Skarsgardhagen gnr. 92 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skarsgardhagen gnr. 92 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skarsgardhagen var husmannsplass fram til salet av søre Skarsgard i 1805. Frå den tid har Skarsgardhagen vore eit eige bruk. I aust grensar bruket mot Arnegardshagen, og i vest mot søre Skarsgard.
    Areal 1865: dyrka jord 4 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 10 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 55 mål, bjørkeskog 287 mål. Buskap 9 mjølkekyr, 4 kviger, 5 kalvar.
    Våningshus bygt 1966, nytt våningshus 1980, hallingstugu 1792, hallingstugu (hytte) omkr. 1760, stolphus omkr. 1890, driftsbygning påbygd og restaurert 1988.
    Nokre stadnamn: Amerika-eikra, Brufeten, Sisselbakken, Gamlemannsåkeren, Grindedalen, Hagakamben (i åsbrotet), Hagamoadn, Lassebakken, Nybrotet, Storesteinen, Rånnågtomte (her stod stugu til Rønnaug, sjå Randen år 1849).
    Stølar. Heimstøl Haga-Nystølen (som vart kalla Smedstølen frå Hol-sida). Ingen langstøl er kjend.
   

{4518} År: 1762

Asle Lassesson Skarsgard Kvinnegard 1732c-
Gm Kari Halvorsdtr. Kvinnegard. Sjå meir om denne familien på Kvinnegardhagen, gnr. 96/5a. Foreldre: Lasse Brynjulvson .... Skarsgard og Kari Sveinsdtr. Holto.

Asle vaks opp på Skarsgard. Han gifte seg med Kari i 1758 og budde i plassen KvinnegardHagen dei fyrste åra. Frå 1762 budde han i Skarsgardhagen. (Broren hadde søre Skarsgard.) Asle held skule i mange år og skreiv dokument for folk mot betaling.
    Asle og broren Lars fekk tilnamnet 'Bankokarane'. Bjørn Person Arnegard (gnr. 91/6) laga trykk-stempel for både 1 rd og 10 rd setlar. Og Guttorm Ivarson søre Skarsgard sette dei falske pengane i omløp.
    Fyrst skreiv dei på setlane. Så sette dei på 'krone og stempel'. Bankokarane arbeidde heile julehelga 1765. Ei veke medan Asle var lærar på skulen "ova skogen" (i Hol) laga bror Lars og Guttorm 60 stk setlar. Då sa Lars: "Ney nu fæler ieg alt for dette arbeyde, det er best ieg holder op i Tiide." Karane prøvde å halde verksemda løynd, men det gjekk ikkje.
    Ein sundagsmorgon kona til Guttorm til Hagen. Då låg det setlar, stempel og "alle de øvrige Stellinger" utover bordet. Asle spurde for moro om ho skulle til "Banken?"
    Ettersom bankosetlane og ryktene spreidde seg utover bygda, så kom folk attende for å veksle inn tvilsame setlar. Innløysinga auka på, og til slutt sa Guttorm: "Ieg har løst så lenge ieg orket og hadde å betale med".
    Då vart setlane leverte til futen og falskmyntarsaka tok til å rulle i 1766. Det vart avhøyrt 61 vitne i denne saka.
    Ingen hadde høyrt noko "straf-verdigt" om Asle før falskmyntarsaka. Kari uttrykte seg litt vaklande under avhøyra, og sa nok sumt som mannen hennar ville ha tagd med. Kari sa at alle tre falskmyntarane var like gode. Kona til Guttorm derimot la skulda på Asle.
    Aktor spurde om Kari var "klok eller enfoldig." Om Asle sa aktor at han var "meget Halstarrig og nægter Sandhed". Etter vitneprova var det Asle som laga setlane. Asle svara domaren at dette var berre "måfå-snakk!"
    Asle og Guttorm vart dømde til straffarbeid på livstid i nærmaste festning "for deris dumdristige, formastelige og høyst Straffverdige forhold". Dertil skulle hovedlotten i buet tilfalle Kongen. (1288) s 57- 116
    Ålmugen vitna på vintertinget 1769: "hustruene er i så fattige omstendigheder at de går om i bygden og betler sit brød". Asle og Guttorm sat i fengsel.
    Kari vart attgift 1776 med Ola Olson Sire Lauvslettplassen. Sjå Lauvdokken, gnr. 3/1a.

