Nordheim gnr. 92 bnr. 14
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nordheim gnr. 92 bnr. 14-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordheim vart frådelt søre Skarsgard i 1923. Birgit Nordheim starta kaffistove her i 1923.
    Nordheim ligg på ei slette nede ved elva. Her vart dyrka 7-8 mål så dei fødde 2 kyr, gris og nokre geiter.
    På Nordheim var kafé og det var rom til overnatting for vegfarande. Eller det var Sundre-folk på sundagstur.
    Sist i 1940-åra vart Nordheim påbygd for å møte trafikken som fylgde med dei store kraft-anlegga. I 1981 vart Nordheim påbygd. Også i 1997 vart Nordheim utvida og modernisert.
    I dag har Nordheim 17 dobbelrom, 3 enkle og eit par husvære.