Kvelvo gnr. 91 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kvelvo gnr. 91 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kvelvo var ein heimstøl/husmannsplass i halla sør ova Arnegardshagen. Husa i Kvelvo stod til kring 1970.
{4421} År: 1855c
Ola Eirikson Flatstrand Arnegardhagen 1824-
Foreldre: Eirik Olson Tuterud (Rollag) Flatstrand og Marte Kristoffersdtr. Rud (Sigdal), Flesberg.
Gm Anne Embriksdtr. ArnegardHagen 14.04. 1831-1907
Foreldre: Embrik Olson Skarsgardshagen 'Lukrishagen' og Lukris Herbrandsdtr. Kvamshaugen (Hol).
*Barn
1. Marte Olsdtr. Kvelvo Jegermoen 26.02. 1856-1937
G 1877 m Syver Nilsson Gjøtebakken Hallebråt Jegermoen, gnr. 36/7.
Ola kom til Hallingdal i 1838. Ola og Anne gifte seg i 1855. Han var inderst på myljo Tveito i 1865. (897)
    Truleg var Anne enkje og losjerande inderst på Råel i Sem i 1865 saman med dottera. I 1875 var både Anne og dottera Marte på Mehlum i Nykirke. Ho dreiv saum og spinning. I 1891 hadde Anne flytta heim att, og var såleis på Arnegard. NB. Ho var ikkje enkje. Anne levde av: 'Husarb. Delvis forsorg av bror i Am.' (897)
{4422} År: 1869
Syver Olson Arnegardshagen Kvelvo 24.06. 1835-1915
Foreldre: Ola Tolleivson .... Arnegardshagen og Unn Olsdtr. Sirehaugen.
Gm Liv Syversdtr. Tistilsgard Kvelvo 13.07. 1835-1910
Foreldre: Gunnar Syverson Lappegard (Bakken) og Guri Olsdtr. Lislelien.
Syver og Liv gifte seg i 1862. Dei hadde ingen livsarvingar. Død i Kvelvo.
    Syver var soldat i 1862. Dei kom til Kvelvo i 1869.
    Truleg: Syver var flink ølmann og skjenkjar i gjesteboda, eit verv han held mykje av. Når dagen ikkje strakk til var han borte på slakting om nettene. Liv var såkalla 'bekkekjering,' dvs. ho gjorde rein tarmar o.l. i bekken. (Pølseskinn). (LBSehl s 382)
    I 1900 budde også bror hennar Liv, Knut Syverson i Kvelvo. Han var arbeidskar. Knut var på Lappegard i 1848 og vart då beskriven slik: 66 tommar høg, smal av vekst, slettrygga, mørkt hår, svart hallingkofte, svarte langbukser og buntmakarluve. NB. Han hadde 6 tær. (1590)37