Loksengard gnr. 82 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Loksengard gnr. 82 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Logsengard, - på Logsengard. Garden vart rydda 'av skog og mark' fyrst på 1600-talet i fylgje vitneprov. Dette var truleg oppattrydding etter øydetida. Logsengard vert rekna for å vera ein høgmellomaldergard. (K.O. Solhjell 1987).
    Garden Logsengard ligg mellom Havardsgard mot aust og Settungsgard mot vest. Innmarka går frå Vatsfjorden og "opp i bakko".
    I 1624 vart Logsengard lagt i skatteklassen øygard. Landskyld 6 laupsbol. Årleg skatt som underbruk under Trintrud i 1624 var 1 kalvskinn. Men før den tid var det garden Rime som brukte Logsengard. Også Stave er nemnt med odel. Dvs. Dei same eigarane som også hadde grannegardane Havardsgard og Lofthus.
    I 1640-åra var nok Logsengard eige bruk. Asle Logsengard skatta av 'bondegods' i 1641. Deretter vart garden brukt saman med Havardsgard fram til omlag 1660.
    I dei eldste dokumenta vart garden vanlegvis skriven Logsengard, stundom "Laskengard, Loskengard, Luxengard". Noverande matrikkel skriv 'Laskengard' medan det står 'Loksengard' i dei tidlegare.
    Den opphavelege namneforma kan ha vore Logstein eller Lagarstein-gard med rot i logr m som tyder elv eller vatn. Det har vore peika på at frå gamalt kan Vatsfjorden ha heitt 'Ytre Logen', og at det opphavlege gardsnamnet kan ha vore 'Lågrinn'. Med bakgrunn i dette kom slektsnamnet 'Lågrinn' i bruk i 1950-åra. Same namnet er også nytta på den frådelte delen bnr. 5. Som slektsnamn er også 'Luksengard' noko nytta. (Magne Myhren syner i artikkel i Dølaminne 1992 at det gamle 'Logen'-namnet helst går på Tunhovdfjorden.)
    Nokre stadnamn: Håkunkleivi, Håkuntræet, Storeåkeren og Rova (eit jordstykke).
    Frådelte bruk og plassar: Fjellheim bnr. 2, Lågrinn bnr. 5 og Logsengardeie.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål; naturleg eng 96 mål, utslått 24 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg og 14 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 33 mål, produktiv skog 50 mål, anna utmark 400 mål. Buskap: 103 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt omkr. 1880, påbygt 1944, nytt våningshus 1971, driftsbygning 1978, gamalt loft.
    Stølar. Skogen og heimstølen Raubu ligg i Vatslia sør for Vatsfjorden (ligg no til bnr. 2 og 5). På ei hylle oppe i åsen ovanfor garden ligg heimstølen Logsengardstølen. Langstøl var opphaveleg Skard, den vart frådelt 1935. I 1930 vart Hove-delen i Gyrinosen tilkjøpt som langstøl.

{4136} År: 1752c

Endre Olson Logsengard 1723-1773s
Foreldre: Ola Endreson Logsengard og 2.g Liv Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Ambjørg Aslesdtr. Havardsgard Logsengard 1713-1773a
Foreldre: Asle Olson Havardsgard og Guri Olsdtr. Noss Gunhildgard.
*Barn
1. Guri Endresdtr. Logsengard Storlien 30.04. 1744-1819
G 1779 m enkjemann Eggert Olson Holo Storlien.
    I 1783 var Guri anmeldt av presten for å ha flytta frå mannen sin. Eigentleg så hadde Asle, bror hennar, bode Eggert "bruk på Luxengard". Men Eggert svara at han "ingenlunde ville driste seg til å flytte til Vats." Han var ein stille mann, og frykta "adskillige utøvede trudsler". Guri ville flytte saman med Eggert såsnart han hadde funne ein bustad. Sjå øvre Storlien, gnr. 3/1. (1436) s 5
    I 1801 var Guri 'gift, vanfør almisselem bosatt på Skarsgard'. Eggert var snikker og budde i Nubgarden då.
2. Guri Endresdtr. Logsengard 20.06. 1745-1820
Ug. Guri var tenar hjå Per Halvorson Sundre i 1801. Truleg død 1820 som legdslem på Helling.
3. Ola Endreson Logsengard Brattegardhagen 19.03. 1749-1810
Gm Åse Endresdtr. ... . Sjå år 1780.
4. Asle Endreson Logsengard 02.06. 1753-1837f
G 1778 m Turi Syversdtr. Håheim. Sjå år 1778.

