Berg, søre gnr. 87 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Berg, søre gnr. 87 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Berg ligg nord for den markerte bergryggen som dannar delet mellom søre og nordre Vats. Berg er den synste garden i nordre Vats. Etter namnetypen kan Berg-gardane vera av dei eldste i bygda.
    Berg grensar mot Hovdegard i søre Vats og mot Toresgard.
    Den opphavlege garden Berg vart delt i søre og nordre Berg ein gong før 1600. Båe gardane var skattlagde som øygard, søre med 1 kalvskinn, nordre med 2 kalvskinn i årleg skatt. Truleg var båe Berg gardane opphavleg på 6 laupsbol.
    Etter at søre Berg var brukt under nordre Berg i 1640-åra og under Kjellargard i 1657 skjedde det ei endring i landskylda. I fylgje skattelista frå 1626 hadde bonden i søre Berg 3 laupsbol, men det var nok ikkje heile garden. I 1640-åra vart det skatta av 6 laupsbol i båe gardane.
    Søre Berg står ikkje i matrikkelen 1670 (sidan garden var underbruk), men i tidsromet 1665 til 1690 har landskylda for nordre Berg gått opp frå 6 til 10 laupsbol, medan landskylda for søre Berg gjekk frå 6 til 3 laupsbol. Grunnen til dette må vera noko handel mellom brørne Ørjans Håkonson på søre Berg og Eilev Håkonson på nordre Berg. Då Ørjans selde garden i 1688 til broren Knut Håkonson var der berre 3 laupsbol. Og 3 laupsbol har det vore sidan.
    Frådelte bruk og plassar: Bergsmoen bnr. 2 og 5.
    Tunet ligg omlag 850 m.o.h., truleg på opphavleg stad.
    Areal 1865: dyrka jord naturleg eng utslått. Avling tunner bygg og tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 110 mål, anna utmark 370 mål. Buskap 90 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1970, timrastugu 1941, hallingstugu 1780, driftsbygning 1979, dobbelt loft 1925, låve bygd kring 1815, eldhus frå 1760, badstugu og smie bygd kring 1860.
    Stølar. Heimstøl: Søre-Bergstølen / Fjellset. Langstølar. Opphavleg langstøl kan ha vore Eitrestølen. Ny langstøl vart brennt og nedlagt, ('Brendebu') sjå år 1767, sidan kjøpte dei Eitrestølen 1798 og støla der.

{4288} År: 1767c

Birgit Olsdtr. Thon Berg 1743-1842
Foreldre: Ola Sevatson Thon Berg og Guri Olsdtr. Berg.
Gm Halvor Torsteinson Svarteberg Berg 1742-1821
Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og 2. g Sigrid Jensdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Ola Halvorson Berg 13.09. 1767-1849
G 1799 m Kristi Henriksdtr. Huus. Sjå år 1803.
2. Sigrid Halvorsdtr. Berg 1770-
Sigrid vart konfirmert 1788.
3. Guri Halvorsdtr. Berg Lofthus 1772-
G 1800 m enkjemann Asle Olson Havardsgard Lofthus, gnr. 79/1.
4. Guri Halvorsdtr. Berg 01.01. 1773-
Guri vart konfirmert i 1791.
5. Torstein Halvorson Berg 1775-1828
G 1826 m enkje Ågot Steinsdtr. Hamarsbøen Råen 1792-1865. Barn: Tomas 1827-1903 til Am. 1869: Newburg, Steele Co. g 1873 m Ragnhild O. Berg-Rødningen i Etnedal, laga møbel for sal (5 barn).
    Torstein og Ågot budde på Røo. Torstein var lærar og dreiv stort med hestehandel saman med broren Ola. Sjå soga år 1803. (Hallingen 1918, s 159).
    Torstein gjorde siste reis i 1828 då han gjekk 'beinste' og datt på ein stygg issvull i bråttene frå Noss og ned til Tjønndalen. Buet hans var på 1894 spd. (Hol VI s 200)
6. Ola Halvorson Berg Kinneberg 1777-1847
G 1821 m Ambjørg Tolleivsdtr. Hallsteinsgard, Ustedalen. Barn: Sigrid 1823-1902 gm Aslak Person Golberg - Kinneberg; Halvor 1830-1836; Halvor 1836-1837.
    Ola var ein ordhitten og "uppe" kar. Ola var mykje brukt som fyritalsmann.
    Ola var utkommandert som korporal i krigen 1807-14, han var ikkje skrivefør, så han bar fram rapportane muntleg.
    Ola vart sendt som handelskar oppover dalen for å kjøpte slaktefe for armeen. Han la seg opp pengar på dette, og kjøpte fleire gardar, (Ulshagen og Breie), men måtte vike pga. odel. Til sist vart han sitjande på Kinneberg i Gol.
7. Turid Halvorsdtr. Berg Tuftedokken 29.10. 1780-1841
Gm Halvor Olson Opheimsjorde Tuftedokken, gnr. 76/1.

