Nygard gnr. 90 bnr. 9
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nygard gnr. 90 bnr. 9-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nygard er nedre delen av Torkjellsgard bnr. 1. Nygard vart frådelt i 1923, og rydda 'av nyo' av Erling og Gudrun.
    Areal 1995: dyrka jord 80 mål, anna areal 30 mål (kulturbeite), produktiv skog 20 mål, lauvskog 500 mål, anna utmark 250 mål. Har 1/5 (av 100 mål) i Vats fôrdyrkingslag. Buskap: 15 mjølkekyr, 15 ungdyr.
    Våningshus bygt 1925, ombygt 1967, påbygt 1988, driftsbygning 1925, ombygd og påbygd 1977, reidskapshus 1984, loft omkr. 1580 (tilkjøpt kring 1950 av Ola Stave, Ål), smie omkring 1860.
    Oldfunn. Det er funne pilespissar under dyrking på Nygard.
    Stølar. Heimstøl er Sørestølen ovanfor garden. Langstøl på Geitevasstølen.