Arnegard nordre gnr. 91 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Arnegard nordre gnr. 91 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Arnegard er nordre delen av heile gnr. 91. Landskyld 3 laupsbol. Garden grensar mot Skarsgard i vest og mot myljo Arnegard i aust.
    Garden vart frådelt opphavlege nordre Arnegard i 1695. I 1806 vart garden delt. Den vart samla att kring 1860.
    Frådelte bruk og plassar: Arnegardshagen bnr. 10 (frådelt 1820) og ArnegardsRudningen bnr. 13 (frådelt 1899). Arnegardsdokken bnr. 25 frådelt i 1927.
    Lukrishagen var ein liten buplass litt ovanfor tunet i Arnegardshagen. Her budde Lukris Herbrandsdtr. Kvamshaugen i Hol 1794 som var gift med Embrik Olson Skarsgardshagen, sjå gnr. 92/2.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 52 mål, utslått 16 mål. Avling 9 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 65 mål, bjørkeskog 250 mål, anna utmark 200 mål. Dessutan 20 mål jord i Vats fôrdyrkingslag. Leigd jord og beite 79 mål. Buskap: 50 geiter, 45 vinterfôra sauer, 36 revar.
    Våningshus bygt 1968, driftsbygning 1976, stabbur 1981, garasje 1972.
    Stølar. Heimstøl Vesle Bødalen i Vestlien og langstøl på Rødungstølen.
   
{4472} År: 1761
Mikkel Person Arnegard 1719-1807s
Foreldre: Per Embrikson Arnegard og Birgit Ivarsdtr. Skarsgard.
Gm Kari Knutsdtr. Medgard Arnegard 1733-1821
Foreldre: Knut Torson øvre Medgarden og Ambjørg Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Per Mikkelson Arnegard 15.02. 1761-1784
2. Knut Mikkelson Arnegard 25.07. 1762-1840
G 1791 m Anne Andersdtr. Toresgard. Sjå neste hushald.
3. Tor Mikkelson Arnegard Torhaugen 01.04. 1764-1849
G 1813 m Kari Persdtr. Vestaforhaugen, Gol. Barn: Mikkel 1814- snikkar i Kr.ania, var g 1842 m Olia Persdtr. ... , Norderhov, g 1854 m Oline Amundsdtr. ... , Skedsmo, g 1860 m Randi Mikkelsdtr. Slogum; Kari 1816- gm Anders Hansen, budde ved Ulevatnet på Eiker; Per 1820-1839?; Guri 1823- g 1848 m Christen Andersen, budde ved Fredrikshald; Ola 1826-1853 g 1850 m Karen Larsdtr. Berg; Lars 1831-1904 g 1858 m Gunhild Anfinnsdtr. Ursdalen 1830- 1917.
    Tor og Kari budde i Ramsviken fyrste tida. Så flytta dei til Torhaugen i Gol våren 1820. (Gol V s 257)
4. Johannes Mikkelson Arnegard 19.02. 1766-1813
Almisselem i 1801.
5. Ola Mikkelson Arnegard 02.10. 1768-1807
Ug. Ola var vanfør almisselem i 1801.
6. Lars Mikkelson Arnegard 16.03. 1772-
Lars vart konfirmert i 1791.
7. Birgit Mikkelsdtr. Arnegard 04.04. 1774-
Gm Eirik ... ... . Busett ved Holmestrand i 1807.
8. Halvor Mikkelson Arnegard Bergsmoen 26.11. 1775-
G 1806 m Sigrid Syversdtr. Toresgard. Sjå Bergsmoen, gnr. 88/1a og Trintrudrudningen.
9. Eli Mikkelsdtr. Arnegard 15.02. 1778-
Eli var ugift i 1807.
10. Mikkel Mikkelson Arnegard 02.03. 1780-1871
Ug. Mikkel var tenar på Havardsgard i 1801. Død på Langegard i 1871.
Barn: Guri 1757- (m Anne Aslesdtr. Berg), Kari 1779- (m Margit Olsdtr. ....)
