Turkarstad gnr. 91 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Turkarstad gnr. 91 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Turkarstad grensar mot Tullegard i aust og mot Arnegard i vest. Frå gamalt vart garden kalla 'Lille Arnegard'. Det er uvisst kva namnet Turkarstad kjem av. Det kan tenkjast at det har noko med turking av korn å gjera, men dette var ikkje noko særsyn for denne garden?
    I 1630 var Sander Sanderson og fem lagrettemenn på Sundre tingstugu. På vegner av stadthaldaren meinte futen Christen Lagesøn at Lille Arnegard var ein øydegard i Kongens almenning. Men bøndene i Vats klaga på dette og førte vitne. Den 70-årige Amund Skrindo vitna etter Magnus Reiersgard at ingen hadde høyrt anna enn at Lille Arnegard av arilds tid hadde vore bondegods. Per Bjella vitna det same. Garden var arveleg odel til Knut Sindrol i Hol.
    I 1760 vart Eilev kravd for konsumpsjonsskatt for Lille Arnegard m.m. Eilev kom på tinget og sa at Lille A ikkje var noko underbruk, berre ei slåtte under hans påbuande gard Arnegard. På slåtta budde ingen folk. (1297) s 28
    Plassen Bergadekko låg på ei liten flat oppe i bakkane ovanfor garden.
    Areal 1865: dyrka jord 7 1/2 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 15 mål. Avling 4 1/2 tunne bygg 4 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 32 mål, produktiv skog 82 mål, bjørkeskog 286 mål. Våningshus (hallingstugu) bygt kring 1890, loft frå 1840, stallar med trev frå omlag 1860, fjøs ca. 1890.
    Garden vert brukt som tilleggseigedom til Skarsgardshagen gnr. 92/2.
    Stølar. Heimstøl i Bergadekko (nedlagt) og langstøl på Rødungstølen.

{4426} År: 1763


Syver Ottarson Rotneim på Svarteberg kjøpte Turkarstad i 1763 for 183 rd. Sjå Otterplassen, gnr. 1/14.

{4427} År: 1766c

Ola Sevatson Settungsgard Venås 1742-1804
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
Gm Birgit Halvorsdtr. ... Turkarstad 1750c-
Foreldre: Halvor ...

Ola og Birgit hadde truleg ein son Sevat.
    Ola Sevatson kjøpte Lille Arnegard på auksjon i 1776 for 246 rd. I 1783 makeskifta han Lille Arnegard og 200 rd mot øvre Brattegard med Ola Syverson Brattegard.
    I 1791 selde dei øvre Brattegard til Eirik O. Løkensgard for 398 rd og kår. Dessutan held dei att (Brattegard-)Slåtta på livstid.
    I 1795 kjøpte Ola Sevatson garden Venås i Hemsedal for 600 rd på auksjon.
    Ein Venås-mann gjorde seg ein karm og ville ro over hølen neda Venås for å koma på Venåsstølen. Men straumen var strid og mannen drukna. Dødsår: 1804. (Hemsedal s 411)
    Enkja Birgit vart gift pånytt i 1805. Barn ikkje nemnde.

{4428} År: 1783

Ola Syverson Brattegard Turkarstad 17.10. 1756-1816
Foreldre: Syver Olson øvre Brattegard og Anne Aslesdtr. nedre Brattegard.
Gm Guri Ivarsdtr. Dokk Arnegard Vats Slåtten 01.01. 1757-1827
Foreldre: Ivar Olson Ellingsgard Dokk og Torand Knutsdtr. Espegard Dokk.
*Barn
1. Torand Olsdtr. Turkarstad 03.10. 1784-1871
G 1802 m Per Larsson Arnegard Turkarstad. Sjå neste hushald.
2. Anne Olsdtr. Turkarstad 01.07. 1787-
3. Syver Olson Turkarstad 26.12. 1790-
4. Anne Olsdtr. Turkarstad 07.07. 1793-
5. Syver Olson Turkarstad 26.06. 1796-1797

Ola makeskifta øvre Brattegard mot Turkarstad og 240 rd med Ola Sevatson i 1783.
    'Ola Syverson Tullegard' var på Kongsberg i 1787.
    Ola og Guri fekk iallefall fem barn. Truleg døydde tre av dei i 1790-åra.
    I 1801 fekk stefaren til Ola, Torgeir Knutson, lov til å rydde jordstykket Slåtta mot at Ola skulle overta eiga hans.
    I 1805 overtok dottera Torand og mannen hennar Turkarstad.

