Slåtta gnr. 84 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Slåtta gnr. 84 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Brattegardslåtta eller Torbjørnslåtta var husmannsplass under øvre Brattegard. Bruket grensar mot Vatsfjorden i sør, mot Dusegard i vest og mot nordistugu Brattegard i aust.
    I 1783 vart Slåtta brukt som kårbruk under Brattegard. Og frå 1828 var Slåtta selt som eige bruk. Frådelinga fann stad i 1877. Til bruket høyrde ein skogrem i vestlien, ein heimstøl ovanfor garden, storrslått i skogremmen m.m.
    Namnet Torbjørnslåtta gjekk etterkvart or bruk. No heiter det Slåtta eller Brattegardslåtta.
    Areal 1865: dyrka jord 6 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 4 mål. Avling 3 3/4 tunne bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål som vert leigd bort, anna areal 15 mål, anna utmark 140 mål.
    Våningshus bygt omkring 1855, nyare våningshus frå omkring 1928, driftsbygning omkring 1930, noko ombygd.
    Stølar. Heimstøl Furuodden i Vestlien. Langstølen Skard vart tilkjøpt frå Logsengard i 1941.
   
{4225} År: 1783
Torgeir Knutson Arnegard Brattegardslåtta 1743-
Foreldre: Knut ... Arnegard og ...
Gm enkje Anne Aslesdtr. ... Brattegard.
Sjå øvre Brattegard år 1775. Torgeir og Anne gjorde slik kåravtale med sonen til Anne, Ola Syverson.
    På livstid skulle dei få bruke: Torbjørnsslåtta (frå elva like opp på Kristofferhaugen og sør til ein jordfast stein med tre hakk i); ein skogrem vestanfor almannvegen; 2 mål åker til bruk i 4 år; bruk av hest til kyrkje fire dagar om året, vår og haust, og dessutan til pløging; løyve til å rydde seg støl (på aust- eller vest-sida); hjelp og friheit til å fiske saman med dei andre i 'Strande-fjorden'. (Må vera 'Vats-fjorden'!)
    Torgeir pantsette Torbjørnslåtta i 1783 for 30 rd.
{4226} År: 1783.
Ola Syverson Brattegard Turkarstad 17.10. 1756-1816
Foreldre: Syver Olson øvre Brattegard og Anne Aslesdtr. nedre Brattegard.
Gm Guri Ivarsdtr. Dokk Turkarstad 01.01. 1757-1827
Foreldre: Ivar Olson Ellingsgard Dokk og enkje Torand Knutsdtr. Espegard Dokk.
Då Ola Syverson makeskifta øvre Brattegard mot Arnegard (Turkarstad) i 1783, held han attende plassen Torbjørnslåtta som kår på livstid for mora og stefaren.
    Husa i Slåtta var då to gamle hus. Det er truleg at ein av husmennene Ola eller Asle Guttormson, som var på Brattegard i 1762, budde i Slåtta.
    Etter mora og stefar si levetid skulle kåret falle attende til Ola Syverson, medan 2 mål åker skulle falle attende til garden.
    Sjå meir om denne familien på Turkarstad, gnr. 91/2. Truleg kom Ola og Guri til Brattegardslåtta som kårfolk kring 1806 då dottera Torand overtok Turkarstad. Både Ola og Guri er død som 'Slåtten'. Guri Ivarsdtr. selde bruket til Elling Olson.
{4227} År: 1828
Elling Olson Noss Brattegard Aakvik 18.01. 1789-1850
Foreldre: Ola Eirikson Perplassen Isungset og Torand Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss.
Gm Anne Persdtr. Turkarstad Brattegardslåtta Aakvik 27.10. 1805-1909
Foreldre: Per Larsson .. Arnegard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad.
*Barn
1. Torand Ellingsdtr. Brattegardslåtta Flereng 17.08. 1825-
Torand var ugift, ho budde hjå broren på Flereng.
2. Guri Ellingsdtr. Brattegardslåtta Marøy 01.03. 1828-
G 1849 m Anders Nilsson Vangen. Barn: Henriette 1849- ; Lotte Albertine 1852- gm Kristian Olsen (minst 3 barn); Lotta 1853- g 1882 m Kristian Olson Skarvøy, Kolvereid til nordre Marøy; Albert 1857-- ; Caroli 1860- fiskar/inderst, gm Marie Henriksdtr. ...; Ola 1863- ; Johan 1866- bonde på Marøy, gm Erikke Hansdtr. (minst 4 barn); Anton 1870-ung; Karolus ; (1251) (1304)
    Guri og Anders budde på Marøy i Nærøy, og levde av bruket (ei ku, gris, høner) og fiske. Anders var husmann og smed i 1865. Guri vart langt over 90 år.
