Bjørkheim gnr. 92 bnr. 21
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bjørkheim gnr. 92 bnr. 21-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Bjørkheim vart frådelt Randen i 1947. Jordvegen ligg nede ved elva, i søre-nedre hjørnet av Randen si opphavlege eign.
    Namnet Bjørkheim er lite brukt i daglegtale.
    Areal 1995: dyrka jord 14 mål, bjørkeskog 267 mål, anna utmark 58 mål.
    Våningshus bygt 1940, driftsbygning 1952. Buskap i 1950-åra var 2 kyr, nokre sauer og geiter.
    Bruket har støl i Dyrebotten og rettar i Tvist sameige.
    Nokre stadnamn: Finntoppfeten, Klype og Klypeseikrudn, Steinknausen (eikre), Vesleåkeren.
    Bjørkheim vert no brukt som tilleggsjord under Ellingsgard, gnr. 78/2. Husa vert leigde bort.