Arnegardshagen gnr. 91 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegardshagen gnr. 91 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnegardshagen vart frådelt nordre Arnegard i 1820 med 1/2 laupsbol i gamal skyld.
    Areal 1865: dyrka jord 5 1/4 mål; naturleg eng 24 mål. Avling 3 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 31 mål, anna areal 12 mål, produktiv skog 110 mål, bjørkeskog 360 mål, anna utmark 170 mål. Buskap: 3 ungdyr, 55 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1951, hallingstugu omkr. 1840, driftsbygning 1979, timralåve frå omkr. 1870. Andel i Vats fôrdyrkingslag.
    Stølar. Heimstøl Slettane er panta frå Skarsgard.

{4482} År: 1820

Ola Tolleivson .... Arnegardshagen 1783c-1849
Foreldre: Tolleiv og ... . Ut frå oppgitt alder 35 år ved vigsla i 1818, der ingen foreldre er nemnde, så er han fødd kring 1773. Folketeljinga for Ål og Hol 1801 har ingen aktuell Ola Tolleivson fødd kring det året.
Gm Unn Olsdtr. Sirehaugen Arnegardshagen 04.12. 1796-1887
Foreldre: Ola Halvorson Sirehaugen Dorteplass (Gol) og Gro Knutsdtr. øvre Breie.
*Barn
1. Tolleiv Olson Arnegardshagen 12.08. 1819-1820
2. Tolleiv Olson Arnegardshagen 20.05. 1821-1898
G 1856 m Kristi Torsdtr. Lislelien. Sjå neste hushald.
3. Gro Olsdtr. Arnegardshagen Ødelien 09.02. 1825-1909
G 1862 m enkjemann Eirik Botolvson Ødelien.
4. Ola Olson Arnegardshagen Brattegard 07.01. 1827-1900
G 1856 m Haldis Eiriksdtr. Toresgard. Sjå øvre Brattegard, gnr. 84/3.
5. Syver Olson Arnegardshagen 13.05. 1831-1832
6. Syver Olson Arnegardshagen Kvelvo 24.06. 1835-1915
G 1862 m Liv Syversdtr. Lappegard. Sjå Kvelvo.

Ola og Unn gifte seg i 1818. Ola kjøpte Arnegardshagen (1/2 laupsbol) hjå Ivar Knutson (Knutsgarden Noss) Randen som hadde nordre Arnegard 1810-1820.
    Sonen Tolleiv kjøpte Hagen i 1845 for 208 spd.

{4483} År: 1845

Tolleiv Olson Arnegardshagen 20.05. 1821-1898
Foreldre: Ola Tolleivson Arnegardshagen og Unn Olsdtr. Sirehaugen.
Gm Kristi Torsdtr. Lislelien Arnegardshagen 21.04. 1832-1926
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.

Tolleiv og Kristi gifte seg i 1856. Ingen barn.
    Tolleiv var ein framifrå visekvedar, han song mykje i Hol kyrkje før dei fekk orgel. Han song på 'den gamle måten', dvs. ikkje kromatisk som det vart då orgelet kom. Tolleiv var ven med Tor Villand.
    Tolleiv hadde ei stor handskriven visebok. Sumt av dette har han skrive sjølv, resten er innsamla. Sume av visene er på bygdemål. Viseboka og livssoga hans er april datert 1857. Han skriv m.a. frå turen det Aalske Kompani gjorde til Skåne i 1848. Og ymse notatar om årsvekst etc. (Avskrift i bygdearkivet.)
    Kristi selde garden for kr. 2100 og kår 1901.