Endre løyste panten i garden som vart utlagt for gjeld på skiftet etter faren i 1737. Endre kjøpte skyldgods i garden for 18 rd hjå Margit Olsdtr. m.fl. i 1768.
    I 1770 vart Endre og Oleiv Settungsgard stevna av Torand Olsdtr. nordre Thon for 'voldelig omgang, ... thi de har drevet hendes creature lang vej af sætteren og indtaget hendis sætterboe til fjøs.'
    På skiftet etter Endre 1773 var det 515 rd å dele på enkje og tre barn. Taksten på garden var 700 rd. Sønene Ola og Asle delte garden slik at dei fekk tre laupsbol kvar.
    Ambjørg var då 'et aldrende og skrøpelig menneske' og avstod alt sitt i buet mot kår frå sønene.

{4137} År: 1778c

Asle Endreson Logsengard 02.06. 1753-1837f
Foreldre: Endre Olson Logsengard og Ambjørg Aslesdtr. Havardsgard.
Gm Turid Syversdtr. Håheim Logsengard 29.09. 1761-1849
Foreldre: Syver Arneson Håheim og Sissel Olsdtr. Kyrkjedelen.
*Barn
1. Birgit Aslesdtr. Logsengard Vestmoen 1790c-
Truleg g 1810 m Ole Gundersen Vestmoen i Borre. (1077) "Borre" s 1.
2. Endre Asleson Logsengard 1791-
Endre var truleg busett i Våle.
3. Asle Asleson Logsengard 1797-1882
Gm Gunhild Marie Pedersdtr. Kjettetorp frå Nykirke. Barn: Peder 1838-1903 bonde på Lørje i Borre; Anders (brukte Prestgarden i Nykirke, sidan til Sem); Johan Fredrik 1849- til Am. ; Matea 1853- gm Olai Opsal Andersen frå Trøgstad, budde på Prestgarden i Nykirke; Karl Anton 1847- til Kr.ania; Syver 1844- smed, gm Grete Halvorsdtr. Vissestad, til Am. (860)
    Asle brukte garden østre Helland i Våle 1834-45, og kring 1845 kom han til Tveitan i Nykirke (grannegarden til Helland, men i Nykirke sokn). I 1865 var han sjølveigar på Tveitan.
   

Barn fødde i Borre: Anne Sofie 1802-1863 gm Hans Jørgen Johannesen på Røre, Kristen Andersen. (857)
    Asle og Turid gifte seg i 1778. I 1784 fekk Asle dottera Birgit (truleg død ung) med Birgit Embriksdtr. Thon.
    Asle lånte 200 rd i 1778 mot pant i halve Logsengard. Asle dreiv garden saman med broren Ola frå 1780. Dei hadde 3 laupsbol kvar.
    I 1793 selde broren Ola sin del i garden til Asle for 220 rd og slikt kår: framfødd 2 kyr og 2 småfe, 2 tunner bygg, 3 settung "kantufler" (potet), varmt hus på garden m.v. Dertil skulle Asle få overta eiga etter Ola. (1221) s 434
    Asle kom i slagsmål på eksersis-plassen ein messe-sundag i 1781. Han vart tiltala for hår-rysking og steinkast og skade på Torgeir Brattegard. Asle var ikkje særleg angrande: "Fyry e forlika me med 'n Torgeir, ska e forlikast med fantadn og Øvrigheite". Det vart framlagt ein blodig stein med hår på, men ingen hadde sett kva som skjedde. Asle vart ilagt ei bot på 2 rd 'for sine 'mistenkelige forhold'. (1396) s 34
    Asle vart oppnemnd til lagrettemann i 1782.
    I 1795 fekk systera Guri kår hjå Asle. Ho var sjuk og skrøpeleg, og skulle få bu på garden i si tid. Guri skulle sjølv sørge for seg. Om det vart att noko etter henne, så skulle Asle arve det. Så står det: "men skulle ... min broder og hustru mot formodning ... oppføre sig sålede at jeg i betraktning deraf skulle nødes til at flytte fra gården," .. så skal Asle med arvingar utlevere hennar lausøyre og dessutan 60 rd.
    Asle selde garden til Knut Larsson Lappegard Dokk i 1800 for 1495 rd og kår til bror og syster. Og så flytta heile huslyden til garden Løs i Borre, der Asle var bonde i 1801. Dei to siste barna er er fødde på Føske og Tufte-eie, det ser ut som dei har gått frå garden Løs. Truleg død i Våle før 1837. (Brev frå R. Helland)

