Havardsgard gnr. 81 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Havardsgard gnr. 81 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Havardsgard ligg mellom Kaslegard og Logsengard. Frå gamalt vart Havardsgard skattlagd som øygard med ei landskyld på 5 laupsbol. Garden er fyrst nemnt i jordeboka frå 1560. I 1616 var Havardsgard nemnt som støl, og frå 1624 som underbruk under Huus. Kring 1630 kom garden under Rime, ein gard som også var eigar av grannegarden Logsengard frå 1616.
    Gardsnamnet har vore skrive Hoffuersgaard, Havardsgard, Haversgaard. Truleg kjem det av mannsnamnet Havard.
    Det gamle tunet låg sør-ned for noverande tun. Tunet var flytta kring 1900. Oppe i bakkane ovanfor tunet er merke etter ein gamal attlagd åker. Etter reina å døme har åkeren vore brukt lenge.
    Areal 1865: dyrka jord 14 1/2 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 28 mål. Avling 9 1/4 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 24 mål, produktiv skog 140 mål, anna utmark 152 mål. Buskap 5 mjølkekyr, 6 ungdyr, 50 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt kring 1905, nytt våningshus 1984, driftsbygning 1985, eit gamalt loft (datert 1692), reidskapshus. Den gamle hallingstugu kom til Lappejordet i nordre Vats. Ei tilkjøpt stugu frå Storedal er sett opp nede ved Vatsfjorden. Nedst i jordet ved fylkesvegen er oppsett ein stall og ei liten gamal stugu frå Ulshagaskardet.
    Havardsgard hadde kvern i Dusa saman med Settungsgard.
    Stølar: heimstøl Havardsgardstølen (midt oppe i lia på vestsida, bua her frå står som hytte på Flæe), heimstøl i heimehamna "Uppå støle", båe er nedlagte. Grønset (Tilkjøpt frå Huus 1758, fråselt 1791.)
    Langstølar: Flæe og Nybunose. Sume år råkte det at snøen måtte makast ut or steinbuene før stølsfolket kunne flytte inn. Då var ikkje særleg triveleg inne den fyrste tida.
    Tidlegare langstølar: Ola Asleson Havardsgard kjøpte støl på Reine hjå bonden på Lofthus i 1740. Havardsgard selde langstølen Hovdastølen til Dokken i 1815.

{4116} År: 1790

Ola Olson Skarsgard Randen 15.07. 1781-1853
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Skarsgard og Guri Syversdtr. Breie. G 1806 m Kari Aslesdtr. Stave. G 1810 m Ågot Olsdtr. Moen. G 1818 m Kari Arnesdtr. Bøygard Underberget.

Med faren som verge kjøpte den ni-årige Ola Olson Skarsgard 1790 garden Havardsgard, stølen Grønset, halve Store Flæe for 400 rd hjå besteforeldra.
    Seljarane skulle ha slikt kår: 4 kyr framfødd, 3 tunner bygg á 19 merker i settungen, derav skulle halvparten vera heimedyrka. (1221) s 235
    Neste år selde Ola Olson Skarsgard med faren som verge Havardsgard, Grønset og halve Flæe til Ola Ivarson Thon for 780 rd.
    Sjå meir om familien til Ola Olson på Randen, Strand Bakka og på Underberget, gnr. 127/21.

{4117} År: 1791

Ola Ivarson Larsgard Havardsgard 1753-1814
Foreldre: Ivar Eilevson Berg Larsgard og Ragnhild Halvorsdtr. søre Grøvo.
Gm Ambjørg Olsdtr. Thon Havardsgard 09.02. 1766-1820s
Foreldre: Ola Person Arnegard Thon og Torand Olsdtr. nordre Thon.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Havardsgard Kleppo 04.10. 1789-
G 1814 m Eirik Tolleivson øvre Kleppo 1795- . Barn: Tolleiv 1814- ; Ola 1817- ; Guri 1821- ; Eirik 1824- . Birgit og Eirik reiste til Romsdalen i 1828.
2. Ivar Olson Havardsgard 24.07. 1791-1801f
Truleg død før 1801.
3. Ola Olson Havardsgard Grøvo 1793-1874
G 1820 m GuroTolleivsdtr. Kleppo. Barn: Anne 1821- g 1852 m enkjemann Sander Sveinson Augunset Heggeset; Ola 1823-1901 til Am., g 1857 m Ragnhild Olsdtr. ... (Gol) (minst 5 barn); Ambjørg 1826-1826; Ambjørg 1827- gm Sjugurd Asleson Villandsmoen; Tolleiv 1830-1830; Tolleiv 1831-1905 til Am. g 1857 m Ingrid Olsdtr. ... (Gol, systera til brorkona Ragnhild) (minst 7 barn); Margit 1834- . (J. Marler)
    Ola og Guro kom til søre Grøvo i Hovet, reiste til Amerika i 1852. Truleg til Otranto, Mitchell Co, Iowa.
4. Ivar Olson Havardsgard 1796-
Ivar flytta til Tromsø i 1822.
5. Torand Olsdtr. Havardsgard 1798-1805
6. Torstein Olson Havardsgard ...... 1800-

    Barn fødde i Hol: Ragnhild 1802- (truleg gm smed og børsemakar Lasse Tørrison Sinjarheim som budde på Lærdal (Sjå Lærdal og Borgund s 631 og Lærdal IV s 79.)); Ågot 1805- ; Torand 1808-1892 gm Tomas Tomasson Kvamshaugen Kyrudalen; Ragnhild 1811- gm Gunnar Syverson nordre Lappegard i Vats.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1789. Dei budde i nordre Thon i 1790, i Havardsgard 1791-1799, var på Turkarstad ei stutt tid og kom så til søre Grøvo i Hol i 1801. (Hol IV s 206)

{4118} År: 1799

Ola Olson Havardsgard Skarsgard 30.08. 1744-1808
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Arnegard (Tullegard). G 1776 m Guri Syversdtr. Breie. G 1800 m Gunhild Håkonsdtr. Berg.