Halvor og Birgit har truleg gifta seg i 1767. På Nordiska museet i Stockholm er ein utskoren trebolle med inskripsjonane' HTS A 1742', '1767' og 'BOD A 1743'. Bollen er elles dekorert med utskorne dyr. Dette var truleg ei bryllupsgåve.
    Halvor kjøpte halve søre Berg i 1772 frå broren Ola for 260 rd.
    Det vart fortalt at det Halvor som braut opp fleire mindre åkerstykke til eit stort. Langerøyse skal vera eit minne frå dette arbeidet.
    Halvor rydda også ny langstøl 'Brendebu' mellom Hesthovdstølen og Bergsjøstølen. Men bua skal ha vorte brennt ned for han, så han gav opp den stølen. Truleg var der nokon som rekna dette området for sitt.
    I 1798 kjøpte han støl på Eitrestølen hjå Embrik Embrikson Langegard for 28 rd og støla der sidan.

{4289} År: 1803

Ola Halvorson Berg 13.09. 1767-1849
Foreldre: Halvor Torsteinson Svarteberg Berg og Birgit Olsdtr. søre Berg.
Gm Kristi Henriksdtr. Huus Berg 13.02. 1774-1846
Foreldre: Henrik Torson Huus og Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Berg Toresgard 26.12. 1799-1864
G 1826 m Eirik Olson Tistilsgard Toresgard.
2. Anne Olsdtr. Berg Tullegard 31.01. 1802-1883
Gm Halvor Olson Tullegard, gnr. 91/1.
3. Halvor Olson Berg 03.03. 1804-1880s
Ugift. Halvor hadde kår på søre Berg.
4. Guri Olsdtr. Berg Dusegard 20.10. 1805-1864
G 1842 m Ola Embrikson Dusegard, gnr. 85/1.
5. Gunhild Olsdtr. Berg Ellingsgard 02.03. 1810-1858
G 1837 m Knut Olson Lofthus søre Thon - Ellingsgard, gnr. 78/2.
6. Henrik Olson Berg Berg 08.01. 1812-1907
G 1842 m Turid Olsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
7. Turid Olsdtr. Berg Skarsgard 10.07. 1814-1910
G 1840 m Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard, gnr. 92/1.

Ola og Kristi gifte seg i 1799. Dei budde på Berg i 1801. Ola overtok garden for 899 rd i 1803.
    Ola og broren Torstein dreiv med heste- og fehandel. I eit av krigsåra 1807-1814 hadde dei 70 hestar i ei fjellhamn då dei vart utkommanderte til soldattenest. Dei måtte bråreise frå alt saman, og utsiktene var ikkje dei beste. Så høyrde dei om ein kar som fekk løyve til kjøthandel for hæren. Berg-brørne gjorde det same, og med pass frå Hermann Wedel Jarlsberg la dei i veg til fjells, fekk selt hestane sine og og ordna med kjøtfe til hæren. Dei tente gode pengar, men miste mykje under penge-nedslaget etter krigen.
    Ei pinse-natt 1813 kom det tjuvar til "fremmand-stugu" på Berg. Det vart borte ymse klede, 3 geiteskinn, 18 lefsekling, 18 "fløytebrød-lefser", 8 pottar brennevin m.m. Gunnar Lappegard hadde sett to framandfolk med sekk på ryggen oppe på åsen. (1419)

