Brattegard, øvre gnr. 84 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brattegard, øvre gnr. 84 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Brattegard vart delt i øvre og nedre garden i 1629. Men alt i 1615 var 'nedre Brattegard' nemnt, kanskje var garden delt tidlegare og så vore samla nokre år. T.d. I 1624 vart garden Brattegard rekna for å vera 12 laupsbol. Sjå innleiinga på nedre Brattegard, bnr. 1.
    Øvre Brattegard vart skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol, dvs. det same som nedre Brattegard. Garden har namnet etter lendet, bratte bakkar var gode åkrar i gamal tid. Øvre Brattegard grensar mot Dusegard i vest og mot Vatsfjorden i sør, og mot nedre Brattegard i aust.
    Brattegard hadde slipe i Dusa saman med fleire gardar.
    Frådelte bruk og plassar: Slåtta bnr. 4 og Hagen bnr. 5.
    Nokre stadnamn: Ivarsholle, Dalflåte (slette med tufter og slaggfunn), Robbidn, Smiuklone (åker), Snebakkadn, Torgeiråkeren, Lendudn (åkrar).
    Areal 1865: dyrka jord 13 3/4 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 26 mål. Avling 9 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 32 mål, anna areal 14 mål, produktiv skog 80 mål, anna utmark 178 mål. Buskap 49 vinterfôra sauer. Våningshus bygt 1921, påbygt 1972, driftsbygning 1913, ombygd 1989.
    Stølar. Heimstøl på Sørestølen ovanfor garden, tidlegare også Nordrestølen. Langstøl er på Hesthovdstølen.
   

{4213} År: 1775c

Anne Aslesdtr. Brattegard Brattegard 1729-
Foreldre: Asle Guttormson nedre Brattegard og Liv Endresdtr. Skarsgard.
Gm Torgeir Knutson Arnegard Brattegardslåtta 1743-
Foreldre: Knut ... Arnegard og ...

Anne vart attgift med soldaten Torgeir Knutson.
    Torgeir vart skadd i slagsmål med Asle Logsengard. Dei slost på eksersis-plassen etter messa ein sundag i 1781. Det vart funne ein blodig stein med hår på som Asle hadde brukt. 'Man maa undres over at slaget af denne Steen iche ganske borttog næsen' av Torgeir, vart det sagt.
    Anne og Torgeir brukte Brattegard fram til 1783 då sonen til Anne kjøpte garden.
    Anne og Torgeir overtok då plassen Torbjørnslåtta, sjå Brattegardslåtta, bnr. 4.

{4214} År: 1783


I 1783 kjøpte Ola Syverson (sjå år 1745) Brattegard, og gav kår til mora og stefaren. Same året makeskifte Ola garden med Ola Sevatson Turkarstad og fekk Turkarstad og 240 rd i mellomlag.
    Ola Sevatson selde Brattegard vidare til Eirik Olson i 1791.

{4215} År: 1791

Eirik Olson Kyrkjedeld Brattegard 22.01. 1756-1826
Foreldre: Ola Syverson Lappegard Løkengen og Sissel Torsdtr. Håheim.
Gm Birgit Sevatsdtr. Settungsgard Brattegard 25.07. 1756-1831
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Sissel Eiriksdtr. Brattegard Haugo 1791-1876
Barn: Ola 1815- sjå barnebarn.
    G 1826 m Torkjell Syverson Glomsletten Tveito. ("Torkjell Hest") Sjå Haugo, gnr. 12/14.
2. Ola Eirikson Brattegard 06.10. 1793-1837
G 1822 m Ingeborg Olsdtr. Tistilsgard. Sjå neste hushald.
3. Gunhild Eiriksdtr. Brattegard Ødelien 1795-1885
G 1816 m enkjemann Botolv Syverson Ødelien.
4. Sevat Eirikson Brattegard Gudbrandsgard 1797-1847
G 1823 m Birgit Olsdtr. Tullegard. Dei budde i Gudbrandsgard, sjå Veslegardjøta.
5. Ola Eirikson Brattegard 1800-1802
*Barnebarn
1. Ola Hermundson Brattegard 28.04. 1815-
Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.

Eirik og Birgit budde i Løkengen i Votndalen før dei i 1791 kjøpte Brattegard for 398 rd og kår til Ola Sevatson Brattegard. Dei lånte 180 rd 1792.
    Eirik bygde ny stugu. I 1802 bygsla dei bort plassen Hagen eller Åsehagen til Ola Endreson og kona Åse. (Brattegardhagen)