Ola Ivarson Thon selde garden m.m. i 1799 attende til Ola Olson Havardsgard Skarsgard (1744-1808) for 820 rd.
    I 1809 vart Havardsgard selt på auksjon til Halvor Halvorson Gurigard for 1412 rd. Fiskevatna Geitevatnet og Bjønnsend vart også auksjonerte bort saman med ein båt for 72 rd. Buet etter Ola var på 2275 rd netto.
    Sjå meir om familien til Ola på Skarsgard gnr. 92/4.

{4119} År: 1809


I 1809 vart Havardsgard selt på auksjon til Halvor Halvorson Gurigard. Pris: 1412 rd.
    Halvor selde garden att i 1813 for 916 rd til Syver Olson Skarsgard.

{4120} År: 1813


Syver Olson Skarsgard kjøpte garden i 1813, og selde att til brorsonen Asle Olson Underberget i 1828.

{4121} År: 1828

Asle Olson Underberget Havardsgard 12.04. 1807-1877
Foreldre: Ola Olson Strand Underberget og Kari Aslesdtr. Stave?
Gm Gunhild Embriksdtr. Langegard Havardsgard 24.02. 1805-1864
Foreldre: Embrik Embrikson Langegard og Liv Eiriksdtr. Trintrud.
*Barn
1. Ola Asleson Havardsgard 19.12. 1832-1877f
'Ingen barn' står det på kortet då mora var død. Men på kortet til faren står det '1 son'.
    Ikkje funnen død i Ål. Ikkje i FT 1865. Død før 1877.

Asle og Gunhild gifte seg i 1831. Asle var hestehandlar. Han kjøpte Havardsgard 1828 hjå onkelen sin.
    I 1840 selde Asle garden til svogeren Oleiv Embrikson.
    Asle åtte Stølsletto i Hol 1857 til 1871, og dessutan hadde han kjøpt seg kår i myljo Rue i Hol. Asle døydde som kårenkjemann på handelsferd på garden Sand i Eiker i 1877. Eige var 4319 kr, i lausøyre og uteståande krav.

{4122} År: 1840

Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard 02.09. 1798-1883
Foreldre: Embrik Oleivson Settungsgard og Guri Olsdtr. Håheim. G 1836 m Sissel Embriksdtr. Langegard.

Oleiv Embrikson Settungsgard kjøpte Havardsgard i 1840, og sat dermed med båe gardane. Sjå meir om ungane på Settungsgard. Sonen Embrik overtok Havardsgard i 1876.

{4123} År: 1876

Embrik Oleivson Settungsgard Havardsgard 04.02. 1849-1905
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard Havardsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard.
Gm Gro Olsdtr. UlshagaSkardet Havardsgard 29.09. 1853-1938
Foreldre: Ola Olson Hansebråten Ulshagaskardet og Karoline Ankersdtr. Ulshagaskardet.
*Barn
1. Sissel Embriksdtr. Havardsgard Thon 03.09. 1881-1935
G 1907 m Eirik Olson Kjellargard nordre Thon, gnr. 75/2.
2. Oleiv Embrikson Havardsgard 15.11. 1885-1978
G 1918 m Gro Embriksdtr. Medgardshaugen. Sjå neste hushald.
3. Ola Embrikson Havardsgard 12.05. 1891-1981
G 1935 m Kristi Larsdtr. Trøo f 1904. (Hol) Barn: Einar Leif 1935- radiotelegrafist/elektriker; Lars Torbjørn 1937-1959 militærflygar; Gudmund 1943- lektor g 1967 m Vigdis Steinnes (1 barn).
    Ola overtok trevarefabrikken ved stasjonen etter Lars Skardet. Byggmester 1935, bonde i nedre Ulshagen 1937, overtok Trøo/Kongsland i Hol i 1949.

Embrik og Gro gifte seg i 1882. Frå før hadde Embrik sonen Oleiv (1874-1986) med Birgit Henriksdtr. Berg. Oleiv var gm Margit Ivarsdtr. Opheim. (Sjå søre Berg og Opheim Embrikstugu gnr. 22/17). Oleiv farma i Montana.
    Embrik overtok garden i 1876. Embrik skal ha vore ein sterk kar. Han grunnbraut åkrane og dyrka ny jord. Embrik flytta tunet opp til noverande stad. Og han mura opp nye grunnmurar. I 1891 sette Embrik opp timra stølsbu på Flæen. Tidlegare hadde det vore steinbu. Gro var med og køyrde timmeret frå fjorden og opp til timra. Bua hadde Embrik timra opp heime vinteren føreåt. Men då Flævatnet vart oppdemt måtte bue rivast.
    I 1895 brann steinbua i Nybunosen. Dvs. taket, innbod og mykje 'varu' (dvs. ost og smør) gjekk med i branden. Bua vart sett i stand att.
    Gro var sterk og tok ofte del i tungarbeidet på garden. Gro dreiv treskjæring. Ho sende inn eit arbeid til jubileumsutstillinga i 1914. Eit retteleg fint treskjærar-arbeid var det, det vart godkjent, men sidan ho var kvinne så meinte juryen at ho kunne ikkje premierast!