{4290} År: 1844

Henrik Olson Berg 08.01. 1812-1907
Foreldre: Ola Halvorson Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.
Gm Turid Olsdtr. Arnegard Berg 08.04. 1815-1908
Foreldre: Ola Torkjellson Arnegard og Margit Sandersdtr. Tufte.
*Barn
1. Ola Henrikson Berg 30.04. 1842-1892
G 1872 m Guri Oleivsdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald.
2. Kristi Henriksdtr. Berg Toresgard 22.06. 1843-1935
G 1885 m Ola Olson Toresgard.
3. Rangdi Henriksdtr. Berg 22.06. 1843-
Ikkje funnen i FT 1865. Truleg død.
4. Torstein Henrikson Berg 02.03. 1845-1926
G 1873 m Margit Sevatsdtr. myljo Thon. Sjå år 1896, nordre Tveito gnr. 55/21 og Bergsmoen, gnr. 87/2.
5. Margit Henriksdtr. Berg Tvete 20.05. 1846-1948
Gm Ola Torsteinson Tveitehaug 1849-.... . Barn: Theodor ....- ; Henry ....- overtok heime-farmen; Martin Oscar 1890- soldat i Frankrike under 1. verdskrigen, busett i Moorhead; Manda .
    Margit og Ola farma i Rosholt Vernon, SD. Han skreiv seg "Ole Tvete".
6. Ola Henrikson Berg 26.04. 1848-1943
G 1877 m Anne Torsteinsdtr. Hove Skarsgard 1849-1882. Barn: Birgit 1877-; Turi 1879- sjå barnebarn.
    USA: Annie Kristine 1882- gm F. K. Farden (barn: Raymond Oscar og Ethel).
    Ola var lærar. I 1875 var han 'seminarist, midlertidig fraværende på Voss'.
    Ola reiste til Am. i 1881: Fergus Falls, MN. Han var pioner-farmar ved Evansville, MN. Han var også lærar og kyrkjesongar i 30 år. Han skreiv mange dikt, og fleire av desse kom på trykk i "Hallingen".
    Han vart enkjemann i 1882,- sat att med 4 små barn, det eine døydde, men dei andre voks opp. Annie vart oppfostra hjå Torkjell Tveitehaugen. (Hallingen nr. 10-11 s 8 og nr. 126 s 18)
7. Birgit Henriksdtr. Berg Odden 28.09. 1849-1920
Barn: Oleiv 1874-1986, sjå barnebarn.
    G 1883 m Embrik Knutson Odden, gnr. 10/10.
8. Turid Henriksdtr. Berg Thon 26.12. 1851-1933
G 1878 m Embrik Sevatson myljo Thon.
9. Anne Henriksdtr. Berg Toresgard 30.07. 1853-1945
G 1883 m Ola Eirikson Toresgard, gnr. 89/2.
10. Torkjell Henrikson Berg 01.03. 1856-1958
Ug. Torkjell gjekk på lærarskule på Voss saman med broren Ola. Reiste så til Am. 1878 og farma i Mona, Iowa. Han var 30 år i Am.
    Torkjell kom heim att og budde hjå systera på Odden dei siste åra. Han dikta litt, skreiv m.a. ei dikt om Eitrestølen.
*Barnebarn
1. Oleiv Embrikson Odden 30.10. 1874-1986
G 1906 m Margit Ivarsdtr. Opheim 1885-.... . Barn: Birgit ....-1997 gm ... Ryder (2 barn); Mabel ....-1990 gm ... Mawhinney (1 dotter); Irwin .... -1995 gm Phyllis (4 barn), Henry død 4 år gamal;
    I 1900 var han gardbrukar og kramhandlar, i 1906 snikkar og i 1907 reiste han til Kr.ania.
    Sidan reiste han til Am.: Froid i Montana. Oleiv skreiv seg 'Odden'.
   
