Kaslegard, nordre gnr. 80 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kaslegard, nordre gnr. 80 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kaslegard, nordistugu. Kaslegard dukka opp i listene for landskatt frå 1612, men utan namn på eigar eller brukar. Garden er heller ikkje nemnt som slottelende eller underbruk for andre.
    Frå gamalt var Kaslegard skattlagt som øygard med ei landskyld på 7 laupsbol.
    I Saxe's matrikkel er garden kalla 'Kaslegarden'. I alle gamle skattelister og i alle andre matriklar før 1900 er namnet derimot 'Kaslegard'. Dvs. Eit namn i ubunden form, noko som tydar på at garden er av høg alder.
    Gardsnamnet skal etter Oluf Rygh koma av det sjeldne kvinnenamnet 'Katla' (som tilsvarar mannsnamnet Kjetil).
    Ei anna tolking har Lars Opsata. Han peikar på ei gamal segn frå øydetida då gardane i Vats vart brukte som stølar for gardar nede i hovuddalen. På Kaslegard skal vera nokre urder der dei gøymde stølskjelane. ('Katlane'). Jfr. Eit stadnamn på grannegarden Lofthus: 'Løyndberget' (etter segna var her gøymestad for buskapskjelane den tid gardane i Vats vart nytta som stølar etter Svartedauden).
    Areal 1865: dyrka jord 8 1/2 mål, naturleg neg 30 mål, utslått 12 mål. Avling 5 1/2 tunne bygg 5 tunner potet.
    Areal 1995: jord 34 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 70 mål.
    Våningshus 1946, kårstugu bygt 1931 (hallingstugu), driftsbygning 1910, påbygd 1963, utleigehytter.
    Frådelt: Kaslegard Fjellgard bnr. 8.
    Stølar. Heimstøl Kaslestølen i Vestlien, heimstøl ovanfor garden, båe nedlagde. Opphavleg langstøl var Hesthovdstølen, den vart fråselt til Brattegard i 1905. Sidan støla Kaslegard i Gravabotten med ein pant fram til stølen Hengsen (gnr.70/20) vart tilkjøpt i 1960.
   

{4089} År: 1780

Ågot Sveinsdtr. Kaslegard Kyrkjedeld 26.12. 1757-____
Foreldre: Svein Ørjansson Kaslegard og Ågot Knutsdtr. Medgard.
Gm Embrik Olson Oleivsgard Kaslegard 25.03. 1753-1829
Foreldre: Ola Embrikson Opheim Embriksgarden Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Svein Embrikson Kaslegard 17.07. 1780-1868
G 1816 m Sunnev Nilsdtr. Kjoseslåtta Smedplassen. Barn: Embrik 1817- ; Ragnhild 1820- ; Ågot 1823-ung; Asle 1824- ("Kasle-Asle" eller "Hols Bjellerugg", ein original, sjå Hol II s 542); Ågot 1827- ; Nils 1830- .
    Svein rudde plassen Mehus-eie eller Kløvsteinhaugen i Hol. Bruket vart kalla Kaslehaugen etter han.
    Det var tungt å greie avgiftene på plassen og Svein vart stevna for uteståande leige. Etter at Sunnev døydde i 1844, måtte Svein gå frå plassen. Han døydde på legd. Sjå Hol III s 612.
2. Gunhild Embriksdtr. Kaslegard Skarsgard 1784-
Gunhild var i tenest i 1801. Uviss lagnad. Gunhild kan vera død i 1838 som 55 årig legdslem i Smedsplassen. NB. Kona til broren Svein hadde tilknyting til Smedplassen i Hol.
3. Ågot Embriksdtr. Kaslegard 17.02. 1788-
Truleg død i 1790-åra.
4. Ågot Embriksdtr. Kaslegard Robøle 1791-1867
G 1837 m Ola Olson Trondsgardhaugen Klepp frå Gol. Frå 1791-1853 var dei på Robøle, Gol Ingen barn.
    Ola og Ågot sette opp testamente til fordel for den lengstlevande. Og deretter til systersonen til Ågot, Embrik Embrikson. Dei andre arvingane prøvde å få dette omstøytt, men det lukkast ikkje.
5. Jørand Embriksdtr. Kaslegard Finnesgard 1794-
G 1821 m Torkjell Embrikson FinnesgardsJuven 1794-1806. Barn: Guri 1822-1880 g 1846 m Ola Eirikson Gladhus i Herad; Embrik 1826- bonde ved Svelvik/til Am., g 1850 m Guri Olsdtr. Høgset; Ågot 1830-1911 g 1855 m Lars Arnfinnson Ursdalen-Breidekko; Torkjell 1836-1928 g 1864 m Åse Persdtr. MosaBråten.
    NB. Mehlum skreiv at Jørand var gift med Embrik Embrikson FinnesgardsJuven. 1903/12
6. Ola Embrikson Kaslegard __.__. 1800-
Ola vart kalla Kaslegardguten. Han var i tenest på Loksengard i 7 år.
    Ola drap Arne Eivindson Oleivsgard i 1829. Det heile starta i garden på Oleivsgard som ein krangel om kven som greidde å legge sele på ein vanskeleg hest. ( .."det omdispusterede var ikke av sådan beskaffenhed at det fortjente at blive vred over ... .")
    Doktor Hoffman la fram for retten "visum repertum". Spørsmålet vart om drapet skjedde ved forsett, våde eller nødverge. Ola fekk slik dom 1829: å bøte liv for liv, betale arresten og henrettinga, samt 36 spd til sakføraren. Ola anka til overretten på staden. Uviss lagnad. (1016) s 54

