Tullegard gnr. 91 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tullegard gnr. 91 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tullegard heitte nedre Arnegard eller søre Arnegard frå gamalt. I 1760-åra overtok 'Halvor Olson Tullan' garden etter bror sin, og sidan har garden vore kalla Tullegarden. Halvor var handelsmann, og truleg har han fått (og brukt) oppnamnet 'Halvor Tullan' i samband med handelstrafikken. Sjå nærare under år 1762.
    Garden vart skattlagd som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Under garden låg også engslåtta 'Lille Arnegard'/Turkarstad (2 laupsbol) fram til 1763. Sjå bnr. 2.
    Fyrst på 1600-talet var Knut Sindrol i Hol eigar av Arnegard. Han hadde odel i Arnegard.
    I 1723 låg Arnegard under prestgarden/anneksgarden Nerol i Hol.
    Frådelte bruk og plassar: Fagervoll bnr. 35.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 80 mål, utslått 48 mål. Avling 13 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 25 mål, bjørkeskog 600 mål, anna utmark 150 mål. Buskap: 20 vinterfôra sauer.
    Våningshus (hallingstugu) bygt 1870, ombygd og påbygt i 1970-åra, loft frå 1890, vølt 1981, låve 1860, fjøs 1950, garasje/reidskapshus 1973.
    Stølar. Heimstøl Hytta/Hytteset (nedlagt). Opphavleg langstøl var Geitevasstølen (delvis fråselt 1872, resten lagt til bnr. 35 i 1942). Tullegard bygsla langstøl på Lauvdalen hjå søre Oleivsgard fram til omlag år 2000.
   

{4409} År: 1762c

Halvor Olson Arnegard 1719-
Foreldre: Ola Halvorson Arnegard og Birgit Eilevsdtr. Berg.
Gm Mette Kristiansdtr. Skiæferstuen Tullegarden 1725-
Foreldre: Kristian Skiæferstuen og ... ... ... , Aker.
*Barn
1. Birgit Halvorsdtr. Arnegard Tullegarden 1748-
Gm Asle Knutson Aslegard, Skurdalen på Aslegutplassen under Skarsgard.
    Ho var enkje og budde hjå bror sin Eirik Halvorson i 1801. NB. Oppgitt alder i FT 1801 er justert til eit fødselsår kring 1750.
2. Eirik Halvorson Arnegard 1749-1831
G 1781 m Birgit Torkjellsdtr Rime (?). G 1788 m Kari Kortsdtr. ... Styrkestad.
    G 1815 m Birgit Olsdtr. Aslegard Skurdalen 1766-1822. (Hol VII s 477)
    Sjå søre Arnegard, gnr. 91/3.
3. Ola Halvorson Tullegarden 1761-1827
G 1793 m Sissel Embriksdtr. Arnegard.
4. Kristian Halvorson Tullegard 1765-
Gm Kristi Persdtr. ... . Barn: Kristian Albret 1804- ; Maria 1806-1810; Ola 1810- ; Mari 1812- .
    Som faren dreiv også Kristian med driftehandel. Han vitna i 1780: født i Jarlsberg, (Bragernes låg der den tid), men var 'her i soknet det meste av tiden'. Han budde i Sando. (1396) s 15
    I 1781 hadde Kristian brukt kniv mot soldat Gunnar Amundson/Anderson Holmen og Holge Tveiten frå Sigdal. Dei hadde hadde eit samanstøt då Kristian kom med fedrifta si etter ålmann-vegen. Kristian vart i dømt til bøter på 60 rd for slagsmål og brot på veg-fred i 1781. (1396) s 38
    Kristian selde nokre sauer for Håkon Hovdegard. Håkon var ikkje med, men salet var etter skikken i bygda, vart det sagt. Så vart kjøparen innklaga for retten i 1783. Neste år var 'Kristian Tullen undveget fra sognet'. 'Kristian Tullen' budde på Nes i 1820.
   