{4519} År: 1777

Ola Olson Brattegard Skarsgardshagen 13.04. 1755-1834
Foreldre: Ola Asleson Brattegard og Åse Syversdtr. Lappegard.
Gm Anne Embriksdtr. Arnegard Skarsgardhagen 24.09. 1758-
Foreldre: Embrik Person myljo Arnegard og Anne Knutsdtr. Strand.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Skarsgardshagen 11.01. 1795-
Truleg død.
2. Embrik Olson Skarsgardshagen Arnegardshagen 03.07. 1796-1860
G 1826 m Lukris Herbrandsdtr. Kvamshaugen. Embrik og Lukris budde på Nestegardsslåtta i Hol i 1827, flytta så til Skarsgardshagen og til Arnegardshagen kring 1832. Sjå Lukrishagen, gnr. 91/8a.
3. Åse Olsdtr. Skarsgardshagen 26.12. 1797-
Truleg død.
4. Ola Olson Skarsgardshagen 25.03. 1799-1858
Ola var ugift legdekall i 1858.

Ola og Anne gifte seg i 1794. Ola var husmann med jord i sitt andre ekteskap i 1801. Me kjenner ikkje kone eller barn frå fyrste ekteskapet.

{4520} År: 1805

Syver Larsson Skarsgard Skarsgardhagen 24.06. 1768-
Foreldre: Lars Syverson ... søre Skarsgard og Birgit Olsdtr. ... .
Gm Åse Olsdtr. Sveinhaug Skarsgardshagen 1777-
Foreldre: Ola Olson Breiehagen-Nerol-Aslegard og Anne Olsdtr. ...
*Barn
1. Lars Syverson Skarsgardhagen Brattegard ...04. 1800-1888
G 1840 m Kari Persdtr. Brattegard, sjå gnr. 84/1, 84/3 og 84/5.
2. Birgit Syversdtr. Skarsgardhagen 29.09. 1805-1899f
Gm ... ... ... . Barn: Lars som 'antageleg budde i Kr.ania i 1899. Birgit flytta til Bærum i 1830.
3. Ola Syverson Skarsgardhagen 04.06. 1808-1899f
Truleg gm Helle Ellingsdtr. ... . Barn: Kristoffer 1850- ; Andreas 1855- ; Johan 1858- ; Fredrik 1861- ; Lisa 1853- ; Olava 1864- . I 1865 var Ola Syverson husmann med jord på Iversbråten på Modum.
4. Ola Syverson Skarsgardhagen 31.12. 1811-1899f
G 1838 m Brita Mattisdtr. Stana. Sjå år 1839.
5. Anne Syversdtr. Skarsgardshagen 18.03. 1821-1899
Ugift. Anne losjerte på Tullegard i 1891.

Syver og Åse gifte seg i 1799. Dei overtok Skarsgardshagen i 1805 og fekk skøyte i 1812. I 1816 lånte han 600 rd mot pant i bruket.
    Syver og Åse kom til Gjermundshaugen i Hol i 1831. Syver var truleg smed. I 1854 stod Gjermundshaugen tom. (Hol III s 618.)

{4521} År: 1807


Ola Larsson på søre Skarsgard (1785-1848) (sjå gnr. 92/1) kjøpte Skarsgardhagen for 368 rd hjå broren Syver i 1807.
    Det er mogleg at den handelen vart omgjort. I 1823 fekk Ola skøyte på Skarsgardhagen hjå broren Syver på nytt. Ola Larsson brukte Skarsgardhagen saman med søre Skarsgard fram til 1839.