    Mikkel overtok garden 1761 mot å yte kår til mora og å løyse ut 200 rd. Han var lagrettemann 1761.
    I 1776 selde Mikkel m. fl. arvegods i nordre Skarsgard. Heimel var skifte av 1735 og 1736.
    Mikkel vart stevna av Syver Randen i 1779. Syver hadde uttala at "Wassingerne kjenner ikke Rett", men då svara Mikkel: "Gud gje det stod i panna på den som er mest rettferdig!"
{4473} År: 1790
Knut Mikkelson Arnegard Arnegard 25.07. 1762-1840
Foreldre: Mikkel Person Arnegard og Kari Knutsdtr. Medgard.
Gm Anne Andersdtr. Toresgard Arnegard 22.08. 1762-
Foreldre: Anders Asleson Toresgard og Kari Eiriksdtr. Toresgard.
*Barn
1. Anders Knutson Arnegard 02.10. 1791-
2. Per Knutson Arnegard Gurigutmoen 06.10. 1793-1842
G 1830 m enkje Kari Knutsdtr. Skjervheim Gurigutmoen, gnr. 23/2.
3. Kari Knutsdtr. Arnegard 1796-
Kari arbeidde hjå jordmora i Lier.
4. Mikkel Knutson Arnegard 08.10. 1797-1868
G 1840 m Gunhild Sveinsdtr. Halvorsgard. Barn: Anne 1837, Guri, Birgit, Mari, Botolv 1848, Svein 1853- .
    Budde truleg på Solheim i Nes i 1842. Mikkel døydde i Odden i 1868 - kona var død, men barn levde i 1868.
5. Ola Knutson Arnegard 13.10. 1799-
Ola fekk støtte frå fattigkassa 1816-1836. Ola flytta ut som arbeidskar. I 1842 var han husmann under Frogner i Aker sokn.
6. Håkon Knutson Arnegard 28.03. 1802-1877
G 1824 m Ingeborg Marie Akselsdtr. Voksen-eie 1805-1890. Barn: Karine 1825-1912 gm Hans Rolvsen (7 barn); Andreas 1827-1885 gm Oline Halvorsen (7 barn); Axel 1828-1829; Maren 1828-1859 gm Hans Halvorsen (tvill.) (1 barn); Axel 1830-1911 lærar i Arnadal (Stokke) gm Ellen Kristine Jonsdtr. Borgen, Stokke (7 barn); Pauline 1833-1862 gm Hans Olsen (4 barn); Olava 1835-1914 gm Gudbrand Larsen; Ingeborg Maria 1837- gm Borger Semmingsen (1 barn); Sørine 1839-1885 gm Jens Jensen Svingen (10 barn); Mikal 1842-1902 sagmester på Lysaker bruk, ug. budde i Enga; Dortea 1844- gm Laurits Jakopsen; dødf. jente; Randi Jonette 1846-1931 gm Elias Olsen (2 barn). (1324) (1353)
    Håkon reiste ut ukonfirmert saman med Per og Ola Knutson. Håkon var smed og sagmeister, busett på plassen Engen under Bogstad i Østre Aker.
    I 1875 var han jordbrukar og leiglending på Engen, 'Binder Flaskekurve'.
7. Kari Knutsdtr. Arnegard Lorensen? 04.09. 1808-
Kari flytta ukonfirmert til Bærum kring 1811. Til Angsnes sokn saman med foreldra.
    I 1842 var ho i tenest i Kr.ania. I 1875 er ho truleg enkje og arbeidar Kari Lorensen f. 1808 og busett i Lakkegata 22, Kr.ania. Ho hadde hjelp av ein son som var sjømann.
Knut og Anne gifte seg 1791. Knut fekk skøyte på garden 1790 for 406 rd og kår til foreldra. Dei skulle m.a. bruke eit åkrelende "Hole" (omlag 2 1/2 mål ), Tremåls-træet'' og dessutan 4 mål engeland oppunder Glein(?)berget.
    Med Anne Halvorsdtr. Ovavoll hadde Knut dottera Haldis f. 1787 og g 1815 m Helge Larsson Nybu-Mogjerda (Hol).
