Torkjellsgard gnr. 90 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torkjellsgard gnr. 90 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tistilsgard var det gamle namnet på gardane Torkjellsgard og Lappegard i Vats. Dei grensar mot Arnegard i vest og Toresgard i aust. Namnet skal koma av planta tistil. Det virkar noko rart å kalle ein gard etter eit åkerugras, men nokon annan tyding er ikkje kjent.
    Tistilsgard vart delt i Torkjellsgard (søre garden) og Lappegard, og det har skjedd før 1600. Båe gardane vart skattlagde som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol.
    Det fortelst at nordre garden (dvs. Lappegard) vart opprydda (etter øydetida) av bonden på Nedremyr i Hol. Nedremyr-arvingane hadde også odelsgods i Tistilsgard, men garden vart brukt under Sindrol i Hol i tida kring 1600.
    Namnet Torkjellsgard skriv seg nok frå bonden frå 1690, men var nok berre i muntleg bruk lenge. Fyrst midt på 1800-talet kom namnet Torkjellsgard i bruk i skriftlege kjelder, og frå omlag 1850 er namnet Tistilsgard kome or bruk. Forma 'Torkelsgard' er gjerne brukt som slektsnamn.
    Frådelte bruk og plassar: Nygard (bnr. 9 frådelt 1923); Torkjellsmoen og Stølen.
    Torkjellsgard hadde kvern og slipe i Dele-bekken.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 160 mål, utslått 42 mål. Avling 16 tunner bygg og 14 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, produktiv skog 20 mål, bjørkeskog 500 mål, anna utmark 305 mål. Har 1/5 (av 100 da) i Vats fôrdyrkingslag. Buskap: 80 geiter, 30 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1961, hallingstugu 1865, stolphus 1660, driftsbygning 1971, reidskapshus 1987.
    Nokre stadnamn: Vaktardalen (i heimehamna), Linbendteigen, Harpemyre, Biskestykket, Husåkeren og Gjøteflåte.
    Stølar. Heimstøl Nødrestølen. Langstøl på Geitevasstølen, men garden har også hatt støl på Rødungstølen slik som Lappegard. (Denne stølen vart bortleigd til driftefe.)

{4366} År: 1789

Ola Olson Tistilsgard 19.11. 1747-1826
Foreldre: Ola Olson Gunhildgard Tistilsgard og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Haldis Eiriksdtr. Rikansrud Tistilsgard 13.01. 1764-
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand (Hol).
*Barn
1. Ola Olson Tistilsgard 14.09. 1783-1860
G 1822 m Sebjørg Ellingsdtr. Skaro frå Hol. Sjå neste hushald.
2. Torand Olsdtr. Tistilsgard Berg 26.12. 1785-1831c
G 1815 m Ola Håkonson nordre Berg, gnr. 88/1.
3. Margit Olsdtr. Tistilsgard Medhusjordet 21.01. 1787-1864
G 1828 m Embrik Mikkelson Medhusjordet, gnr. 21/5.
4. Eirik Olson Tistilsgard Toresgard 08.08. 1790-1850
G 1826 m Birgit Olsdtr. søre Berg. Sjå Toresgard gnr. 89/2.
5. Guri Olsdtr. Tistilsgard 01.04. 1793-1801f
6. Ingeborg Olsdtr. Tistilsgard Brattegard 20.07. 1794-1883
G 1822 m Ola Eirikson Brattegard, gnr. 84/3.
7. Ola Olson Tistilsgard 19.03. 1797-1802
8. Tolleiv Olson Tistilsgard 08.07. 1798-1802
9. Guri Olsdtr. Tistilsgard Berg 15.12. 1799-1885
G 1832 m enkjemann Ola Håkonson nordre Berg, gnr. 88/1. (Han var gm systera Torand.)
10. Ingrid Olsdtr. Tistilsgard Toresgard 01.11. 1801-1877
G 1838 m Ola Olson Toresgard, gnr. 89/1.
11. Ragnhild Olsdtr. Tistilsgard Settungsgard 1803-1837
G 1829 m Lars Embrikson Settungsgard. Etter 5 veker i si 4. barselseng døydde ho utan forløysing i februar 1837.