{4138} År: 1780

Ola Endreson Logsengard Brattegardhagen 19.03. 1749-1810
Foreldre: Endre Olson Logsengard og Ambjørg Aslesdtr. Havardsgard.
Gm Åse Endresdtr. Brattegard Brattegardhagen 1765-
Foreldre: truleg Endre Asleson nedre-søre Brattegard og ... ... ... .
*Barn
1. Endre Olson Logsengard Brattegardhagen 21.05. 1797-
2. Asle Olson Brattegardhagen 10.10. 1802-1810

Ola åtte og dreiv garden saman med broren Asle frå 1780. Dei hadde tre laupsbol kvar.
    I 1793 selde Ola sin del til Asle for 220 rd og kår: framfødd 2 kyr og 3 småfer, 2 tunner stridt bygg og åkeren Stuguåkeren (som Asle skulle gjødsle og pløge, medan Ola skulle så og hauste); og dessutan 3 settung med kartoflar, og bruk av hest til og frå kyrkja.

{4139} År: 1800

Knut Larsson Lappegard Dokk 10.02. 1754-1808
Foreldre: Lars Knutson søre Lappegard (Leveld) og Guri Herbrandsdtr. søre Skrindo.

Knut gifte seg 1790 med Kari Torsdtr. Veslegard Dokk. Ho var enkje etter Olbjørn Olson Dokk.
    Knut og Kari fekk 5 barn saman. (Som står på Dokk.)
    Knut kjøpte Logsengard for 1495 rd i 1800 og flytta hit med familien.
    Knut held gardsyn i 1800. Stugu var mykje forfallen, låven og to luer i forfall; gamalt fjøs; loft og stolphus brukbart, men trong vøling; resten av husa var berre til ved. Vidare heitte det at jordvegen var utpint og skogen uthogd.
    På skiftet etter Knut i 1808 var det 1006 rd å dele. Garden vart taksert til 1500 rd.

{4140} År: 1816

Ågot Knutsdtr. Dokk Logsengard 1796-1820
Foreldre: Knut Larsson Lappegard Dokk til Settungsgard og Kari Torsdtr. Veslegard.
Gm Syver Håkonson Berg Logsengard 1787-1830
Foreldre: Håkon Olson Berg og Ragnhild Syversdtr. Mørk frå Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Håkon Syverson Logsengard 16.12. 1815-1902
Ug. Håkon vart liggande sjuk i 3 1/2 år etter at faren gjekk bort. Stemora stellte han.
    Håkon hadde kår på Logsengard saman med halvsystera Ågot.
2. Ragnhild Syversdtr. Logsengard Gåsterud 16.07. 1818-1839
G 1838 m Holge Holgeson Gåsterud, gnr. 16/1. Ho døydde av barnekopper i 1839.

Ågot og Syver gifte seg i 1815. Frå før hadde Syver dottera Margit 1810-1835 med Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet, sjå Rasmusjordet, gnr. 22/35.
    Syver kjøpte Logsengard hjå svigermora Kari Torsdtr i 1816. På skiftet etter Ågot var det 555 spd å dele. Garden var taksert for 1000 spd.
    Syver gifte seg opp att 1821 med systera hennar Ågot, sjå neste hushald.

{4141} År: 1821

Syver Håkonson Berg Logsengard 1787-1830
Foreldre: Håkon Olson Berg og Ragnhild Syversdtr. Mørk frå Hol.
Gm Kari Knutsdtr. Dokk Logsengard 30.09. 1798-1838
Foreldre: Knut Larsson Lappegard Dokk til Settungsgard og Kari Torsdtr. Veslegard.
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Syversdtr. Logsengard 08.04. 1821-1905
Ågot var døvstum frå sitt åttende år. Ho hadde kår på garden.

Syver og Kari gifte seg i 1821. Han var enkjemann etter systera til Kari, sjå førre hushald.
    På skiftet etter Syver i 1830 var buskapen 3 hestar, 8 kyr, 9 ungfe og 11 sauer. Kari vart attgift Knut Kolsrud. Sjå neste hushald.