    I 1800 vart Knut stevna av Ola Ellingson Dokken til å vike garden. Ola hadde heimel i skøyte frå 1788. Dei gjorde slikt forlik: Knut skulle betale 381 rd innan 18. mars 1800. Om ikkje det skjedde, så skulle Knut flytte 'uden innsigelse' og garden seljast på auksjon. (1407) s 35
    I 1802 hadde Knut teke inn ein husmann. Knut vart då stevna til forlikskommisjonen av Syver O. Skarsgard som meinte at plassen låg i hans hamnegang.
    Knut selde resten av garden i 1810 og reiste sin veg til Angsnes sokn saman med iallefall yngste dottera Kari. Berre sonen Per vart att. Knut døydde som fattiglem på Ulleren gard i Aker 18. november 1840. Der hadde han budd i lang tid.
    Anne budde på Ulleren i Akershus i 1836. (sk 28.05.)
   
{4474} År: 1807
'Ola Eirikson' fekk skøyte på 1 1/2 laupsbol i Arnegard i 1807. Arnegard var delt ei tid framover. Ola selde vidare til Ola Knutson i 1817. Det er uvisst kven desse karane var.
{4475} År: 1810
Ivar Knutson Knutsgarden Noss budde i Randen då han kjøpte Arnegard i 1810. Ivar og Anne budde på Noss i 1811. Sjå Knutsgarden, gnr. 120/1.
{4476} År: 1817
Ola Knutson 'Jegløen' kjøpte 1 1/2 laupsbol i Arnegard i 1817. Dette er helst Ola Knutson Gullstein på nedre Geilo (1775-1834) som handla mykje med gardar. (Hol VII s 293) (Oppl. Lars Stavehaug)
{4477} År: 1820
Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard 1787.-1864
Foreldre: Hermund Torgeirson Leksvol Stakegard og Randi Gunnarsdtr. Åker (Hol).
Gm Torand Larsdtr. Noss Torkjellsgard Arnegard 06.07. 1788-1878
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og 2. g Anne Knutsdtr. Jørgensgard Noss.
*Barn
1. Anne Gunnarsdtr. Arnegard Lappegard 06.11. 1817-1887
G 1846 m Eirik Torson Lappegard, gnr. 90/3.
2. Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard Noss 07.06. 1822-1910
G 1846 m Ola Ivarson Ivarsgarden Noss, gnr. 119/1.
3. Hermund Gunnarson Arnegard 03.04. 1825-1900
G 1855 m Anne Olsdtr. Tistilsgard. Sjå neste hushald.
4. Anne Gunnarsdtr. Arnegard Mørk 01.02. 1827-1903
G 1855 m Syver Henrikson Huus til Mørk 1827-1910. Barn: Henrik 1858-1946 bonde på Mørk, gm Kristi Larsdtr. Øvrejorde (4 barn), gm Ingeborg Olsdtr. Rue (6 barn); Guri 1861-1863; Syver 1865-1918 smed og bonde på Husjordet, gnr. 112/17, gm Birgit Eilevsdtr. Huus (1 son).
    Anne og Syver hadde nordre Mørk i Hovet.
Gunnar og Torand gifte seg i 1817.
    Gunnar var ein flink skyttar og skaut mykje ulv og rein. Ein gong han var på veiding i Djup, kom ein ulveflokk etter han så han måtte i hus. Gunnar skaut i flokken frå bua-døre, ulvane et kvarandre og spelte på til langt på dag.
   
{4478} År: 1864
Hermund Gunnarson Arnegard 03.04. 1825-1900
Foreldre: Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard og Torand Larsdtr. Noss.
Gm Anne Olsdtr. Tistilsgard Arnegard 22.07. 1833-1918
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Sebjørg Ellingsdtr. Skaro.
*Barn
1. Gunnar Hermundson Arnegard 21.04. 1856-1924
Til Am. i 1870: St. Peter, MN. Sidan farmar i Norman Co MN.