Ola og Haldis gifte seg i 1782. Det var visst eit drusteleg gjestebod som det gjekk gjetord om. Lars Opsata skreiv at då brudeferda deira var komen inn i garden på heimvegen, då var den bakre enden på Bergsmoen!
    Ola gjorde tenest i Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani frå 1770. Han vart oppnemnd til lagrettemann i 1782.
    I 1788 fekk han skøyte på skyldegods i Tistilsgard for 353 rd. Fyrst i 1828 fekk han skøyte frå medarvingane på garden for 1400 spd.
    Truleg er dette den 'Ola O. Tistilsgard' som vart kalla "frende" i eit brev frå drapsmannen Asle Embrikson. Asle hadde drepe ein mann på Norheim i Lunde i Telemark. (Lundesoga II s 523-527 og s 393.)
    Haldis er ikkje funnen død i kyrkjeboka. Ola døydde som 'kårmann' i 1826.
    Gol II s 284 har ei soge om at bonden på Torkjellsgard gøymde Hans Nielsen Hauge i ein kjellar ein gong så ikkje lensmann Richter skulle finne han.

{4367} År: 1828

Ola Olson Tistilsgard 14.09. 1783-1860
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Sebjørg Ellingsdtr. Skøro Tistilsgard 1796-1870
Foreldre: Elling Knutson Skøro og Anne Asgrimsdtr. Øvrejorde, Hol.
*Barn
1. Ola Olson Tistilsgard 04.04. 1824-1836
Ola drukna sumaren 1836 saman med systera Haldis.
2. Haldis Olsdtr. Tistilsgard 24.03. 1826-1836
Haldis og broren Ola omkom ved drukning sumaren 1836. Dei ok på ei snøfonn rett ut Damtjørna.
3. Guro Olsdtr. Torkjellsgard Kaslegard 05.04. 1828-1907
Gm em Lars Embrikson Thon Kaslegard, sjå om familien på Kaslegard gnr. 80/2. Guro budde i Ål i 1877, "han vites ikke", truleg til Amerika. Ho dreiv 'Husflidsarbeide' i 1900.
4. Elling Olson Tistilsgard 22.02. 1830-1830
5. Elling Olson Tistilsgard 16.02. 1831-1902
G 1858 m Guri Hermannsdtr. nedre Sire. Sjå neste hushald.
6. Anne Olsdtr. Tistilsgard Arnegard 22.07. 1833-1918
G 1855 m Hermann Gunnarson Arnegard, gnr. ..... Til Am.
7. Haldis Olsdtr. Tistilsgard Ellingsgard 24.06. 1839-1895
G 1859 m Knut Olson Lofthus Ellingsgard, gnr. 78/2. G 1870 m Eirik Knutson Trintrud, gnr. 57/1.
    Den 29. juni 1895 omkom Haldis og dottera Anne på Fekjastølen "efter Guds viise Bestemmelse formedelst tordenveir". Eit lite barn kom gråtande bort til nærmaste stølbu og sa at mor og syster sov,- ho greidde ikkje å vekke dei. (1149), (1553)
8. Ola Olson Tistilsgard 11.01. 1844-
G 1869 m enkje Guri Botolvsdtr. Randen 1850-1906. Barn: Ola 1871- lærar til Am.; Botolv 1872- ug.; Embrik 1874- til Am. gm Anne Øysteinsdtr. Grogard; Elling 1876- til Geilo; Ola 1878- til Am. gm ... ... ; Guri 1881- til Kyrkjeluten gm Guttorm Øysteinson Grogard; Anne 1883- til Am. gm ... Schultz ; Eirik 1885- til Am.; Haldis 1887- til Am. gm ... ... ; Rønnaug 1887-1891; Anne 1890- gm Johannes M. Holestøl; Rønnaug 1892- til Am. ug.
    Ola dreiv både søre Mørk 1879 til 1902 og Kyrkjeluten i Hovet 1871 til 1901. Ola hadde uvanlege evner. Han tok del i det kommunale liv, og var av dei førande i ei religiøs rørsle i bygda. Dei stillte seg mistruiske til presten.
    "Så snublede han og kom ut af alt ", skreiv Anders Mehlum. Det som skjedde var Ola fekk dattera Anna f. 1890- med Ingeborg Olsdtr. Rue. (Hol IV s 102)
    Ola kjøpte seg til sist ein gard "utpå bygdene" og levde noko tilbaketrekkt.

