Settungsgardhaugen gnr. 83 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Settungsgardhaugen gnr. 83 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Settungsgard eller mest vanleg Settungsgardhaugen er bygd nær den tidlegare husmannsplassen Bjørøyhaugen. I 1767 vart plassen kalla Nilseplassen, truleg grunna Nils Guttormson Settungsgard. (1194) s 144b
    Det er enno spor etter husmannstunet. Den fyrste stugu var inngrave i jordbakken, det er spor etter peisen i hjørnet. Fjøset var av stein, no nedrasa, fjøset vart ordna på og nytta til grisegarde om sumrane.
    Nedre Settungsgard vart frådelt hovudbølet i 1909 med 2 1/2 laupsbol. I 1950 vart det tilkjøpt fiskerett og stølsrett.
    Nokre stadnamn: Sluskeåkeren (vart dyrka av ein omfarande kar, tidleg i 1920-åra), Bjørahaugen (husmannsplassen), Settungsgardfeten (heimstøl med tufter og hytte), Veslestølen (heimstøl).
    Areal 1995: dyrka jord 21 mål, anna areal 34 mål som vert leigd bort, produktiv skog 147 mål, anna utmark 30 mål.
    Våningshus bygt 1909, driftsbygning omkr. 1965.
    Stølar: Heimstølar Veslestølen og Settungsgardfeten. Langstøl på Skard.
   

{4173} År: 1750c

Alf Sevatson Thon Settungsgardhaugen 1735c-1763
Foreldre: Sevat ...

Alf Sevatson var soldat og budde 1758 på Settungsgard, truleg på husmannsplassen. I 1763 var han på Håheim. Alf var ukonfirmert.
    Med enkja Sigrid Eivindsdtr ... fekk han dottera: Birgit 1758- . Faddrar 1758: Asle Gudbrandsgard, Tolleiv Tolleivson Sundre, Sissel Håheim, Gro Knutsdtr. Prestgarden, Gunhild Bjørnsdtr. Prestgarden.
    Det gjekk gale med Alf. Ein laurdagskveld før jul i 1763 Dei var Alf og Syver Storliøyen på heimveg frå Valdres. Då dei kom til Øyen, la Syver seg til å sova, drukken og sliten som han var, medan Alf skulle reise vidare med hesten til Syver. Dei hadde avtala heste-byte. Då Alf var reiseklar, hadde Syver sovna og kona hans viste ikkje kvar hesten var. Då kasta Alf beikselet inn i skorsteinen og henta bajonetten. Alf slo etter kona med bajonetten slik at ho skreik etter hjelp.
    Då grannane kom til, roa han seg og hestebytet vart gjort om att etter ynskje frå kona. Alf stod deretter ved skorsteinen og sa: "Er eg no forlatt av alle?" Tomas Trillhus svara "Jo", og grannane la til:"Er du forlatt av Tomas, er du forlatt av alle!"
    Då hogde Alf til Tomas Trillhus så blodet rann. Alf truga og fekta med bajonetten mot dei andre som var i stugu på Øyen. "Eg skal hogge og "afæxe" og legge i haug kvart einaste lik". (=afæxe, dvs. 'intet nyttigt tilbake etterpå')
    I slagsmålet som fylgde, fekk Alf eit slag i panna med bol-øks av Tomas. Alf bad då om at dei skulle binde han fast på hesteryggen, men folk meinte det var ikkje trygt. Skulle han døy på heimvegen fekk Tomas skulda, vart det sagt. Då sa Alf at det heile var hans eigen skuld. Alf døydde 3 dagar seinare. (1305) s 30..36

{4174} År: 1853

Ola Herbrandson Bjørøyen Settungsgard 24.05. 1808-1875
Foreldre: Herbrand Olson øvre Bjørøyen og Ingeborg Olsdtr. Sveinsgarden.
Gm Kari Olsdtr. Sveingard Gåsterud 08.10. 1816-1835
Foreldre: Ola Nilson Krosshaug Sveinsgarden og Margit Olsdtr. Sveinsgard.
Gm Gunhild Aslesdtr. Gudbrandsgard Settungsgardseie 14.12. 1814-1870
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og Guri Knutsdtr. Dokk Settungsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingeborg Olsdtr. Gåsterud 14.04. 1835-1839
Barnekopper.
*Barn i andre ekteskap
1. Herbrand Olson Settungsgardseie 30.12. 1839-1909
G 1869 m Guri Olsdtr. Hovdegard. Barn: Ola 1868, Gunhild, Guri, Ola, Embrik 1876. Herbrand reiste aleine til Am. 1877: La Crosse, Wisc. Denne familien forsvann mellom FT 1875 og 1891.
2. Kari Olsdtr. Settungsgardseie 25.11. 1841-
Truleg gm Martin Karlsen, Norderhov 1842- . Barn: Anders 1867- ; ...
    Kari flytta til ekteskap i Odalen. I 1875 var ho ugift inderst i Settungsgardseie, levebrød var spinning og saum. Martin var husmann utan jord / jordarbeidar på plass under Bekkeløkken i Norderhov i 1900.
3. Guri Olsdtr. Settungsgardseie 23.12. 1844-1847
4. Sevat Olson Settungsgardseie 18.01. 1848-
G 1874 Østre Aker m Kari Knutsdtr. Roe frå Gol. Barn: Sevat 1883- ; Ingeborg 1887- ; Anna 1890- ; Helga 1891- ;
    Sevat flutte til Østre Aker i 1875 for å gifte seg. Han var "kreaturholder" på Fjellhus i Østre Aker i 1900. (1076)
    Sevat Olson Bjørøyhaugen gav eit legat på 500 kr 1910. Det skulle gå til folkeskulen i søre Vats samt til oppbyggelege juletrefestar.
5. Ola Olson Settungsgardseie Snaketangen 15.05. 1850-
Gm Karen Kristiansdtr. ... , Tyristrand. I 1900 var Ola sjølveigar og busett på Snaketangen i Hole. (1232)
6. Guri Olsdtr. Settungsgardseie 09.11. 1853-
Guri var busett i Norderhov i 1875.
7. Ingeborg Olsdtr. Settungsgardseie Ingvalson 12.07. 1856-1937
G 1877 m arbeidar Peder Ingvaldsen Moeseige på Jevnaker 1857-1916. Barn: Olaf i Minneapolis 1937; Ingmar i Highland Park, Michigan; William 1900-1975 jarnbanearbeidar, Fornfelt, Missouri; ... ....- gm Ed Schuldt, Montevideo, MN; ... ....- gm Don Paulson, Minneapolis; ... ....- gm Jake Hammer, Milbank, SD;... ....- gm Frere Clark, Minneapolis; ... ....- gm Emil Rhoades; ... ....- gm Selmer Quammen; ... ....- gm Irving Myhre, Montevideo, MN; Leonard ....-1928; ... ....-1936 gm S.B. Daniels. .
    Ingeborg budde på Jevnaker i 1875. Til Am. i 1882. Budde i Montevideo (Chippewa County) MN. (J. Marler)
8. Anne Olsdtr. Settungsgardseie 26.01. 1859-
Anne budde på Hadeland i 1875, - 1876 på Jevnaker.

