Bergadekko gnr. 91 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bergadekko gnr. 91 bnr. 2a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Bergadekko låg på ei flat oppe i bakkane ovanfor Turkarstad. Truleg var her ein heimstøl opphavleg. Kring 1801 budde ein familie her nokre år. Det er tradisjon i bygda at her 'budde ho Berga-Guro'.
    Guttorm Toeie fortalde at her var framifrå flinke arbeidsfolk. Noko bygslingsbrev er ikkje funne.
    Det viser enno tufter etter husa i Bergadekko, men tomtene er uskipla av ei hytte som er bygd på staden i nyare tid. (Jfr. 'Husmannplassar i Leveld og Vats' av Ellingsgard og Lappegard.) Plassen er også nemnt i oppteikningar etter Lars B. Sehl. (s 394)
    Etter at Knut og Guro reiste frå bygda kjenner me ingen som har budd her.

{4437} År: 1800c

Knut Torgeirson Thon Bergadekko 1771-
Foreldre: Torgeir Olson Thon Tuftedokken og Birgit Eiriksdtr. ... .
Gm Guro Eiriksdtr. Tistilsgard Bergadekko 08.01. 1774-
Foreldre: Eirik Torson Tistilsgard og 2.g Sissel Torkjellsdtr. Torpo.
*Barn
1. Eirik Knutson Bergadekko 1798-
I 1801 var Eirik 'hendes dattersøn' på Tistilsgard. Dvs. Han var hjå bestemora Sissel Torkjellsdtr.
2. Torgeir Knutson Tuftedokken 13.07. 1800-
3. Knut Knutson Lappegard 1801c-

Knut og Guro gifte seg i 1798. Dei fekk minst tre barn. I 1801 var Knut 'husmann med jord' under søre Berg. Var det slik at Bergadekko tilhøyrde Berg? I oppteikningane etter Helge Fonnum er nemnt Knut og Guro på Bergadekko ovanfor Turkarstad.
    Saman med Knut, Guro og sonen Torgeir budde også 'Sissel Olsdtr'. og sonen hennar Ola Anderson i 1801. Det skulle stått 'Sissel Aslesdtr.' Lofthus som var dotter til Guri Halvorsdtr. søre Berg Lofthus.
    Denne familien ser me ikkje meir til. Kan hende vart dei med Lofthus-folka til Vestfold?