Berg, nordre gnr. 88 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Berg, nordre gnr. 88 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Sjå innleiinga til søre Berg. Den opphavlege garden Berg vart delt før 1600. Nordre Berg vart skattlagt som øygard og hadde ei landskyld på 10 laupsbol frå 1690-åra.
    Frå gamalt var nordre Berg på 6 laupsbol. Ein gong mellom 1665 og 1690 minka landskylda i søre Berg med 3 laupsbol medan landskylda i nordre Berg auka med 4 laupsbol. Og slik har det vore sidan. I 1641 var det 2 kalvskinn i årleg skatt.
    Garden grensar mot Toresgard i vest og søre Berg i aust. Tunet ligg omlag 850 m.o.h., truleg på opphavleg stad.
    Plassar og frådelte bruk: nedre Berg, bnr. 2 frådelt 1899; plassane Moen og Haugen.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 84 mål, utslått 84 mål. Avling 17 1/2 tunne bygg og 16 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 48 mål, anna areal 34 mål, produktiv skog 417 mål, anna utmark 888 mål. Buskap 40 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1943, kårhus 1901, loft frå 1650-åra, loft frå 1770-åra, driftsbygning 1926, gamal stall.
    Nokre stadnamn: Paradisflåte (grasslette i Vårhaugo); Røvsberget; Galdane (åsrygg); Mardeildåkeren; Løkjingsmyrane, Steintjolva.
    Stølar. Heimstølar: Galden (i Vestlien fråselt 1791), Liastølen (i Vestlien), Eikrudn (ovanfor garden); Fjellset /nørdre-Bergstølen; Veslestølen. Langstøl på Bergsjøstølen. Der var slåttevoll i bruk til 1950 omlag.
   
{4308} År: 1776
Håkon Olson Berg 07.10. 1759-1813
Foreldre: Ola Håkonson Berg og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Ragnhild Syversdtr. Mørk Berg 01.01. 1759-1815
Foreldre: Syver Knutson nordre Mørk og Gunhild Sandersdtr. Ovavoll, Hol.
*Barn
1. Birgit Håkonsdtr. Berg 05.04. 1779-1810
G 1804 m Ola Olson Nedrejorde Brattåker 1769- . (Hol) Barn: Gunhild 1804- gm Syver Syverson Storedal, sjå gnr. 6/1; Jørand 1805- gm Knut Guttormson Tufto i Ustedalen; Ragnhild 1807- gm Lars Tomasson Sire, sjå gnr. 4/6; Ola 1809- ug.
    Det vart sagt at Birgit vart tvinga inn i ekteskapet. Hugen hennar låg nok til ein annan enn den velståande karen som foreldra hadde sett seg ut. Då ho skulle flytte over åsen til Hovet, høyrde folk kor ho hugegret på veg opp lia vestanfor Vats. (1323) s 43
    Ola var handelskar og spekulant, og farta mykje på Vestlandet og i Numedal. På skiftet etter Birgit var nettoeiga 2075 rd.
2. Gunhild Håkonsdtr. Berg Skarsgard 07.10. 1780-1862
G 1801 m enkjemann Ola Olson Havardsgard Skarsgard, sjå gnr. 92/4.
    G 1810 m Knut Bjørnson Bjørnebergstølen. Barn: Ola 1811-1894 g 1836 m Gunvor Knutsdtr. søre Lien.
    Om Gunhild vart det fortalt at ho var gavmild mot dei som trong hjelp. (HF)
    Ein vår skulle Gunhild og systera Turid til eit gjestebod i Ål. Ein tenestgut var med på vegen, då dei skulle ha med kvar sin embar med rummebrød og lefse. Fagerdøla gjekk flaumstor, så tenestguten reid fyrst over elva med embarane. Men då han skulle attende og hente systrene, snova hesten så han fall uti og drukna. Då vart det gravferd istadenfor gjestebod. Gunhild tok seg mykje nær av denne ulykka, og var til altars to gonger den våren. (Dølaminne 1919 s 56)
3. Ola Håkonson Berg 11.04. 1784-1866
G 1815 m Torand Olsdtr. Tistilsgard. G 1832 m Guri Olsdtr. Tistilsgard. Sjå neste hushald.
4. Syver Håkonson Berg Logsengard 1787-1830
Barn: Margit 1810- m Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet.
    G 1815 m Ågot Knutsdtr. Logsengard. G 1821 m Kari Knutsdtr. Logsengard, sjå gnr. 82/1.
