Lappemoen gnr. 90 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lappemoen gnr. 90 bnr. 3a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det var to plassar Torkjellsgardmoen eller Tistilsgardmoen i FT 1875. Den eine tilhøyrde Torkjellsgard. Den andre plassen Tistilsgardmoen vart også kalla 'Lappegardsjorde' eller 'Lappemoen' og låg nedanfor bygdavegen i eiga til Lappegard. ('Stølen' er truleg eit nyare namn på Lappemoen.)
    I 1830-åra vart Lappemoen brukt under Lappegard. Dvs. Der var ingen husmann.

{4391} År: 1785

Knut Jonson Lappegard Tistilsgard 1744-
Foreldre: Jon ... (?Jonson Arnegard?) og ...
Gm Sissel Torkjellsdtr. Torpo Tistilsgard 1737-
Foreldre: truleg Torkjell Knutson søre Torpo og ... ... ... .

Sissel var enkje etter Eirik Torson Tistilsgard. Ho vart attgift 1786 med Knut. Dei hadde ingen barn saman.
    Knut Jonson Lappegardsjorde vart 1799 stevna av Kristi Gjestdtr. Kvinnegard for oppfostring av sonen Ola f. 1772.
    Knut var husmann med jord i 1801. Saman med Knut og Sissel budde sonen hennar, Torkjell, og dottersonen Eirik Knutson.
    Knut og Sissel er ikkje nemnde i Ål etter 1801.

{4392} År: 1870c

Embrik Ørjansson KjellargardGjøta Toresgardsmoen 05.10. 1820-1892
Foreldre: Ørjans Sevatson Bergaplass Kjellargardgjøta og Turid Embriksdtr. Espegard. G 1847 m Turid Olsdtr. Viken.

Embrik og Turid budde også på Toresgardmoen som nygifte. Sjå meir om ungane der. Dei kom til Torkjellsmoen kring 1870.

{4393} År: 1884

Ørjans Embrikson Toresgardsmoen Lappemoen 18.10. 1845-1931
Foreldre: Embrik Ørjansson KjellargardGjøta Toresgardmoen og Turid Olsdtr. Viken.
Gm Mari Torsdtr. Storeteig Lappemoen 19.04. 1854-1928
Foreldre: Tore Olson Bjella Storeteig og Mari Olsdtr. ØvreLå.
*Barn
1. Turid Ørjansdtr. Lappemoen 23.03. 1877-
?Thora Bjerke i Drammen tok Storeteig på odel i 1905. Ho var visst datter til Ørjans i Vats.
2. Margit Ørjansdtr. Lappemoen 21.02. 1879-
Margit var tenestjente hjå restauratør Julius Pedersen i Drammen i 1900.
3. Borghild Ørjansdtr. Lappemoen 28.08. 1881-
Borghild fekk sonen Embrik Syverson Moen med Syver Edvardson Kolstad, Valdres. Sjå barnebarn.
4. Embrik Ørjansson Lappemoen 04.05. 1884-1897
Giktfeber.
5. Tor Ørjansson Lappemoen 11.11. 1888-1901
6. Ola Ørjansson Lappemoen 04.12. 1891-
Ug. Han budde saman med systera Borghild. Ola dreiv måling, m.a. dekor på blomepotter. Han var sjukleg og gjekk tidleg bort.
*Barnebarn
1. Embrik Syverson Lappemoen Moen 12.05. 1913-
Lysing 1946: Embrik Moen og Magda Bergstad, Førde.
    'Embrik var gift med ei på Vestlandet. Han døydde tidleg'. Både Embrik og mora reise til Vestlandet.
    Foreldre: Syver Edvardson Kolstad, Valdres f. 1886 (ungkar) og Borghild Ørjansdtr. TorkjellsMoen.

Ørjans og Mari gifte seg i 1877. Dei flytta mykje. Han var inderst på Lofthus 1877, husmann på Torkjellsgardsmoen 1879, og husmann Lappemoen eller Stølen frå 1884.
    Ørjans var skomakar, og reiste mykje ikring med arbeidet sitt.
    Ved Ørjansstugu var der så skrinn jord at dei knapt fekk sådd ei gulrot. Ørjans var skomakar. Mari var bakstekjering og hadde mykje arbeid kring på gardane om våren. Som løn fekk ho med seg litt mat i sendingskorga si.