Arnegardsrudningen gnr. 91 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegardsrudningen gnr. 91 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnegardsrudningen vart frådelt nordre Arnegard i 1899. Bruket grensar til ArnegardsHagen i vest og nordre Arnegard i aust.
    Areal 1995: dyrka jord 17 mål og anna areal 73 mål som vert leigd bort, barskog 80 mål, bjørkeskog ca. 80 mål.
    Våningshus bygt 1956, stugu frå ca. 1900, driftsbygning frå omlag 1950. Bruket var i drift med husdyr fram til omlag 1985.
    Støl???
   

{4489} År: 1899

Tor Eirikson Gudbrandsgard Arnegardsrudningen 25.06. 1841-1921
Foreldre: Eirik Torson ... Lappegard (ungkar) og Borghild Olsdtr. Gudbrandsgard.

Tor var ugift bonde, ingen livsarvingar. Han var i Etne i 1888. Tor kjøpte Arnegardsrudningen i 1899. Han selde til Gunnar Eirikson Arnegardshagen kring 1915.