5. Turid Håkonsdtr. Berg Eikre 30.06. 1793-1878
G 1811m enkjemann Ola Olson Eikre i Hemsedal. Barn: Håkon 1813- på Eikre, til Am. g 1842 m Birgit Nilsdtr. Kolbjørnsgard; Hans 1815- ; Hans 1816- ; Kari 1819- g 1846 m Anders Ålrust; Ola 1821- ; Ragnhild 1822- ; Ola 1822- til Semle i Valdres, g 1853 m Ingebjørg Toresdtr. Markegard (3 barn); Ragnhild 1825- g 1847 m Knut Bjørnson Skølt til Am. ;Margit 1829- ; Syver 1831- ?
    G 1836 m Per Knaldre, Gol 1795-1845. Barn: Sunnev 1836- ; Margit ?
    Ola kjøpte brurestas til Turid for 50 rd. Etter hettedansen i brylluppet sa Ola: "Jau, eg trur eg trefte den rette!" Om Turid var det fortalt at ho reid då ho skulle på stølen. Langstølen til Eikre vart kalla Turid-stølen etter henne. (948) s 5
    Turid reiste til Am. i 1861. (1796)
6. Lars Håkonson Berg Arnegard 1795-1859
Barn m Ingebjørg Ivarsdtr. Vøllo, Hemsedal.: Margit 1818- . Barn m enkje Anne Gregersdtr.: Gregor 1849- .
    Gm Borghild Olsdtr Arnegard, sjå nedre Arnegard gnr. 40/8. Lars Håkonson hadde også Dusegard ei tid før han kjøpte garden Hasle i 'Agrø' (Aukra) i Romsdal i 1849.
    Lars fraus i hel på fjellet mellom Lio og Ustedalen i februar 1859.
   
Håkon og Ragnhild gifte seg i 1778. Håkon overtok garden i 1776. Han vart oppnemnt til lagrettemann i 1780.
    I 1791 selde Håkon stølen Galden til Ola L. Bakketeigen. Galden ligg øvst oppe i Galdane ved enden av Mjåvatnet. Sidan har Galden lege til bøndene på Noss som stølar på Mjåvassstølen.
    I 1797 selde Håkon ein skogrem til svogeren Asle Olson Lofthus. I 1805 bygsla han plassen Moen til Ola Olson.
    I 1798 klaga Halvor søre Berg at Håkon hadde stengt vegen ('utråse') hans til fjells med eit gjerde. Dei vart samde om at Håkon skulle laga eit nytt led, slik at Halvor fekk fri reksel til si utmark. Etter avtalen kunne krøtera "sagteligen" rekkje gjennom hamnene til Håkon. (1407) 23
    I 1805 fekk Håkon skøyte på partar i Storeflæen og Nybunåsen hjå bøndene på Skarsgard og Lofthus for 48 rd. Håkon fekk beite med dei dyr han kunne fø på Berg, skulle sjølv skaffe seg hus, og ellers halde seg ifrå dei stølane selgjarane hadde i området.
    Ragnhild fekk slikt kår på skiftet etter Håkon i 1813: årleg 3 tunner korn á 18 merker pr. settung, 3 kyr og 6 småfe framfødd, og dessutan bruk av hest til kyrkje m.m. etter behov.
    Det var 646 rd å dele etter Ragnhild i 1815. Sonen overtok garden 1806 for 1200 rd.
{4309} År: 1806
Ola Håkonson Berg 11.04. 1784-1866
Foreldre: Håkon Olson Berg og Ragnhild Syversdtr. Mørk (Hol).
Gm Torand Olsdtr. Tistilsgard Berg 26.12. 1785-1831
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Guri Olsdtr. Tistilsgard Berg 15.12. 1799-1885
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ragnhild Olsdtr. Berg Håheim 12.04. 1819-1860
Barn: Torstein 1843- sjå barnebarn.
    G 1844 m Ola Torson Lislelien myljo Håheim, gnr. 71/1.
2. Haldis Olsdtr. Berg Thon 14.12. 1825-1920
G 1847 m Lars Olson Randen søre Thon, gnr. 74/2.
3. Håkon Olson Berg 14.10. 1827-1910
G 1851 m Gunvor Olsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Olson Berg 17.09. 1832-1916
Ugift på Berg i 1875. 'Hjelper moderen'. Ola var 'arbeider'. Han hadde testamentert bort eiga si, 600 kr.
   
2. Elling Olson Berg 05.06. 1834-1847
*Barnebarn
1. Torstein Torsteinson Håheim 14.08. 1843-1867
Ug. Torstein dreiv fehandel. Sumaren 1867 hadde han 162 sauer og 1 hest i fjellhamn i Røldal. 27. juli drukna Torstein då han skulle over ei elv.