Ola og Kari gifte seg i 1835. Kari fødde ei dotter, fekk deretter nervefeber og døydde 14 dagar etterpå. ('Denne sygdom herjer nu i Siregaardene'.)
    På skiftet etter Kari i 1839 sa Ola at han hadde kome bort i ein uheldig timrehandel, og hadde difor måtta levere det meste av lausøyret til kreditorane.
    Ola vart attgift 1839 med Gunhild. Ola var inderst i Gåsterud 1839, Gudbrandsgard 1841c, Brattegard, Øylislåtta. Til Settungsgardeie kom han kring 1853. Etter Ola vart garden kalla Bjørøy-haugen.

{4175} År: 1869c

Herbrand Olson Settungsgardseie 30.12. 1839-1909
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen Settungsgards-eie og Gunhild Aslesdtr. Gudbrandsgard.
Gm Guri Olsdtr. Hovdegard Settungsgardseie 02.10. 1840-1917
Foreldre: landevernsoldat Ola Embrikson Hovdegard med Guri Aslesdtr. Hovdegard.
*Barn
1. Ola Herbrandson Settungsgardseie Settingsgard 06.08. 1868-1936
G 1895 m Marie Moe 1876-1975. Barn: Gena ....-1970 gm Herman O. Dahl (1 barn); George 1899-1984 g 1920 m Theoline Staven (2 barn); Esther 1904-1984 lærar i Simi valley, California, gm John Stevenson (2 barn); Oliver g 1940 m Dorothy Ford ( 1barn);
    Til Am. 1878: Coon Valley, Wisconsin. Sidan setla han ved Edmore, ND. Mor til Marie Moe var 'Guri Brye'. (J. Marler)
2. Gunhild Herbrandsdtr. Settungsgardseie 23.06. 1871-
Til Am. i 1878.
3. Guri Herbrandsdtr. Settungsgardseie 12.12. 1872-
Til Am. i 1878.
4. Ola Herbrandson Settungsgardseie 23.08. 1874-1951
Gm ... ... . Barn: Pearl Odelia 1898-1985 gm Henry Gilbert Engen (2 barn).
    Til Am 1878: ... . Ola var bestefar til mannen ... til Patricia Engen, (801)
5. Embrik Herbrandson Settungsgardseie Settingsgard 04.05. 1876-
Embrik tok homestead i McKenzie Co, ND i 1909.

Ola og Guri gifte seg 1869. I FT 1875 budde Guri og ungane saman med Kari Olsdatter, dvs. syster til Herbrand. Herbrand sjølv var fråverande i Nes då teljinga var.
    Herbrand reiste aleine til Am. 1877: La Crosse, Wisc. Busett i Coon Valley, Wisconsin. Ungane reiste i 1878. Herbrand tok del i noko debatt i Lutheran church i Coon valley i 1892.

{4176} År: 1880c

Olbjørn Asleson Hovdegard Settungsgard 17.10. 1825-
Foreldre: Asle Olson Hovdegard og Kristi Olbjørnsdtr. Kaslegard.
Gm Ambjørg Olsdtr. Sata Langegard 02.10. 1818-1887
Foreldre: Ola Bjørnson Sata og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Kristi Olbjørnsdtr. Langegard Kjellargard 31.12. 1858-1936
G 1888 m Lars Olson Kjellargard. Barn: Anna 1888-1976 gm Carl Sorensen (6 barn); Olive 1890-1950 gm P.W. Danielson (3 barn); Amanda 1892-1979 gm Harold B. Iverson (4 barn); Oscar 1894-1988 gm Verna Russel Johnston (ingen barn); Marie 1897-1984 gm Swen Danielson (5 barn); Louise 1903-1984 gm Ole Alfred Hanson (3 barn). (1021) (1739) (1756)
    Til Am. i 1883: Hector, MN.
2. Ola Olbjørnson Langegard Hestebrekk 07.08. 1860-1932
G 1897 m Kari Torjusdtr. Brattegardshagen. Sjå Hestebrekk, gnr. 32/33.
3. Mari Olbjørnsdtr. Langegard 07.04. 1863-1864

Olbjørn og Ambjørg gifte seg i 1858. Ambjørg var enkje etter Eirik Embrikson Langegard.
    Olbjørn og Ambjørg budde ymse stader, på Settungsgardseie i 1885.