2. Birgit Olsdtr. Berg Øiseth 1877-
Gm Olaf Øiseth. Barn: Oscar 1909- ; Alice 1910- ; Helen 1915- . (1248)
    Til Am. 1881: Evansville, MN.
    Foreldre: Ola Henrikson Berg og Anne Torsteinsdtr. Skarsgard.
3. Turid Olsdtr. Berg Een 02.07. 1879-1974
='Thora Een' G 1915 m Andrew Johanneson Een, Voss 1886-1929. Barn: Anna Margaret 1918- gm L.D. Rieken; Oscar Julian 1919- . Turid hadde tre stedøtre: Sadie Marie 1907- gm L.A. Bergeman; Belle Esther 1909- ; Selma Agnes 1911- gm W.L. Stone.
    Foreldre: Ola Henrikson Berg og Anne Torsteinsdtr. Skarsgard.
    Til Am. 1881: Evansville, MN. Budde i Jamestown, ND. (J. Marler.)

Henrik og Turid gifte seg i 1842. Han overtok garden etter faren i 1844 for 498 spd.
    Henrik var børsemakar. Og han dreiv med ymse handverk: snikkering, timring, måling, hjularbeid og smiing. Henrik var håndug, han laga seg både såmaskin og klokkekasse.

{4291} År: 1877

Ola Henrikson Berg 30.04. 1842-1892
Foreldre: Henrik Olson Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
Gm Guri Oleivsdtr. Settungsgard Berg 19.09. 1837-1928
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard.

Ola og Guri gifte seg i 1872. Dei fekk eit dødfødt jentebarn i 1874.
    Ola overtok garden i 1877 for 965 rd. Han bygde stugu, loft og låve. Ola såg nytte i beinhaugane som låg på røysane på garden. Han laga seg ei bein-mølle borte i ein bekk. Så brukte han beinmjølet til gjødsel.
    Ola var ein namngjeten jeger og fjellmann. Det var som om viltet kom til han, vart det sagt. Eit knippe med jaktsoger etter Ola Berg står i Ål IV s 110.
    Ola var børsemakar som faren. Ola laga seg ei 4-løpa børse der alle skota gjekk av samstundes. Børsa skulle nyttast til revejakt. Men ho vart brukt berre ein gong, rekylen var i hardaste laget. Dette klenodiet av eit børse er no i samlingane på Ål Bygdamuseum.
    Ola øydela seg på heimveg frå jakt. Han fall og fekk ein briske-tagg inn i sida. Omsider kom han til doktor, men då var det kome for langt. Guri leigde bort garden til broren Lars på Settungsgard (bror hennar). I 1896 vart det bror til Ola, Torstein Henrikson som fekk skøyte på garden.

{4292} År: 1896

Torstein Henrikson Berg 02.03. 1845-1926
Foreldre: Henrik Olson Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
Gm Margit Sevatsdtr. Thon Berg 17.07. 1845-1913
Foreldre: Sevat Embrikson Thon og Mari Tolleivsdtr. Medgard.

Torstein og Margit gifte seg i 1873. Dei budde i Thon fyrste året, sidan var dei på nordre Tveito fram til 1896. På Tveito døydde alle sju ungane anten småe eller i ein difteri-epidemi jula 1884. Sjå Tveito, gnr. 55/21.
    Den einaste som vaks opp av ungane var ei dotter Guri f. 1873 som Torstein hadde med Birgit Embriksdtr. Turkarstad. Sjå Turkarstad.
    Dei kjøpte Berg og selde Tveito 1896-1897. Sidan slo Torstein og Margit seg til på Bergsmoen. (1154)
    I 1891 hadde dei Asle Olson (f. 1884) hjå seg, innkjøpt frå fattigkassa. Etter testamente overtok han Bergsmoen i 1927. Sjå bnr. 2.