Josephine .... gm Jens Hanson (2 barn); Theodore 1862-1947 g 1887 m ... (4 barn); Ola .... gm Olaphine Anderson (3 barn); Sophie .... gm Herman Swenson (2 barn); Helen "Lola" ....-1935 gm Charles Boyington Burdick. (1500)
    Til Am. 1858. Nils og Ragnhild farma i Nicollet Co. MN. (1032)
5. Kristi Olsdtr. Lofthus Norman 27.09. 1839-1919
"Christine". Gm Nels Olson Norman 1838-1916. Barn: Albertina 1862-1934 gm Martin H. Lee, Valdres (5 barn); Christine 1866-1952 gm John Borene (svenske) (5 barn); Ole 1864-1935 g 1890 m Bertha Anderson (9 barn); Anna gm Andrew H. Lee ('Overlie'); Josephine død liten.
    Til Am. i 1858. Dei farma m.a. ved Montevideo. (1393)
6. Ola Olson Lofthus 14.09. 1843-1917
G 1865 m Bertha/Albertine Beck, (norsk opphav). Barn: 9 - av dei vaks 5 opp: Ole 1868-1960; Josephina 1872- ; Lewis 1875- ; Christina 1870-1882; W.S. Lofthus levde i 1917 ; ... gm H. Northcott til Clive, Alberta, Canada; Martha 1879-1880; ... gm G. Hoff til Chokio, MN, Laura Theresa 1885-1898. (J. Marler)
    Ola reiste til Am. i 1858. Han deltok i borgarkrigen, m.a. i 'Sherman's marsj til havet'. Ola reiste vestover i 1877 og vart ein av dei fyrste setlarane i Stevens Co. Busett i Norseland, MN. Sjå Ulvestad bind 1 s 264, (1393)
    Etter 1907 flytta dei til Morris, MN, og sidan til Idaho og California. Ola og Bertha hadde 25 barnebarn i 1917.
7. Syver Olson Lofthus 14.03. 1847-1930
G 1872 m Anna Einarson Tjønn, Feios i Leikanger 1855-1945. Barn: Ole 1873- ; Minnie 1880- gm Peter Lageson, budde i Danvers, MN (minst 1 barn); Helen 1882- gm P.E. Paulson, budde i Turtle Lake, ND; Louis Emil 1888-1994 gm Alma Matilda Lund (4 barn); Oscar 1893-1987 i Hennepin County, MN; Theodore 1886-1988; Henry 1875-1952; Selma Christina 1877-1963 gm Olaf A. Thomton 1871-1919 (minst 4 barn); Simon Arthur 1889-1915; Mabel Theresa 1898-1995 gm James "Papa" Folkestad. (1151), (1393), (J. Marler)
    Til Am. i 1858: ved St. Peter, Nicollet Co MN. 1872: Homestead ved Lisbon, Yellow Medicine Co.
8. Lars Olson Lofthus 20.12. 1849-1932
G 1875 m Thea Oluffine Hanson ....-1921.
    Til Am. i 1858: farmar i St. Peter, Nicollet Co. Lars budde i Artichoke, MN i 1917 og sidan i Montevideo, MN.

Ola og Kristi overtok garden i 1827. Kristi vart også skriven 'Kirsti'. Ola bygde stugu kring 1850. Ola dreiv fehandel. Han vart stevna 1851 av Torstein Fretheim i Aurland for 393 rd. (1295)
    Ola var ein flink felespelar. Men det vart fortalt at han ville ikkje anna enn å låte på fela, så det vart vanskeleg å greie seg på Lofthus.
    I 1858 selde dei garden og reiste til Nicollet Co, MN med 5 av ungane.
    Ola gjorde seg vide kjent under indianaropprøret i 1862. Farmen ville han ikkje reise frå då uroa byrja. Han sa at han hadde skote så mange reinsdyr heime i Noreg, så han var ikkje redd. Lofthusen kom vel i frå opprøret. (1245)
    Kristi er gravlagt på Waldum Cemetery, Hegbert Township, Swift Co, MN. (J. Marler)

{4075} År: 1858

Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll Logsengard Lofthus 28.06. 1812-1883
Foreldre: Sander Halvorson Ovavoll og Kari Olsdtr. Pålsgard, Hol.
Gm Lars Aslakson Vesledal Lofthus 01.01. 1828-1913
Foreldre: Aslak Larsson Vesledal og Kristi Syversdtr. Storedal.

Rønnaug gifte seg opp att med Lars i 1855. Ingen barn. Sjå Logsengard år 1840.
    Rønnaug var enkje etter Knut Knutson Kolsrud Logsengard. NB. Ein son frå fyrste ekteskap overtok Lofthus i 1884.

{4076} År: 1884

Knut Knutson Logsengard Lofthus 02.11. 1851-1930
Foreldre: Knut Knutson Kolsrud Logsengard og 2.g Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.
Gm Sissel Larsdtr. Thon Lofthus 22.09. 1860-1924
Foreldre: Lars Olson Randen søre Thon og Haldis Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Rønnaug Knutsdtr. Lofthus 27.02. 1885-1954
G 1916 m Ola Syverson Gudbrandsgard Lofthus. Sjå neste hushald.
2. Lars Knutson Lofthus 20.08. 1886-1955
G 1926 m enkje Kristi Tolleivsdtr. Sundre Foss frå Hol. Barn: Solveig 1927- gm Albert Borgen (3 barn).
    Lars var emisær. Han kom til nordre Foss i 1925. Sjå Hol VI s 451.
3. Haldis Knutsdtr. Lofthus Oleivsgard 23.09. 1888-1917
G 1916 m Sevat Sevatson Oleivsgard. Sjå Sirerudningen, gnr. 4/13.
4. Kari Knutsdtr. Lofthus 09.10. 1890-1915
5. Ragnhild Knutsdtr. Lofthus 19.11. 1892-
6. Sigrid Knutsdtr. Lofthus Wiik 20.03. 1895-
Gm Mathias Anton Wiik. Barn: Solveig Gunvor 1926- gm Kristian Mathias Gjelsås; Jorun Sigfrid 1933- gm Nils Lundeby; Oddlaug Kristine 1934- gm Kaare Sørensen.
    Mathias var sjømann/kvalfangar, sidan ved NSB. Busett i Råde..
7. Ragnhild Knutsdtr. Lofthus Oleivsgard 05.10. 1899-1993
G 1927 m em Sevat Sevatson Oleivsgard (systermannen). Sjå Sirerudningen, gnr. 4/13.
8. Kari Knutsdtr. Lofthus Haug 13.02. 1901-1978
G 1925 Kr.ania m Torstein Larsson Haug. Sjå Håkonsgard, gnr. 62/1.
9. Knut Knutson Lofthus 13.06. 1902-1990
Gm Elisabet Karlsdtr. ?Pedersen, Asker? 1892-1967. Barn: dødf. gut 1930.
    Dei budde på Steinmoen, ei tomt under Tretterud på Torpo. Knut var gardsarbeidar og rive-makar. Død på Ski.

Knut og Sissel gifte seg i 1884.