Arnegard myljo gnr. 91 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegard myljo gnr. 91 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myljo Arnegard vart frådelt søre-nordre Arnegard i 1748 med 1 1/2 laupsbol i landskyld. I 1866 vart frådelt ein gardepart med eng, skog og åker og selt til bnr. 3 for 500 spd. (Bnr. 7)
    I nyare tid er 'Ådnegard' brukt som slektsnamn. Det samsvarar med uttalen av gardsnamnet 'Arnegard'. Dessutan var Arnegard eit mykje brukt namn elles.
    Areal 1865: dyrka jord 9 1/4 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 40. Avling 6 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 15 mål som vert lånt bort, bjørkeskog 500 mål, anna utmark 100 mål.
    Våningshus bygt 1959, hallingstugu 1865, låve og fjøs 1897, stolphus omkr. 1850.
    Stølar: Embrikstølen i Vestlia var heimstøl. Husa er til nedfalls og vollen attvoksen. Men før var det god slåttevoll her. Oppe på åsen låg Perstølen. Der oppe var det mykje storrslått. Dei hadde tre storrluer kring stølen. Perstølen vart selt til bnr. 3.
    Langstølen er Rødungstølen. Der er seld ein del hyttetomter.
    Frå 1997 har garden vore bruka under øvre Gjeldokk, gnr. 105/1.

{4460} År: 1755

Embrik Person Arnegard 1725-
Foreldre: Per Embrikson Arnegard og Birgit Ivarsdtr. Skarsgard.
Gm Anne Knutsdtr. Strand Gudbrandsgard Arnegard 1722-1822
Foreldre: Knut Olson Ulshagen Strand Gudbrandsgard og Margit Syversdtr. Rime.
*Barn
1. Anne Embriksdtr. Arnegard Skarsgardhagen 24.09. 1758-
Barn: Ågot 1787- sjå barnebarn.
    G 1794 m Ola Olson Brattegard Skarsgardhagen, gnr. 92/2.
2. Per Embrikson Arnegard 05.01. 1766-1842
G 1804 m Ragne Andersdtr. Amundsgard Strand Toresgard. Sjå neste hushald.
3. Ambjørg Embriksdtr. Arnegard 24.06. 1769-
4. Ågot Embriksdtr. Arnegard 1788-
*Barnebarn
1. Ågot Embriksdtr. Arnegard 18.11. 1787-
Foreldre: Ingebret Johansen Skou, Ringerike (ungkar) og Anne Embriksdtr. Arnegard.

Embrik gifte seg med Anne Knutsdtr. Sume gonger er ho skriven 'Anne Syversdtr', men i 1762 og i 1822 står det 'Anne Knutsdtr.'
    Embrik kjøpte 1755 halve Arnegard hjå foreldra for 160 rd.
    Anne arva 14 rd etter far sin. For å få desse pengane måtte Embrik stevne Ola Syverson Noss i 1756.
    Anne Knutsdtr. 'Arnegard Vats' døydde på Noss i 1822 '72 år gamal'.

{4461} År: 1795

Per Embrikson Arnegard 05.01. 1766-1842
Foreldre: Embrik Person Arnegard og Anne Knutsdtr. Strand.
Gm Ragne Andersdtr. Toresgard Arnegard 25.09. 1774-1845
Foreldre: Anders Asleson Amundsgard Strand Toresgard og Kari Eiriksdtr. Toresgard.
*Barn
1. Embrik Person Arnegard 07.04. 1806-1882
G 1831 m Margit Syversdtr. Skarsgard. G 1838 m Ragnhild Sandersdtr. Ovavoll. Sjå neste hushald.