3. Ola Ellingson Brattegardslåtta 16.02. 1831-
Reiste til Nærøy 1831.
Barn fødde i Nærøy: Anne 1834- gm Johan Kristiansen Abelgård, Ryem i Nærøy (minst 4 barn); Toline 1838- g 1860 m Johannes Olsen Sørland, Verøy i Lofoten (4 barn); Ellen 1840- gm Kristoffer Nilssen Lilleøen, Bø/Tranøy i Nordland (minst 5 barn); Kristian 1842- landhandlar /fiskar/ bonde på Flereng i Vikna, gm Anne Marta Andersdtr. ..., Ørlandet (minst 2 barn); Petter 1844- bonde på Ofstad, gm Ellen Olsdtr. Hammarøy; Anton 1848- til Verøy i Lofoten. (1304)
    Elling og Anne kjøpte Brattegardslåtta i 1828.
    Elling og Anne reiste til Vikna (Nærøy/Ytre Namdalen) i 1832 og kjøpte garden Aakvik. Elling var ein driftig gardbrukar og hadde tillit i bygda. Anne var kårenkje på Flereng i Vigna herad i Nord Trøndelag i 1900. Ho vart 104 år gamal. (Dølaminne 86 s 40)
{4228} År: 1832
Hermann Olson Holo Brattegardslåtta 26.10. 1783-1845
Foreldre: Ola Olson Holo og Birgit Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Gunhild Larsdtr. Ødelien Brattegardslåtta 19.10. 1777-1824.
Foreldre: Lars Embrikson ... Thon, soldat og Birgit Gunnarsdtr. Ødelien.
Gm Sissel Olsdtr. Holo Brattegardslåtta 04.03. 1798-1853
Foreldre: Ola Larsson Svillegarden Holo og Birgit Syversdtr. Kyrkjedeld.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Hermannsdtr. Brattegardslåtta 28.07. 1813-
Birgit flytta ut til tenest på Kjerrerud i Lier. Ho arva 1834 etter mora: Torbjørnsplassen, lausøyre som krøter og trebohave.
*Barn i andre ekteskap
1. Gunhild Hermannsdtr. Brattegardslåtta Høgkastet 31.05. 1835-
Gm Lars ... Høgkastet, Hole. Barn: Johan Andreas; .. Ho var enkje og gardbrukar i 1900. (1232)
2. Ola Hermannson Brattegardsslåtta 30.07. 1837-1920
G 1863 m Anne Olsdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
Hermann og Gunhild gifte seg 1812. Hermann var truleg ute i krigen 1807-14 som 'Jæger H. Ulshagen.'
    Hermann kjøpte Torbjørnslåtta for 100 spd i 1832. Bruket hadde opphavleg skogrett i Brattegard skog, men den var bytt bort med heimstølen Furuodden og ei årleg avgift på 1/2 spd. Der hefta eit kår til Guri Ivarsdtr. (?Ho var død i 1827!)
    Det fortelst at det var dårlege hus då Hermann overtok. Hermann og konene dyrka og bygde såpass at dei kunne fø 7 kyr til slutt!
    Hermann vart attgift 1834 med Sissel. Sissel sat med bruket så lenge ho levde. 1853. Sonen overtok i 1853.
   
{4229} År: 1853
Ola Hermannson Brattegardsslåtta 30.07. 1837-1920
Foreldre: Herman Olson Langegard Brattegardslåtta og Sissel Olsdtr. Holo/Svillegarden.
Gm Anne Olsdtr. Gudbrandsgard Brattegardslåtta 16.02. 1827-1902
Foreldre: Ola Syverson Ødelien Gudbrandsgard og Guri Olsdtr. Gudbrandsgard.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Brattegardsslåtta 22.12. 1866-1906
Ug. Sissel var arbeiderske i 1900, dreiv med spinning, strikking og veving.
2. Guri Olsdtr. Brattegardsslåtta 29.07. 1868-1954
Ug. Sjå neste hushald.
Ola og Anne gifte seg i 1863. Ola var gardbrukar, tømmermann og smed. Dei bygde nye hus på bruket.