{4522} År: 1839

Ola Syverson Skarsgardhagen 31.12. 1811-1899f
Foreldre: Syver Larsson Skarsgardshagen og Åse Olsdtr Sveinhaug.
Gm Brita Mattisdtr. Stana Skarsgardshagen 1796-1872
Foreldre: Mattis Samsonson Stana og Gyrid Mikkelsdtr Skjeggedal, Ullensvang.
Sbm Anne Syversdtr. Bøen Skarsgardshagen 1814-1899
Foreldre: Sjur Olson Bøen og Sigrid ... i Røldal. (Faren omkom i snøras, og mora gifte seg med Njeld Gullikson Uri).
*Barn
1. Syver Olson Skarsgardshagen 10.10. 1843-1846
Foreldre: Anne Syversdtr. Bøen-Skjeldås og 'gift mand Ole Syversen' Skarsgardshagen.
2. Syver Olson Skarsgardshagen 07.01. 1847-1928
Gm Nikoline ... , Skudesnes 1853- . Barn: Oskar 1878- bokbindarsvein; Anohelm 1883- sjømann; Ola 1888- ; Adolf 1890- ; Jakop 1891- ; Lars 1892- ; Martha 1895- .
    FT 1865: ugift bakardreng 'Sivert Olsen Sagsgaardhagen fra Ål', budde hjå bakar John Rasmussen Malmin i Haugesund.
    FT 1900: maskinstrikkar busett i Skolegade 9 i Haugesund. Utmeldt or kyrkja.
    Død 1928 som 'enkemann og Strikkeforr.', budde i Skjoldev. 7 i Haugesund.
    Foreldre: Anne Syversdtr. Bøen-Skjeldås og 'gift mand Ole Syversen' Skarsgardshagen.
3. Sigrid Olsdtr. Skarsgardshagen Robberstad 13.06. 1851-
Gm Endre Robberstad i Haugesund. Barn: 5, derav Anna gm Olav Sveinson Fresvik (.. barn); (1771)
    Foreldre: Anne Syversdtr. Bøen-Skjeldås og 'gift mand Ole Syversen' Skarsgardshagen.

Ola og Brita gifte seg i 1838. Ingen barn. Dei budde på Stana i Tyssedal i Ullensvang fyrste tida.
    Brita var stor og sterk. 'Det fylgde alltid slik gjelg (=liv) med henne', skreiv Haldor Opedal. Ho var litt oppi åra då ho gifte seg med Ola. Det fortelst det var storm og regn natta før bryllaupsdagen. Då bryllaupsgjestene kom, dreiv Brita med eit grev og veitte bort vatnet. Deretter vart det bryllaup.
    Ola og Brita hadde ei tenestjente frå Røldal som heitte Anne Sjursdtr. Bøen eller Sjeldås. Så gjekk det ikkje betre enn at Ola kom Anne litt for nære. Ho fødde sonen Syver i 1843. Men Anne hadde ingen stad å vera, og ho Brita viste storsinn, Anne fekk bu i Stana som før. Etterkvart fekk Ola to barn til med Anne.
    Så fekk Ola kjøpe Skarsgardshagen, og dei la i veg over fjellet alle fire. Og dei hadde med seg husdyr. Til slutt vart ho Brita lei av å arbeide for ektemannen og elskarinna. Ho tok med seg ei geit og gjekk over fjellet attende til Stana.
    Kring 1860 reiste Ola Syverson med barna Sigrid og Syver til Ullensvang. Dottera Sigrid vart sett att hjå skyldfolk på Espe, på Sandgåto.
    Anne var i Skarsgardhagen til ho døde nyårsdagen 1899. Ola var død før, truleg utanfor Ål. (Opplysningar m.a. frå Jon Digranes og Odda/Ullensvang/Kinsarvik 3 II s 431)

{4523} År: 1847

Eirik Syverson Skarsgardshagen Kaslegard 18.04. 1814-1888
Foreldre: Syver Larsson Skarsgardshagen og Åse Olsdtr. Sveinhaug.
Gm Birgit Viggersdtr. Kaslegard 13.03. 1824-1917
Foreldre: Vigger Olbjørnson Kaslegard og Anne Oddsdtr. Anderdal.

Eirik og Birgit gifte seg i 1851. Dei hadde ingen barn. Eirik makeskifte Skarsgardhagen til Olbjørn Viggerson Kaslegard i 1848.