{4216} År: 1822

Ola Eirikson Brattegard 06.10. 1793-1837
Foreldre: Eirik Olson Løkensgard Brattegard og Birgit Sevatsdtr. Settungsgard.
Gm Ingeborg Olsdtr. Tistilsgard Brattegard 20.07. 1794-1883
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Eirik Olson Brattegard 28.07. 1823-1861
Ug. Eirik budde på Lofthus. Han var ein fattig arbeidsmann.
2. Ola Olson Brattegard Toresgard 16.05. 1826-1887
Ug. Ola budde på Toresgard i 1887.
3. Birgit Olsdtr. Brattegard 08.11. 1828-1828
4. Haldis Olsdtr. Brattegard 08.11. 1828-1828
5. Guri Olsdtr. Brattegard 08.11. 1828-1828
6. Birgit Olsdtr. Brattegard Sletto 08.11. 1829-1872
G 1871 m Eirik Eirikson Holterudningen Sletto.
7. Haldis Olsdtr. Brattegard Torkjellsmoen 05.10. 1835-1926
G 1859 m Syver Syverson Tistilsgard Torkjellsmoen.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1822. I 1828 fekk dei trillingar, ingen levde opp, men dei vart døypte heime.
    Ola sat i stor gjeld då han gjekk bort 1837. Ingeborg fekk utlagt garden, men greidde ikkje å svara rentene. I 1840 vart garden selt på auksjon for 546 spd til Lars Syverson Skarsgard Brattegard. Ingeborg døydde hjå sonen Ola på Toresgard i 1883.

{4217} År: 1840

Lars Syverson Skarsgardhagen Brattegard ...04. 1800-1888
Foreldre: Syver Larsson Skarsgard og Åse Olsdtr. Sveinhaug. G 1840 m Kari Persdtr. Brattegard.

Lars Syverson Skarsgard i nedre Brattegard kjøpte øvre Brattegard på auksjon i 1840. (Han delte og selde nedre Brattegard samstundes. Sjå meir om familien på gnr. 84/1.)
    I 1845 selde Lars ein støl kalla Furuodden til Hermann Olson mot 60 skilling i årleg avgift. Hermann fråfall ein skogsrett i Brattegard som han hadde frå ei kontrakt av 1783.
    Lars og Kari selde garden 1856 for 500 spd og kår. Dei held attende plassen Brattegardhagen bnr. 5.

{4218} År: 1856


Knut Larsson Trintrud Gullhagen f. 1826 kjøpte Brattegard i 1856. Han kjøpte Brattegardhagen neste år, og så selde han garden 1857 til Ola Olson.

{4219} År: 1857

Ola Olson Arnegardshagen Brattegard 07.01. 1827-1900
Foreldre: Ola Tolleivson Arnegardshagen og Unn Olsdtr. Arnegardsplass.
Gm Haldis Eiriksdtr. Toresgard Brattegard 02.05. 1829-1911
Foreldre: Eirik Olson Tistilsgard Toresgard og Birgit Olsdtr. søre Berg.
*Barn
1. Ola Olson Brattegard 06.03. 1857-1876
Ola døydde 19 år gamal.
2. Kari Olsdtr. Brattegard 29.05. 1859-1874
Kari døydde 14 år gamal.
3. Eirik Olson Brattegard 24.09. 1863-1925
G 1891 m Margit Guttormsdtr. Toteigen. Sjå neste hushald.
4. Birgit Olsdtr. Brattegard 03.06. 1866-1867
5. Tolleiv Olson Brattegard 07.06. 1869-1946
G 1898 m Ambjørg Olsdtr. Huus. Telegrafist /stasjonsmester. Sjå eige hushald under jarnbanen.

Ola og Haldis gifte seg i 1856. Han var lottebrukar i Hovdegard i 1857. Til Brattegard i 1859. Det vart stritt med kårhaldet på garden. Ola O. Ellingsgard fortalte at dette kåret var så stort at det tok omlag halve utkoma av garden.
    Ola delte frå Brattegardshagen i 1877, og Hesthovdstølen i 1882. Men sonen Eirik greidde å få kjøpt attende stølen. Husa var stugu, to buer, to stallar, låve og fjøs.

{4220} År: 1891

Eirik Olson Brattegard 24.09. 1863-1925
Foreldre: Ola Olson Brattegard og Haldis Eiriksdtr. Toresgard.
Gm Margit Guttormsdtr. Toeie Brattegard 02.12. 1856-1934
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard Toeie (Toteigen) og Margit Olsdtr. Holo Hovdegard.
*Barn
1. Haldis Eiriksdtr. Brattegard Myro 16.03. 1892-1943
Gm Syver Sveinson Myro, Hol. Sjå Stavejordet, gnr. 114/7.
2. Ola Eirikson Brattegard 06.02. 1893-1977
G 1923 m Guri Oleivsdtr. Lappegard/Oleivsgard. Sjå neste hushald.
3. Torleiv Eirikson Brattegard 13.12. 1899-1994
G 1940 m Magnhild Haug. Snikkar. Sjå eige hushald.

Eirik og Margit gifte seg 1891. Eirik kjøpte garden av foreldra av foreldra for 2000 kr og kår. Ei tid var det også kårytingar til gamlingane i Brattegardhagen.
    Eirik var landpostbud mellom Sundre og Vats i 20 år, men så fekk han vatn i kneet. Eirik køyrde sidan posten til Nordbygdane. Han var varaordførar ei tid. (sjå Ål II s 299)
    I travlaste slåtten fekk Eirik ordna det slik at gardsfolket møtte opp med mat til han nedst i jordet då han kom heim att etter postrunden. Så slapp han bruke tid på å gå opp dei bratte bakkane for å eta før han kunne ta til med fôrarbeidet.
    Eirik bygde fjøs og stallar, han grunnbraut jord og sprengde bort grovstein.