Toresgardmoen gnr. 89 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Toresgardmoen gnr. 89 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Toresgardmoen vart også kalla Brufeten. Det var nok ei bru over Votna på denne staden. Frå gamalt var bruket husmannsplass under søre Toresgard.
    Tunet låg ovanfor bygdavegen, idag syner berre tufta etter fjøset. Det var eit lite fjøs inngrave i ein jordbakke. Stugu hadde to rom, det eine vart delvis nytta til for. Halvparten av husmannstugu er flytta nedanfor vegen og står no som lu med eit tilbygg i reisverk. Toresgardmoen vart nedlagt som husmannplass kring 1935.
    Då Henrik Berg selde nordre Toresgard i 1940 delte han frå bruket 'Evje' bnr. 5 som kårbruk. Eigedomen ligg på same stad som plassen Torsgardmoen. Torstein bygde nytt våningshus. Avlinga vart køyrt til kårkyrne oppe på søre Berg. Sidan 1961 har bruket vorte onna for sal.
{4349} År: 1754
Asle Olson Toresgard 1717c-
Foreldre: Ola ... (Strand?) og ...
Gm Torand Herbrandsdtr. Bråtalien Toresgard 1720c-
Foreldre: Herbrand Tomasson Sire Bråtalien og truleg Liv Halvorsdtr. Sire.
*Barn
1. Sigrid Aslesdtr. Strand Toresgard 1739c-
= Sygni. Barn: Anne 1762- m/ Ola Olson Tistilsgard d.y. Sjå barnebarn.
2. Ola Asleson Toresgard 1740c-
Gm ... ... ... . Barn: fire barn, sjå barnebarn.
3. Gro Aslesdtr. Toresgard Espegard 15.01. 1758-1829s
Gm Levor Ivarson Espegard, sjå Underberget, gnr. 70/7.
4. Liv Aslesdtr. Toresgard 28.12. 1760-
Faddrar: Ola Torjusson Helling, Anders Asleson Toresgard, Bjørn Knutson Huus, Sissel Aslesdtr. Toresgard, Mari Aslesdtr. Langegard.
*Barnebarn
1. Knut Olson Toresgard 23.08. 1761-
Foreldre: Ola Asleson Toresgard og .... ...
2. Anne Olsdtr. Toresgard 05.09. 1762-
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard d.y. (ungkar) og Sigrid Aslesdtr. Toresgard.
   
3. Asle Olson Toresgard 29.09. 1764-
Foreldre: Ola Asleson Toresgard og .... ...
4. Asle Olson Toresgard 08.12. 1771-
Foreldre: Ola Asleson Toresgard og .... ...
Asle og Torand kan ha budd på Toresgard eller på Moen. Dei brukte garden for andre.
    Asle vitna 1762 at han brukte 1/4 part i Toresgard for Helge Lien i 4 år, dei neste 3 år brukte han 3/4 partar for Ola Embrikson Ellingsgard fram til 1761. I 1763 budde dei på Skrindo.
{4350} År: 1845c
Embrik Ørjansson Kjellargardjøta Toresgardmoen 05.10. 1820-1892
Foreldre: Ørjans Sevatson Bergaplass Kjellargardgjøta og Turid Embriksdtr. Espegard.
Gm Turid Olsdtr. Viken Toresgardmoen 16.11. 1823-1900
Foreldre: 'Ola Nilsson og Turid Tolleivsdtr. Torsplass Bratt.' står det i KB.
Truleg Ola Nilsson Kyrkjeluten og eit gifte nr. 2. (Sjå Viken under Brattåker, Hol IV s 54.)
*Barn
1. Ørjans Embrikson Toresgardmoen Torkjellsmoen 18.10. 1845-1931
G 1877 m Mari Torsdtr. Teigen (Storeteig). Sjå Torkjellsmoen.
2. Turid Embriksdtr. Toresgardmoen Hurum? 16.01. 1848-
G 1874 Hole m Andreas Johanneson Hurumeie, Hole 1848- . Barn: Gabriel Martin 1874- ; Inger Marie 1879- ; Karen 1882- ; Karoline 1886- gm Edvard Eriksen Grindaker, Hadeland; Edvard 1889- ; Torvald 1892-1940 gardsbestyrar, gm Gunvor ... , Torvald vart skoten under kampane på Haugsbygd 1940.
    Turid reiste til Lier i 1873 for å tene. (Oppl. v/ Torleif Solberg.)
    Turid og Andreas var kårfolk på Myren under Hårum gnr. 7 i Hole i 1900.
3. Ola Embrikson Toresgardmoen Helling 24.07. 1850-
Ug. Ola var tømmermann i Vats i 1875. Ola reiste ut og vart farmar i Grand Forks, ND. Han skreiv seg 'Helling'. Død i Jamestown Stutsman Co, N.D. Einaste arving var broren "Engebret Moen" i Winger.