    Andre barn: Ola 1750-1754; Kristian 1752- ; Karen 1754- ; Anne 1756- ; Ola 1758-1758; Ola 1760- ; Lars 1764-1766. (1793)

'Halvor Olson Tullan' var handelskar i Drammen. Han har nok overteke Arnegard etter den barnlause broren Eilev kring 1763. Tullegarden-namnet er fyrst brukt 1763.
    Barna fødde 1748-1760 er døypte i Bragernes kyrkje. Halvor og Mette gifte seg i 1748 og budde på Sundland på Bragernes. NB. Også garden på Sundland heitte 'Tullegården'.
    Tulle-namnet er ei gåte. I brev av 6. mai 2002 skriv Margit Harsson at namnet k a n koma av toll/tull. Dvs. Den avgifta som handelskaren måtte ut med til tollvesenet under innføring av varer til byane. Halvor brukte namnet 'Halvor Olson Tullan'. Sonen Kristian, som også var handelskar, skreiv seg 'Christian Tullen'. (I Flesberg ligg bruket 'Tullerud'.)
    I 1745 dreiv han handel med slaktefe. I 1756 budde han på Bragernes då han skøytte arvegods til broren Eilev på Arnegard.
    I 1759 kom Halvor Tullan på tinget og bad om vitneprov for ei hending tidleg ein sundagsmorgon omlag 8 dagar før Kongsbergmarken. Men dunder og brak kom eit fylgje "i vred hu" inn i huset til Halvor. (utanbygdes namn)
    Halvor spurde fylgjet om dette var høveleg tid for å koma til folk, "Er det ikkje fleire dagar i veka?" Inntrengerane svara at dei ville sjå ein brennevinskjel. Halvor hadde fleire losjerande hjå seg, så dei jaga fylgjet på dør.
    Han vart stevna for 100 rd i 1773 av Hans Garatun i Hardanger. I naudsåret 1774 fekk Mette utdelt såkorn. (632)
    Halvor lånte 1194 rd i 1774 mot pant i Store og Lille Skarsgard. Lånet skulle nyttast til innkjøp av slaktefe 443 rd, nedbetaling av gjeld 300 rd, 'penger levert min kone våren 1773 300 rd', osv. Långjevaren fekk brukeleg pant i søre eller største Arnegard 6 lb, plassen Lille Arnegard /Turkarstad, krøter samt sylv, kopar, messing, tinn, malm, klede og redskap. (1203) s 89b
    Etter krav frå Johannes Syverson Mørk vart det halde auksjon på Lille Arnegard (Turkarstad) i 1774. Ola Sevatson ... kjøpte for 246 rd.
    Halvor gjekk truleg bort kring 1795. Mette var kårenkje hjå sonen Ola i 1801.
   

{4410} År: 1778c

Johannes Syverson Mørk Tullegard 1741-1823
Foreldre: Syver Knutson Mørk og 1.g Ragnhild Johannesdtr. Hallsteinsgard frå Hovet. (sjå Hol IV s19)
Gm Kristi Ellingsdtr. Tune Tullegard 28.12. 1749-1834
Foreldre: Elling Olson nordre Villand Tune og Mette Persdtr. Hjermann (Lærdal).
*Barn
1. Ragnhild Johannesdtr. Tullegard 1768-
2. Ragnhild Johannesdtr. Tullegard 1769-
Død liten.
3. Mette Johannesdtr. Mørk Tullegard Håheim 1772-1862
Gm Torstein Olson øvre Håheim, gnr. 72/1.
4. Syver Johannesson Tullegard Mørk 1773-1819
G 1799 m Sissel Olsdtr. nordre Skarsgard. Barn: Guri 1806- gm Halvor Embrikson Nestegard, Hovet; Kristi 1809- g 1837 m Syver Syverson Skarsgard; Johannes 1813-1885 bonde på Mørk, til Am., g 1835 m Birgit Tomasdtr. Røo.
    Syver/Sjugurd og Sissel hadde nordre Mørk i Hovet. (Hol IV s 20)
5. Elling Johannesson Tullegard 1777-
6. Guro Johannesdtr. Mørk Tullegard Skarsgard 1778-
Gm Syver Olson Skarsgard.
7. Knut Johannesson Tullegard 1779-
Født på Tullegard. Dei eldre syskena er fødde på Mørk.
8. Ragnhild Johannesdtr. Tullegard 1781-
Død barnlaus før 1834.
9. Gunhild Johannesdtr. Tullegard 1783-

Johannes Mørk frå Hol overtok Tullegard som brukeleg pant i 1760-åra. Etter barnedåpane å døme kom Johannes og Kristi til gards kring 1779. Fleire av barna deira døydde truleg småe. (I 1790-åra vantar dødsfall i kyrkjebøkene.)
    Johannes dreiv truleg fehandel slik som faren og bestefaren. I 1791 selde han Tullegard til Ola Halvorson Tullegard.