{4142} År: 1832

Kari Knutsdtr. Dokk Logsengard 30.09. 1798-1838
Foreldre: Knut Larsson Lappegard Dokk til Settungsgard og Kari Torsdtr. Veslegard.
Gm Knut Knutson Kolsrud Logsengard 16.01. 1805-1851
Foreldre: Knut Solveson Helling Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Knutsdtr. Logsengard 05.07. 1835-1923
G 1856 m Syver Larsson Bomberud Logsengard. Sjå år 1856.
2. Kari Knutsdtr. Logsengard 15.05. 1838-1838

Kari vart attgift 1832 med Knut. Kari døydde i barselseng i 1838, og Knut vart attgift med Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.

{4143} År: 1840c

Knut Knutson Kolsrud Logsengard 16.01. 1805-1851
Foreldre: Knut Solveson Helling Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.
Gm Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll Logsengard Lofthus 28.06. 1812-1883
Foreldre: Sander Halvorson Ovavoll og Kari Olsdtr. Pålsgard, Hol.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Knutson Logsengard 14.03. 1841-
Knut Knutson skulle busette seg i Tørvestad ved Vignes koparverk. Eller var han død før 1851?
2. Haldis Knutsdtr. Logsengard Kaslegard 02.03. 1843-1926
G 1862 m Botolv Arneson Arnegard Kaslegard. G 1873 m Torstein Ivarson Kjellargardsgjøta Kaslegard, gnr. 80/2.
3. Kari Knutsdtr. Logsengard Medhus 27.12. 1845-1887
G 1872 m Sander Olson Medhus. Barn: Knut "Sanders"1872- ; Ola .... gm ... ... (6 døttre), busett i Day Co. SD; Celia ....- gm Ben Skorheim, Kimberley, BC (2 barn); Nellie død ung, Clara død ung.
    Kari og Sander reiste til Am. 1874 med "Harald Hårfagre". Busett i Dakota.
4. Sander Knutson Logsengard Lofthus 21.08. 1848-1937
G 1873 m Margit Olsdtr. Bjella. Barn: Knut 1873- ; Rønnaug 1875- til Mountain View, Washington, gm Nils Nilsson Mørk frå Hol (5 barn); Ola 1878-1881; Lars 1881-1891; Ola 1884- død i like etter at dei kom til Am.; Turid 1887-1981 gm Jon Jonsen ... ; Sander 1890-1891; Lars 1892-1893.
    Sjå nedre Gurigard, gnr. 63/3. Sander og Margit reiste til Am. 1893: ND. (Sjå slektsheftet "Pioneren" av Knut Sanders (ein systerson); Hallingen h 73 s 57; Hol IV s 88; A. Møller: "Utvandreren Turi".)
5. Knut Knutson Logsengard Lofthus 02.11. 1851-1930
G 1884 m Sissel Larsdtr. søre Thon. Sjå Lofthus, gnr. 79/1.

Knut vart attgift med Rønnaug i 1840. Rønnaug vart attgift med Lars Aslakson Vesledal Lofthus.

{4144} År: 1851


Enkja Rønnaug frå førre hushald fekk utlagt garden for 620 spd og kår.
    Rønnaug gifte seg opp att med Lars Aslakson Vesledal i 1855. Dei måtte gå frå garden etter stevning frå den odelsberettiga Kari Knutsdatter. Sjå neste hushald.
    Sjå meir om Rønnaug og Lars på Lofthus.

{4145} År: 1856

Kari Knutsdtr. Logsengard 05.07. 1835-1923
Foreldre: Knut Knutson Kolsrud Logsengard og Kari Knutsdtr. Logsengard.
Gm Syver Larsson Bomberud Logsengard 26.10. 1818-1886
Foreldre: Lars Mikkelson Bomberud og Anne Syversdtr. Skjerping.
*Barn
1. Anne Syversdtr. Logsengard Ransedokken 14.07. 1857-1922
G 1888 m Svein Eivindson Sundbrei Medhus Gjermundshaugen (Hol). Han vart sjuk. Anne selde Gjermundshaugen i 1894.
    G 1905 m Ola Hansson Klemma Ransedokken. Ingen barn.
2. Knut Syverson Logsengard 19.07. 1859-1938
Gm Mari Eiriksdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.
3. Lars Syverson Logsengard 06.03. 1862-1938
G 1892 m Mari Tolleivsdtr. Bjella. Sjå nordre Helling, gnr. 106/1. Til Risengen i Lier i 1911.
4. Syver Syverson Logsengard 08.01. 1865-1865
5. Syver Syverson Logsengard Luksengard 28.01. 1866-1952
G 1899 m Liv Olsdtr. Vestenfor. Skyss-stasjon på Sundre. Sjå eige hushald.
6. Kari Syversdtr. Logsengard Slåtten 18.07. 1868-1951
G 1911 m Nils Botolvson Baklien Slåtten, sjå Gjeldokkslåtta, gnr. 105/6.
7. Knut Syverson Logsengard 11.07. 1871-1873
8. Haldis Syversdtr. Logsengard Håheim 14.01. 1874-1973
G 1897 m Ola Olson øvre Håheim, gnr. 72/1.
9. Anne Syversdtr. Logsengard Stølsdokken 07.06. 1877-1915
G 1906 m Ola Knutson Stølsdokken i Gol. Ingen barn.
    Anne fekk ei dotter Guri med Ola Olson Holedokken, men dei fekk ikkje gifte seg. Sjå barnebarn.
    Ola Olson reiste til Amerika i 1904.
*Barnebarn
1. Guri Olsdtr. Logsengard Bråten 03.05. 1901-1955
G 1920 Hønefoss m Knut Larsson Bråten, sjå Bråten, gnr. 110/44.
    Foreldre: Ola Olson Holedokken (ungkar) og Anne Syversdtr. Logsengard.