2. Ola Hermundson Arnegard 18.09. 1858-1900
G 1882 m Olivia M. Slettebak 1855-1935. Barn: Anne Helene 1883- lærar ved Crookstown College, Moorhead, g 1935 m Hans Flom (ingen barn); Mattie 1885- gm Gilbert Lee (1 barn); Adolpha gm Oscar Larson (1 barn); Clara 1891-1959 ugift ; Henry 1893-1982 ugift; Agnes 1895-1983 g 1919 m Clarence Peterson (ingen barn); Marcus 1897-1987 g 1924 m Bertha Vettleson (2 barn).
    Til Am. i 1870:
3. Torand Hermundsdtr. Arnegard 01.01. 1861-1930
=Thilda. G 1878 m Neri Nerison 1857-1907. Barn: Anne 1881- gm Sivert Sundet (2 barn); George 1883- 1932 gm Sophia Tollefsen (3 barn); Herman 1884-1886; Albert 1886-1946 ugift; Nora 1888-1916 ugift, omkom i storm i Montana; Henry 1890-1983 ugift; Thea 1894- gm ... Golden, gm Sam Gamble (ingen barn); Obed 1897-1899; Obed Kenneth 1900-1936 ugift; Gladys 1902-1965 til California ugift; Lloyd 1904- gm Louise Flaa (3 barn).
    Til Am. 1870: St. Peter, MN. Torand gifte seg i Lake Park, Becker Co MN og døde i Norman Co MN.
4. Lars Hermundson Arnegard 09.01. 1864-1960
G 1895 m Anne Olson 1869-1959. Barn: Mary 1897-1994 ugift ; Sophie ....- gm Martin Ellingson; Ole 1904-1988 farmar, g 1929 m Clara Slette (2 barn); Anne 1904c- gm Harland Sargeant; Louise ....- gm Gene Schmoker (2 barn); Helen ....- gm Ernest Morrisette (1 barn).
    Utvandra 1870. Busett St. Peter, MN. Dei farma ved Gary, MN.
5. Hermund Hermundson Arnegard 12.06. 1867-1947
G 1889 m Martine Hauer 1871-1944. Barn: Anne Marie 1890- g 1913 m James O'Neil (2 barn), g 1919 m Daniel M. Anderson (1 barn); Clara 1891-1894; Helen 1893-1968 var gm Carl J. Carlson (3 barn); Clara 1895-1963 sjukepleierske, var gm Edvard Carlstad (ingen barn); Albert 1898-1966 farmar ved Gary; Obert 1900-1970 g 1932 m Elsie Garten (2 barn), g 1945 m Aster Gjeldager; Bernard 1903-1993 gruvearbeidar, g 1936 m Maud Swanby (6 barn); Esther Viola 1904-1996 sjukepleierske, g 1939 m Harry Milton Swanson (ingen barn); Harvey 1913-1999 zoolog og professor, g 1950 m Erika Rogalsky (3 barn).
    Til Am. 1870: St. Peter, MN. (1646) Hermund (Herman) var farmar i Norman Co.
6. Eirik Hermundson Arnegard 17.10. 1868-1951
G 1896 m Maria Øyaas 1873-1943. Barn: John 1897-1982 gm Genora Matson; Albert 1899-1900; Arnold 1908-1959 gm Mildred Gorder (8 barn).
    Til Am. i 1870. Farmar ved Gary, MN.
Barn i Am.: Edvard 1871- var gm Thea Kortgard (1 barn); Annie 1874-1922 lærar, g 1902 m William Wagner (3 barn); Sophie 1876-1957 gm Ole (Hauer) Howard (5 barn). (Am. opplysingar mest frå Lars Olav Hole)
    Hermund og Anne gifte seg i 1855. Hermund bygsla bort Kvelvo i 1870.
    Hermund var ein tenksam kar, han gav ofte velformulerte svar som levde på bygda i lange tider. I vårløysinga eit år hadde han fått ein ny ide, han demde opp ein bekk slik at vatnet tok vegen inn under fjøset. Og då han hadde drive på eit bel, så reiste møkjakoken utover markene. Då sa Hermund: "Å, nei no fekk møkjakoken tviand te fluttnad!"