{4524} År: 1848


Olbjørn Viggerson Kaslegard overtok pantegjelda og Skarsgardhagen i 1848. Han selde attende til Ola Syverson i 1854.

{4525} År: 1864

Elling Olson Sand Skarsgardhagen 29.06. 1815-1869
Foreldre: Ola Hansson øvre Sand og Birgit Torsteinsdtr. Øvrejorde, Hol.
Gm Sigrid Olsdtr. Vesleslåtta Skarsgardhagen 06.12. 1812-1883
Foreldre: Ola Anderson Vesleslåtta i Ustedalen og Sigrid Sveinsdtr. Slåtta, Hol. (Hol VII s 331)

Barn: Birgit 1842- til Dakota, gm Gulbrand ("Gilbert") Molstad, Gran (4 barn);
    Turid 1844-1918 gm Knut Olson Villandseie/Kluften; Ivar 1847- postombærar i Vats, til Modum; Ola 1850- sjå år 1876;Torstein 1853-ung ; Ola 1855- gardsgut på Askim på Modum og sidan busett i Land sokn ved Moss i 1883. Gm Bolette som hadde strikkeforretning i Stenstrupsgt. 12 Oslo. Ola avanserte til herskapskusk, busett i Frognerv. 51. Kr.ania;
    Anne 1857- gm Fredrik Anderson Kjølstad (4 barn), Anne arbeidde på cellulosefabrikk og døydde 1901 av tuberkulose. Fredrik var stasjonsmester på Geithus.
    Elling og Sigrid gifte seg i 1842. Dei bygsla Husaraplassen under Nerol i Hol.
    Elling og Sigrid kom frå Husaraplassen i Hol til Skarsgardshagen kring 1864, men hadde ikkje skøyte på garden.
    Systera til Elling heitte Guri. I fylgje NU og Hol VI s 235 budde ho hjå Elling.

{4526} År: 1870c

Ivar Ellingson Husaraplassen Skarsgardhagen 01.03. 1847-
Foreldre: Elling Olson Sand Skarsgardshagen og Sigrid Olsdtr. Vesleslåtta, Hol.

Ivar var ugift. Han hadde garden i 1875, men broren Ola fekk skøyte i 1876, og sidan var Ivar kårmann på garden.
    I 1885 vart Ivar den fyrste postombæraren i Vats. Han fekk 70 øre turen for å gå med posten frå Sundre til Vats. Seinare flytta han til Modum.

{4527} År: 1876

Ola Ellingson Husaraplassen Skarsgardhagen 01.01. 1850-1935
Foreldre: Elling Olson Sand Skarsgardhagen og Sigrid Olsdtr Vesleslåtta, Hol.
Gm Ragnhild Torkjellsdtr. Sundre Skarsgardhagen 18.08. 1856-1939
Foreldre: Torkjell Torkjellson Juvsjord Sundre og Astrid Olsdtr. Hove.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1877. Ingen barn, men dei hadde fostersonen Syver Syverson Skarsgard 1896-1981. (Han var morlaus og ein av ti barn i nordre Skarsgard.)
    Ola vart gripen av ei religiøs vekking som gjekk i Nordbygdane i 1889. Sidan held Ola taler i likferder og oppbyggelege møte. Han var dessutan aktiv i Kina-misjonen.
    Ola og Ragnhild held ope hus i Skarsgardshagen for reisande og bygdefolk.
    I dei to stugene varta Ragnhild opp for gjester både om sumaren og i påska. Gjestene trivdest og kom att, år etter år. Men ein dag kom amtmannen, og han var så sur og grinut at Ragnhild helst ikkje ville sjå han meir. Ved eit seinare høve kom amtmannen likevel innom Skarsgardshagen. Då var han i godlag, og Ragnhild måtte berre glumse. Amtmannen spurde kva det var, og Ragnhild svara:
    "Det er rart det kan vera så stor skilnad på ein sinna mann og ein blid mann, endå dei gå i sama broki!" (1553)1916
    Ragnhild var gjestfri og flink til å omgåast folk. Ho var den fyrste styraren på Vats telefonsentral. Og tok seg av sinnsjuke. Ragnhild fekk Kongens fortenst-medalje i sylv i 1919.