{4411} År: 1791

Ola Halvorson Tullegarden 1761-1827
Foreldre: Halvor Olson Arnegard (Tullan) og Mette Kristiansdtr. Skiæferstuen.
Gm Sissel Embriksdtr. Arnegard Tullegarden 26.12. 1762-1835s
Foreldre: Embrik Person Arnegard og Anne Syversdtr. Strand (?).
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Tullegarden Lappeslettane 1794-1871
G 1823 m Sevat Eirikson Brattegard Veslegardgjøta, gnr. 61/1a.
2. Mette Olsdtr. Tullegarden Bergsmoen 1795-1869
G 1841 m Ivar Arneson Hovdegard. Sjå Moen under nordre Berg, gnr. 88/1a.
3. Halvor Olson Tullegarden 12.03. 1797-1871
G 1830 m Anne Olsdtr. søre Berg. Sjå neste hushald.
4. Ola Olson Tullegarden 1799-1883
G 1833 m enkje Guri Olsdtr. Håkonsgard Arnegard, gnr. 91/3.
5. Embrik Olson Tullegarden 28.09. 1800-1869
G 1851 m enkje Ågot Olsdtr. Arnegard Hovdegard. Barn: Ola Embrikson ....- på Arnegard i Votndalen, i Amerika i 1886.
    Embrik og Ågot vart skilde. Embrik budde på Brattegard dei siste åra.
6. Embrik Olson Tullegarden Bergsmoen 03.04. 1803-1886
Ug. Inderst på Bergsmoen 1865 og 1875. Han gjekk på ymse dagarbeid.
7. Anne Olsdtr. Tullegarden Halingstad 14.07. 1805-1856
G 1852 m enkjemann Knut Olson Kleppo myljo Hallingstad (Hol). Ingen barn.

Ola og Sissel gifte seg i 1793. Ola lånte 598 rd i 1794 mot pant i garden.
    Sissel søkte om å sitja i uskifta bu 4. mai 1827. På skiftet etter Ola i 1831 vart garden og stølane sett til 960 spd verdi. Husa på garden var: stugu, loft, sauestall, smie, 2 fehus, stolphus, eldhus, låve, stall , turkehus og dessutan ei gamal stugu oppi jordet.

{4412} År: 1835

Halvor Olson Tullegarden 12.03. 1797-1871
Foreldre: Ola Halvorson Tullegarden og Sissel Embriksdtr. Arnegard Tullegarden.
Gm Anne Olsdtr. Berg Tullegard 31.01. 1802-1883
Foreldre: Ola Halvorson søre Berg og Kristi Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Sigrid Halvorsdtr. Tullegard Kveno 09.01. 1831-1909
Barn: Ola 1859- ; Embrik 1862- sjå barnebarn.
    G 1868 m Ola Larsson Kveno Dokken Kjellargardsgjøta, gnr 77/1a. Sidan til Red Wing, MN.
2. Sissel Halvorsdtr. Tullegard Anfinnset 29.06. 1834-
G 1872 m Ola Olson Dokk Anfinnset, gnr. 8/12.
3. Ola Halvorson Tullegard Vasli 28.05. 1840-
G 1868 m Britta Ingemarsdtr. .... frå Leikanger 1849- . Barn: Henrik 1871- gm Karoline Samuelsdtr. (minst 1 barn).
    Ola og Britta budde i Kjellargardgjøta april 1875, var inderstar på Ellingsgard i 1875. Dei budde då saman med bror hennar, Johannes Ingemarson f. 1851, som var tilreisande timremann, og som reiste attende til Vestlandet før 1883.
    I 1886 budde Ola på Systrand i Bergen stift. I 1900 var Ola gardbrukar på Vasli i Sogndal.
*Barnebarn
1. Ola Embrikson Tullegard 03.10. 1859-
Til Am. 1875. Foreldre: Embrik Nilsson Høens-eie på Ringerike (ungkar) og Sigrid Halvorsdtr. Tullegard.
2. Embrik Person Tullegard 30.10. 1862-
Til Am. 1875: Redwing, MN. Foreldre: Per Embrikson Arnegard (ungkar) og Sigrid Halvorsdtr. Tullegard.