{4429} År: 1805

Torand Olsdtr. Turkarstad 03.10. 1784-1871
Foreldre: Ola Syverson Brattegard Turkarstad og Guri Ivarsdtr. Ellingsgard.
Gm Per Larsson Skarsgard Turkarstad 1763-
Foreldre: Lars Anderson Bry Skarsgard og Anne Persdtr. Arnegard.
*Barn
1. Lars Person Turkarstad Bæra 20.05. 1805-1869
G 1830 m Ambjørg Larsdtr. Noss. G 1834 m Anne Torkjellsdtr. Kvelprud. Sjå neste hushald.
2. Anne Persdtr. Turkarstad Brattegardslåtta Aakvik 27.10. 1805-1909
G 1825 m Elling Olson Jøto Brattegardslåtta, gnr. 84/4.
3. Ivar Person Turkarstad 02.02. 1809-
Gm Kari Korneliusdtr. ... . Barn: Olaus 1842- ; Karoline 1829- .
    I 1865 var Ivar sjølveigar på Skretteberg, Gjerven.
4. Guri Persdtr. Turkarstad Løkjordet 02.11. 1812-1901
G 1883 m Eirik Eirikson Tveitojordet Løken. Sjå Løkjordet.
5. Birgit Persdtr. Turkarstad 01.05. 1816-1900
Sjå Løkjordet.
6. Anne Persdtr. Turkarstad 08.04. 1822-
Som barn på legd i Vats 1816-1836.
7. Torand Persdtr. Turkarstad Løkjordet 22.09. 1825-1870
Torand budde saman med systera Birgit. Sjå Løkjordet.
8. Ola Person Turkarstad 22.09. 1825-
Tvilling. Truleg gm Lisbeth Rikardsdtr. ..., Kvinnherad 1831- . Barn: Rikard 1859c- ; Lisbet 1855- ; Anne Dorte 1862- .
    I såfall 'Uden Jord Bjærgværks Arbeider', og busett på Havneråsneset i Kvinnherad i 1865.
9. Dordei Persdtr. Turkarstad Gudbrandsgards-eie 10.01. 1829-1908
G 1865 m Ivar Asleson Gudbrandsgard. Stugu til Ivar og Dordei stod neda vegen i nordre Gudbrandsgard. Under stugu var mura eit lite rom der dei hadde 2-3 geiter. Om vintrane var det stundom for kaldt for geitene der, då fekk dei vera inne i stugu.
    Ivar og Dordei gjekk på dagarbeid. Dordei var kunnig med ymse lækjeråder for både folk og dyr. Ho var kvek og morosam. Sjå Gudbrandsgard, gnr. 68/2.

Per og Torand gifte seg i 1802. I daglegtale gjekk Per og familien under kallenamn basert på gardsnamnet. Det var Turke-Per, Turke-Anne osv.
    Per fekk skøyte på garden for 200 rd i 1805. Per var katte- og hundegjeldar. Per sa det slik: "Det er rart med di når'n kan eit handverk, so fær'n gjedne litt betre mat."

{4430} År: 1828

Lars Person Turkarstad Bæra 20.05. 1805-1869
Foreldre: Per Larsson Skarsgard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad.
Gm Ambjørg Larsdtr. Noss Torkjellsgard Turkarstad 10.04. 1785-1833
Foreldre: Lars Knutson Torkjellsgard Noss og 2. g Anne Knutsdtr. Jørgensgard Noss.
Gm Anne Torkjellsdtr. Kvelprud Bæra 25.01. 1795-1863
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud Skjervheim og Turid Olsdtr. Juvsjord.
*Barn i andre ekteskap
1. Per Larsson Bæra 01.07. 1835-1906
G 1861 m Anna Halvorsdtr. Aaby (Sigdal) 1840-1913. Barn: Lars 1862-1880 ug. ; Halvor 1864-1945 gm Caroline Syverson (4 barn); Anna Serene 1866-1955 g 1888 m Iver B. Peterson (9 barn); Ingeborg Christense 1868-1949 g 1888 m Andrew B. Peterson (... barn); Thorkel 1868-1936 gm Julia Kane (minst 4 barn); Christapor 1870-1954 gm Louise Crise/Seim (5 barn); Berte Turine 1872-1946 gm Ole O. Lee; Oliver 1874-1955 gm Inga Fossum (2 barn); Andrew 1876-1963 gm Bertina Christopherson (ingen barn); Thea Lewise 1878-1952 g 1904 m Lars Nelson (3 barn); Lars 1880-1880; Lena Gurine 1882-1968 g 1914 m Allen Benton Carter; Emma Pitrene 1882-1945 gm Edward Akre, gm Henry Tschohl (?) (minst 1 son). (1527), epost frå Mardelle Tamashiro.
    Per reiste til Am. 1859. Per og Anna gifte seg 1861 under ei stor eik i Canada. Dei tok land ved Des Moines River i Emmet Co. Nærmaste nabo var systera Turid og mannen Lars.
2. Turid Larsdtr. Bæra Turkarstad Nelson 12.05. 1839-1916
G 1858 m Lars Nelson Brugjeld, Balestrand 1818-1907. Barn: Nels 1860- gm .... ... (5 barn), g 1897 Kristi Johnson (minst 2 barn); Anna 1862- ; Lars/Lewis 1865- ; Bertha 1873- ; Botolf/William 1877-1965 g 1908 m Ida Munson; Suneva 1871- g 1896 m John Rislow ?;Thea 1880- .
    Turid reiste til Am. 1857. Dei tok land ved Estherville, Emmet Co. i Iowa. Gravlagt Wallingford cemetary. Dei skreiv seg Nelson. (J. Marler)