4. Turid Embriksdtr. Toresgardmoen Andersen 22.03. 1853-
Gm Hans Andersen, Norderhov 1859-.... . Barn: Anna Mathea 1884- ; Engebret 1885- ; Ludvig 1888- ; Herman 1894- ; Tora Margrete 1897- .
    Hans var dagarbeidar og husmann på ein plass under Loestajet i Nordrehov i 1900.
5. Mari Embriksdtr. Toresgardmoen 20.03. 1855-
6. Sevat Embrikson Toresgardmoen Moen 20.01. 1858-
Ikkje i FT 1891. Men 'Levde i Vats i 1892'. Ikkje arving i 1900. Utflytta?
7. Embrik Embrikson Toresgardmoen Moen 26.05. 1860-1940
G 1885 m Juliane Olsdtr. Gjeldokk, USA. (Dotter til Ola Knutson G. 1824-) Barn: Thea 1885-1885; Thea 'Tillie' 1886-1956 gm A. Willerton; Emil 1889- i Hazelette, Sask.; Ole 1891- ; Bennie 1894-1997; Alfred 1898- i Lake Francis, British Columbia; Esther 1902-1976 gm Sidney Quall.
    Embrik reiste til Am. i 1883: Pionerfarmar i Sletten township, Winger. Dei skreiv seg for "Moen".
8. Mari Embriksdtr. Toresgardmoen Gjeldokk 20.03. 1863-1910
G 1886 m Knut Olson Gjeldokk (USA). Barn: Ola 1887-1919 farmar; Emil 1888-1890; Belle 1890-1980; Emil 1892-1977; Theodor 1893-1986 snikker, gm Bertha Hustad (6 barn); Clara 1895-1972; Mari 1896- ; Sophie 1898- ; Martin 1900- ; Martha 1902- ; Joseph 1903- ; Benjamin 1905- ; William 1907-1928. (1648)
    Mari reiste til Am. i 1885: Winger, MN.
9. Embrik Embrikson Toresgardmoen Moen 21.03. 1867-1940
Embrik reiste til Amerika i 1889: Winger, MN. Han arva etter broren Ola som døydde i Jamestown Stutsman Co, N.D. (J. Marler)
10. Ola Embrikson Toresgardmoen Kaslegard 14.12. 1869-1951
G 1902 m Rønnaug Torsteinsdtr. Kaslegard. Sjå søre Kaslegard, gnr. 80/2.
Embrik og Turid gifte seg i 1847. I 1850 vitna Embrik om tjuveriet hjå Ivar Arneson Bergsmoen. Otte dagar etter tjuveriet hadde Embrik funne ei hekle ved vegen mellom Bergsmoen og Turkarstad. Ivar fekk hekla hjå Embrik då han kjende den att.
    Turid vitna at ho truleg hadde prata ved tjuven. Han kom på ski sunnanfrå i grålysinga ein morgon og bar på ein mjølkekagge. Dei kom i prat i stuguveggen på Moen. Turid hadde m.a. klaga seg over dei trange tidene. Og tjuven var samd. Han sa dessutan at det beste ein kunne gjera var å stela, slik at ein havna hjå lensmannen!
    NB. Kring 1870 hadde denne familien flytta. I 1891 budde dei på Torkjellsmoen med fem ungar.
{4351} År: 1870c
Knut Torson Tistilsgard 17.02. 1802-1879
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
Gm Margit Olsdtr. Opheim Lappegard? 06.12. 1810-1890
Foreldre: Ola Embrikson Hagaplassen og Kari Embriksdtr. Embrikstugu Opheim.
*Barn
1. Tor Knutson Lappegard Breieøyne 01.01. 1848-1937
G 1875 m Borghild Jonsdtr Kvamshaugen, Hol. Skomakar. Sjå Breieøyne, gnr. 127/
2. Mari Knutsdtr. Lappegard Moen 17.06. 1849-1938
Barn: Knut 1873- sjå barnebarn. G 1874 m Einar Eilevson Skomakarmoen, sjå Hagajordet, gnr. 128/1e.
3. Kari Knutsdtr. Lappegard Pettersen 23.07. 1851-
G 1887 Lunner m Ole Pettersen Slettaker 1851-.... . Barn: truleg Marie 1880c-1922 gm Andreas Wengaard (sjå Dokklien, gnr. 110/46); Knut 1884- ; Ole 1887- ; Margit 1892-1969 gm Einar Charles Larsen, Drammen (barn: Elsa 1918-1992 gm Ole Kristian Brunæs (2 barn); Bjørn 1928- gm Turid Gunvor Gilbertsdtr. Foss (2 barn)); Olava ....- ; Tora ....- gm .... Schrøder i Drammen; Einar ....- skodespelar i Oslo.