Ola og Sebjørg gifte seg i 1822. Ola overtok garden 1828 for 1400 spd.
    Sebjørg fortalde at ho ein gong fekk sjå ei haugakjering med mjølkeringje og buskap ovanfor Geitevass-stølen. (1553)
    Ola døydde 77 år gamal i 1860.

{4368} År: 1863

Elling Olson Tistilsgard Torkjellsgard 16.02. 1831-1902
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Sebjørg Ellingsdtr. Skaro.
Gm Guri Hermannsdtr. Sire Torkjellsgard 28.08. 1832-1915
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen nedre Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Margit Ellingsdtr. Torkjellsgard Mehus 22.04. 1859-1940
G 1889 m Asle Olson Mehus i Holet 1866-1917. Barn: Ola 1890-1947 vanfør; Elling 1891-1979 bonde på Mehus, gm Ingeborg Torsteinsdtr. Haugland, Brekke i Sogn (3 barn); Hermann 1893-1927 ugift handelsmann; Mari 1895-1966 ugift; Svein 1897-1975 gm Sigrid Nøkleby, Jevnaker, han vart sokneprest i Jostedalen (5 barn); Lars 1900-1967 ug. handelsbetjent. (1040)
    Asle og Margit hadde søre Mehus i Holet.
2. Sebjørg Ellingsdtr. Torkjellsgard 02.05. 1861-1945
Ug. Sebjørg dreiv farsgarden som ein kar etter at far hennar gjekk bort. (1553)
    Sidan var ho hushjelp i Ål og Hol.
3. Ola Ellingson Torkjellsgard 28.12. 1863-1947
Gm Kristi Olsdtr. Rust. Sjå neste hushald.
4. Haldis Ellingsdtr. Torkjellsgard Kleppo 27.06. 1869-1951
G 1905 m em Guttorm Ivarson på øvre Kleppo i Hol. Barn: Anna Guri 1906-1989 gm Embrik Knutson Settungsgard Kleppo (3 barn); Kristi 1911-1918.
5. Anne Ellingsdtr. Torkjellsgard Nordli 17.07. 1872-1953
Barn m/Tore Olson Ulneshagen, N-Aurdal: Ingrid 1897- sjå barnebarn.
    Gm arbeidar/småbrukar Hans Martinson Nordli i Hole 1875-1939. Barn: Erling 1904-1970, til Canada, gm Mary ... gm ... ( 2 døtre); Inger 1899-1987 gm Sigurd Skoglie (2 døtre); Kristian 1907-1961 ug.; Hanna 1911-1991 var gm Sander Kinneberg, gm Alf Grimsrud (sjå eige hushald); Martha død ung.
    Anne budde på Krokvik i Hole i 1900. (1232)
*Barnebarn
1. Ingrid Toresdtr. Torkjellsgard Brattegard 24.10. 1897-1983
G 1931 m Lars Torsteinson Brattegard. Sjå nedre Brattegard, gnr. 84/1.
    Foreldre: Tore Olson Ulneshagen, N-Aurdal (Seinare: Bogstadv. 29 Kr.ania) og Anne Ellingsdtr. Torkjellsgard.

Elling og Guri gifte seg i 1858. Elling tok over garden på skiftet etter faren i 1863. Pris 1100 spd.
    Elling delte frå ein del av Geitevasstølen (bnr. 2). Den ligg no til Arnegard i søre Votndalen. Elling og Guri bygde ny stugu kring 1865.
    Elling skranta noko våren 1902. Så reiste han på Geitevass-stølen i håp om at fjell-lufta ville helbrede han. Elling døydde på Geitevass-stølen. (1553)