Per og Ragne gifte seg i 1804.
    Per fekk 1795 skøyte på garden Arnegard 1 1/2 laupsbol for 198 rd og dessutan kår til foreldra.
    Per var soldat og ute i krigen 1807 til 1812. NB. Han står visst nok ikkje på bautasteinen. Det fortelst at Ragne ikkje kjende han då han kom heim att. Hår og skjegg hadde vokse villt, og Per let som han var ein framand kar. Han vart boden soveplass på golvet. Som det leid på natta ville han prøve å koma opp i senga til Ragne, men ho vart skikkeleg arg. Men då Per gav seg til kjennes fekk han plass i senga.
    Per hadde vore opp-passar hjå ein kirurg/feltskjær og tileigna seg sårkunne. Slike kunnskapar fekk han bruk for. Han vart m.a. tilkalla då Arne Oleivsgard låg skadd etter slagsmål. Dette såret vart behandla med svart salve. (Kongo-salve)

{4462} År: 1831

Embrik Person Arnegard 07.04. 1806-1882
Foreldre: Per Embrikson Arnegard og Ragne Andersdtr. Amundsgard Strand (Toresgard).
Gm Margit Syversdtr. Skarsgard Arnegard 25.12. 1807-1836
Foreldre: Syver Olson Skarsgard og Guro Johannesdtr. Mørk-Tullegard.
Gm Ragnhild Sandersdtr. Ovavoll Arnegard 30.03. 1815-
Foreldre: Sander Halvorson Ovavoll og Kari Olsdtr. Pålsgard, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kari Embriksdtr. Arnegard Hallsteinsgard 07.03. 1832-1911
G 1854 m Pål Eilevson nordre Hallsteinsgard i Hovet. Ingen barn. 'Kari var erende liten, men flink og eit ordensmenneske'. Kari og Pål var kårfolk på Hallsteinsgard i 1900. (Hol IV s 457)
2. Ragne Embriksdtr. Arnegard 07.03. 1832-1840
3. Margit Embriksdtr. Arnegard Trageton 18.08. 1836-
G 1859 m Syver Arneson Trageton. Barn: Arne 1861- ; Embrik 1863-1868; Guri 1865- .
    Barn i USA: Kirsti 1877- g 1898 m Ole E Hendrickson, Kensett, Iowa.
    Syver var skulehaldar i 1859. Dei flytta til Kr.ania. Syver var lærar og kyrkjesongar i Chell Rock, Iowa.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Embriksdtr. Arnegard 11.02. 1839-
Ikkje nemnt i 1882. Ikkje funnen død.
2. Per Embrikson Arnegard 27.05. 1841-1921
G 1862 m Borghild Arnesdtr. Eggen. Sjå neste hushald.
3. Ragne Embriksdtr. Arnegard 05.08. 1843-
Ikkje nemnt i 1882. Ikkje funnen død.
4. Sander Embrikson Arnegard 11.10. 1845-1863
Sander døydde 17 år gamal.
5. Ola Embrikson Arnegard 04.01. 1848-
Ikkje nemnt i 1882. Ikkje funnen død.
6. Embrik Embrikson Arnegard 04.08. 1850-
Budde i Ål i 1882.
7. Anders Embrikson Arnegard 23.05. 1853-
Barn m Birgit Viggersdtr. Preinsrud: Embrik 1880-1954; Birgit 1882-1964. Sjå Vesleberg, gnr. 35/13.
    Anders reiste til Am. etter 1882.
8. Halvor Embrikson Arnegard Kaslegard 09.07. 1855-1896
G 1888 m Anne Nilsdtr. Kyrkjedeld. Sjå nordre Kaslegard, gnr. 80/1.
9. Embrik Embrikson Arnegard 16.10. 1858-

Embrik og Margit gifte seg i 1831. Han overtok garden same året. Margit døydde etter tre fødslar. Dottera Margit var 4 veker då skiftet vart halde. Garden vart taksert til 500 spd og lausøyret til 352 spd. Buet etter Margit var 761 spd.
    Embrik vart attgift 1838 med Ragnhild Sandersdtr. Sonen Per overtok garden i 1866.

