Moen gnr. 88 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Moen gnr. 88 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

På plassen Moen var det husmann utan jord i 1801. Så vart plassen bygsla bort i 1805 då Ola Olson fekk kontrakt på eit jordstykke Moen under nordre Berg nede ved elva, nær Beitamyren. Det vart ny kontrakt 1808 med nokre endringar.
    I ei stugu på eller ved Moen budde Sissel Aslesdtr. Lofthus og sonen i 1801. Der vart kalla 'Sisselmoen'. Sjå Lofthus.
    I 1826 vart det bygsla bort eit jordstykke 'ved siden av Ole Moen'. Dette viser at det var to buplassar på Bergsmoen på den tida.
    Moen var busett fram til kring 1870. Moen ligg no under bruket nedre Berg.
    (Plassen Haugen som vart bortbygsla i 1857 høyrde til søre Berg i Hovet.)
   

{4315} År: 1805

Ola Olson Tistilsgard Moen 1768-
Foreldre: Ola Olson Gunhildgard Tistilsgard og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Mari Kristiansdtr. Tangane Moen 16.10. 1763-
Foreldre: Kristian Knutson Sundremyren (ungkar) og Barbro Knutsdtr. Tangane.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Bergsmoen Strand 02.06. 1800-1874
G 1834 m Sevat Steingrimson Rudningen gnr. 120/3 - Hansebråten.

Ola og Mari gifte seg i 1797. I 1801 var han dagarbeidar og husmann utan jord, og budde på Berg. Så bygsla dei jordstykket Moen under Berg i 1805.
    Som leige skulle Ola slå to mælingar og skjæra 6 mål åker på bondens kost. Utan arbeid så var leiga 3 rd årleg. Ola kunne finne seg turrved i Bergslien, men furuskogen skulle han ikkje røre. Kontrakta vart fornya i 1808. Då gjekk arbeidskravet ned til det halve om lag.
    Mari overførte bruksretten til Bergsmoen i 1843 til Ivar Arneson og Mette, men tok atterhald om at Ola og Mari skulle bruke plassen så lenge dei levde.

{4316} År: 1826

Halvor Mikkelson Arnegard Bergsmoen 26.11. 1775-
Foreldre: Mikkel Person Arnegard og Kari Knutsdtr. Medgard.
Gm Sigrid Syversdtr. Hestebrekk Bergsmoen 17.04. 1761-1842
Foreldre: Syver Tomasson Gullhagen Hestebrekk og Guri Hermannsdtr. Sørbøensmoen.

Halvor og Sigrid gifte seg i 1806. Ingen barn. To år seinare kjøpte han Trintrudrudningen for 540 rd.
    I 1826 fekk Halvor bygselbrev hjå Ola Håkonson Berg på eit jordstykke like ved sida av Ole Moen.
    Det fylgde med ein skogrem opp under Galden, furuskogen skulle ikkje rørast av husmannen. Skogen elles "skal hogges med fornuft ... "
    Årleg leige: slått av 3 dalarsteigar og skjering av 3 mål åker. Om han ikkje greidde å arbeide så skulle han yte 4 bismarpund smør årleg. Husmannen vart pålagt å vera 'sin husbond lydig og hørig efter loven i alle dele'.
    Lars Bråten i Torpo var einaste arving då Sigrid var død i 1842.

{4317} År: 1843

Ivar Arneson Oleivsgard Bergsmoen 11.12. 1796-1871
Foreldre: Arnes Ivarson Oleivsgard og Mari Knutsdtr. Rudningen.
Gm Mette Olsdtr. Tullegarden Bergsmoen 1795-1869
Foreldre: Ola Halvorson Tullegarden og Sissel Embriksdtr. Arnegard Tullegarden.

Ivar og Mette gifte seg i 1841. Dei hadde ingen livsarvingar. Ivar og Mette skreiv seg Hovdegard i 1841. Så fekk dei 1843 brev på bruksretten til Bergsmoen hjå Mari Kristiansdtr. Bergsmoen.
    I 1847 fekk dei bygselbrev på plassen Moen hjå Ola Håkonson Berg. Men plassen var ikkje ledig enno; Ola Olson og kone levde enno på plassen. Grunnleige: 3 spd pr. år.
    I fyrstebygsel skulle betalast 80 spd. Til plassen høyrde Nørdrestølen. Ivar kunne sanke brenneved i Bergslien, men ikkje tyrirøter eller tæger. Om plassen vart utbetra i Ivar si leigetid, så skulle dette ikkje erstattast av bonden.
    I 1865 var bror til Mette, Embrik Olson, inderst hjå Ivar og Mette.
   

{4318} År: 1853

Syver Larsson Brattegard 1819-
Foreldre: Lars Eirikson Trintrud (ungkar og soldat) og Torand Syversdtr. Brattegard (?).
Gm Gunvor Eivindsdtr. Hovde Bergsmoen 1829.-
Foreldre truleg: Eivind Bjørnson Høvda og Guri Aslesdtr. Lofthus, Hemsedal.
*Barn
1. Asle Syverson Ellingsgard 26.12. 1846-
G 1875 Nedre Eiker m Karen Petrea Mortensdtr. 1849-.... , N. Eiker. Barn: Gustav 1875- sjømann; Martine 1884- ; Sigurd 1887- ; Terese 1895- .
    Asle var brødkøyrar, sidan sjømann busett i Tomtegt. i Drammen i 1900. Karen dreiv bakeri.
    I same hus budde faren Syver Larsson.
2. Torand Syversdtr. Bergsmoen 21.07. 1854-
Barn: Eivind 1882- m Hans Olavus Martinsen, Rørviken i Hole. Sjå barnebarn.
3. Eivind Syverson Bergsmoen 02.08. 1856-
4. Guri Syversdtr. Bergsmoen 19.12. 1859-
5. Anne Syversdtr. Bergsmoen 10.08. 1863-
6. Bjørn Syverson Bergsmoen 10.08. 1863-
7. Lars Syverson Bergsmoen Moe 24.06. 1867-1942
G 1910 m Cecilie Qualley 1884-1953. Barn: Lynn ; Donald ; Clarice .
    Lars var ein av dei fyrste som spelte torader i Ål. Truleg skreiv han seg Haugberg. (Fortel R.O. Hovdegard)
    Lars reiste til Am. i 1882: farma i Oakland, Mountrail Co. Budde sidan i Stanley. I Hallingen for Juni 1942: hallingen Lars Moe er død. Han var 76 år og farmar. Gravlagt på Fairview, Idaho Township, Mountrail County, N.D. (J. Marler)
*Barnebarn
1. Eivind Hansson Bergsmoen 25.03. 1882-
Gm Birgit Pålsdtr. Mehus, Hol 1892- . Ingen barn.
    Eivind var skomakar i Drammen.
    Foreldre: ungkar Hans Olavus Martinsen, Hole og Torand Syversdtr. Bergsmoen.

Syver og Gunvor gifte seg i 1854. Dei var på Moen eller Haugen i 1891. I 1900 budde Syver i Drammen i same hus som sonen Asle.