Berg nedre gnr. 88 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Berg nedre gnr. 88 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Nedre Berg (også kalla Haugen) vart frådelt nordre Berg i 1899. Nedre Berg ligg på sletta nede ved bygdevegen, og er nedre delen av innmarka av hovudbølet. Dvs. Omlag der plassen Moen låg.
    Husa er bygde fyrst på 1900-talet: stugu, loft, og uthus. Vanleg buskap i 1960-åra var 4 kyr og 18 småfe. Bruket var i drift fram til .... .
    Stølar. Heimstølen Fetstølen er nedlagt. Langstøl på Bergsjøstølen.
    Nedre Berg vert no nytta som feriestad.

{4319} År: 1899

Ola Håkonson Berg 15.12. 1852-1921
Foreldre: Håkon Olson Berg og Gunvor Olsdtr. Svarteberg.
Gm Turid Olsdtr. Skarsgard Berg 21.12. 1873-1963
Foreldre: Ola Oleivson Skarsgard og Sissel Larsdtr. Holto.

Ola og Turid gifte seg i 1902 på Bragernes. Ola vart kalla "Storebergen".
    Ola gav frå seg odelsretten til broren Torstein då han overtok nedre Berg. Brørne hadde gjensidig rett til å kjøpe eigedomane hjå kvarandre.
    Ola dreiv mykje med hestehandel, og ferdene hans gjekk over både Aust- og Vestlandet. Eit par år drog han til Danmark med hestedrifta si. Den tid han handla på det meste råkte det at han leigde dampskip for å få hestane frå Sunnmøre og til Sogn. (1553)
    Ola og Turid bygde eit romsleg hus på Bergsjøstølen til feriegjester.
    Turid var ei rødig kvinne. Ho vart enkje i 1921, men dreiv garden til ho var over 80. Turid leigde ut rom til fiskarar i stølsbua ved Bergsjø.
    Turid kunne svara for seg. Under ein rettstvist vart Turid spurt av dommaren om ho verkeleg hadde kalla motparten "drittsekk". Turid svara at ho hadde ikkje det. "Men du veit, eg har no tenkt det!"