Lars overtok garden etter faren for 80 spd i 1828.
    Lars og Ambjørg gifte seg i 1830. Ingen barn. Lars vart attgift 1834 med Anne Torkjellsdtr. Frå før hadde Anne barna Torkjell Eivindson f. 1823 og Ola Embrikson f. 1831. Sjå Kvelprud, gnr. 28/1.
    Lars og Anne hadde Turkarstad fram til 1840 då dei selde til Embrik Sindreson for 235 spd. Lars og Anne budde i Bæra i 1851.
    Lars og Anne drog til Am. i 1861: farm i Emmet Co. Iowa. Lars drukna i Des Moines River våren 1869, han skulle ro ei dame over elva. (1527)

{4431} År: 1840

Embrik Sindreson Juven Turkarstad 03.11. 1805-1884
Foreldre: Sindre Embrikson Hagaplassen Juven og Rønnaug Knutsdtr. Sørbøen.
Gm Guri Torsdtr. Tistilsgard Turkarstad 09.06. 1809-1890
Foreldre: Tor Eirikson Tistilsgard Lappegard og Mari Oleivsdtr. Settungsgard.
*Barn
1. Mari Embriksdtr. Turkarstad 12.02. 1840-1922
Truleg tenestjente på Tandberg i Norderhov i 1875.
    Truleg gm Asle Asleson Øyno f. 1863. Han var i Amerika frå 1885. Det er uvisst om Mari reiste ut.
    Mari var 'arbeiderske' på Turkarstad og dreiv med spinning i 1900. Død 1922 som 'fhv. tenestjente'.
2. Sindre Embrikson Turkarstad 03.08. 1843-1919
G 1872 m Ågot Olsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.
3. Rønnaug Embriksdtr. Turkarstad Randen 17.08. 1846-1935
G 1884 m enkjemann Botolv Olson Gudbrandsgard Randen.
4. Tor Embrikson Turkarstad 13.02. 1854-1854

Embrik og Guri gifte seg i 1839. Guri selde garden for 2500 kr til sonen Sindre i 1885.

{4432} År: 1885

Sindre Embrikson Turkarstad 03.08. 1843-1919
Foreldre: Embrik Sindreson Juven Turkarstad og 2.g Guri Torsdtr. Lappegard.
Gm Ågot Olsdtr. Tveito Turkarstad 01.03. 1843-1902
Foreldre: Ola Bjørnson Tveito Arnegardjorde og Ågot Olsdtr. Trintrud Gurigard.
*Barn
1. Ola Sindreson Turkarstad 14.07. 1875-1963
G 1911 m Birgit Larsdtr. Skjerpinghaugen. Sjå neste hushald.
2. Tor Sindreson Turkarstad 22.03. 1878-1941
Tor var ugift. Han var døvstum.
3. Ola Sindreson Turkarstad Skarsgardshagen 24.06. 1881-
G 1912 m Margit Olsdtr. Toresgard. Sjå Skarsgardhagen, gnr. 92/2.
4. Ågot Sindresdtr. Turkarstad 01.05. 1890-
Barn m Anders Oskar Holt, Drammen f. 1891: Sigrid Olaug 1926- .
    Ågot var tenestjente på Sundre.
   

Sindre og Ågot gifte seg i 1872. Sindre hadde sonen Embrik 1871-1889 saman med Ågot Olsdtr. Dokkmyrane.