Hagen gnr. 84 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hagen gnr. 84 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hagen eller Brattegardhagen var husmannsplass under øvre Brattegard. Tidlegare var plassen kalla Åsehagen. Bruket grensar mot aust til nordistugu Brattegard, mot sør til slåtta og mot nord til øvre Brattegard.
    Det opphavlege tunet i Åsehagen låg litt vest og ned for noverande tun.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål og anna areal 5 mål som vert leigd bort, produktiv skog 35 mål, anna utmark 108 mål. Jonstølen (gnr. 98/ 2) på omlag 7000 mål fjellareal.
    Våningshus bygt 1982, kårhus bygt i 1930-åra, loft bygd 1912, låve med fjøs 1935, verkstad.
    Gamlestugu frå Hagen står som hytte på ved fossen nedanfor Ødelien. Den vart kjøpt av diktaren Agnar Mykle.
    Stølar. Heimstøl Nordrestølen (ovanfor øvre Brattegard). Langstøl Jonstølen (tilkjøpt 1936).
   

{4233} År: 1802

Ola Endreson Logsengard Brattegardhagen 19.03. 1749-1810
Foreldre: Endre Olson Logsengard og Ambjørg Aslesdtr. Havardsgard.
Gm Åse Endresdtr. Brattegard Brattegardhagen 1765-
Foreldre: truleg Endre Asleson nedre-søre Brattegard og ... ... ... .

Ola og Åse hadde Logsengard, gnr. 82/1 frå 1780 til 1800. Sjå meir om familien der.
    Dei bygsla Brattegardhagen i 1802, og sat der som kårfolk på sine gamle dagar. Kanskje var dei som rydda plassen?
    Ut frå namnet Åse-plassen så har truleg Åse levd ei tid etter at Ola gjekk bort. Men ho er ikkje funnen død i Ål.

{4234} År: 1856

Lars Syverson Skarsgardhagen Brattegard ...04. 1800-1888
Foreldre: Syver Larsson Skarsgard og Åse Olsdtr. Sveinhaug. G 1840 m Kari Persdtr. Brattegard.

Lars Syverson og Kari selde øvre Brattegard 1856 for 500 spd og kår. Dei held attende plassen Brattegardhagen bnr. 5 som kårbruk.
    I 1857 vart Hagen selt attende til garden på det vilkår at Lars og Kari skulle få bruke Hagen så lenge dei levde.

{4235} År: 1877

Embrik Olson Dusegard 12.04. 1837-1910
Foreldre: Ola Embrikson Settungsgard Dusegard og Guri Olsdtr. Berg.
Gm Liv Olsdtr. Espegard Dusegard 26.10. 1837-1904
Foreldre: Ola Larson Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.

Embrik og Liv gifte seg i 1862. Embrik kjøpte Hagen for 350 spd i 1877, men det låg i avtalen att han skulle vente med å overta til både Lars Syverson og Kari var døde. Det skjedde ikkje før i 1903, så då var garden i dårleg stand.
    NB. Embrik og Liv overtok Dusegard i 1864, sjå gnr. 85/1. Embrik bygde ny stugu i Hagen.
    Sonen Embrik (Engebret) overtok Hagen i 1914.