Arnegard søre gnr. 91 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegard søre gnr. 91 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavlege nordre Arnegard i nordre Vats var skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Arnegard (dvs. heile gnr. 91) vert rekna for å vera høgmellomaldergard. (Solhjell: 1987)
    Fyrst på 1600-talet var Knut Sindrol i Hol eigar av Arnegard (gnr. 91). Han hadde odel i Arnegard. Gardsnamnet 'Arnegard' vert uttala 'Ådngard' i daglegtale.
    Arnegard vart delt i søre (bnr. 3 og 6) og nordre (bnr. 8) med 3 laupsbol på kvar kring 1695. Søre garden vart delt på nytt 1745 i søre (bnr. 3) og myljo Arnegard (bnr. 6) med 1 1/2 lb. på kvar.
    Frådelte bruk og plassar: nordre Arnegard, myljo Arnegard.
    Oldfunn. Under jordarbeid på garden er funne ein celt/pålstav.
    Areal 1865: dyrka jord 8 1/4 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 40 mål. Avling 6 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 28 mål og anna areal 29 mål som vert leigd bort, produktiv skog 73 mål, lauvskog 887 mål, anna utmark 307 mål.
    Stugu er bygt kring 1850, ombygt 1950; låve og fjøs er frå omlag 1900, 2 loft, det eldste frå 1821. Kårtun 50 m. frå hovedtunet: kårhus frå 1930, låve/fjøs 1938.
    I 1866 vart Arnegard bnr. 7 ('england, skog og åker') tilkjøpt frå bnr. 6 for 500 spd.
    Stølar. Heimstølar Eirikstølen i vestlia (nedlagt) og Perstølen (tilkjøpt frå bnr. 8, nedlagt). Langstøl på Rødungstølen.

{4448} År: 1772


Lars Olson Groven (ukjent) kjøpte Arnegard for 310 rd i 1772. Han selde vidare til Johannes Olson Løken i 1779 for 345 rd.

{4449} År: 1779

Johannes Olson Løken Arnegard 1735-1800
Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Sigrid Johannesdtr. Skrindo.
Gm Guri Herbrandsdtr. Hovdegard Arnegard 1734-1803
Foreldre: Herbrand Olson Hovdegard og Guri Ørjansdtr. Kaslegard.

Johannes kjøpte Arnegard for 345 rd i 1779. I 1778 heitte det at Johannes 'er kommen i egteskap med Guri Herbrandsdtr Hovdegard'.
    Johannes greidde ikkje å betale handelsskatt i 1762. Var 'ussel og fattig'.
    Guri vitna 1766 at ho kom inn i stugu heime på Hovdegard og fann Ola Gunhildgard blodig og besvimt på benken. Eirik Lappegard hadde skadd han.
    I 1769 fekk Johannes dom for knivbruk i ei likferd på Kjellargard. Det skjedde i fylla og bota vart difor dobla: 33 rd. Han budde på Ellingsgard i 1774.
    I 1780 lånte 'Johannes Olsen Arnegard og hustru 220 rd mot pant i eiende og påboende gard Arnegard 1 1/2 løb beliggende i Hols anneks'. (1206) s 32.
    Johannes selde Arnegard for 270 rd i 1787.
    Johannes døydde truleg på Brattegard i 1800. Guri vart gravlagt på fattigkassa si rekning i 1803.

{4450} År: 1787

Eirik Halvorson Arnegard 1749-1831
Foreldre: Halvor Olson Tullegarden og Mette Kristiansdtr. ... .
Gm Birgit Torkjellsdtr. ... Arnegard 1750c-
Foreldre: Torkjell ... ... og ...
Gm Kari Kortsdtr. Styrkestad Arnegard 14.01. 1753-1814
Foreldre: Kort Eilevson Kortgarden og Liv Tolleivsdtr. Breie(?) .
Gm Birgit Olsdtr. Aslegard 1766.-1820
Foreldre: Ola Olson Breiehagen-Nerol-Aslegard og Anne Olsdtr. ... . (Hol VII s 477)
*Barn i andre ekteskap
1. Anders Eirikson Arnegard 19.06. 1791-
Truleg død liten.