    Ved eit anna høve ville Hermund setja vasskraft på slipesteinen og bara i trepinnar i både hjulet og kvernstokken. Men då han sette på kvern-vatnet vart pinnane slegne av. Hermund fortalde det slik: "Å, nei men då måtte e lægji då pinnadn druste!"
    Omsider gjorde Hermund seg i stand til å reise til Amerika. Men om morgonen reise-dagen var ingen Hermund å sjå. Reisefylgjet hans sende åder til Arnegard om at no måtte han berre reise.
    No levde mor til Hermund, og ho hadde sagt til Hermund at "E ha vel kji plaga dikko slik at de ha behøvd reist!" Då svara Hermund:
    "Å tvian me! E det kji det me ha gjort alle daga, hadde det kji vore det, så hadde e kji reist helde! sa Hermund. (Fortalt av Henrik Berg)
    Anne og Hermund utvandra 1870: St. Peter MN. Dei vart skilde på sine gamle dagar.
   
{4479} År: 1878
Gunnar Eirikson Arnegard 10.09. 1855-1932
Foreldre: Eirik Torson Lappegard Arnegard og Anne Gunnarsdtr. Arnegard.
Gm Anne Aslesdtr. Haugerud Arnegard 10.08. 1855-1918
Foreldre: Asle Eilevson Haugerud og Kari Olsdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Eirik Gunnarson Arnegard 25.03. 1882-1989.
G 1919 m Kristi Torsteinsdtr. Hansegard 1886- . Barn: Gunnar 1920- tilsett ved OL; Torstein 1923 g 1952 m Torbjørg Olsdtr. Knaldre.
    Eirik hadde Arnegardsrudningen 1918-1924. Eirik var vegarbeidar, busett på Rotneim. Han var ein av landets eldste i 1989.
2. Anne Gunnarsdtr. Arnegard 17.10. 1883-1973
Ug, Tenestejente på Kaslegard i 1900. Anne kjøpte Arnegardshagen/Rudningen, gnr. 91/13.
3. Kari Gunnarsdtr. Arnegard 14.01. 1886-1886
4. Kari Gunnarsdtr. Arnegard Bakketeigen 26.01. 1887-1974
G 1943 m Lars Olson Bakketeigen, gnr. 116/1.
5. Mari Gunnarsdtr. Arnegard Nugent 26.01. 1887-
Gm ... Nugent, Til Am. 1907: Sacramento, Calif.
6. Asle Gunnarson Arnegard 04.06. 1889-
G 1932 m Sigrid Torsteinsdtr. Rotneim. ( Far: Torstein Knutson R.) Ingen barn.
    Asle var arbeidsformann, busett på Rjukan i 1932.
7. Tarand Gunnarsdtr. Arnegard Noss 02.02. 1892-1978
G 1931 m Arnfinn Olson Larsgarden Noss, gnr. 118/1.
8. Guri Gunnarsdtr. Arnegard Vetteren 04.03. 1894-
G 1921 m Kristian Kolbjørnson Vetteren. Barn: Kolbjørn 1922- bonde og tømmermålar, g 1959 m Inga Bergene (Ø. Slidre) (2 barn); Ragna 1930-1930.
    I unge år Guri kasserar ved garde-kaserna i Oslo. Der møtte ho sersjant Wetteren.
    Dei var ei tid i byen, overtok så farsgarden hans og flytta til Flå.
9. Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard 28.06. 1897-1984
Ugift. Barn: Rasmus Arnegard. Sjå barnebarn. Rangdi var tenestjente frå stad til stad.
10. Gunnar Gunnarson Arnegard 14.08. 1900-1981
G 1928 m Birgit Olsdtr. Holeplass. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Rasmus Arnegård 21.09. 1926-2002
G 1955 m Oline Dusegard. Sjå Arnegardhagen, gnr. 91/13.
    Foreldre: Rasmus Rasmusson Opheim (ungkar) og Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard.
Gunnar og Anne gifte seg i 1882.