Kari tok garden på odel i 1856. Same året vart Syver og Kari gifte.
    Kari var ei sterk og rødig kjering. Ein gong bar ho ein kløvkagge (40- 50 kg ) med mjølk dei bratte kleivene ned frå heimstølen, og endåtil hadde ho eit lite barn på armen.
    Syver dreiv med muring og vegarbeid i Hardanger i unge år. Han var ein av dei fyrste som tok til å reinske åkrane for grovstein. Dei steinane som sprang sund ved brenning, vart brende på gamlemåten. (Fyrsetning.) Dei andre vart sprengde med krutt. Mindre steinar kunne også gravast ned i eit hol i åkeren.
    Andre folk busett på garden i 1865: kårfolka Håkon Syverson og Ågot Syversdatter, (sjå år 1816 og 1821) og indersten Anne Larsdtr.
    Syver snikkerte m.a. eit skatoll som er kome til museet på Nesbyen.

{4146} År: 1886

Knut Syverson Logsengard 19.07. 1859-1938
Foreldre: Syver Larsson Bomberud Logsengard og Kari Knutsdtr. Logsengard.
Gm Mari Eiriksdtr. Ødelien Logsengard 07.05. 1863-1930
Foreldre: Eirik Botolvson søre Ødelien og Gro Olsdtr. Arnegardshagen.
*Barn
1. Syver Knutson Logsengard 07.04. 1889-1965
G 1911 m Birgit Knutsdtr. Holde Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Kari Knutsdtr. Logsengard 26.06. 1891-1959
Ugift. Kari var tenestjente, ei tid i tenest 'nedpå bygdo', ei tid hjå Syver Logsengard på Sundre. Ho budde på Sundre.
3. Gro Knutsdtr. Logsengard Lislelien 09.01. 1894-1932
G 1923 m Knut Olson Arnegard, sjå Lislelien, gnr. 71/5.
4. Eirik Knutson Logsengard 19.09. 1895-1906
Blindtarm.
5. Lars Knutson Logsengard 15.08. 1897-1986
G 1923 m Guri Olsdtr. Hestebrekk. Sjå bnr. 2 Fjellheim.
6. Knut Knutson Logsengard Slåtta 17.07. 1899-1977
G 1935 m Margit Sevatsdtr. Gurigard. Sjå Slåtta, gnr. 105/6.
7. Tolleiv Knutson Logsengard 26.10. 1901-1986
Tolleiv var tenestgut i nordre Skarsgard i mange år. Noko oppe i åra gifte han seg med Kari Hagen frå Røn i Vestre Slidre. Ingen barn. Dei dreiv heimegarden hennar. Død 1986 i Vestre Slidre.
8. Gunhild Knutsdtr. Logsengard Kolsrud 01.03. 1904-1988
Gm Nils Kolsrud, Hokksund. Ingen barn. Dei dreiv garden Homlebekk på Hokksund.

Knut og Mari gifte seg i 1886. Dei dyrka ein del jord.
    Knut og Mari havna i kvar sin leir i målstriden. Det fortelst frå den dagen det skulle vera skulemåls-røysting i bygda. For å få dobbelt utslag med stemma si hadde Kari gøymt bort finbuksa hans Knut før ho reiste. Han kunne ikkje reise på røystinga i arbeidskleda, og buksa vart ikkje attfunnen før lokalet var stengt.