Eirik og Birgit Torkjellsdatter gifte seg i 1781. Eirik vart attgift 1788 med Kari og fekk ein son med henne. Eirik vart attgift pånytt 1815 med Birgit Olsdtr.
    I 1787 fekk Eirik skøyte på Søre Arnegard 1 1/2 laupsbol for 270 rd. Eiga etter Eirik i 1831 var 435 spd.

{4451} År: 1805c

Halvor Halvorson Gurigard Arnegard 22.08. 1762-1832
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard nedre Gurigard og 2.g Margit Aslaksdtr. ... .
Gm Guri Olsdtr. Håkonsgard Arnegard 22.09. 1782-1867
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 1.g Liv Ivarsdtr. Espegard.

Halvor og Guri gifte seg i 1806. Ingen livsarvingar. Dei sette opp testamente i 1832.
    Halvor var bonde og fehandlar. Det var ikkje jamnt så enkelt med fehandelen på Vestlandet. I 1797 vart Halvor pålagt ansvaret for nokre bortkomne "nordmann-sauer" (dvs. frå Vestlandet) tilhøyrande Ola T. Opsata.
    Halvor kjøpte Opheimjorde 1797. Han selde att i 1809 då han kjøpte Havardsgard på auksjon. Så selde han att i 1814 for 916 rbd til Syver Olson Skarsgard.

{4452} År: 1833

Guri Olsdtr. Håkonsgard Arnegard 22.09. 1782-1867
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 1.g Liv Ivarsdtr. Espegard.
Gm Ola Olson Tullegard 1799-1883
Foreldre: Ola Halvorson Tullegard og Sissel Embriksdtr. Arnegard.

Guri vart attgift 1833 med Ola Olson. Dei selde garden 1866 for 1050 spd og kår til Ola Sveinson.

{4453} År: 1866

Ola Sveinson Holto Arnegard 14.11. 1834-1894.
Foreldre: Svein Nilsson Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
Gm Guri Olsdtr. Tveito Arnegard 04.04. 1840-1912
Foreldre: Ola Bjørnson Tveito Arnegardsjorde og Ågot Olsdtr. Trintrud Gurigard.
*Barn
1. Svein Olson Arnegard 22.08. 1864-1941
G 1891 m Gunhild Hermannsdtr. Krosshaug. Sjå neste hushald.
2. Dordei Olsdtr. Arnegard 15.07. 1866-1867
3. Ola Olson Arnegard Feten 13.01. 1868-1902
G 1895 m Guri Danielsdtr. Snogsrud, sjå Feten, gnr. 72/2.

Ola og Guri gifte seg i 1864. Ola kjøpte Arnegard for 1050 spd og kår i 1866.

{4454} År: 1895

Svein Olson Arnegard 22.08. 1864-1941
Foreldre: Ola Sveinson Holto Arnegard og Guri Olsdtr. Arnegardsjorde.
Gm Gunhild Hermannsdtr. Krosshaug Arnegard 10.08. 1867-1900
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Margit Tolleivsdtr. Sataroen.
*Barn
1. Ola Sveinson Arnegard 29.12. 1891-1985
Ug. Budde i kårhuset på garden. Ola hadde eit par kyr og dreiv kårjorda. Gardsgut hjå systera på Lappegard.
2. Hermann Sveinson Arnegard 30.08. 1893-
G 1918 m Birgit Syversdtr. Jegermoen. Sjå neste hushald.
3. Svein Sveinson Arnegard Svarteberg 31.12. 1895-1987
G 1930 m Anne Olsdtr. Svarteberg. Sjå søre Svarteberg, gnr. 53/1 og nedre Reiersgard.
4. Guri Sveinsdtr. Arnegard Lappegard 22.07. 1898-1982
G 1921 m Ola Torson Lappegard, gnr. 90/3.

Svein og Gunhild gifte seg i 1891. Svein overtok garden etter mora i 1895 for kr. 4000 og kår.
    Som enkjemann fekk Svein fire barn. Med brorkone/enkje Guri Danielsdtr. Snogsrud Feten: Olav 1913-1913; Ola 1915-1920.
    Med Gunhild Olsdtr. Bakketeigen f. 1871 fekk han dottera Guri Sveinsdtr. Monsen 1911-1992. Med Gunhild S. Logsengard fekk han sonen Sigurd Svensen Luksengard 1913-1997.
    Svein dreiv fehandel ved sida av garden. Svein bygde kårhus og selde garden til sonen i 1930.