Torkjellsmoen gnr. 90 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Torkjellsmoen gnr. 90 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Torkjellsmoen var husmannsplass under Torkjellsgard. Plassen vart rydda i 1740-åra, og var busett fram til 1920 omlag.
    Torkjellsmoen ligg nedst i jordet på hovudbølet. Det er ikkje hus eller tufter på Torkjellmoen lenger. Jordvegen vart lagt til bureisarbruket Nygard og er no oppdyrka.
{4375} År: 1760
Ingeborg Klemetsdtr. Sire Tistilsgard 1725c-1802
Foreldre: Klemet Eirikson/Eivindson Sire Svarvargarden og ... ... ...?
*Barn
1. Klemet Syverson Sire Tistilsgard 12.07. 1750-
Klemet var på Tistilsgard i 1762. Han er ikkje død i Ål. Det er ingen Klemet Syversen/Sivertsen i FT 1801.
    Foreldre: Syver Syverson Hagen (ungkar) og Ingeborg Klemetsdtr. Sire Tistilsgard.
2. Syver Syverson Sire Tistilsgard 12.07. 1750-
Foreldre: Syver Syverson Hagen (T) og Ingeborg Klemetsdtr. Sire.
3. Ola Knutson Tistilsgard 09.03. 1763-
Foreldre: Knut Ivarson Torkjellsgard (ungkar) og Ingeborg Klemetsdtr. Sire Tistilsgard.
I 1750 fekk Klemet-Ingeborg tvillingar med Syver Syverson Hagen frå Torpo. I 1751 vart ho stevna for legemål. I 1763 fekk ho ein son med Knut Ivarson Torkjellsgard, og dermed fekk ho husrom på Torkjellsmoen.
    Klemet-Ingeborg var inderst/husmann under Tistilsgard i 1762. Ho var dessutan fattig. Ho var oppført mellom "Fattige 1780-1800". Ho var på legd dei siste åra.
{4376} År: 1855
Syver Gunnarson Tistilsgard Torkjellsmoen 28.08. 1832-1918
Foreldre: Gunnar Syverson Lappegard (Bakken) og Guri Olsdtr. Lislelien.
Gm Haldis Olsdtr. Brattegard Torkjellsmoen 05.10. 1835-1926
Foreldre: Ola Eirikson Brattegard og Ingeborg Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn
1. Turid Syversdtr. Torkjellsmoen 15.12. 1859-
Ikkje funnen død i Ål.
2. Syver Syverson Torkjellsmoen 28.10. 1862-1864
3. Syver Syverson Torkjellsmoen Toreplass 12.08. 1865-1947
G 1895 m Birgit Eilevsdtr. Toreplass, gnr. 123/49.
4. Ola Syverson Torkjellsmoen Tveito 16.10. 1868-1954
G 1896 m Birgit Olsdtr. Tveito. Sjå Tveito i Nasagardane, gnr. 118/2.
5. Turid Syversdtr. Torkjellsmoen Halingstad 24.10. 1871-1933
G 1900 m Arne Person Arnegard Halingstad 1866-1924. Barn: Per 1900- til Hago (Hol) gm Birgit Jensdtr. Sletto; Syver 1901- gm Birgit Olsdtr. Bardølsgard Mehus (1 adoptivson); Pål 1903- til Høglund (under Rueslåtta) gm Guri Olavsdtr. Reinton; Sander 1905- gm Kristi Ellingsdtr. Lauvvang (ingen barn); Borghild 1907- gm Jens Jonson KvamsHaugen; Haldis 1909-2006 til Hokksund, gm ... Borge (barn: Terje); Olav 1911-1940 gm Gudrun Rønning; Ragnhild 1913- gm Halvard E. Hognerud; Nils 1917- gm Marta Sæhl Erdal, Lærdal (ingen barn).
    Turid og Arne budde på Torkjellsmoen i 1900. Sidan kom dei til nordre Halingstad i Hol. Arne var kyrkjetenar og damvaktar. (1430)
6. Guri Syversdtr. Torkjellsmoen Råo 22.07. 1874-1949
Ugift. Barn med Tolleiv Larsson Lappegard: Ola 1902-1974. Sjå barnebarn.
7. Ola Syverson Torkjellsmoen Kvinnegard 29.03. 1881-1976
G 1907 m Birgit Olsdtr. Personbråten frå Gol. Sjå PletteTon og myljo Kvinnegard, gnr. 96/4.
*Barnebarn
1. Ola Tolleivson Torkjellsmoen Råen 23.02. 1902-1974
Ugift. Sjå Råen, gnr. 120/9.
    Foreldre: Tolleiv Larsson Lappegard (ungkar) og Guri Syversdtr. Torkjellsmoen.
Syver og Haldis gifte seg i 1859. Syver var smed, timremann og husmann med jord.