Embrik og Ågot har nok overteke Kaslegard kring 1780. Dei skreiv kårkontrakt med foreldra hennar i 1780. (Tinglyst i 1786.)
    Embrik kjøpte Kjellargard for 359 rd hjå Knut Embrikson Kjellargard og halvsyster Birgit i 1778. (1203) s 357
    Embrik vart oppnemnt til lagrettemann i 1780.

{4090} År: 1800

Olbjørn Viggerson Oleivsgard Kaslegard 20.10. 1767-1851
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard.
Gm Birgit Guttormsdtr. Bergsgard Oleivsgard 26.11. 1758-1832
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Haldis Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Haldis Olbjørnsdtr. Kaslegard 25.11. 1787-
Ikkje arving i 1833. Truleg død i 1790-åra.
2. Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard Kaslegard 1790-
Barn: Ola 1817-17, Ola 1819- ('Søre Kjellargard'), Hermund 1829- ('Langegardshaugen') m Hermund Olson Ellingsgard. Sjå barnebarn.
3. Vigger Olbjørnson Kaslegard 1794-
4. Vigger Olbjørnson Kaslegard 1796-1826
G 1821 m Anne Oddsdtr. Anderdal. Sjå neste hushald.
5. Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard Hovdegard 19.11. 1797-1885
G 1818 m Asle Olson Hovdegard. G 1840 m Ola Olson myljo Helling Hovdegard.
6. Liv Olbjørnsdtr. Kaslegard 1800-1800
Liv døydde 5 veker gamal.
7. Haldis Olbjørnsdtr. Kaslegard 20.06. 1802-1893
Barn: Lars 1827-1827, sjå barnebarn.
    G 1832 m enkjemann Per Halvorson Rust Kaslegard. Sjå bnr. 2.
*Barnebarn
1. Ola Hermundson Kaslegard 05.07. 1817-1817
Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard.
2. Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen 29.03. 1819-1891.
G 1848 m Anne Olsdtr. Fivilstølen. Sjå Fivilstølen og Dokken.
    Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard.
   
   
   
3. Lars Larsson Kaslegard 27.01. 1827-1827
Lars døydde 3 veker gamal.
    Foreldre: Lars Olson ...(ungkar) og Haldis Olbjørnsdtr. Kaslegard.
4. Hermund Hermundson Kaslegard Langegardhaugen 19.12. 1829-1911
Ugift. Hermund hadde ei stugu på Langegardshaugen, kalla Hermundshaugen. Eiga hans på 1800 kr var testamentert til barna etter Olbjørn Olson Dokken og barna etter Ola Olson Kjellargard.
    Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard.

Olbjørn og Birgit gifte seg i 1786. Etter nokre i Oleivsgard makeskifte han til seg Kaslegard i 1800 mot 12 bp smør i myljo Kyrkjedeld.
    Olbjørn delte Kaslegarden i 1820-åra, sonen Vigger overtok nordre delen og dottera Haldis overtok den søre delen.

{4091} År: 1820c

Vigger Olbjørnson Kaslegard 1796-1826
Foreldre: Olbjørn Viggerson Oleivsgard Kaslegard og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
Gm Anne Oddsdtr. Anderdal Kaslegard 1790-1830
Foreldre: Odd Trondson nordre Anderdal og Anne Herbrandsdtr. Torset. (Sjå Hemsedal s 319)
*Barn
1. Olbjørn Viggerson Kaslegard 25.12. 1821-1862
G 1844 m Guri Herbrandsdtr. Bjørøyen. Sjå år 1833.
2. Birgit Viggersdtr. Kaslegard 13.03. 1824-1917
G 1851 m Eirik Syverson Skarsgardshagen Kaslegard. Sjå år 1848.

Vigger og Anne gifte seg i 1821. Dei var inderstar på Kaslegard 1821-24.
    Anne vart gift på nytt 1827 med Per Halvorson Rusto frå Hemsedal. Sjå neste hushald.

{4092} År: 1826

Anne Oddsdtr. Anderdal Kaslegard 1790-1830
Foreldre: Odd Trondson nordre Anderdal og Anne Herbrandsdtr. Torset. (Sjå Hemsedal s 319)
Gm Per Halvorson Rusto Kaslegard 1791-
Foreldre: Halvor Toreson Rusto eller Snorsrud i Hemsedal og Anne Persdtr. Ålrust.

