Bakken gnr. 90 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakken gnr. 90 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Lappegard eller Lappebakken vart frådelt Lappegard i 1795.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 10 mål. Avling 5 tunner bygg og 4 tunner potet.
    Areal 1995: innmark 30 mål, bjørkeskog 350 mål, anna utmark 12 mål.
    Våningshus bygt 1962 (hytte), driftsbygning (liten) 1934, låve 1921. Stugu med tomt er selt som hytte. Garden vert bruka under Tveito 55/1.
    Stølar. Heimstøl Holle, her er tufter og steingardar. Nedlagt? Opphavleg langstøl var halve Rødungstølen. (90/5, fråselt 1939). Langstøl på Osestølen.
   

{4394} År: 1764c

Ola Torson Tistilsgard 1736-
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard og Guri Guttormsdtr. Brattegard.

Gardsynet på nordre Lappegard/Lappebakken frå 1796 beskriv ei rekke gamle hus. I manntalet frå 1762 var 'Eilev Embrikson gamal og fattig husmann' hjå Eirik Olson Tistilsgard. Eilev var nok frå Arnegard.
    I 1764 lånte Eirik Torson 300 rd hjå broren Ola som då fekk brukeleg pant i halve garden.
    Ola kravde gardsyn i 1766. Husa var: ei gamal stugu; fehus; låve med "steenskykjuer"; to stallar; hestestall; bu; 1/2 eldhus, smie, badstugu. På heimstølen Hollen var ei steinbu; ei timra bu og ei lu. På langstølen: 1/2 bu. Årleg leige vart sett til 10 rd. Skogen skulle dei dele etterpå.
    Ola Torson lånte 200 rd i 1767 hjå Torand Olsdtr. søre Tistilsgard mot pant i halve nordre garden som han hadde i brukeleg pant hjå broren Eirik Torson.
    Økonomien eller helsa må ha svikta for Ola. Anten var det Ola sjølv eller ein yngre bror med same namn som var utkommandert til Holstein i 1761. Då vart han stevna av broren Eirik som hevda å ha løyst ut syskenpartar/arv. Fleire vitne vart avhøyrde og fekk Eirik tingsvitne på dette.
    I 1788 vart det teke utlegg for 280 rd hjå han. Og i 1795 vart Lappegard delt, og den nordre delen selt til Gunnar Syverson Ødelien.
    Ola Torson var 'vanvittig og husbondens farbror' på Tistilsgard i 1801. Sidan er han ikkje nemnt.

{4395} År: 1795

Liv Torkjellsdtr. Tistilsgard 17.12. 1752-1834
Foreldre: truleg inderst Torkjell Knutson Haug og Barbro Herbrandsdtr. Bråtalien.
Gm Gunnar Syverson Ødelien Tistilsgard 31.05. 1762-
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien.
*Barn
1. Borghild Gunnarsdtr. Tistilsgard 1791-1804
Borghild vart berre 13 1/2 år.
2. Syver Gunnarson Tistilsgard Lappegard 1796-1881
G 1817 m Guri Olsdtr. Lislelien. Sjå neste hushald.

Gunnar og Liv gifte seg i 1789. Gunnar kjøpte nordre Lappegard eller Bakken for 340 rd i 1795.
    Gunnar held gardsyn i 1796. Husa var ei forfallen stugu, sauestall (til ved), ei bu (utan golv og lås), halvpart i eldhus (rote), halvpart i badstugu (forfallen), ei lu, halvpart i låven (forfallen), halvpart i smie (forfallen), halvpart i kvernhus utan kvernstein. Åkrane var Nylendeåkeren, Badstuguåkeren, Loftsåkeren. På heimstølen Holle var det steinbu med treraust (forfallen) og ei lu. På Rødungstølen var ingen hus. Brua over elva heime var i dårleg stand. Garden vart taksert til 220 rd.

{4396} År: 1819

Syver Gunnarson Tistilsgard Lappegard 1796-1881
Foreldre: Gunnar Syverson nordre Lappegard og Liv Torkjellsdtr. ... .
Gm Guri Olsdtr. Lislelien Tistilsgard 12.09. 1790-1870
Foreldre: Ola Arneson Lislelien og Turid Olsdtr. Håheim Lislelien.
*Barn
1. Gunnar Syverson Tistilsgard 26.10. 1817-1875f
G 1849 m Ragnhild Olsdtr. Grøvo. Sjå neste hushald.
2. Borghild Syversdtr. Lappegard Thon 27.12. 1819-1893
Sbm Nils Syverson Pletten Thon, gnr. 75/1. Borghild sitt samliv med Nils var openlyst. Borghild sa at "slikt tåles her i bygden" i 1851.
3. Ola Syverson Tistilsgard 15.10. 1821-1879
Ug. Ola var inderst i Lappebakken.
4. Knut Syverson Tistilsgard Kvelvo 30.01. 1826-1904
Ug. Knut var tenar i Randen i 1879.
    Knut Syverson Lappegard vart beskrive slik i 1848: 66 tommar høg, smal av vekst, slettrygga, mørkt hår, svart hallingkofte, svarte langbukser og dessutan buntmakarluve. NB. Knut hadde 6 tær. (1590)37
    Død 1904 som ungkar og arbeidskar i Kvelvo.
5. Birgit Syversdtr. Lappegard KyrkjedeldMyro 12.01. 1829-1905
G 1858 m Knut Syverson Lappemyrane. Sjå Kyrkjedeldmyrane, gnr. 64/5.
6. Syver Gunnarson Tistilsgard Torkjellsmoen 28.08. 1832-1918
G 1859 m Haldis Olsdtr. Toresgard. Sjå Torkjellsmoen, gnr. 90/1a.
7. Liv Syversdtr. Tistilsgard Kvelvo 13.07. 1835-1910
G 1862 m Syver Olson Arnegardhagen/Kvelvo.