{4463} År: 1866

Per Embrikson Arnegard 27.05. 1841-1921
Foreldre: Embrik Person Arnegard og 2.g Ragnhild Sandersdtr. Ovavoll.
Gm Borghild Arnesdtr. Eggen Arnegard 06.12. 1835-
Foreldre: Arne Pålson Grøvo Eggen og Anne Ellingsdtr. Skaro, Hol.
*Barn
1. Embrik Person Arnegard 05.01. 1863-
2. Embrik Person Arnegard 26.08. 1864-
3. Arne Person Arnegard Halingstad 28.09. 1866-1924
G 1900 m Turid Syversdtr. Torkjellsgardmoen 1871-1933. Barn: Per 1900- til Hago (Hol) gm Birgit Jensdtr. Sletto; Syver 1901- gm Birgit Olsdtr. Bardølsgard Mehus (1 adoptivson); Pål 1903- til Høglund (under Rueslåtta) gm Guri Olavsdtr. Reinton; Sander 1905- gm Kristi Ellingsdtr. Lauvvang (ingen barn); Borghild 1907- gm Jens Jonson KvamsHaugen; Haldis 1909- til Hokksund, gm ... ; Olav 1911-1940 gm Gudrun Rønning; Ragnhild 1913- gm Halvard E. Hognerud; Nils 1917- gm Marta Sæhl Erdal, Lærdal (ingen barn).
    Arne var skomakar i 1900. Dei kom til nordre Hallingstad i Hol. Arne var kyrkjetenar og damvaktar. (1430) (1430)
4. Anne Persdtr. Arnegard 26.03. 1868-
Til Hol 1886. Til Am. 1891.
5. Sander Person Arnegard 22.02. 1872-1935
Ugift. Farmar ved Harvey, ND. Sander omkom under traktoren sin.
6. Pål Person Arnegard 10.12. 1881-1881

Per og Borghild gifte seg i 1862. Per delte frå og selde Arnegard bnr. 7 til bnr. 3 i 1866.
    Per selde resten av Arnegard i 1885, og kjøpte deretter Nedrestølen i Hol, kalla Lerberg. Borghild gjekk bort ein månad etter at Per var død.

{4464} År: 1885

Ola Olson Hovdegard Arnegard 27.07. 1854-1920
Foreldre: Ola Embrikson Håkonsgard søre Hovdegard og Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard.
Gm Kristi Knutsdtr. Lislelien Arnegard 12.12. 1860-1945
Foreldre: Knut Torson Lislelien og Gro Olsdtr. Underberget.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Arnegard Tormodsgard 13.01. 1883-1966
G 1915 m Syver Larsson Trintrudrudningen Tormodsgard, gnr. 30/1.
2. Gro Olsdtr. Arnegard 14.02. 1885-1885
3. Ola Olson Arnegard 08.01. 1887-1963
G 1909 m Guri Olsdtr. Skarsgard. Sjå neste hushald.
4. Knut Olson Arnegard Lislelien 01.06. 1889-1957
G 1923 m Gro Knutsdtr. Logsengard. Sjå morsgarden Lislelien, 71/5.
5. Gro Olsdtr. Arnegard 20.10. 1891-1893
6. Sevat Olson Arnegard 20.06. 1894-1894
7. Embrik Olson Arnegard 28.05. 1895-1965
G 1923 m Anne Torsdtr. Lappegard. Sjå Arnegardshagen, gnr. 91/10.
8. Gro Olsdtr. Arnegard 12.01. 1899-1989
Ug. Gro stellte heime så lenge mora levde. Sidan arbeidde ho i Huse. Ho budde i Tormodsgard dei siste åra.
9. Sevat Olson Arnegard Ådnegard 21.03. 1903-1985
Ug. Sevat dreiv med jorddyrking for andre. Han stod i åkrebrot seint og tidleg. Hadde han fått all jorda han braut, så hadde han vore den største bonden i bygda. Sevat budde i Liagardane.
    I 1962 fekk han Ny Jord diplom for nydyrkingsarbeidet.

Ola og Kristi gifte seg i 1883. Kristi visste korleis ho ville ha det. Då det var 14 dagar før bryllaupet, gjekk den opphavlege festarmannen hennar bort og drakk seg frå sans og samling. Det gjorde såpass inntrykk at Kristi ombestemte seg.
    Men bryllaup vart det likevel. Då gjestene kom var det Ola som var brudgom!
    Ola og Kristi sat med tre gardar, Arnegard, Arnegardshagen og Lislelien, sønene fekk kvar sin gard.