Anne vart attgift 1827 med Per Halvorson Rusto frå Hemsedal. Men så døydde ho same året.
    På skiftet etter Anne i 1830, spurdest det at Per hadde hatt fleire turar over til Hemsedal med god bør på ryggen. Men Per kunne forsikre retten om at inkje noko lausøyre var borte.
    Per vart attgift 1832 med Haldis Olbjørnsdtr. Kaslegard. Sjå søre Kaslegard.

{4093} År: 1833

Olbjørn Viggerson Kaslegard 25.12. 1821-1862
Foreldre: Vigger Olbjørnson Kaslegard og Anne Oddsdtr. Anderdal (Hemsedal).
Gm Guri Herbrandsdtr. Bjørøyen Kaslegard 16.03. 1813-1864
Foreldre: Herbrand Olson øvre Bjørøyen og Ingeborg Olsdtr. Sveinsgarden Sire.
*Barn
1. Vigger Olbjørnson Kaslegard 1845-1845
2. Vigger Olbjørnson Kaslegard 27.11. 1846-
Vigger vart konfirmert i Hønefoss i 1863. Han stod i butikken til broren Herbrand i Kr.ania i 1875.
3. Herbrand Olbjørnson Kaslegard 29.11. 1849-
Gm Alma ... , Kr.ania 1857- . Barn: "Juster-assistent Olbjørnsen i Kr.ania"; ... . Herbrand budde i Hønefoss i 1864 saman med broren Vigger.
    I 1875 var Herbrand handelsborgar i Storgate 27 i Kr.ania. Han dreiv m.a. vinhandel, og hadde ymse tenestfolk, m.a. to butikk-jomfruer og to handels-betjentar, derav Vigger Olbjørnson f. 1846.
    I 1900 budde enkja Alma Andresen i Moss og dreiv kjolesaum. Ingen barn i huset. Dette er den einaste Alma i Oslo, Akershus og Østfold med høveleg alder i 1900.
    NB. Ei handskriven bok etter Herbrand er innlevert i bygdearkivet. Den inneheld skildringar og nokre noveller han skreiv kring 1870.

Olbjørn overtok garden i 1833, men det var bestefaren som brukte garden til han vart myndig. Olbjørn og Guri gifte seg i 1844.
    Olbjørn vart sjuk under ei vandring frå Ringerike. 'Død på gjennomreise i Ringerike'. Olbjørn var på Grøsland til han døydde. 'Etterlod sig 4 spd, 4 ort 10 s, en barberkniv og endel dårlige klæder.'
    Olbjørn vart kalla arbeidsmann og vandrar. Guri døydde i legd.

{4094} År: 1848

Birgit Viggersdtr. Kaslegard 13.03. 1824-1917
Foreldre: Vigger Olbjørnson Kaslegard og Anne Oddsdtr. Anderdal (Hemsedal).
Gm Eirik Syverson Skarsgardshagen Kaslegard 18.04. 1814-1888
Foreldre: Syver Larsson Skarsgardshagen og Åse Olsdtr. Sveinhaug.

Eirik og Birgit gifte seg i 1851. Ingen barn. Eirik skal ha vore ein godsleg kar, skreiv Lars Opsata.
    Eirik makeskifte Skarsgardshagen mot Kaslegard i 1848. I 1865 budde indersten Halvor Torkjellson i Kaslegard saman med Eirik og Birgit.

{4095} År: 1888

Halvor Embrikson Arnegard Kaslegard 09.07. 1855-1896
Foreldre: Embrik Person Arnegard og 2. g Ragnhild Sandersdtr. Ovavoll (Hol).
Gm Anne Nilsdtr. Helling Ellingsgardhaugen 06.04. 1858-1913
Foreldre: Nils Olson Helling Kyrkjedelen og Birgit Aslesdtr. Kyrkjedelen.
*Barn
1. Nils Halvorson Kaslegard EllingsgardHaugen 25.07. 1893-1914
Ug. Postførar i Vats.

Halvor og Anne gifte seg i 1888. Halvor bygde ny stugu på garden. Han hadde ein eigen teknikk då han skulle slå storrgras i blautmyrane ved Hesthovdstølen. Halvor lagga seg eit par trebuttar som han batt på føtene.
    Halvor og Anne kjøpte Ellingsgardhaugen i 1895, men Halvor døydde like etterpå. På skiftet etter foreldra overtok Anne stugu deira og flytta den nord på Ellingsgardhaugen.

{4096} År: 1896


Ola Embrikson Dusegard hadde Kaslegard utan heimel frå omlag 1896 til 1901. Ola selde garden til Jon Edvardson for kr 2800 med kår til enkjene Birgit og Anne.