    Ole var skomakar. Dei budde i Drammen i 1900. (Oppl. Digitarkivet, Petter Hansen og Rune Foss)
*Barnebarn
1. Knut Embrikson Lappegard Benterud 21.10. 1873-
G 1896 Bragernes m Borghild Olsdtr. Tveito. Barn: Elling 1893- ; Marie 1896- ; Emma Helene 1900- ; ...
    Knut skreiv seg Benterud. Dei budde på Landfalløya i Drammen i 1900. Knut var skomakersvein og hadde hjå seg Knut Torson Øyen frå Hol.
    Foreldre: Engebret Hansson Benterud på Ringerike m/Mari Knutsdtr. Lappegard.
Knut og Margit gifte seg i 1847. Dei budde mange stader, i 1865 var dei busett i Klemetsdal i Lier. Knut var inderst på dagarbeid. I 1875 var dei på Brufeten. Sidan kom dei til Lappegard i Vats.
    Det fortelst at Margit var eit dugande arbeidsmenneske, medan Knut likte best å prate med folk. (895)
{4352} År: 1880c
Tor Oleivson Skarsgard Moen 17.12. 1842-1928
Foreldre: Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard og Turid Olsdtr. Berg.
Gm Birgit Olsdtr. Seimsodden Toresgardmoen 14.09. 1848-1934
Foreldre: Ola Torgeirson Brøto Seimsodden og Birgit Helgesdtr. Mjølkedokken, Hol.
*Barn
1. Turid Torsdtr. Skarsgard Toresgardmoen 09.04. 1873-
Turid reiste til Amerika for å leite etter bror sin. (Oleiv?). Han vart borte og aldri meir spurd. Turid vart verande der borte. (Hol III s 409)
2. Oleiv Torson Halleset Toresgardmoen 01.05. 1875-
Til Am. (Hol III s 409)
3. Birgit Torsdtr. Minna Toresgardmoen 23.09. 1877-
Til Am. (Hol III s 409)
4. Ola Torson Toresgardmoen 16.07. 1880-1887
5. Kristi Torsdtr. Toresgardmoen 11.09. 1883-1887
6. Mari Torsdtr. Toresgardmoen Mælen 09.11. 1886-1963
Barn: Birgit Sevatsdtr. 1906- sjå barnebarn.
    G 1912 m Nils Torvald Nilsen Mælen frå Skoger 1891-1964. Barn: Torvald 1912-1997 skogsarbeid / fabrikkarbeid, gm Gunvor ... (4 barn); Erling 1914-2001 snikkar, gm Emma Løff (3 barn); Else 1916- husmor, gm Olaf Jørgensen (2 barn); Asta 1917-1992 sydame, gm Trygve Stengelsrud (2 barn); Nils 1919-1989 skogsarbeidar, gm Birgit ... (ingen barn); Olai 1921- sjømann, var gm Magnhild ... (2 barn); Kristian 1923- snikkar, ugift. Kåre 1925-1992 konduktør, gm Astrid Rogneflåten (4 barn); Gerda 1927- husmor, gm Birger Nilsen (3 barn); Reidun 1930- fabrikkarbeid, gm Martin Dalen (2 barn); Kari 1932- fabrikkarbeid, til sjøs, (1 barn), sbm Egil Tangen.
    Mari og Nils budde på Tuftehaugen i Torpo i 1912. Dei forpakta eit bruk nedanfor, og så flytta dei til småbruket Svartås ved Kongsberg. Nils var sagbruksarbeidar.
7. Olaf Torson Toresgardmoen Moe 12.01. 1890-1960
G 1911 m Marie Johansdtr. Bråten (Gjestmoen). Sjå eige hushald.
8. Tor Torson Toresgardmoen 28.02. 1892-
Til Am. 1910:
*Barnebarn
1. Birgit Sevatsdtr. Toresgardmoen Søderberg 12.12. 1906-1995
Var gm Johan Oskarson Søderberg. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Sevat Martinson Bråto (ungkar) og Mari Torsdtr. Toresgardsmoen.
Birgit og Tor gifte seg i 1873. Ho var enkje etter Steingrim Helgeson Halfardokken som døydde i Hardanger. Sjå Hol III s 408.
    Tor var husmann, timremann og snikkar. Han laga brennevinskaggar, dei vart det såpass mange av at han fekk oppnamnet 'Kagge-Tor'. Eit levande minne etter Tor er den friske toraderlåtten som heiter 'Kagge-Tor'. Tor var liten av vekst. Som slåttekar var han svært rask med ljåen.
    Tor og Birgit flytta mykje. Han var inderst på Skarsgard og på Halleset, sjølveigar i Minna (i Vestlien) nokre år og kom til Toresgardsmoen kring 1880.