Halvor og Anne gifte seg i 1830. I 1853 vart garden selt på auksjon for 915 spd til Asle Olson. Halvor døydde på legd i 1871. Anne budde hjå dottera på Torpo i 1880.

{4413} År: 1853

Tor Torson Tistilsgard Tullegard 07.04. 1806-1895
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard Lappegard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
Gm Guri Larsdtr. Holto Tullegard 14.01. 1832-1906s
Foreldre: Lars Aslakson Holto Gjeldokk og 2.g Guri Tolleivsdtr. Noss.
*Barn
1. Tor Torson Tullegard 18.12. 1859-1947
G 1885 m Torand Håkonsdtr. Berg. Sjå neste hushald.
2. Lars Torson Tullegard 29.05. 1863-1923
G 1891 m Margit Olsdtr. Reinton 1867- . Barn: Tollef 1894- ; Ola 1896-1928.
    Barn i USA : Gustav ....- ; Adolf ....- .
    Margit var lærarinne i Ål. Lars og Margit fekk to barn i øvre Reinton. Dei selde Reinton i 1900 og reiste til Am.: Bemon Co. ..... . (Hol III s 74)
3. Mari Torsdtr. Tullegard Hovdegard 19.10. 1868-1945
G 1900 m enkjemann Embrik Olson Oleivsgard Hovdegard, gnr. 86/1.

I 1853 kjøpte Asle Olson Ruud garden på auksjon for 915 spd. Han selde vidare same året til Tor Torson for 900 spd.
    Tor og Guri gifte seg i 1859. Dei selde garden 1885 til sonen Tor for kr. 4800 og kår.

{4414} År: 1885

Tor Torson Tullegard 18.12. 1859-1896
Foreldre: Tor Torson Tistilsgard Tullegard og Guri Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Torand Håkonsdtr. Berg Tullegard Thompson 02.11. 1855-
Foreldre: Håkon Olson nordre Berg og Gunvor Olsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Tolleiv Torson Tullegard 02.03. 1886-1952
Ug. Tolleiv budde på Trintrud frå før 1900, ein gong etter 1906 emigrerte han og vart farmar i Sask. Canada. Sjå år 1911.
2. Håkon Torson Tullegard 23.05. 1889-1972
G 1926 m Mabel Frost. Barn: Jack 1927-1976 farmar, g 1953 m Juliette Marquis (7 barn); Nora 1944- gm Earl Dean (1 dotter).
    Håkon reiste til Am. i 1905: farmar i Liberty, Sask. Canada. (1245), (1671)

Tor og Torand gifte seg i 1885. Tor gjekk tidleg bort, og Torand overtok garden. Sjå neste hushald.

{4415} År: 1896

Torand Håkonsdtr. Berg Tullegard Thompson 02.11. 1855-
Foreldre: Håkon Olson nordre Berg og Gunvor Olsdtr. Svarteberg.
Gm Eirik Torkjellson Sundrebråten Thompson 22.08. 1858-1932
Foreldre: Torkjell Torkjellson SundreBråten og Astrid Olsdtr. Hove.
*Barn i andre ekteskap
1. Astrid Eiriksdtr. Tullegard MacKay 1896-1947
G 1940 m Norman MacKay. (1032) Til Am. 1907: Sask. Canada.
    Astrid var direktør i Manitoba Landbruksdepartement og arbeidde særskilt med utdanning av kvinner.
2. Gunvor Eiriksdtr. Tullegard Thompson 15.05. 1899-
Til Am. i 1907. Ho skreiv seg "Gudrun Thompson" og arbeidde ved King George Hospital, Winnipeg, Canada.

Torand vart attgift 1896 med Eirik Torkjellson. Eirik hadde vore dreng på Tullegard.
    Eirik og Torand reiste til Canada 1907: farmar ved Liberty, Sask. Canada. Han skreiv seg Thompson. Eirik dreiv hestehandel.