Aslegutplassen gnr. 92 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Aslegutplassen gnr. 92 bnr. 4a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Guttorm Toeie fortalde om Aslegutplassen og Hytteset. Truleg er dette same plassen, anten ein husmannsplass eller ein bustad under nordre Skarsgard. Opphavleg var nok Hytteset ein heimstøl.
    Namnet Aslegutplassen kjem av Asle Knutson som kom hit frå Aslegard i Skurdalen kring 1760.
    Eirik Halvorson Tullegard og 'systera' var fødde på plassen Hytteset i Vats, fortalde Guttorm Toeie i Dølaminne 1923. Det er mogleg. I allefall har systera hans, Birgit Halvorsdatter og mannen budd på Hytteset.

{4550} År: 1760

Asle Knutson Skurdal Noss 1735-
Foreldre: Knut Syverson Øvremyro og Lukris Aslesdtr. Aslegard/Skurdal. (Hol VII s 476)
Gm Birgit Halvorsdtr. Arnegard 1748-
Foreldre: Halvor Olson Tullegarden og Mette Kristiansdtr. Skiæferstuen (Drammen).
*Barn
1. Knut Asleson Skarsgard 1763-1763
2. Rønnaug Aslesdtr. Skarsgard 1765c-1830f
Gm Anders .... ... Barn: Berte ....- gm Jens Hanssen, Kr.ania; Sørine ....- gm Chrisoffer Toresen i Kr.ania.
    'Rønnaug Aslesdtr. Berg' vart konfirmert 1782. Skiftet etter Rønnaug vart halde 20.november 1830.
   
3. Knut Asleson Skarsgard 24.02. 1768-
4. Knut Asleson Skarsgard Hytteset 17.02. 1771-1809
G 1806 m Ragnhild Sveinsdtr. Lybekk, Hol. Barn: Tor 1806-1897 ("Lybekk-Tor", læraren).
    Knut og Ragnhild budde i Hovet. Skiftet vart halde på Mørk i 1809. Det var 5 skilling å dele. Ragnhild og sonen levde i tronge kår på plassen "Røvsholu" under Nedrejorde. Tor vart kalla "Lybekk-Tor" eller Tor Knutson Villand og var ein kjend forteljar og kvedar. (Hol II s 413)

Asle og Birgit gifte seg i 1763. Asle budde på Noss 1761 då han selde odelsgarden sin Skurdalen (1 lb.) til Ola Olson Hagen for 400 rd. (1190) s 408 b
    Grunna sjukdom vart Asle friteken 1764 for bot for "dristigt å ha motsatt Sig høiøvrigheds ordre" om vedhogst til gruvene på Kongsberg.