Gunnar og Guri gifte seg i 1817. Gunnar overtok garden i 1819 for 100 spd og kår til foreldra. Gunnar selde frå Rødungstølen til Eilev Kaupang for 50 rd. (Rødungstølen vart tilkjøpt søre Lappegard i 1939.)

{4397} År: 1859

Gunnar Syverson Tistilsgard Lappegard 26.10. 1817-1875f
Foreldre: Syver Gunnarson Lappegard og Guri Olsdtr. Lislelien. Sjå "Fortalt " nr 1.)
Gm Ragnhild Olsdtr. Grøvo Lappegard 15.07. 1811-1898
Foreldre: Ola Ivarson Havardsgard Grøvo og Ambjørg Olsdtr. Thon.
*Barn
1. Syver Gunnarson Lappegard 16.11. 1851-1928
Ugift. Syver vart kalla Bakke-Sjugurd etter at han budde på Bakkemoen. Han var treskjærar og budde etterkvart i Kvelvo saman med systera Ambjørg og mannen hennar, han Leiste-Holge.
    Bakke-Sjugurd var liten av vekst og hadde langt skjegg. Han sat på ein krakk og skar på tre-emnet sitt under krosslagte armar. Det råkte at ungar kom til og hadde moro av å dreie Bakke-Sjugurd rundt på krakken. Men det vart det slutt med. Det sleit for hardt på brokebaken hans.
    I 1900 var han 'Husmand uden jord, arbeider hos bonderne'.
2. Ambjørg Gunnarsdtr. Lappegard Storedalsplassen 02.05. 1854-1939
G 1912 m enkjemann Helge Martinson Leistehaugen, sjå Leistehaugen, gnr. 7/13a.
    I 1900 levde ho av spinning og strikking og ymse arbeid. Ei tid budde Ambjørg og Helge i Lappebakken. Ambjørg døydde som småbrukarenkje i Lappebakken i 1939.

Gunnar og Ragnhild gifte seg i 1849. Gunnar levde i 1865, men var død før 1875.
    Ragnhild selde garden 1881 for 2100 kr og kår til Oleiv Bjørnson.

{4398} År: 1881

Oleiv Bjørnson Lappegard Bakken 16.08. 1846-1909
Foreldre: Bjørn Eivindson Oleivsgard og Margit Oleivsdtr. Gurigard.
Gm Haldis Knutsdtr. Gurigard Lappegard 06.07. 1860-1944
Foreldre: Knut Oleivson Gurigard og Birgit Aslesdtr. Arnegard.
*Barn
1. Knut Oleivson Lappegard/Bakken 26.12. 1879-1970
G 1908 m Astrid Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå neste hushald.
2. Margit Oleivsdtr. Lappegard/Bakken Berg 06.08. 1882-1972
G 1910 m Henrik Olson Berg, gnr. 87/1.
3. Botolv Oleivson Lappegard/Bakken 05.02. 1885-1982
G 1929 Gol m Mari Knutsdtr. Settungsgard. Barn: Olav 1929-1941 (påkøyrt av tysk bil)
    Botolv reiste til Canada i 1910 og var farmar. Botolv kom heim att ein tur, og trefte då ho Mari. Men til Amerika ville ikkje ho. Då avvikla Botolv farmen, og kjøpte garden Roen i Gol i 1929.
4. Birgit Oleivsdtr. Lappegard/Bakken 21.11. 1887-
Ug. Til Am. i 1910: San Fransisco. Var fyrst hjå slektningar i Arkensas. Birgit var hushalderske i Oakland.
5. Asle Oleivson Lappegard/Bakken Bæra 14.10. 1890-1971
G 1916 m Liv Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå Bæra, gnr. 32/10.
6. Eivind Oleivson Lappegard/Bakken 14.02. 1895-1965
Ug. Eivind var av dei som fekk seg anleggsarbeid på Rjukan i 1920-åra. Der var også broren Olav ei tid. Sidan var Eivind på aluminiumsfabrikken i Høyanger. Eivind flytta heim att, var sveiser om vintrane og slåttekar om sumrane. (Oppl. T. Berg)
7. Olav Olson Lappegard Bakke 29.08. 1897-1976
G 1927 m Helene Bredstrand, Tromsø 1892-1979. Barn: Gerd 1928- sjukepleierske i USA, gm Rolf F. Sollie (3 barn); Odd Wendel 1930-1994 tannlege i USA, gm Eva Marie Horve (2 barn); Ruth 1935- bur på Mysen, gm Karl Thelle (4 barn).
    Olav var misjonær i Belgisk Kongo frå 1925. Slo seg ned i California i 1955. (1441) 280
8. Jørand Olsdtr. Lappegard/Bakken 07.12. 1901-1986
Ug. Jørand stellte hjå mor si, og ho hadde ymse tenestarbeid. Ho var sjukleg. Ho budde i Ørjansstugu som vart selt til søre Berg.

Oleiv og Haldis gifte seg i 1879. Haldis selde garden til sonen Knut i 1911.