Syverhaugen gnr. 82 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Syverhaugen gnr. 82 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Syverhaugen eller Loksengardeie var eit lite bygselbruk under Logsengard. Det låg truleg nær noverande Fjellheim bnr. 2.
    Ingen av dei tidlege folketeljingane har nokon husmann under Logsengard. Den fyrste bygslinga skal vera frå 1860. Plassen er truleg nedlagt kring 1904.
{4150} År: 1860
Syver Helgeson Strand Logsengardeie 1815-1898
Foreldre: Helge Torson SyStrønd eller Strand og Marit Syversdtr. Nes i N-Aurdal. (1046)
Gm Haldis Aslesdtr. Hovdegard Logsengardeie 03.09. 1827-1904
Foreldre: Asle Olson Hovdegard og Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard.
*Barn
1. Ola Syverson Logsengardeie 1854-
Født på Ringerike. I 1875 var Ola handelskar og dagarbeidar. I 1898 budde han i Romsdal.
    Det var familie tradisjon om at Ola vart borte med ein fiskarbåt i Nordsjøen.
2. Margit Syversdtr. Hovdegard Logsengardeie 18.10. 1855-
I 1878 fekk Margit utflyttingsattest til Hole. Margit reiste til Amerika med systera i 1880, ho vende tilbake til heimlandet og budde på Ringerike i 1898.
3. Kristi Syversdtr. Logsengardeie 11.03. 1858-
Kristi vart kalla Christina i Amerika.
4. Guri Syversdtr. Logsengardeie Martin 20.04. 1860-1943
Gm John Martin, Georgia 1847-1915. Barn: Linton 1884- ; Irving 1889-1955; Pearl 1892-1976; Kate 1894- ; Cordelia 1898- .
    Guri kom til Amerika 1880 på seglskuta Angelo saman med systera Margit. Julia vart ho kalla der borte. Ho arbeidde hjå ein prominent advokat i Osage som gjorde henne gravid. Advokaten betalte henne for å gifte seg med John, ein farga vedlikehaldsmann. Barnet var dødfødt, men Julia og John held saman sjølv om blandings-ekteskap på den tid vart sett ned på. Dei budde i Mitchell county i 1900. (epost Dave McPhail)
5. Helge Syverson Logsengardeie Severson 02.02. 1864-
Gm Annie ...., Iowa 1878-.... . Barn: Irene 1905- ; Grace 1907- ; Harold 1908-1980.
    Helge reiste til Amerika i 1883, han endra namnet til Henry Severson.
    Henry farma i Douglas Co ei tid. Busett i Osage, Mitchell Co, Iowa.
6. Kristi Syversdtr. Logsengardeie Hultman 26.01. 1866-1950
G 1889 m August Monsson Hultman 1865-1933. (Frå Hesleholm, Sverige.)
    Barn: Cordelia 1891-1976 ugift; Albert 1893-1982 farmar, gm Hazel Voaklander (2 barn); Martin 1894-1979 gm Julia Gunderson (1 barn), gm Annie Amelia ...; Arnie/Arnold 1897-1985 farmar, gm Helen Voaklander; Bessie (Gunhild?)1899-1979 gm Orton Schuchart (2 barn), gm Albert Johnson; August jr. 1902-1969 ugift; Violet 1904-1996 gm Ross Decker (1 barn); Viola 1904-2004 g 1924 m Lynn McPhail (... barn), g 1941 m Irving J. Peterson; Galen 1907-1966 ugift; Helen 1911-1986 lærar, gm Claude Culbertson. (e-post J. Marler og Dave McPhail)
    Kristi endra namnet til Carrie Severson då ho kom til Amerika i 1883. Sidan vart ho gift Hultman. Dei farma ved Little Cedar, Mitchell Co i Iowa.
7. Knut Syverson Logsengardeie Severson 03.05. 1868-1924
Utvandra til Amerika i 1882. Busett i Osage, Mitchell Co, Iowa. Han skreiv seg Carl Severson.
    Knut var tømmerhoggar. Ugift.
8. Asle Syverson Logsengardeie Severson 23.02. 1871-1916
Asle endra namnet til Osley eller Asla Severson. Busett i Osage, Mitchell Co, Iowa. Ugift tømmerhoggar. Asle omkom ved ei arbeidsulykke på eit sagbruk i Wisconsin.
9. Gunhild Syversdtr. Logsengardeie 24.05. 1876-1949
Ugift. Barn m Ola Olson Toresgard: Ola 1899- ; Haldis 1899- . Barn m Svein Olson Arnegard: Sigurd 1913-1997. Sjå barnebarn.
    Gunhild budde i Logsengardeie saman med mora i 1900 og i 1904.
    Gunhild fekk seg symaskin og dreiv med sying og spinning. Ho hadde eit spenstig gangelag og gjekk mykje. Gunhild budde i Slåtteroen i Torpo siste åra.
*Barnebarn
1. Haldis Olsdtr. Logsengardeie Søndrol 10.02. 1899-
Gm Eirik Guttormson Søndrol, Hol. Barn: Gudrun Marie 1925- gm Håkon C. Hansen. (Dei overtok søre Sindrol i 1965.)
    Foreldre: Ola Olson Toregard m/Gunhild Syversdtr. Logsengardeie.
2. Ola Olson Logsengardeie Nordheim 10.02. 1899-1937
Gm Birgit Halvorsdtr. Håvelmoen, Gol. Sjå Nordheim, gnr. 92/14.
    Foreldre: Ola Olson Toresgard (ungkar) og Gunhild Syversdtr. Logsengardhaugen.
3. Sigurd Sveinson Logsengardeie 18.03. 1913-1997
Død på Ringerike. Truleg gm Ågot Johanne Ruth ... 1911-1997.
    Foreldre: Svein Olson Arnegard m Gunhild Syversdtr. Logsengardseie.
Haldis og Syver er truleg gifte på Ringerike kring 1850. Syver bygsla plassen Logsengardseie hjå Syver Larsson i 1860.
    Dei fleste av ungane reiste til Amerika. 'Ein gut var gjætar i søre Thon og vart verande der'. Ei gamal stugu vart flutt frå Logsengard og til Logsengard-eie.
    I 1900 var Haldis husmannsenkje under Logsengard. 'Ernæres ved fattigunderstøttelse'.