    Foreldre: Torstein Syverson Skarsgard (ungkar) og Ragnhild Olsdtr. Berg Håheim.
   
   
Ola og Torand gifte seg i 1815. Dei fekk tre barn. Då Torand gjekk bort var buet på 978 spd.
    På skiftet etter Torand i 1831 bad Ola om å få behalde årets avling uregistrert mot å dekke gravferd og fosterløn samt kostnadane ved skiftet. Ola opplyste at det gamle sylvstaupet skulle fylgja garden no som alltid før. Difor vart taksten på garden med sylvstaup 1000 spd. (NB. Sylvstaupet er på garden enno! Dessutan er det eit massingfat merka 'OHS 1651'.)
    Ola vart attgift 1832 med Guri som var syster til Torand. Dei fekk to barn.
    Ola var soldat i Nordenfjeldske Regiment frå 1805 til 1815. I 1809 vart han kommandert til å reise til Kr.ania med ein sjuk soldat.
    Ola dreiv som driftebonde og hadde uteståande både gjeld og krav, m.a. i både Krødsherad og Modum.
    Ola bygsla 1826 bort ein plass ved sida av Moen til Halvor Mikkelson. Ola pantsette Bergsjøstølen 1845 for eit lån på 80 spd.
    Ola selde garden 1849 til sonen Håkon Olson Berg for 1000 spd.
{4310} År: 1849
Håkon Olson Berg 14.10. 1827-1910
Foreldre: Ola Håkonson Berg og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Gunvor Olsdtr. Svarteberg Berg 29.04. 1831-1910
Foreldre: Ola Torsteinson nordre Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Ola Håkonson Berg 15.12. 1852-1921
G 1902 m Turid Olsdtr. Skarsgard. Sjå nedre Berg, bnr. 2.
2. Torand Håkonsdtr. Berg Tullegard Thompson 02.11. 1855-
G 1885 m Tor Torson Tullegard. Sjå gnr. 91/1.
    G 1896 Kr.ania m Eirik Torkjellson Hove Tullegard. Utvandra til Canada 1907.
3. Ola Håkonson Berg 18.09. 1859-1910
G 1885 m Gro Olafsdtr. Oppebøen frå Kvitseid. Barn: Gunvor 1885-1907.
    Ola var hestehandlar og Gro var jordmor i Kr.ania. Ola drog til Am. kring 1885, og farma i Sagse Katnai Co, Idaho. Han var heim att ein tur i 1907. Gro budde i Fossegaden 27, Kr.ania.
4. Birgit Håkonsdtr. Berg Trintrud 07.01. 1863-1936
G 1897 m Knut Eirikson Trintrud, gnr. 57/1.
5. Torstein Håkonson Berg 01.02. 1873-1941
G 1903 m Birgit Syversdtr. Skarsgard. Sjå neste hushald.
Håkon og Gunvor gifte seg i 1851. Håkon kjøpte garden for 900 spd.
    I 1857 lånte Håkon pengar og sette Flæen og Nybunosen i pant. I 1899 delte han frå nedre Berg, bnr. 2 til sonen Ola. Sonen Torstein overtok reisten av garden i 1900.
{4311} År: 1900
Torstein Håkonson Berg 01.02. 1873-1941
Foreldre: Håkon Olson Berg og Gunvor Olsdtr. Svarteberg.
Gm Birgit Syversdtr. Skarsgard Berg 31.05. 1882-1965
Foreldre: Syver Torsteinson Skarsgard og Margit Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Gunvor Torsteinsdtr. Berg Medgard 14.12. 1904-1972
G 1937 m Johannes Olson Medgard, gnr. 69/4.
2. Margit Torsteinsdtr. Berg 15.01. 1907-1936
3. Gudrun Torsteinsdtr. Berg Skarsgard 1908-1993
G 1939 m Ola Oleivson Skarsgard, gnr. 92/1.
4. Birgit Torsteinsdtr. Berg Gjeldokk 24.10. 1910-1998
G 1939 m Lars Nilsson Gjeldokk, gnr. 105/2.
5. Håkon Torsteinson Berg 31.07. 1912-1991
Gm Ingeborg Jorde. Sjå neste hushald.
6. Guri Torsteinsdtr. Berg 12.10. 1913-1941
Ug. Handarbeidslærar.
7. Sigurd Torsteinson Berg 18.10. 1917-1986
G 1950 m Solveig Kverner. Sjå år 1953.
Torstein og Birgit gifte seg i 1903. Torstein overtok garden i 1900. Dei bygde uthus, loft og kårstugu, og dyrka omlag 12 mål.
    I 1912 selte dei Flæe og Nybunose, og i 1926 delte dei frå og selde Bergsjøhytta.